Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #4-2023

Page 1

Skjåk og Nordberg Nr. 4 • Desember 2023 • 83. årgang

God jul!

INFORMASJON

KYRKJEBLAD


2

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Messeplan

Desember 2023-mars 2024 Sundag 17. desember kl. 19.30 Skjåk kyrkje. Vi syng og spelar jula inn Sundag 24. desember kl. 11.30 Skjåkheimen Kl. 16.00 Nordberg kyrkje Måndag 25. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje Tysdag 26. desember kl. 11.30 Skjåkheimen. Kåre sokneprest på julebesøk. Tysdag 26. desember kl. 11.30 Skjåkheimen Sundag 31. desember kl. 11.30 Skjåkheimen 2024 Måndag 1. januar kl. 19.00 Nordberg kyrkje. Felles nyårskonsert for Ottadalen Sundag 14. januar kl .11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmantpresentasjon Sundag 21. januar kl .11.00 Nordberg kyrkje. Musikkmesse. Dåp. Sundag 28. januar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Tysdag 6. februar kl. Felles feiring av Samefolkets dag i Vågå kyrkje

Sundag 25. februar kl. 11.00 Skjåk kyrkje Laurdag 16. mars Felles messe for Ottadalen i Lomskyrkja. Alle konfirmantane deltek. Tidspunkt blir annonsert seinare. Sundag 24. mars kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Palmesundagsmesse Torsdag 28. mars kl. 19.30 Nordberg kyrkje. Skjærtorsdagsmesse med nattverd Fredag 29. mars kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Langfredagsmesse Sundag 31. mars kl. 11.00 Nordberg kyrkje Påskedagsmesse Andakter på Skjåkheimen:

Kontonr. NORDBERG BLOMEFOND 2085.64.37400 eller Vipps 141543

Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 970 35 967 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Kva skjer på Kraftverket?

Kyrkjetenar Nordberg/Skjåk Amund Hånsnar, tlf: 913 89 051 a-haansn@online.no

Måndag 12. februar kl. 17.00 Utdeling av fireårsbok og bolleverkstad.

www.skjaak.kyrkja.no

Blomefonda i Nordberg og Skjåk Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 eller e-post til: arnborg.teigum@ skjaak.kommune.no / kyrkjekontoret@ skjaak.kommune.no

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437 / 948 62 267

Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder.

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk epost: kyrkjekontoret@skjaak. kommune.no

Torsdag 25. januar kl. 11.30 Torsdag 22. februar kl. 11.30 Torsdag 21. mars kl. 11.30

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR

Skjåk kyrkjelege liv

Nordberg og Skjåk Sokn

Kontonr. SKJÅK BLOMEFOND 2085.64.32409 eller Vipps 141547 Kom gjerne innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Om du nyttar vipps, MÅ du skrive på meldinga kven det er til, og kven som skal stå på lista, om du ikkje ringer. Dette fordi i informasjonen vi får frå vipps, berre står kven som har betalt.

Kyrkjetenar Skjåk (i permisjon) Lars Brennhaug, tlf. 482 68 809 lbrennha@online.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Organist Eirik Matias Urdi, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjaak.@skjaak.kommune.no Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Aud Jotun tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@gmail.com Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Aud Jotun, tlf: 908 48 548 aud.jotun@skjaak.kommune.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 200,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 760974 - Merk «Kyrkjeblad»


3

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Nå er det jul igjen ... Vel, ikkje akkurat no! Jula ringes inn juleftan klokka fem på ettermiddagen. Det er ei utfordring her ... Fleire har starta julefeiringa tidleg i desember, eller kanskje heilt attende i november. Handelsstanden startar tidleg for å få seld varene sine, og vi fylgjer etter ... Utfordringa her er at når jula eigentleg startar, så er mange ferdig med heile julefeiringa si. Men jula varer jo heilt til 13. dag jul, som er 6. januar. Faktisk den dagen då den kristne ortodokse kyrkja feirar jul! Og nokre held på heilt til tjugandedag den 13. januar. Og då har sola snudd, og vi byrjar å få eit håp om at sola atter skal koma opp og fram bak fjellet; at det endeleg skal bli varmare og ljosare og lettare å leve. Vi skal feire tradisjonelle julegudstenester i år, med eit unntak! På andre juledag kl 1130 samlast vi i Storstugu på Skjåkheimen til ei lita andakt, og nokre glimt frå turen min til Nepal i november, og med kaffi og biteti. Vi har andakter på kvar siste torsdag i månaden kl 1130 i Storstugu, og eg vil gjerne presisere at desse samlingane er opne for alle. Dei er annonsert på Facebook-sida vår ”Kyrkja Skjåk”, i Kyrkjebladet, og i Fjuken. Så ver velkomen til ei triveleg stund i Storstugu.

Soknepresten Kåre Gloslie

oss. Det er ei utruleg stor glede som skjer med oss, og for oss. Og denne gleda skal vi ta imot og grunne over, akkurat som Maria gjorde etter fødselen i stallen. For kva tyder det for kvar av oss, at vi tek imot Jesus i livet vårt. Det tyder at vi tek til oss alle dei gode gudskreftene og gudskjærleiken som kjem til oss. Og difor er det viktig at vi tek godt vare på kvarandre i jula. Kjærleiken frå Gud skal vi dele med kvarandre. Og Jesus minner oss om dette heile tida. Jesus lærer oss korleis vi på best måte kan leva i samfunn med kvarandre. Eg ynskjer kvar og ein ei triveleg julefeiring! Ta vare på kvarandre! Og ver velkomen til gudsteneste i Nordberg kyrkje kl 16 på juleftan, og til Skjåk kyrkje kl 11 på juldagen. Ver med å syng dei gode og kjente julesalmane, og ta imot dei gode og heilage orda som kjem til oss gjennom det glade evangeliet om Jesus Kristus.

Det er fleire år sidan vi har hatt noko på andre juledag. Men eg tenkjer at det er fint å ta andredagane attende til kyrkja; andre juledag, andre påskedag, og andre pinsedag. Om vi ikkje har gudsteneste i kyrkja desse dagane, så kan vi finne på andre hyggelege ting. Jul er mysterium og jul er evangelium. Gud kjem til oss gjennom det vesle Jesus-barnet. Gud vert menneske, og lever blant

2690 Skjåk Tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

Velkomen til triveleg handel! Skjåk Kjøpesenter

Skjåk Bil AS Din verkstad i Skjåk

Skjåk Kjøpesenter - alt du treng!

Tlf: 61 21 36 70


4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Kyrkjekontoret

informerar

Lykke Åtte øyne i hverandre. Fire munner rundt et bord. Fire vegger kring en lykke: Vesla, Påsan, far og mor. Åtte hender hektet sammen til en ring om stort og smått. Herregud – om hele vide verden hadde det så godt. -Einar Skjæråsen Dette diktet som heiter Lykke av Einar Skjæråsen las eg på juletefest i Nordbergskulen for om lag 55 år sidan. Den gongen var det fast med juletrefest fyrste laurdag etter jul i Nordberg og det var komité frå grendene. Om du hadde ungar eller ikkje så var du medrekna i komite, det vart samhald av slikt! På juletrefest skulle det vere trongt og varmt, påsmurt og lademjølk. Og vi som var skuleungar skulle ha underhalding frå scena av ymse slag. Og kviasamt var det kvar gong. Men dette diktet av Skjæråsen, som han gav ut i tredje diktsamlinga si; ”Den underlege våren (1941), har eg hugsa. Diktet seier så mykje. Om ein ikkje er i kjernefamilie, så er det å vera i lag og vera trygg, noko som svært mange må leve utan i 2023 med all det grufulle som hender i verda som er menneskeskapt. Kvardagslykke, kjenn etter kva det er som gjev kvardagen din til ein god dag og kva kan du gjera for at nokon andre kan få ein av same slaget! I det kyrkjelege livet har det vore mange gode kvardagar i haust, triveleg med folk på dei fleste av messene. Kyrkjegardsvandring med 11- og 12-åringane, konfirmantinnskriving, utdeling av bok til toåringar og klistremerkebok til treåringar. Hausttonar, matpakkedag med tonefylgje er og tiltak som har vore i haust.

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Måndag 4. desember arrangerte Skjåk kommune med midlar frå den kulturelle spaserstokken førjulskonsert på Kraftverket. Det var ein fin konsert med Guren Hagen som fortalde frå si barndoms jul i Østerdalen og krydra det heile med både kjente og mindre kjente julesongar. Det varma godt i 25 blåe gradar. Skjåk kyrkjelege fellesråd 2019-2023 hadde sitt siste møte 22. november og Skjåk kyrkjelege fellesråd 2023-2027 hadde sitt fyrste. Avtroppande råd vart takka av med ei håndmåla glaskule av kyrkja og eit takspon frå Skjåk kyrkje som eit minne. Både Mona Haugen Grimstad, Robert Kvålshagen og Aud Jotun har vore med i to periodar. Ein ekstra takk til Mona Haugen Grimstad og Aud Jotun som har vore leiarar i denne perioda og Elias Sperstad som har vore nestleiar i 4 år og kyrkjebladredaktør. For åra 2023-2027 fortsett Magnhild Teigum som fast medlem og Aud Jotun som vara. Informasjon om kven som vert medlem i ymse utval kjem i neste utgåve av kyrkjebladet. Vi ønskjer det nye Skjåk kyrkjelege fellesråd lykke til med arbeidet. Det er mange utfordringar framover og mykje er avhengig av økonomi. Det nye rådet vert presentert på messe i Skjåk kyrkje 17.12. kl.19.30 når jula vert sunge og spelt inn. Vi planlegg for minnelund for urner på båe kyrkjegardane, vedlikehald av sørskipet på Skjåk kyrkje, skjerm ved Nordberg kyrkje m.m. I samband med søknad om reperasjon av taket på sørskipet på Skjåk kyrkje hadde vi i november besøk frå Riksantikvaren og Ulf Ryen frå Stokk og Stein. Interessant med så mange fagfolk til å vurdere tilstand. Og det er mange tankar kring kyrkje og kyrkjebygg: –kva for ei kyrkje vil vi ha – kvar er kyrkja på 30-50 år ? Vil vi ha kyrkje? Endringsprosessar? Mange tankar som kan spinne. Noko som heiter at menneske kan spå, men Gud rår ... ... så da vil tida syne!

Forskrift om gravplassvedtekter Frå 01.01.2024 er det vedteke ny forskrift om gravplassvedtekter for Skjåk kommune. Godkjent i Skjåk kyrkjelege fellesråd 05.10.2023 og godkjent hjå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 12.10.23 etter å ha vore på høyring i 4 veker. Største endringane i den nye forskrifta er at ved oppsetjing av gravminne, så skal dette bli ståande for godt. (ikkje flyttast så det står midt i mellom to graver). Fredingstida for kistegraver på Skjåk kyrkjegard 30 år og på Nordberg kyrkjegard 20 år. Urnegraver 20 år. Gravplasstilhøyrsle: Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast på kva som helst av gravplassane i kommunen Forskrift ligg ute på heimesida og har du spørsmål så ta kontakt med kyrkjekontoret Kyrkjeblad. Dette året har alle kyrkjeblada vorte køyrt ut frå kyrkjekontoret unnateke haustnummeret, der vi ville prøve Posten. Dette vart ei dårleg erfaring for oss, svært mange som ikkje fekk i postkassa og inga logikk i noko som helst eigentleg, men rekninga måtte vi betale! Er det framleis nokon som ønskjer den utgåva, så har vi nokre utgåver på kyrkjekontoret, så gjer vel å varsle, så skal du få eit. Ringing med kyrkjeklokkene: Det er tradisjon at julehøgtida vert ringt inn med kyrkjeklokkene kl.17 julekvelden. I år er situasjonen slik at vi har ein kyrkjetenar og difor vert det ringt frå Nordberg kyrkje kl.17 og mellom 17.30-18.00 i Skjåk kyrkje. Jmfr. Regler for bruk av kirkens klokker § 4. På spesielle dager og tider i kirkeåret. På høytidsaftenene, dvs. på julaften, påskeaften og pinseaften, ringes det i ca. 5 minutter og kimes det i ca. 5 minutter avvekslende og med en pause imellom på 1-2 minutter i til sammen en time, vanligvis mellom kl. 17 og 18. Vi startar 2024 med ein nyttårskonsert i Nordberg kyrkje. Vi ønskjer å markere eit tettare samarbeid i

SKEIMO

Tlf: 61 21 40 65


5

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Mi salme

Ottadalen på fleire område Den fyrste konserten er det Skjåk kyrkjelege fellesråd og Lom kyrkjelege råd som står som arrangør for, med musikarar frå alle tre Ottadalsbygdene. Billettprisen er kr 200,- og alle under 18 år går gratis.

Stein Grjotheim

Både melodien og teksten vart skapt den 17. mai i 1992. Melodien er komponert av Tore W. Aas, og teksten er skriven av Eyvind Skeie. Resultatet treffer meg med ei eiga stemning og ein lengt som ber bod om håp og fred på jord – at verda, og vi som lever her, aldri skal kjenne oss gløymde. Ei salme som får fram eigne minne og kjensler om gleda ved jula – eit ynskje om at alle må ha det godt. Tradisjonen med den skinande stjerna i ulike utformingar fangar blikket og held det fast – symbolet på det som skjedde for lenge sidan og gjev håp for livet.

Kan kjøpast på vipps nr. 687289 Nyttårskonsert. Vi har som mål at alt unnateke konfirmanttida er gratis for dei mellom 0-18 år i kyrkjene våre, så difor dette tilbodet. Og manglar du ide til julegåve så kjøp ein billett eller eit abonnement på kyrkjebladet. Takk til forsongarane våre, annonsørar i Kyrkjebladet og alle som har vore til hjelp på dugnad og i andre samanhengar i det kyrkjelege liv og verknad i 2023. Vil få ønskje kvar og ein ei fredeleg julehøgtid og ha ein tanke for alle som har utfordringar i kvardagen. Det er i mange heimar i bygda vår at ein stol er tom attmed bordet og dette er sårt og vanskeleg. Høgtida gjer at mange kjensler vert sterkare på både godt og ilt. Ikkje kvi deg for å ta kontakt med nokon du veit slit, det er betre med ein gong for mykje enn ein gong for lite. Med ønskje om ei god julehøgtid og eit godt nytt år. Arnborg Teigum kyrkjeverje

Tlf 61 21 37 00 • post@melbytransport.no

En stjerne skinner i natt 1. Nå er den hellige time, vi står i stjerneskinn og hører klokkene kime, nå ringes julen inn,

Ref: Englene synger høyt i kor, synger om fred på vår jord, verden var aldri helt forlatt, en stjerne skinner i natt.

Ref: Englene synger høyt i kor, synger om fred på vår jord, verden var aldri helt forlatt, en stjerne skinner i natt.

3 Se himmelen ligger å hviler på jordens gule strå. Vi står rundt krybben å smiler, for vi er fremme nå.

2. En nyfødt kjærlighet sover, nå er guds himmel nær, vår lange vandring er over, stjernen har stanset her.

Ref: Her kan vi drømme om den fred, som vi skal eie en gang, for dette barn har himmelen med, og jorden fylles med sang.

Skjåk Skjåk BYGG &

VEDLIKEHOLD AS

BYGG &

VEDLIKEHOLD AS

www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 • avd. Vågå 61 23 70 72

Tlf: 957 60 724

Tlf 61 21 21 90


6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Juleandakt 2023

AV BISKOP OLE KRISTIAN BONDEN

Håp i ei uroleg verd

Biskop Ole Kristian Bonden. Foto: Lars Martin Bøe

Juleevangeliet fortel at Gud lar seg finne i det vanlege livet, og at det er håp for oss alle. Det kallast verdas vakraste og mest kjende forteljing. Forteljinga om Jesu fødsel som vi høyrer kvar jul. Den lesast i kyrkja, men vi møter ho overalt. Vi syng om den i julesongane, i barnehagane og på skulene. Det formidlast på julekonsertar, på radio og fjernsyn, på kjøpesenter og i julegater. Vi finn motivet i julepynt og tradisjonar. Juleevangeliet representerer noko vakkert og sant, i møte med verdas til tider stressande, vanskelege og brutale verkelegheit. Det fyrste engelen sa var: «Ver ikkje redde!» Det er det fyrste engelen seier til oss i år også. «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket.»

Når kyrkjeklokkene ringer jula inn over heile verda, er det som eit ekko av englesongen som fyller både himmel og jord: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» Vi skulle få eit teikn. Jesusbarnet i krybba. Ein smil av Gud. Verdas frelsar. Noko vakkert og sant midt i verdas stressande, vanskelege og brutale verkelegheit. Her skulle Gud la seg finne, midt i det alminnelege. I dette teiknet skulle vi kjenne att Guds kjærleik og nåde. Jesu fødsel var berre byrjinga. Diktaren Helge Torvund samlar håpet i eit av dei kortaste, vakraste og sannaste dikta eg kjenner:

Det har vore eit krevjande år på mange måtar. Vi ber våre tap og sorger. Dette året fekk vi også ei påminning om klimakrisa sine konsekvensar. Fyrst tørke, så flaum og ekstremvær ramma også Norge. Og året har vore prega av krig og ufred i Europa. Vi veit ikkje korleis neste år blir. Men jul blir det. Og juleevangeliet forkynnast igjen over verda.

I kyrkjer, i heimar, på gater og torg. Det forkynnast i trass, i tru, i håp.

Lyset

Frykt ikkje!

du treng

Lyset – du treng – finst.

finst.


7

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Julehelsing

I og med at eg går ut av Skjåk kyrkjelege fellesråd, vil eg takke for meg som leiar av rådet og som medlem av fellesrådet over to valperiodar. Samstundes vil eg ynskje det nye Fellesrådet og den som blir valt som leiar, lykke til med alt det inneber å vera medlem i Skjåk kyrkjelege fellesråd. Det har vore både interessant og lærerikt å ha vore med. Det har vorte bestemt og gjennomført mykje i løpet av desse åra, ikkje minst vera takka ein svært dyktig stab med Arnborg Teigum i spissen som kyrkjeverje, folk frå råda og folk elles, som har delteke som friviljuge når ting skulle gjerast. Vi skal vera svært stolte av korleis kyrkjene og kyrkjegardane våre i Skjåk og Nordberg er ivareteke, for det er slett ikkje ei sjølvfølgje. Hadde det ikkje vore gjennomført så mykje friviljug arbeid for å halde ved like kyrkjene og kyrkjegardane våre, så hadde det slett ikkje vore så velstelt og i stand både inne og ute som det faktisk er. Her har også dei som er tilsett på kyrkjekontoret og kyrkjetenarane delteke i fullt mon. Likevel har det vore store utgifter gjennom desse åra, da ein m.a. har måtta leige inn folk med spesialkunnskap for å få gjennomført ein del renoveringar m.a. av tårnet i Skjåk kyrkje. Dette arbeidet er slett ikkje avslutta, men for at det som står att og det som er ynskjeleg at blir gjort, skal kunne gjennomførast, treng ein tilskott av midlar. Det tykker eg det er viktig at folk i bygda er klar over. Det er m.a. ynskjeleg å få opparbeida minnelundar på kyrkjegardane og

Fire lærerike år

Fire år har gått sidan eg vart valt som kommunens representant i Skjåk kyrkjelege fellesråd. Det har vore fire lærerike år, der eg har fått god innsikt i det kyrkjelege arbeidet i Skjåk. Staben gjer eit solid arbeid til det beste for innbyggjarane, og det å ta vare på kyrkjene. Folk i sårbare situasjonar blir møtt med hjertevarme og velvilje. Det å ta godt vare på kvarandre er viktig i alle samanhengar. Også slikt sett er kyrkja ein god arena. Oppgåvene i kyrkja er mange. Og det har skjedd mykje positivt dei siste fire år. Det er utført mykje viktig vedlikehald av kyrkjene. Blir etterslepet for stort, kan det fort bli svært kostbart å reparere. Kyrkjene våre er flotte og solid bygd, men slik dei er plassert i landskapet, er dei eksponert for

det trengs støyskjerm mot vegen ved Nordberg kyrkje. Her er ein i gang ved at det er teikna forslag som vil bli presentert for dykk ved eit passande

høve. Så følg med på når det skjer, for det vil bli annonsert. Ein del midlar til arbeid på kyrkjegardane kan takast av blomefonda i Nordberg og Skjåk, men da er ein avhengig av at folk gjev til blomefonda. Det kan også søkjast om eksterne midlar frå ymse plassar. Kyrkjeverje er svært flink til å finne ut kvar midlar kan søkjast frå, men det er ikkje alltid det blir innvilga noko. Uansett så blir det heller ikkje gjeve midlar til fullfinansiering av det som må gjerast av vedlikehald og oppgraderingar, korkje frå Kulturminnefondet, eller andre plassar. Skjåk kyrkjelege fellesråd har også ymse fond, men bruken av dei fleste er styrt av fondsreglane for det einskilde fond. Dei fonda som er til vêr og vind. Sjølv om dei får eit nytt strøk måling og tjære med jamne mellomrom, kan det vera vanskeleg å unngå råte. Skjåk kyrkje som vart bygt i 1752 har stått seg godt, men med åra har det gått råte på utsette plassar. Å halde tårnet tett, er ei stor utfordring. Det er gjennomført ein del reparasjonar, men det står att ein del, som å skifte ein del takspon. Slikt arbeid er kostnadskrevjande, men det må utførast før gale går til verre. Skjåk kyrkje er kommunens viktigaste kulturskatt. Det kviler eit stort ansvar på kommunen for å ta vare på denne skatten. I løpet av dei fire åra eg har vore med i fellesrådet, har det vore gjort mykje positiv. Båe kyrkjene er betre sikra. Gangvegen på kyrkjegarden i Skjåk har fått nytte dekke, holete asfaltdekke er erstatta med belegningsstein.

”fri bruk” er nå så godt som tomme. Det er etter lovverket Skjåk kommune sitt ansvar å yte midlar til å halde ved like kyrkjene og kyrkjegardane, trass i at vi ikkje har ei statskyrkje lenger. Dette har m.a. samanheng med at det er eit kommunalt ansvar å sørgje for graver for sine døde. Sjølv om vi ikkje har ei statskyrkje lenger og har religionsfridom i Noreg, så håpar eg at folk aldri vil gløyme at Noreg i utgangspunktet er eit land der svært mykje av kulturarven vår, skikkane våre og lovverket vårt faktisk er bygd over kristne verdiar. Verdiar som det etter mi meining det er svært viktig å ta vare på. Særleg nå, det er så mykje krig og ufred i verda, som gjer at mange kulturminne går tapt, i tillegg til alle som blir drepne, såra, misser heimane sine og blir jaga på flukt. Enten ein trur på det eine eller det andre, eller ikkje trur på noko, og har lov til å gjera det, så håper og trur eg, at folk flest er interessert i å halde ved like kyrkjene og kyrkjegardane vår, som representerer noko av det fremste av vår felles kulturarv i Noreg. Med ynskje om ei fredeleg Julehelg og alt godt for det nye året til dykk alle. Aud Jotun

Elles er det gjort ei rekkje anna vedlikehaldsarbeid på båe kyrkjene våre. Kyrkjetenarane skal ha ros for godt tilsyn av kyrkjene og stell av kyrkjegardane. Elles har eg vore redaktør for kyrkjebladet. Også på dette området tek administrasjonen og andre bidragsytarar ansvar og utfører arbeidet på ein solid måte. Som ei forsøksordning hadde kommunen fast spalteplass med kommunal informasjon i kyrkjebladet, men kommunen valde å trekkje seg ut av samarbeidet etter prøveperioden på eitt år. Med dette vil eg takke for samarbeidet, og ynskjer det nye fellesrådet lykke til med arbeidet. Eg vil samstundes nytte høvet til å ynskje alle ei god jul og eit godt nytt år. Helsing Elias Sperstad


8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Julenøtter

10. Mandarin er kanskje for jula, det appelsin er for påska. Men er det mandarin vi har i fruktfatet? 11. Kanskje er fruktfatet av tinn, kva er da det kjemiske teiknet? 12. Heime var fruktfatet ei stor bjørkakule, kva er årsaken til at det danner seg kuler på tre? 13. Safran skal i lussekattane og er framstilt av blomsterarr fra safrankrokusen, men kva er alternatvet gurkemeie laga av. 14. Kven vann Nobelprisen i litteratur i 2023? 15. Kva er ei ne:rkono? 10. Det kan hende, men sjansen er større for at det er klementin. 11. Sn (stannum) 12. Kulene blir danna når treet er utsett for eit virusangrep eller ein tresjukdom. 13. Gurkemeie kjem frå rota til gurkemeieplanta. 14. Jon Fosse. 15. Jordmor, ”nærkone” Svar 1. Anne Gerte Preus 1. Charles Dickens 2. Tysdag, sidan 2024 er skotår. 3. Alle. 4. Den du møter under mistelteinen i døropninga skal ha eit kyss. 5. Ja, rundt Oslofjorden. Misteltein var faktisk den fyrste planta som vart freda i Norge. 6. Stjerna laga ei bru, ”imilla seg og himmel’n og ei klybbe og ei ku” 7. Kristen Haugen Dagsgard. 8. I 1960 fekk Skjåk Allmenning fellingsløyve på tre hjort. 9. På kartet er Hamsedalen også registrert som Nørdre Breidalen.

1. Kven har skreve ”En julefortelling” som bl.a. Disney har laga film av? 2. I år fell juleaften og 4. sundag i advent på same dag. Kva for vekedag fell juleaften på neste år da? 3. Kva for månad har 28 dagar? 4. Kva for skikk er knytt til mistelteinen i julehøgtida? 5. Veks det misteltein i Norge? 6. I ”Julekveldsvisa” får vi ein kortversjon av juleevangeliet. Kva seier teksta at julestjerna laga ”fyrste gång hu skinte”? 7. I 2023 har det vore kommneval. Kva heiter varaordfører i Skjåk nå etter valet? 8. Når var det fyrste gong hjortejakt i Skjåk? 9. Breidalen ligg vest for Grotli. Kvar ligg Nørdre Breidalen?


9

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Forsongarar på førjulstur

Kyrkja i Skjåk er så heldige at vi har ein trufast gjeng med forsongarar som stiller opp på messene våre gjennom heile året! Dette er til stor glede for alle som kjem til kyrkje. Forsongarane er friviljuge i ordet si beste meining, og det var difor ei stor glede å kunne invitere dei med til Rudi gard saman med staben i kyrkja på innspelinga av årets julekonsert med KORK i november som ei påskjønning for innsatsen dei legg ned gjennom året! På Rudi vart vi møtt av hestar i kanefart, bål og faklar, smakar av mange slag rundt ikring tunet og skikkeleg julestemning! Konserten med KORK var fantastisk, med Kim Rysstad som programleiar og lokale gjester frå Gudbrandsdalen og Innlandet. Alle får høve til å sjå den på NRK 1 den 22. desember. Det er berre å gle seg!

Konfirmantar 24

Avtroppande råd: 2019-2023 Mona Haugen Grimstad, Aud Jotun, Roy Olav Lund(vara), Magnhild Teigum, Oda Jonsdotter Brennhaug, Elias Sperstad, Bjørnar Stenersen i tillegg har Robert Kvålshagen vore fast medlem Kåre Gloslie er oppnemnt som geistleg representant.

Denne flotte buketten er neste års konfirmantar. Frå venstre: Amanda Celine Rustad Sahlsten, Thilde Kveum Bergheim, Hedda Teigen, Iver Eiesar-Moen, Daniel Andersbakken, Heming Aaboen, Brage Aurmo, Isak Hyrve Bosmen, Noa Hånsnar, Esten Brukkveen Borgstrøm, Ida Steinbakke Hole, Jonas Aanstad Rønningen og Tuva Prestjordet.


10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Barmedåp

Dåp 22.10.23 Veronica Bakken med dåpsbornet Lukas Bakken. Foto: Amund Hånsnar.

Dåp 29.10.2023 Jonas Brenna Tømmerstrand med storebror Magnus og foreldre Heidi Brenna og Jørn Tømmerstrand. Foto: Amund Hånsnar

Dåp 22.10.2023 Fride Holø Aasheim med Foreldre Live Holø og Anders Haugan Aasheim. Foto: Amund Hånsnar.

Dåp 3.12.23 Eline Sperstad med foreldre Ingrid Janne Sveen og Kristoffer Sperstad. Foto: Håkon Sperstad

2690 Skjåk tlf 61 21 38 90 www.skjak-trelast.no

POLLFOSS

HOTELL I RESTAURANT

En perle mellom aust og vest 61 21 47 00 • info@pollfoss.com • Skjåkvegen 3484, 2693 Nordberg


11

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Julehelsing frå Pleieog omsorgstenesta Vi nærmar oss slutten av året, og vi i Pleie- og omsorgstenesta vil få takke for alle små og store bidrag som vi har motteke, samt alle trivelege besøk i løpet av året. Vi håpar alle får ei god og fredeleg jul, og vi vil ynskje alle eit godt nytt år med dette utdraget av diktet ”Fred” av Jan Magnus Bruheim:

Julekaffe

Skjåk bygdekvinnelag ber inn til julekaffe på Skjåkheimen 28. desember (4. juledag) kl 12.00.

Eg sit her og tenkjer tru bodskapen når til dei som lyt leva der ufreden rår? Likevel har eg så barnsleg ei tru, at vi over usemja kan brygge bru.

Ingvild Mork Tenesteleiar Skjåkheimen

SKRIFTHUGGEREN AS v/ Jørn Westby Inskripsjonar og oppussing av gravminne Tlf. 413 21 075 • post@skrifthuggern.no

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonsering • Salmeark • Blomar • Minnesider

anne@gravferdlomogskjaak.no • tlf 957 23 671

NORDBERG SOKN Døde: Mildrid Elise Eriksen f. 10.06.1936 – d. 21.09.2023

Jonas Brenna Tømmerstrand

SKJÅK SOKN Velkomne!

Døde: Oddrun Kvalheim f. 30.12.1966 - d. 03.11.2023 Per Tråstad f. 11.09.1932 – d. 06.11.2023

Heilagetrekongersdag eller trettandedag jul

Jon Berger f. 23.08.1948 – d. 19. 11. 2023

Wærner Jægersborg Laurdag 6.januar kl.14.00 Annonser_kyrkjebladet.indd 30 f. 14. 04. 1965 – d. 23. 11. 202319.09.2022 10:53 vil Skjåk songlag ha ei "kom innum og syng stund" Døypte: på Kraftverket 22.10.2023 Tonefylgje av Reidar Svare Fride Holø Aasheim Velkomne! Lukas Bakken

Skal du feire en stor dag? Gudrun Teigen Tenesteleiar Heimetenesta

Frå vogge til grav

Døypte: 29.10.2023

FRED

Ein blåsande julekveld set eg meg ned og undrast korleis vi kan skapa fred.

Bygd og ætt

HØYFJELLSHOTELL

+47 612 17 474 post@grotli.no

03.12.2023 Eline Sperstad

På Grotli tilbyr vi god plass og god mat for både små og store selskaper.

Skjåk Gartneri AS Tlf. 901 69 255 Fylg oss på Facebook: Skjåk Gartneri

AKANTUS BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 • Ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.


12

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

Adventsbok

Sidan sist

Fyrste sundag i advent var alle 2- og 3-åringar i bygda inviterte til å koma til kyrkja for å få kvar si bok. Dette er to ulike bøker som på kvar sin måte fortel jule-evangeliet retta mot dei aller yngste. På tross av kaldveret med 25 minus på graderstokken vart det ein fin flokk med frammøtte som var med og gjorde messa til ei svært triveleg stund. Her fekk dei også oppleve ein barnedåp og vi fekk to flotte songinnslag frå Skjåk kulturskule med Julia Margrethe Brandsar og Tiril Morken Gartland. Skulle det vere nokon det ikkje høvde for å møte denne dagen men som allikevel ynskjer boka er det berre å vende seg til kyrkjekontoret. Til slutt tende vi ljosa på juletreet ved kyrkjestugu. Så forta vi oss heim for å fyre. Håper dykk vil koma attende til kyrkja fleire gonger i åra som kjem.

Allehelgensvandring Halloween har festa seg som ein tradisjon også i Norge på same tid som vi feirar allehelgensmesse. For å markere dette har kyrkja i Skjåk byrja med ei samling for 11- og 12-åringane knytta til kyrkjegarden. Her har vi ei samtale kring døden og begravelser – eit tema der det kvart år kjem opp mange djupe og gode spørsmål som skapar fine samtaler. Etterpå slepper borna ut på vandring på kyrkjegarden der dei skal leite etter forskjellige teikn og symbol på gravstøttene. Til slutt samlast vi i kyrkjestugu til lademjølk og snop og spøkelseshistorier. Litt skummelt, men mest triveleg. Takk til dei som kom for ei fin samling.

Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00 / 922 13 597

Bygger´n Skjåk, 2690 Skjåk • Tlf 61 21 38 80

Garcia Holding AS

YX Skjåk

2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. Tlf.: 90 68 81 13

2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

tlf 97 70 08 14 • www. turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

bism elektr

Tlf 61 28 45 45

Industrivegen 82, 2690 Skjåk haral-pr@online.no Tlf: 906 88 113

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.