HAUSTMAGASIN
Lom, Skjåk, Vågå 2023
Kulturminnefondets tilskuddsordninger
Du kan søke om støtte til:
Tilskuddsordningen er et lavterskeltilbud til private eiere av kulturminner og kulturmiljøer. Også frivillige lag og organisasjoner, enten de eier kulturminnene selv eller forvalter dem på vegne av andre, kan søke. Vi har ingen søknadsfrist, behandler søknader fortløpende og du søker på kulturminnefondet.no
NYT FRILUFTSOG HYTTELIVET I SKJÅK 17 UTLEIGEHYTTER I FJELLET – 230 FISKEVATN – HYTTETOMTER PÅ BILLINGEN OG LIAVATNET 2690 Skjåk, tlf 61 21 39 00 www.skjak-almenning.no Hus og anlegg Fagseminar Sikringstiltak Rullende og bevegelige kulturminner Fartøy og båter Formidling
2 MAGASIN FJUKEN
Flommen i 1938 Side 4-7
FJUKTANKAR
Lauvfall
Fåfengt fell ikkje lauvet lell, syng Vegard Vigerust.
Sikkert ikkje, men eg likar nok lauvet best medan det ennå heng på treet. Da er hausten fin, når bjørkelauvet lyser i gult eller ospa signaliserer knallraudt at vi går mot ei ny årstid.
Vi håpar at du vil kose deg med godt lesestoff og gode bilde i årets haustmagasin, slik du forhåpantleg har gjort med dei tidlegare utgåvene.
Det er eit slags lauvfall for haustsesongens magasinutgåver frå Fjuken - neste år vil du i staden få ei fyldigare temautgåve i form av den vanlege papiravisa.
Grunnen er at totaldistribusjon er ei teneste vi ikkje lenger kan kjøpe, og da fell noko av grunnlaget for å produsere magasin bort.
Slik er det, og slik blir det.
Heile Fjukengjengen ynskjer dykk ein fortreffeleg haust!
Blada blir oransje … Side 8-9
Istidene oppdaga i Skjåk Side 10-13
Astrid Garmo er plåteaktuell Side 16-19
Dyrkar grønnsaker 750 moh Side 20-22
Reidar blir pensjonist Side 24-26
Frå tollar til kulturberar Side 27-30
Helenes haustgodt Side 32-34
Hobbyfotograf Espen André Skjåk Side 36-38
UTGJEVAR: FJUKEN/ SKJÅK MEDIAUTVIKLING AS, BOKS 83, 2694 SKJÅK.
ANSVARLEG REDAKTØR: HANS ERIK KJOSBAKKEN.
FRAMSIDEFOTO: ARVE DANIELSEN/FJUKEN
Fortel oss kva du treng, vi i Skogen Entreprenør fraktar det meste.
Vi hentar og leverer mat jord, sand, singel og grus frå lokale masseuttak i Gudbrandsdalen.
Industrivegen
42, 2680 Vågå • www.skogenentreprenor.no
Er ikkje tomta heilt optimal? INNHALD
Få PUSH-varsel på mobilen! Har du Fjuken-appen på telefonen din, kan du få varsling når vi skriv om noko ekstra viktig! 1. Trykk på «Innstillinger» 2. Trykk på «Varsler» 3. Trykk på «Appvarsler» 4. Finn «Fjuken» 5. Sjå at varslingar er på Android LAST
Flommen i 1938
Opp gjennom historia har Finna yppa seg og skremt folk i Vågåmo. Storofsen i 1789 og Digerofsen i 1348 der elva skar seg nytt far. Under storflaumen i 1860 herja Finna fælt i Vågåmo, der Vågåkyrkja var truga da elva gjekk over på båe sider av Finnbrua.
I august 1938 fekk folk i Vågåmo nok ein gong oppleve Finna på sitt verste.
Regnvêr desse dramatiske
haustdagane gjorde at både Finna og Nugga gjekk over sine breidder den 31. august.
Regn og tore
I løpet av tre dagar fall det mellom 31 og 39 prosent av gjennomsnittleg årsnedbør i Nord-Gudbrandsdalen.
«Det uvær med skybrudd som i det siste døgn har hjemsøkt store deler av landet syner å skulle få en katastrofeartet karakter i Gudbrandsdalstraktene. Særlig kritisk er situasjonen i Vågå», skreiv Aftenposten
i si morgonutgåve den 1. september 1938.
Det starte med regnvêr om kvelden måndag 29. august. Tysdag kveld braka det laus med eit torevêr som neppe nokon dalevande hadde sett og høyrt maken til. Verste regnet kom ved 23-tida onsdag kveld.
Flaumen starta om ettermiddagen onsdag 31. august og var på det verste natt til 1. september.
Raserte
Elver og bekkar voks fort. I lø-
4 MAGASIN FJUKEN
I haust er det 85 år sidan flaumen i 1938. I Vågåmo gjekk Finna over sine breidder og Nugga laga seg nytt far.
Sterke krefter der Nugga tok seg nytt far nedover gamle Øygardsvegen. Her ligg idag bustadfeltet Haugøyjordet.
VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ANSGAR BREKKE
pet av kort tid auka vassføringa i Finna dramatisk og elva braut gjennom på austsida av Finnbrua. Nugga gjekk også over sine breidder og laga seg nytt far.
Finna og Nugga raserte området kring Finnbrua, Innkjøpslaget og ysteriet. Huset til Nils Berg, som stod ved Finnbrua, fekk hard medfart. Det same skjedde med skomakar Ole Olsen sin verkstad.
Ragnvald Berg hadde etablert seg med verkstad og fått inn nye maskiner og verktøy. Maskiner
som vog to tonn vart borte i vassmassane.
Eldre vagværar meinte at Nugga var overnaturleg stor under flaumen. På Ysteriet som var opna året før, vart kjellaretasjen fylt opp med stein og grus.
Ved å felle store bjørketre ut i Finna greidde mannskapa å bremse straumen slik at kyrkjegarden ikkje vart rive med.
Rømte heimane
Om ettermiddagen onsdag steig vatnet. Store delar av Vågåmo stod under vatn og folk rømte
frå husa sine.
«Bare et eneste menneske sov visstnok i Vågåmo den natten. De fleste - over 200 mennesker drog til prestegården», skreiv Gudbrandsdølen den 5. september.
I prestgarden sat folk i peisestuene og tørka seg, lytta til regnet og Finna som buldra.
«Av og til hørtes brak gjennem alt det andre bulderet, og man undredes: hvis hus og hjem var det som nu gikk?», skreiv avisa.
På same måte sat folk i dei
fleste heimar i Vågå denne katastrofenatta. Ingen fekk sova. Dei som budde oppi liene sat i frykt for ras, dei nede på flatene i frykt for elvene.
Store skadar Ti bruk vart øydelagde under flaumen. Skadetaksten etter flaumen lydde på nær 300.000 kroner fordelt på 182 skatteytarar. I tillegg kom skadane på ysteriet og Innkjøpslaget, 14-15 bruer og klopper og 21 kommunale og private vegar.
«Skaden i Vågåmo muli-
FJUKEN MAGASIN 5
Ysteriet opna i 1937. Kjellaren vart fylt med stein og jord frå Nugga. Det vart brukt hakke, spade og trillebår i arbeidet med å fjerne massane. Ysteriet var berre ute av drift eitt par veker.
VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ANSGAR BREKKE
• Det uvær med skybrudd som i det siste døgn har hjemsøkt store deler av landet syner å skulle få en katastrofeartet karakter i Gudbrandsdalstraktene. Særlig kritisk er situasjonen i Vågå.
Aftenposten i si morgonutgåve den 1. september 1938.
gens 1 million kroner», skreiv Gudbrandsdølen den 2. oktober 1938.
Etter flaumen i 1938 vart det bygd forbyggingar i både Finna og Nygga.
Seinare har Finna yppa seg både i 1958 og 2011. Snart blir det skrive ny historie om flaumsikring av Finna. Ideen
om ein flaumtunnel under Prestberget mellom Sælatunga og Vanglandet er lansert og blir kanskje ståande ferdig i 1928. Da er det 90 år sidan storflaumen i 1938.
KJELDER:
DRAMA I DALEN
- JAN VIDAR LIE PEDERSEN
BYGDEBOK FOR VÅGÅ OG SEL
BAND TRE - IVAR TEIGUM
FLÅMEN I VÅGÅ 1938
- VÅGÅ HISTORIELAG
ÅRBOK FOR GUDBRANDSDALEN 2000 - FLOMMAR I GUDBRANDSDALEN - IVAR FORSETH
FJUKEN 12. JUNI 2008 - FLAUMEN I VÅGÅ - VIGDIS KROKEN
6 MAGASIN FJUKEN
Jord og stein. Ysteriet og Innkjøpslaget. VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ ANSGAR BREKKE
Våningshuset til Nils Amundsen som stod på austsida av Finnbrua vart sterkt skadd. VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ANSGAR BREKKE
Også vasstanden i Tessa var stor. Mølla klarte seg, men huset til møllar Johannes Olsen vart knekt i to og eine delen heng utover svaberget. Tessa grov også ned dynamoen og turbin i kraftstasjonen til Eidefoss. VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ANSGAR BREKKE
ARVE DANIELSEN redaksjon@fjuken.no
Berre restane av verkstaden til Ragvald Berg stod att. Huset til høgre vart retta opp og Berg-familien fortsette å bu der. VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ÅGE SKJELLUM
Det vart bygd provisorisk bru. Ysteriet og Innkjøpslaget i bakgrunn. VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ANSGAR BREKKE
Finna gjekk så høgt ved Vågåkyrkja at det var att berre ein liten kant. Det vart lagt bjørketre ned i vasskanten for å redde kyrkja og kyrkjegarden. VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/ANSGAR BREKKE
Erling Smedsmo var ein av mange som deltok i arbeidet med å sikre Finna etter flaumen. VÅGÅ HISTORIELAG FOTOARKIV/MAGNE DALEN
FJUKEN MAGASIN 7
Blada blir oransje når dei treffer anna farge att om sommaren
Vi
Elly Aamodt, Jo Løkken og Isak Lykre går i Dønfoss naturbarnehage i Skjåk. Dei tykkjer det kan vera litt kaldt om hausten.
Bål og bær
– Det er berre 10 grader om hausten. Kvar dag, seier Isak.
– Om natta er det berre 15, seier Jo.
– Eg likar best at det er varmt, seier Elly.
Ho fortel at ein kan brenne bål i skogen når det er haust.
– Eg gjorde det mange gonger da eg var baby. Men eg måtte sitje langt unna bålet.
– Ja, for ein kan brenne seg av bål, seier Isak.
– Ja, og om ein brenner seg må ein ha plaster overalt, seier Elly.
– Eg likar betre å plukke jordbær om hausten enn å brenne bål, seier Jo.
Han er kjempeglad i jordbær, og fortel at han kan maule dei.
– Eg kan ete fire jordbær om gongen, men da er munnen min full, seier Jo.
Isak likar både bringebær og blåbær også.
– Dei finn eg i skogen, men somme gongar trakkar eg på bæra. Da er det ferdig syltety med ein gong. Da kan ein ha det rett på kakuskiva, seier Isak, og skrattar høgt.
– Ein kan plukke sitron om hausten også. Sitron veks også i skogen. Men eg likar berre sitronjuice, og ikkje heile sitronen, seier Jo.
Poteter og jakt
Elly fortel at dei har poteter i barnehagen.
– Eg har vore med på å ta dei opp. Dei var litt rare. Men dei var kjempefine sjølv om dei var rare, seier ho.
– Eg bur på ein gard og har ein stor åker med poteter. Vi fann to poteter som såg ut som eit hjarte, éin potet som såg ut som ein telefon, og éin potet som såg ut som ein tåfis, seier Isak.
Han fortel at dei hadde nesten 100 poteter.
– Eg orka ikkje å rekne dei, så det kan hende det var fleire også, seier Isak.
Jo fortel at når det er haust, er det lov å
8 MAGASIN FJUKEN
har teke ein liten haustprat med tre av barna i Dønfoss naturbarnehage.
–
bakken, så rotnar dei og får ei
skyte hjort.
– Det heiter jakt. Pappa jaktar somme gongar, seier Jo.
– Ein kan skyte elg også, fortel Isak. Han har vore på elgjakt ein gong, fortel han, men han hugsar ikkje med kven.
– Om ein ikkje er på jakt, får ein ikkje kjøt. Da må ein ete berre poteter, og det er ikkje bra for magen, seier Isak.
– Når ein har skote ein elg eller ein hjort, så må ein bere dyret saman med nokon, for det er så tungt at ein ikkje greier det sjølv, seier Elly.
– Eller så må ein ha dei i ein hengar. Om ein lurar elgen oppå hengaren før ein skyt den, så blir det lettvint. For da dett elgen på hengaren, og da kan ein berre køyre, seier Isak.
– Ein kan lure elgen med ein lang pinne med eit eple på. Så kan ein skyte elgen når
den et eplet, seier Elly.
– Elg og hjort smakar ikkje så godt, så ein må ha tacokrydder på, seier Isak.
– Eller sitronjuice og salt og pepar, seier Jo.
Regn og lauv
Den siste tida har det regna utruleg mykje, men det gjer ikkje dei tre barna i Dønfoss naturbarnehage noko av.
– Eg likar at det regnar, eg, for da blir det store sølepyttar, og dei likar eg å hoppe i, men berre når eg har på meg støvlar, seier Elly.
– Det er vinden som gjer at det blir mykje regn om hausten. Vinden dyttar regnet fortare ned på bakken, seier Isak.
– Det går an å leike seg om det regnar også. Men da må ein leike litt fortare, fortel Jo.
Han likar seg best inne når det regnar.
– Men eg likar å leike meg ute i lauvet om hausten. Lauvet er gult, men det har ei anna farge når det ikkje er haust. Det er nok måling i vinden som gjer at lauvet er gult, seier Jo.
– Faktisk finst det mange hundre blad ute om hausten. Blada dett ned på grunn av vinden. Da blir dei oransje når dei treffer bakken, så rotnar dei og får ei anna farge att om sommaren, seier Isak.
Elly fortel at ein kan lage mat av lauvet ein finn ute.
– Ein kan lage salat av blad. Men det er godt berre når det er jul.
FJUKEN MAGASIN 9
Dei tre barna Elly Aamodt, Jo Løkken og Isak Lykre i Dønfoss naturbarnehage i Skjåk likar hausten. FOTO: TOM ERIK SOLSTAD
TOM ERIK SOLSTAD tom.erik.solstad@fjuken.no
FORFATTAR GEIR HESTMARK
SKAL HALDE FOREDRAGET «HAN OPPDAGA ISTIDA»
PÅ SKJÅK FOLKEBIBLIOTEK
15. NOVEMBER 2023
ISTIDENE OPPDAGA I SKJÅK
FERDAVEG: Jens Esmark og fylgjet hans fylgde ein gamal ferdselsveg mellom vest og aust. ALLE FOTO: MORTEN KIELLAND
Viss du går innover Rauddalen forbi Nedre Leirvatnet og Ytste Leirvatnet, kjem du til Merradalsbotn heilt vest i Skjåk, ein kilometer før grensa mot Stryn. Ser du opp mot sør, ligg det ein arm av Sikilbreen. Dalbotnen er snau for vegetasjon med mykje stein og blokkar. Ruta innover mot Kamperhamrane går i dette golde terrenget. Dersom du går den gamle ferdselsruta frå 1700-talet, må du 100 meter opp i dalsida på den nordre sida. Her vil du sjå at det ligg fleire store steinblokker og mindre stein som eit slags gjerde ned mot dalen. Frå den gamle stigen og oppover lia er det grønt, men nedanfor er det mest svaberg og stein heilt over mot breen i sørsida av dalen.
I den vesle istida omkring 1750 dekte Sikilbreen heile dalen heilt opp til den gamle ferdselsruta. Da breen trakk seg attende, og fekk besøk av Jens
Esmark og to studentar i 1823, hadde breen lagt att ein svært så spesiell morene: Otto Tanks morene.
Forfattaren av den nyleg utgjevne boka «Istidens oppdager», Geir Hestmark, seier at dette er ei så sensasjonell oppdaging, at Tanks morene bør stå på UNESCO si verdsarvliste.
Jens Esmark
Jens Esmark (1762-1839), vart fødd og hadde vakse opp i Houlbjerg i Danmark, der du den dag i dag kan plukke opp stein som ikkje finst i fast fjell hjå våre naboar i sør, men som er velkjende i Noreg og Sverige. Den lokale kyrkja er bygd med granitt og gneis som også må ha vore flytta nordfrå.
Få norske geologar, og truleg enda færre utanlandske, er klar over at han var den fyrste som skjønte at Skandinavia har vore dekt av ei iskappe, og at restane etter framrykkingar og attendegang i isen var å finne over alt kring i Norge, ikkje berre i fjellet.
Oppdaginga
I midten av september 1823 kom ein eldre professor og hans to unge studentar attende til Christiania etter tre månader på reise i Noreg. Undervegs hadde dei snubla over den største vitskapelege oppdaginga
som er gjort i norsk natur: Dei hadde oppdaga istida når dei stod og studerte ein morene i Skjåk.
Reisa
Jens Esmark vart sendt ut for å undersøke malmførekomstar ved Lysefjorden, men gjorde ei langt større reise opp heile Vestlandet og over fjellet frå Oppstryn-Hjelle-Folva-Sunndalen-Kamperhamrene-Leirdalen-Rauddalen-FramrustenBråtå. Turen gjekk vidare gjennom bygdene i Skjåk i Ottadalen til Lom, ned Gudbrandsdalen til Fåberg, og på austsida av Mjøsa til Christiania.
Reisefylgjet
Esmark hadde med seg to studentar: Niels Otto Tank frå ein av dei rikaste familiane i Noreg og busett i Fredrikstad, og Jan Theodor Kielland frå ein rik familie i Stavanger. Jan Theodor Kielland er ein fjern slektning av artikkelforfattaren.
Esmark drog frå Christiania i fylgje med 19 år gamle Kielland og 23 år gamle Tank som båe var bergstudentar.
Å dra på ei reise med Jens Esmark sommaren 1823, var ein ypperleg måte å lære meir bergvitskap på. Kielland og Tank vart nære vener. Ikkje berre delte dei interessa for
bergvitskap, men mødrene deira var herrnhutarar som var ein kristen brødremeinigheit.
Stavanger Esmark, Tank og Kielland kom til Stavanger i 1823. Byen var mest kjent for sitt sildefiske og eit febrilt religiøst liv blant dei 3.500 innbyggarane. Kielland kunne her besøke mor si i Spinderhuset i Brattegaten. Ho var òg postmeister i byen.
I byen fanst også familiens rikare grein, handelshuset Jacob Kielland & Søn, berømt frå Alexander Kiellands romanar. I Stavanger dominerte Kiellandfamilien store delar av det økonomiske og sosiale livet, slik Tank-familien dominerte i Fredrikstad. Dette passa Esmark bra, for han ynskte støtte til å studere meir enn det oppdraget gjekk ut på.
Esmark-morenen i Strand
Under undersøkinga for kopparverket ved Lastabotn nær innløpet til Lysefjorden, gjekk dei tre sørover til Forsand og opp til Haukelivatnet. Her fann dei ein rygg som lå som ei demning for vatnet. Lokalt vart denne grusryggen kalla for Vassryggen. Seinare vart ryggen kjend som Esmark-morenen.
12 MAGASIN FJUKEN
Lengst vest i Skjåk, i Rauddalen, vart istidene «oppdaga»av ein danske i 1823.
VOLL: Som ein liten voll stikk Otto Tanks morene fram i dalen.
GAMALT: Eit kart frå turen til Esmark og dei andre.
VEST: Beviset for istidene fann Esmark i Rauddalen
Otto Tanks morene i Skjåk Openberringa fekk Esmark og hans to studentar på veg nedover Rauddalen like før Ytste Leirvatnet. Nærare bestemt ved Rauddalsbreen (det som no heiter Sikilbreen). Her fann dei det som nå heiter Otto Tanks morene. Den ligg ein kilometer vest for Ytste Leirvatnet.
I det dei tok steget frå breen og ned i det smale forlandet på austsida, støtte dei snart på ein vegg av grus og stein som låg parallelt med brefronten og på tvers av dalen. Det var ein kombinert ende- og sidemorene til Rauddalsbreen. Denne morenen vart truleg brøyta på plass ved kulminasjon av den vesle istida omkring år 1750. Morenen er oppbygd av sand, leire, grus og store steinar. Eit stort V-forma gap i morenen, tydar på tilfelle av flaum der vatn har brote gjennom morenen. På austsida av morenen ligg det ei stor utvaskingsflate – ein sandaur som ei kilometerlang breelvslette med berre få meters fall ned mot Ytste Leirvatnet.
Sjølv om Tank-morenen berre var fem meter høg og Esmark-morenen var 25 meter høg, var dei påfallande like. Dette vart erkjenningspunktet for Esmark sin teori om istider.
Etter oppdaginga av istidene
Reisa hadde vara i nesten tre
månader. Og resultatet var uventa og sensasjonelt. Kielland fann likevel ut at geologi ikkje var hans kall. Han vart teke opp i Christiania Brødremenighet i desember 1823, og flytta inn hjå predikanten Niels Johannes Holm. Han studerte teologi, vart personellkapellan for presten i Øyer i 1830 og seinare sokneprest i Haa i 1838.
Tank fortsette sine studiar av mineralogi og kjemi. Men han vart Herrnhutar-misjonær og stod seinare opp mot slaveriet i Surinam i Vestindia og vart grunnleggar av eit religiøst samfunn i Wisconsin.
Esmark arbeidde vidare med materialet frå reisa og publiserte ein artikkel om istider eit halvt år seinare.
Påstanden til Jens Esmark
I artikkelen publisert i Magasin for Naturvitenskapene i slutten av april 1824, fastslo Jens Esmark, professor i bergvitenskapene ved Det Kongelige Fredriks Universitet i Christiania, at det nå låg føre uomstøytelege og tilstrekkelege bevis for at Noreg tidlegare var dekt av enorme isbrear, brear som hadde grave ut dalar og fjordar og nådd heilt ned til havet, eit hav truleg dekt av is. For å forklare slike dramatiske klimaendringar, lanserte han ein teori om endringer i jorda si bane rundt sola.
Bevisa
1. Store lause blokkar
Mellom Morstua ved Mjøsa og Løten fann dei lause store steinblokkar i dagen.
Dei må ha vore førte hit langveis frå, og bergarten i steinblokkane er forskjellig frå berggrunnen dei kviler på. Ein kan sjå dei frå E6 sør for Stange i dag.
2. Blokkar på fjellryggar og toppar
Ved fronten til Rauddalsbreen i Skjåk hadde Esmark sett denne prosessen i aksjon. Der er blokkar frå sørsida flytta oppover i motståande side av dalen. Det ser nå ut som eit gigantisk gjerde høgt over dalbotn. «På-toppen-av-fjellet-blokkar» hadde Esmark også observert i Numedal.
3. Blandinga av stort og lite = morene
Store lause steinar er blanda med ei stor mengd sand og grus i langstrakte høge haugar i Østerdalen. Han forkastar at deponeringa har skjedd med vatn, og stadfester bre-is-deponering.
4. Ein morene ved havnivå og ein oppunder breen. Esmark-morenen, Vassrygg ved Forsand i Strand kommune og
Tankmorenen i Rauddalen i Skjåk kommune, er danna ved at isen har hola ut dalen og lagt masse opp i ein voll. Sandauren nedanfor morenane og det påfallande V-forma snittet der bre-elva renn eller har runne gjennom, gjer at desse to morenane fortel historia om at dei er danna på same viset.
5. Noregs overflate: fjordar, dalar og bortførte massar. Norske fjell har vore innhylla i is like ned til havet, og havet må ha vore eit ishav. Breane har ved si store utvidande kraft og gliding frå høgare fjell til låglandet, slipt ned dalar og fjordar og lagt att massene i lause avsetningar.
KJELDE
«Istidens oppdager - Jens Esmark, Pioneren i Norges fjellverden.», Kagge Forlag, 2017.
MORTEN KIELLAND redaksjon@fjuken.no
LITEN: Otto Tanks morene er ikkje stor, men Esmark «såg ljoset» da han vart vâr den.
KJELDA: Biografien om Jens Esmark er kjelda til denne artikkelen.
FJUKEN MAGASIN 13
SAKA VART FYRST PUBLISERT I FJUKENS HAUSTMAGASIN I 2017
AKANTUS BLOMSTER
Akantus Blomster
Skjåk kjøpesenter, 2690 Skjåk Tlf 61 21 40 55 akantusblomster@outlook.com facebook.com/akantusblomster
Bruker du lokale verksemder - og sikrar lokale arbeidsplassar?
Bruk butikkar og kulturtilbod, kanskje er det lurt å tenkje litt ekstra før du handlar?
Desse verksemdene i Skjåk er med i mediehuset Fjuken sitt lokalengasjementprosjekt ”Heimkjær” og blir ekstra synlege.
Skjåk Kjøpesenter
Aurmo Transport
Haus Byrå AS
Industrivegen 9, 2690 Skjåk Tlf 482 99 802 hei@hausbyra.no www.hausbyra.no
28C, 2690 Skjåk Tlf 61 21 36 66 post@aurmo.no www.aurmo.no
SEBB AS
Vassverkvegen 10, 2690 Skjåk Tlf 61 21 35 70 post@sebb.no • www.sebb.no
Skjåk
10, 2690 Skjåk Tlf 61 21 39 00 firmapost@skjak-almenning.no www.skjak-almenning.no
Lokal entreprenør frå idé til bygg
YX
Skjåk
kultur
engasjement VÅGÅ - LOM - SKJÅK
14 MAGASIN FJUKEN
Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055
Ditt firma her? annonse@fjuken.no
Skaper
Moavegen
det store i det små
På veien for deg i 90 år!
Industrivegen
Almenning 95% av arealet i Skjåk kommune
Skjåkvegen 1212, 2690 Skjåk Tlf 61 21 41 53 skjak@st.yx.no facebook.com/yxskjaak Bismo Industrivegen
57, 2690 Skjåk Tlf 57 87 28 00 post@stryvo.no www.stryvo.no
•
•
• næringsliv •
Stryvo Bismo
handel
Er du glad i bygda di?
Vil du også vera med, ring oss i marknadsavdelinga på tlf 61213860 eller send oss ein epost på annonse@fjuken.no
Skjåk kjøpesenter, 2690 Skjåk Tlf 99 10 10 60 skjaaksynssenter@outlook.com facebook.com/skjaaksynssenter
Team Verksted Skjåk
Industrivegen 2, 2690 Skjåk Tlf 61 21 36 70 lars.alfred.aanstad@teamverksted.no www.teamverksted.no
Din bilverkstad i Skjåk
Gobiten Café
Skjåk kjøpesenter, 2690 Skjåk Tlf 918 64 404 post@gobitencafe.no facebook.com/gobitencafe
Skjåk Kjøpesenter
Skjåkvegen 1245, 2690 Skjåk Tlf 468 29 564 mathilde.skamsar@gmail.com
Skjåk Kjøpesenter
Din Frisør Skjåk AS
Skeimoplassen 10, 2690 Skjåk Tlf 61 21 40 65 skeimo.extra@coop.no www.coop.no/extra
Aursjokraft
Moavegen 28A, 2690 Skjåk Tlf 61 21 38 00 post@aursjokraft.no www.sken.no
Rein vasskraft frå Skjåk
Skjåk Turistheim
Skeid Kro
Skjåkvegen 1184, 2690 Skjåk Tlf 61 21 40 24 / 61 21 43 33 post@skeidkro.no www.skeidkro.no
Et deg mett og bli meire verdt
Ditt firma her? annonse@fjuken.no
Skjåk
Byggern Skjåk
Industrivegen 12, Skjåk Tlf 61 21 38 80 info@skjak.byggern.no www.byggern.no
Rusten Sport AS
Skjåk kjøpesenter, 2690 Skjåk Tlf 476 61 061 post@rustensport.no facebook.com/rustensportas
En del av E.A. Smith
Skjåk Kjøpesenter
Skjåk kjøpesenter, 2690 Skjåk Tlf 61 02 09 40 trendzsiv@hotmail.com Din frisør Skjåk AS
Gaver, garn, interiør, tekstiler og galleri
Coop Prix Bruvoll
Bråtåvegen 6, 2693 Nordberg Tlf 992 11 645 prix.bruvoll@coop.no
Skjåk Kjøpesenter
Bunnpris Bismo
Skjåk kjøpesenter, 2690 Skjåk Tlf 61 21 43 82 bpbismo@bunnpris.no www.bunnpris.no
Skjåk Kjøpesenter
Helseboden
Skjåk kjøpesenter, 2690 Skjåk Tlf 61 21 42 49 elmairenskjaak@live.no facebook.com/helseboden
- litt ditt!
Sparebank 1
Lom og Skjåk
Skjåkvegen 1208, 2690 Skjåk Tlf 61 21 90 00 bankpost@sb1ls.no www.sb1ls.no
Fjellbanken
Power Skjåk
Skjåkvegen 1230, 2690 Skjåk
Skjåk kjøpesenter Tlf 992 11 663 martin.aabakken@power.no
Skjåk Kjøpesenter
Extra Skeimo Extra stort utvalg til extra låge prisar
- litt ditt!
FJUKEN MAGASIN 15
• Plåteaktuelle Astrid:
– Rekrutteringa i folkemusikken nå er kjempebra. Det gjer meg både glad og sjalu
Det er ikkje ofte Astrid Garmo er i heimbygda. Det må ho vedgå. Musikken tek opp tida hennar. Og sant å seie er det og musikken som bringer henne heim denne septemberdagen vi møter ho. Da skal ho ha konsert med gruppa Lin på Kleppe i Vågå, som ein del av plåtesleppturné.
• Draumen er å kunne leve av å vera frilansmusikar,
seier 26-åringen frå Garmo.
Å flytte heim til Ottadalen er ganske uaktuelt for jenta frå Garmo. Ho har funne sin plass i eit godt folkemusikkmiljø i hovudstaden der ho trivst svært bra.
– Eg trur det kjem av ein mangel på likesinna da eg var yngre. Da eg vaks opp var det ikkje kult å spela fele og drive med folkemusikk. Eg kjente meg einsam. Og det heng nok fortsatt i sjølv om eg ser at det i dag har endra seg og er heilt annleis. Rekrutteringa i Lom nå er kjempebra. Det gjer meg både glad og sjalu, fortel Astrid.
På slutten av ungdomsskulen vart ho kjent med to jamnaldrande jenter som og spelte fele, Mari Midtli frå Sel og Amalie Aaseng frå Heidal. Saman starta dei trioen Dølasneillun. Det var og inngangen til at Astrid valte folkemusikklina på Vinstra etter ti år med grunnskule. Astrid skyt inn at det var der ho lærte seg å traktere hardingfela.
– Eg hadde ikkje sett for meg å satse på fele. På den tida visste eg ikkje kva eg ville. Eg var uinteressert i alt. Men eg var bestemt på at eg ikkje skulle ha ein 9-17-jobb, for eg likar variasjon i dagane mine.
Det ende opp med utdanning på Norges Musikkhøgskule, der tredje året vart gjennomført i New Castle med utveksling av andre kulturer og tradisjonar. 2020 var Astrid ferdigutdanna og klar for å ut i verda. Ei verd som var prega av pandemi og full stopp i musikkjobbar.
– Det var ei trasig tid. Eg måtte ta meg andre jobbar berre for å få ei inntekt, ristar ho på hovudet.
Medan Astrid venta på normalisering av samfunnet att tok ho utdanning i instrumentmaking og korleis manipulere lyd på data. Nå i dag er ho endeleg i gang med sitt andre år som frilansmusikar. Ho ramsar opp det ho driv med for å tene til livets opphald; Speling for dansegrupper. Undervisning og seminar på Ole Bull-akademiet og Oslo Met. Speling i bryllaup. Tunvert på Folkemuseet om sumaren. Musikalsk leiar for Bærum spelmannslag. Sistnemnte er det einaste ho har fast inntekt på. Elles er det alle gruppene ho er i som tek opp tida. Og soloalbumet.
Felespeling vart ein del av livet hennar ganske tidleg. Frå før Astrid kunne delta i undervisning på kulturskulen.
– Fyrst var eg med storebroren min på feleøving hjå Rolv Brimi. Eg var så misunneleg på han der eg satt og høyrde på. Etter kvart mista han interessa og eg tok over, smilar ho så lurt som ei veslesyster berre kan.
I praten om kvifor ho starta med fele, peikar Astrid mot huset til bestemor si som ligg tett inntil huset til mor og far hennar.
– Eg var naturlegvis ein del på besøk der som unge. Og der inne hang det ei fele etter oldefar min, Sjugurd Garmo. Han var komponist og spelmann. Det vart prata mykje om han. Og eg kjem i hug eg ofte om kveldane kunne somne til at far min spelte slåttar av han, så mange av desse melodiane sitt i hovudet mitt, fortel ho.
Astrid har nå dykka inn i opptak av oldefaren som er arkivert, og vil presentere sine eigne tolkningar av ei utplukka samling av slåttar i sitt aller fyrste soloalbum. Ho trur nokre av dei vil vera nye for folk, sidan ho mellom anna har plukka frå eit arkiv som ikkje er tilgjengelege for alle.
– Eg er oppteken av å behelde mykje av det gamle. Takta og tonaliteten og detaljar som bogestrøk. Og spela springleik fortare enn det blir gjort i dag.
Plåta skal spelast inn med Hans Kjorstad. I eit lokale der ein høyrer rommet. Ho veit korleis ho vil ha det. Men er samtidig spent.
– Soloalbum er svært personleg. Nakje´. Og så trivst eg best med å vera ein del av ei gruppe på scena. Eg likar ikkje at det er fokus på meg, seier ho og peiker på promotering som ei utfordring ho jobbar hardt med.
For promotering må til for å skape seg eit «namn» i musikkbransjen. Akkurat det jobbar Astrid nå med i heile tre grupper i tillegg til soloprosjektet sitt. Lin. Clowder. Og Pumpegris. Alle i ei etableringsfase. – Lin er ei gruppe på fem stykke, der eg spelar fele og korar. Visepop er vel det som skildrar musikken best, med nostalgiske tekstar og innflytelse frå både jazz og folkemusikk. Gruppa gav ut fyrste album i mai og vi er allereie i gang med planlegging av album nummer to, meddeler ho.
Pumpegris gjer musikaren frå Garmo flirfull når ho skal fortelle. Både om namnet og musikken.
• Vi er ei gruppe på to jazzmusikarar og tre folkemusikarar som har det jælma artigt i lag. Eg vil kalle gruppa for ein kåtare versjon av Valkyrien Allstars. Med både såre, vakre og romantiske låter.
Og låter med ganske grove tekster. Det er hæla i taket når vi spelar live.
Det Astrid vil kalle for «hovudgruppa» si, er Clowder. Ein duo med ein musikar frå Asker der ho spelar gitar og skriv låter.
– Dette er meir indie-musikk. Clowder kjem med ei plåte i vinter. Eg kjenner på eit større eigarskap her sidan eg er med og skriv låtar.
I tillegg kan Astrid nemne ein annan
18 MAGASIN FJUKEN
Det var på folkemusikklina på Vinstra vidaregåande skule at Astrid fekk prøve hardingfele. I dag spelar ho like mykje hardingfele som vanleg flatfele.
Astrid med katten Litol.
– Eg er oppteken av å behelde mykje av det gamle. Takta og tonaliteten og detaljar som bogestrøk, seier Astrid. ALLE FOTO: KARI MARGOT ODNES
duo, utan namn, ho har med Ester Thunander frå Sverige.
– Vi spelar båe fele og syng. Eit svært inspirerande prosjekt med sjølvskrivne og tradisjonelle slåtter der vi prøver å finne nye måter å arrangere på.
Når ho fortel om alt ho er i sving med om dagen, er det lett å forstå at den unge jenta legg ned hardt arbeid for å oppnå akkurat det målet. Utanom at musikk er livet for Astrid, så er ein av motivasjonsfaktorane hennar å byte ut den 35 kvadratmeter «store» leilegheita ho leiger på Grünerløkka med ein større bustad i Oslo der ho kan ha ein katt, fortel Astrid medan ho borar ansiktet i pelsen på pusen i barndomsheimen.
– Eg får ikkje lov å ha katt der eg bur nå. Det saknar eg så mykje at eg nesten har vurdert å gå på kattesafari på Kampen, skrattar ho.
Folkemusikkmiljøet i Oslo er, som sagt, viktig for Astrid.
– Det er eit svært sosialt miljø. Ein laurdagskveld på Riksscena fyller ratt både scene og dansegolv. Folkemusikk er hipt der. Til og med for unge utanfor miljøet.
Sjølv om Astrid leik seg med fleire sjangrar, er det folkemusikken som ligg hennar hjarta nær.
– Det er eit sjarmerande miljø med folk frå ulike bygder med forskjellige dialekter og forskjellige bunader som møtast i musikken, meiner ho.
Ein felespelar ho trekkjer fram som eit forbilde er Leif Inge Schjølberg frå Vågå.
– Eg likar spelet og formidlinga hans. Det er så audmjukt og ekte. Rett og slett knakandes godt. Og det må du gjerne skrive, seier Astrid engasjert.
Ho likar at det er sjel og liv i musikken.
Ikkje for polert og planlagt. Nett som Astrid framstår sjølv. Ujålete og tek livet litt som det kjem utan for mange faste rutiner som binder ho fast i ein fast tralt.
– Det er godt å føle seg fri med korleis eg brukar instrumentet mitt. Det er noko suggerande ved å spela, spela og spela utan å bli lei, slår Astrid fast og går attende til øving og lydprøve med Lin.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
FJUKEN MAGASIN 19
Sjugurd Garmo og kona Helene.
- Det har både sine fordelar og bakdelar
Midt i bustadfeltet i Randsverk i Vågå finn vi Katrine Håkegård. Med hundre kvadratmeter
stor grønsaksåker, drivhus og elleve høner trippande rundt i hagen.
Ho kjem opprinneleg frå Askvoll på Vestlandet, men vaks opp i Skien i Telemark. For ti år sidan vart ho vagvær. Da fekk ho læreplass hjå Klones hest og hov. Draumen om å bli hovslager
vart oppfylt og i Vågå fekk Katrine fast jobb og vart verande.
– Eg har vore her så lenge nå at eg kallar meg vagvær, smilar ho.
Katrine sit og nyt haustsola med hønene sine som selskap og utsikt mot sin frodige åker. Om natta har det vore minusgradar. Likevel er åkeren framleis frisk og grøn. Fylt opp med poteter, brokkoli, kål, ulike beter, salat, squash, sukkererter, lauk, purre, pastinakk og grønkål som straks er klart for å haustast.
– Det går fint an å dyrke så høgt til fjells, slår ho fast nøgd med resultatet.
For Katrine har grønsakshagen vore ei gryande interesse. Det starta i det små med eit par pallekarmar. For tre år sidan bestilte ho eit lastebillass med kompostjord og stelte i stand ein heil åker.
– Med fem centimeter med torv og elvebotn under det, måtte det til noko jord. Og
så har eg lagt papp under for å hindre i alle fall noko ugras, fortel ho.
Men nå blir ikkje åkeren større, meiner hobbygartnaren bestemt. Det har ho ikkje tid til med full jobb. Samtidig utelukkar ho ikkje at ho ein gong i framtida vil jobbe som gartnar.
– Å arbeide som hovslagar er hardt for kroppen, så det må eg nok på eit tidspunkt gjeva meg med. Eg har difor teke ei toårig gartnarutdanning i Moelv nå, for å kunne ha noko i «bakhand».
Katrine bøyer seg ned og riv opp nokre gulrøt.
- Det er ikkje mykje det ikkje går bra med. Det gjer det jo sjølvsagt ekstra artig å drive med dette, smilar ho.
Med det sagt kjem ho fort inn på fordelane ved å dyrke så høgt til fjells. Katrine fortel at grønsakene hennar er svært lite plåga med skadedyr. Og at det grunna låg
20 MAGASIN FJUKEN
• Katrine dyrkar grønsaker 750 meter over havet:
Katrine omkringa av bugnande grønkål. ALLE FOTO: KARI MARGOT ODNES
FJUKEN MAGASIN 21
Frittgående høner forsyner både Katrine og naboar med egg.
Friskt og grønt i åkeren 750 meter over havet, seint i september.
temperatur veks seinare, noko ho meiner gjev meir sødme i smaken.
Men det blir sjølvsagt ein ekstra stutt sesong for det som skal vekse og gro utandørs i Randsverk i sommarhalvåret. Katrine forkultiverer difor det aller meste innandørs i forkant.
– Det er ikkje tilråda å gjera det, men her må eg berre gjera det. Lauk og purre startar eg allereie med i februar/mars. Det blir ganske fullt inne hjå meg på den tida.
I november og desember byrjar Katrine å titte på kva for frø ho skal kjøpe inn for neste års sesong. Drivhuset tek ho i bruk så fort som råd om våren. Her fyller ho opp med tomatar, agurk og urter. Den sterke ti-
mian-lukta riv deg godt i nasen når du kjem inn der. Basilikum, persille, kjørvel, oregano. Ho ramsar opp og fortel ivrig. At denne unge dama tidlegare var «anti-hage» , som ho sjølv kalla det, er vanskeleg å tru på.
– Det var nok ein jobb eg hadde på Plantasjen i si tid som var starten på interessa.
Og så er det noko med det å vera sjølvforsynt, i alle fall deler av året, peiker Katrine på.
– Det gjer at eg får eit anna forhold til maten. Det blir ikkje så lett å kaste den når du har lagt ned så mykje innsats før maten kan nytast. Og kanskje skjer det faktisk ein gong at vi må klare oss av det vi produserar sjølve.
Men Katrine rekk ikkje å ete opp alt sjølv. Overskotet legg ho ut i ei bod utanfor gjerdet der ho bur. Der kan den som vil plukke med seg det ein vil ha av stuttreiste grønsaker og ferske egg.
– Eg fyller på annakvar veke frå juni/juli til uti oktober. Det er svært populært. Særleg salat, agurk og tomat. Og egg har eg aldri på lager, dei forsvinn med ein gong. Det er artig å kunne tilby usprøyta, fersk mat, avsluttar hobbygartnaren i Randsverk.
KARI MARGOT ODNES kari.margot.odnes@fjuken.no
22 MAGASIN FJUKEN
• Det gjer at eg får eit anna forhold til maten. Det blir ikkje så lett å kaste den når du har lagt ned så mykje innsats før maten kan nytast.
Med stigande drivstoffprisar og nærast ”gratis” straum, kan du langt på veg finansiere ny el-bil med det du sparar på bensin eller diesel.
Kos deg på Bakeriet!
fredag Kvartorsdag,oglaurdag i vilBakerietLomha gjennomvinteren, kveldsopetilkl.22.
Vi byr på heimebaka italiensk pizza, noko godt i glaset og kveldsope torsdag til laurdag
OPNINGSTIDER FRAM TIL JUL: Måndag-onsdag: 9-17
Torsdag-laurdag: 9-20
Heimebakaitalienskpizzafråkr. 149,Nokogodti ogopeinne. glaset,bålpanneråvarme segpå
VELKOMNE!
Velkomne!
Skogen Bil AS Industrivegen 42, 2680 Vågå Tlf 61 23 22 22 • Mobil 413 34 773 www.skogenbil.no
Vinterhjul inkludert i pris på alle bilar.
Citroën ë-C4
Ny ë-C4 Kjøp frå kr 329.900,LEASINGKAMPANJE med fastrente på 0,99% i tre år. Frå kr 1.295,-/mnd. Biler klar for levering på dagen. Vår mekanikar Ola Hagen dagpendlar frå Nordberg til Vågå, totalt 12 mil for dagen. Han betaler billånet med det han sparar i drivstoff ved å køyre Citroën ë-C4. Brukt ë-C4 Frå kr 255.000,Vi har to stk 2021 og tre stk 2022modellar inne akkurat nå. Pass på, dette blir svært økonomisk bilhald. VI GIR DEG GOD PRIS PÅ DIN INNBYTTEBIL.
FJUKEN MAGASIN 23
– Politiet trudde eg var ein bygdeoriginal som prøvde å få eit glytt av Kong Harald, men eg skulle jo inn der for å syngje!
grupper, spelt ufatteleg mange konsertar, vore med på plateinnspelingar, vunne spelemannspris, han har reist, spelt og tralla seg gjennom nesten heile livet.
– Kvifor har du sagt opp organiststillinga?
Da er det sjølvsagt heilt på sin plass at Fjuken ber om eit portrettintervju, og det kan vi berre seia med ein gong: Det er ein fryd å samtale med Reidar Svare.
Det er alvor og tull om kvarandre. Somme gonger blir han litt filosofisk om det å vera menneske, før han i neste augeblikk slår til med ei god «rispe» eller pratar om det mest daglegdagse – som å vaske eit golv. Eller han avbryt seg sjølv fleire gonger, litt nervøst; «Eg håpar ikkje folk tykkjer eg er skrytete når eg fortel dette her?».
Musikalsk arbeidsliv
Reidar har arbeidd som organist i Lom sidan 2020. Før det var han organist i Vågå – og før det att var han rektor og lærar ved kulturskulen i Lom i heile 26 år. Arbeidslivet har med andre ord handla om musikk heile vegen, og det same har det meste av fritida. Reidar har spelt i ei mengd ulike
– Eg vil bli pensjonist i håp om å få tid til det eg aldri får gjort. Dei siste tre-fire åra har eg nemleg tenkt mykje på ting som burde vore gjort, blant anna i heimen, men kvar gong har eg tenkt at «det kan eg gjera når eg blir pensjonist». Men den dagen eg tenkte at det var på tide å vaske golvet og at den same tanken slo meg - «det kan eg gjera når eg er pensjonist» - da fann eg ut at det var på høg tid å seia opp!
Han ler så det ljomar.
Det fyrste pianoet
Reidar Svare blir 62 år i slutten av oktober. Den 1. november blir siste arbeidsdag som organist i Lom. Det blir ein rar dag, vedgår han.
– Eg stortrivst som organist i Lom, men eg gler meg til å slutte likevel. Det skal bli godt å få betre tid. Eg har eit mål om å koma i betre form òg, så eg har til og med ambisjonar om å trene, smiler han lurt.
– Da får vi sjå deg joggande rundt omkring?
– Det må vel greie seg å rusle seg seg ein tur nå og da!
At Reidar hadde ei intens interesse for musikk vart oppdaga tidleg. Som 4-åring var han med foreldra sine til eit slektsbesøk på Eidsvoll.
– Dei budde i ein stor og mindre pen villa, og der stod det eit gamalt, svart piano. Eg vart svært interessert i dette pianoet og klimpra og spelte på det heile tida den dagen vi var der. Til slutt fekk eg til «Fola, fola blakken». Etter eit par år skulle desse slektningane flytte ut av villaen, og da hadde dei ikkje plass til pianoet. Dei spurte foreldra mine om dei ville ha det, ettersom eg hadde synt så stor interesse for å spela på det. Foreldra mine sa ja, og pianoet vart frakta frå Eidsvoll til Otta med godstog, før det vart henta heim frå Otta ved hjelp av ei gamal folkevogn. Dette var i 1966. For ei stund sidan fann eg att kvitteringa på frakta frå Eidsvoll til Otta, der det kom fram at det kosta foreldra mine 400 kroner. Det var enormt mykje pengar den gongen. Eg vart forundra over prisen, samstundes
24 MAGASIN FJUKEN
Reidar Svare har opplevd litt av kvart som musikar gjennom fleire tiår, men nå har han bestemt seg for å bli pensjonist.
Reidar Svare har sagt opp stillinga som organist i Lom. Frå 1.
som eg vart svært
for at foreldra mine skjønte kor mykje pianoet ville bety for meg.
Musikkstudent
Etter dette var det musikk det skulle handle om for Reidar. Etter ungdomsskulen gjekk han to år på Gjøvik, på eit kombinert grunnkurs der veka var delt inn i to: Ei halv veke med allmennfag og ei halv veke med musikk. Reidar var heimfos og var som regel heime att i helgene. Etter to år på Gjøvik, kom han inn i andre klasse ved den vidaregåande skulen i Lom. Deretter gjekk vegen til NTNU i Trondheim, der han tok grunnfag og mellomfag i musikk, med song som hovudinstrument.
– Det var faktisk mor til Trond Giske som var songlæraren vår. Ho var av den gamle,
klassiske typen, og svært nøye med artikulasjonen og kor viktig det var at alle skulle få med seg teksta når vi song. Eg lærte mykje av henne. Ettersom eg tok historie og pedagogikk attåt musikken, vart eg verande i Trondheim i vel tre år. Eg pendla like flittig. Den gongen budde eg i Garmo, og der var det jo eit utruleg blomstrande musikkmiljø. Eg hugsar at fjernsynet mitt strauk med, men det gjorde ingenting. Vi samla oss i helgene, vi spelte, spelte og spelte – og eg sakna ikkje fjernsynet så mykje som eit sekund.
– Når stod du på scena for fyrste gong?
– Eg hadde stått på scena i Trondheim, men den fyrste gongen i vårt distrikt var vel utpå 80-talet ein gong. Eg var i 20-åra, og fekk ein førespurnad frå Vågå. Der skulle det nemleg vera Vågå-dågå, der ein
som skulle syngje nokre Edvard Storm-viser hadde trekt seg. Dei spurte om eg kunne steppe inn, og eg sa ja. Eg var så nervøs at eg var heilt ulykkeleg, og eg hugsar godt at eg tenkte at dersom eg mislykkast så skulle eg aldri meir stå på ei scene. Heldigvis gjekk det bra, fortel Reidar og ristar litt på hovudet over eit minne som både var skummelt og fint på ein gong.
– Gjekk det alltid bra i dei ulike oppdraga du tok på deg?
– Å nei! Eg hugsar godt ein konsert der eg skulle syngje nokre songar i gruppa Stormti. Eg stod der med teksta framfor meg, men tenkte at eg kunne teksta såpass godt at det ikkje var behov for å glåme på teksta i det heile tatt. Men plutseleg fekk eg heilt blackout og det vart full stopp.
– Korleis takla du det?
FJUKEN MAGASIN 25
1. november er han pensjonist. BÅE FOTO: VIGDIS KROKEN
takksam
– Overraskande bra. Eg tenkte at eg måtte leggje det bak meg så fort som råd. Lærdomen var at ein alltid må vera skjerpa og konsentrert.
Heime hjå Åse Kleveland
Dei fleste i Ottadalen kjenner godt til det Reidar Svare har vore med på opp gjennom åra, så det brukar vi ikkje så mykje plass på her. Vi tenkjer på kulturskulen, organiststillingane i Lom og Vågå, om gruppene Stormti, Bjørn Turtums, Nye Ringnesin, Lomsk – og om Diktarplagar, Nordalsnissene og mykje, mykje meir.
– Kva har du opplevd som dei fleste ikkje veit om?
– Tja. Da kan eg kanskje fortelja om den gongen Einar Odden i Dagningen etablerte noko som heitte «Budeieprisen». I den samanheng vart eg invitert til noko han kalla «budeieball» heime hjå dåverande kulturminister Åse Kleveland. Eg skulle syngje for dei, og da kan du skjøne eg vart nervøs. Den eine kjendisen etter den andre kom ruslande inn i stova der. Eg tenkte at «jaja, eg får gjera så godt eg kan». Så fort eg var ferdig, eg song «Jotunheimvisa», så kom ei dramatisk og svært kjensleladd Vibeke Løkkeberg bort til meg og slo fast at ho hadde vorte heilt bergteken av innslaget. «Stemmen din står så veldig flott til teksten du formidlet at jeg kjente tårene bare renne!», sa ho mellom anna. Kva kan ein svare på slikt?
Reidar humrar litt, og fortel at det vart verre. Han fekk nemleg beskjed om at han skulle bli verande der, og mingle med dei andre.
– Men kven skulle eg prate med? Eg visste kven alle var, men likevel kjende eg jo ingen av dei. Eg hadde ikkje mot til å gå bort til nokon av dei. Plutseleg såg eg Benedicte Adrian som såg like rådvill ut som det eg sikkert gjorde. Ho kom til meg og uttrykte eit ynskje om å syngje «Jotunheimvisa» med meg ein eller annan gong, og slik vart det faktisk. Møtet med henne resulterte i ein konsert i Øyer kyrkja etterpå, med Dolly DeLux. Dette var i januar 1996, og i februar same år var det utdeling av Spelemannsprisen med Nye Ringnesin. Da vi tilfeldigvis møtte Benedicte Adrian utanfor eit hotell i Oslo, kom ho springande og kasta seg i armane mine. Dei andre skjønte ingenting. Det tykte eg sjølvsagt var stor stas, humrar Reidar.
Politiet nekta han inngang
Somme gonger har Reidar fått klar beskjed dersom folk ikkje har vore tilfredse med det han har gjort. Eit døme i så måte var da Maria Grindstuen frå Vårdalen fylte 100 år. Reidar var invitert til Lom helseheim for å syngje for henne.
– Eg song «Nå ljosnar Gudbrandsdalen» av Olav Aukrust og Sparre Olsen. Da eg var ferdig, utbraut Maria: «Det er ikkje slik han er!» - og så song 100-åringen songen med det ho meinte var den rette melodien. Eg
lærte meg denne, og fekk æra av å syngje for Maria da ho fylte 105 år. Da låg ho med attlatne augo, men vi heldt kvarandre i hendene. Eg håpar ho fekk høyre at eg den gongen song med den rette melodien, smiler Reidar, som har fleire artige minne på lager.
Som den gongen han skulle syngje for Kong Harald.
– Hans W. Brimi og eg vart invitert til Maihaugen i samband med ein stor kongress der eit par tusen forskarar frå heile Europa var til stades. Hans W. skulle halde konsert i Garmokyrkja, medan eg skulle syngje i kyrkjestugu, der Kongen med sitt følgje skulle eta middag. Eg hadde fått på meg bunaden og alt var i orden, men da eg skulle gå inn for å syngje, vart eg stoppa av politiet. Dei trudde eg var ein bygdeoriginal som var hoga til å få eit glytt av kongen og nekta meg inn. Eg sa at eg var invitert for å syngje, men det trudde dei ikkje på! Det gjekk både år og dag før dei fekk kontakt med einkvan som kunne stadfeste at eg prata sant, og til slutt fekk eg koma inn og fekk gjort frå meg oppdraget. Men det var ikkje berre-berre det heller, for Kong Harald vart så trøytt medan eg song at eg vart redd han skulle smelle ansiktet ned i talliken. Hugude hans datt lenger og lenger ned, men heldigvis vakna han til at like før det gjekk aldeles gale, skrattar Reidar, som raskt legg til at han hadde stor forståing for at kongen var trøytt og kei.
– Dagen etter reiste han til Island. Det er eit jælma program dei kongelege har, så det er slett ikkje merkeleg at dei kan vera slitne, slår han fast.
Det høyrer med til historia at Reidar gløymde bunadsjakka si i kyrkjestugu, og at det same problemet dukka opp da han skulle inn att for å hente jakka: Politiet nekta han inngang. Det vart det same spetakkelet.
Da Noreg slo Brasil
I 1998 var Reidar på eit speleoppdrag i samband med ein kulturfestival i Venezuela, på Hilton Hotell i Caracas.
– Det var Kjell Grothe, Ivar Odnes og eg, pluss kokkar frå Fossheim. Kall det gjerne ei åndeleg kulturreise, men så var det den dagen at Noreg slo Brasil i fotball-VM da, veit du! Vi såg fotballkampen og eg må vel berre vedgå at vi feira sigeren noko så inderleg. For å seia det slik: Vi burde ikkje ha stått på nokor scene den kvelden, men det gjorde vi, skrattar Reidar og legg raskt til at han aldri har brydd seg om fotball i særleg grad.
– Men at Noreg slo Brasil måtte eg jo feire. Etter konserten skulle nokre brasilianske jenter lære oss samba, sjølv om dei var ganske sure for at Brasil hadde tapt kampen mot «oss». Det var ein jælma kveld!
Gjelingljomen
Reidar Svare kjem ikkje til å slutte med musikk sjølv om han blir pensjonist. Kanskje blir det motsett; at han får meir overskot, blir meir kreativ, har tid og krefter til å vera med på meir. Han veit ikkje.
– Men Gjelingljomen skal få slite med meg ei tid til. Vi har halde på sidan 1997 og har det enormt artig saman. Dersom det hadde vore teke opp på band alt tullpratet vi driv med der, så hadde det vore litt av eit arkiv!
– Kanskje stiller du opp som organist att òg, dersom det blir krise?
– Både Terje Blakarstugun og eg har sagt at vi kan hjelpe til fram til det blir tilsett ny organist, så ja. Slik kan det nok bli.
– Er det noko som er kviasamt med tanke på pensjonisttilværet?
– Eg har tenkt at det kanskje kan dukke opp ei kjensle av å ikkje lenger vera til nytte, og at det kan bli ei utfordring? Vi får sjå. Eg gler meg meir enn eg kvir meg, og eg vil jo ikkje slutte med musikken. Nå har eg aldri vore slik at eg syng i dusjen og slikt, men eg hadde nok vorte temmeleg desperat dersom eg ikkje hadde hatt eit piano å «klunke på» med jamne mellomrom. Utan musikk hadde nok livet mitt vorte både rart og fattig.
VIGDIS KROKEN vigdis.kroken@fjuken.no
26 MAGASIN FJUKEN
Reidar Svare kjem ikkje til å slutte med musikk sjølv om han blir pensjonist. – Utan musikk hadde nok livet mitt vorte både rart og fattig, trur han.
Frå tollar ved Gardermoen til kulturberar på garden Garmo: - Eg har teke ein U-sving
Kristine Flittie Romslo (42) kjem opphaveleg frå Lesja, men etter mange
år i Oslo fann ho kjærleiken og eit heilt
nytt liv i Lom.
Ho flytta til det freda gardstunet Systugun Garmo i desember 2018, og i 2020 kom odelsguten Erland til verda. I dag har ho fast jobb i Økokrim, og har kontor ved lensmannskontoret i Lom sentrum.
Garmokyrkja sto her – Arbeidsplassen kan eg takke pandemien for. Eg fekk eit halvårig engasjement, sidan har det blitt forlenga to gonger. Eg arbeidde i Politiet før dette, fortel Kristine.
På garden er det mjølkeproduksjon, så mannen Henning og svigerforeldra er engasjerte med dette. I dag pressar Henning rundball på setra.
Kristine budde i Oslo-området i nesten 20 år, før ho kom attende til Gudbrandsdalen. Ho synest historia til Garmo-garden er særs spennande, og formidlar engasjert til ei busslast med lesjingar. Blant anna stod det ei stavkyrkje her på garden fram til 1880.
– Kring 1860 kom det krav om at kyrkjene skulle hyse ein viss andel av folkesetnaden. Da vart Garmo-kyrkja for lita. Kyrkja var allereie umoderne på alle vis, og veldig kald. Presten ønskte seg ei ny kyrkje, fortel Kristine.
Berre for fattige
Kyrkjegarden var allereie blitt ein fattigmanns-kyrkjegard. Dei som hadde pengar, ville gravleggjast i hovudbølet, i stavkyrkja ved Fossbergom. Gamle Garmo stavkyrkje låg nede ved Vågåvatnet, og no var det blitt vanlegare å reise landevegen. Berre folka frå smågardane på andre sida av vatnet, liingane, syntest Garmokyrkja låg på rette plassen. På denne kyrkjegarden var det truleg vanleg med gravstøtter av tre. Desse er det ingen att av i dag.
– Heile kyrkja vart rive, og under «aksionen» vart tømmeret kjøpt opp av Trond Eklestugun, også kalla Skrap-Trond. Han selde stokkane enkeltvis til ulike bønder, men Anders Sandvig fekk høyre om stavkyrkja, og greidde å samle i hop att mykje, fortel Romslo.
Kristine står på ein flat stein og fortel den spennande kyrkjehistoria. Det er sjølvaste dørahella til hovuddøra og kyrkja.
Ho forklarer fint korleis bygget var plassert. Framleis er porten inn til kyrkjegarden intakt, og ein ser godt både kyrkjegardsmuren og tuftene som kyrkja stod på.
Sju freda hus
– Det vart bygd ei enkel, einskipa kyrkje med jordgolv her fyrst. Soga seier at Torgeir den
28 MAGASIN FJUKEN
Dette er truleg ein del av kyrkje-inventaret, kanskje del av ein kyrkjebenk.
Kristine les frå det 700 år gamle skinnbrevet som fortel om avtala mellom Torgeir den kyrkja på 1800-talet. ALLE FOTO: MARIT HOLE TYNNØL
Garmo-kyrkja låg nokså nær garden. FOTO: DIGITALT MUSEUM
Kyrkjeporten er halden godt vedlike.
Oldemor til Henning fødde 16 born, her ser ein 13 av dei. Mannen hennar døydde da minsten var baby. Kristine ønskjer å formidle kvinnehistorie.
Søre Stugu til venstre er kald og er førebels lite brukt. Hovudhuset til høgre er huset til Kristine og familien. Det er noko modernisert.
Her ser ein kyrkjetufta fremst i bildet.
den Gamle og Heilag-Olav. Bak ho kan ein sjå den gamle preikestolen og måleri gjeve til
FJUKEN MAGASIN 29
Vesle Erland Garmo (3) held i bisselet til hesten Sneip. Bak ser ein aurbua med omkledningsrom i andre etasje. Huset har pipe.
Bestefar Torgeir og vesle Erland kosar seg med årets bringebær. Her sit dei framfor føderådsbygningen.
Gamle her på Garmo fekk til ei avtale med Olav den heilage. Han lova å la seg kristne og byggje ei kyrkje, og som betaling fekk han det rike fiskevatnet Tesse. I Søre Stugu har vi ei avskrift etter eit skinnbrev frå 1332 som skildrar denne avtala. Dei eldste delane av stavkyrkja, som no står på Maihaugen, er frå 1200-talet. Omkring år 1700 måtte ein utvide kyrkja til ei større toskips kyrkje på grunn av folkeauken, fortel Kristine.
Det vart bygd ny kyrkje i 1882, oppe ved der riksvegen går i dag. Døypefonten vart med til Maihaugen, men mykje av det som høyrde til stavkyrkja vart att på Garmo-garden, der Kristine no bur.
- På garden her vart sju hus freda allereie i 1923. Det er såleis akkurat 100 år sidan, og grunngjevinga var at Systugu
Garmo har eit sjeldant intakt inntun. Hovudhuset, der eg og familien bur, vart bygd i 1850, da garden vart skysstasjon, fortel Kristine.
Samstundes vart det bygd stall for åtte hestar. Denne stallen har Kristine fått restaurert, og han er no i bruk for dei to hestane hennar. Elles er det gamle hovudhuset, som kallast Søre Stugu, freda, saman med føderådsbygningen. Dessutan to stabbur og aurbua, som hadde omkledningsrom for presten i andre etasje.
Uforståeleg dialekt
– Det var jælma godt å flytte frå asfalt til stillheit og ro. Det er ein heilt annan puls på bygda, seier Kristine.
Det er luksus å ha berre to kilometer til barnehagen. Kontoret i Lom er 14 kilometer unna.
– Det var overraskande kor lite eg skjønte av dialekta den fyrste tida. Ottadalen har nok vore meir isolert enn Lesja. Gamle uttrykk, som eg knapt har høyrt heime, er framleis i bruk, fortel Kristine.
Ein anna utfordring er å kome som svigerdotter til ein gammal og tradisjonsrik gard, der rollene på ein måte er sett. Kristine kan ikkje alltid ta eit nei for eit nei.
– Eg krummar nakken, og finn gode argument, det hjelp. Vi prøver å få rydda fleire av husa, og da er det greitt at Henning tek den jobben. Foreldra stolar sjølvsagt mest på han, seier Kristine.
Ho trivst særs godt i Lom.
– Eg har fått mange venner og har ikkje kjent meg einsam ein dag. Det er også veldig mange som kjem innom, både frå mitt
gamle og mitt nye liv. Anten for ein kaffi, eller dei får ei oppreidd seng. Sjølv er eg oppvaksen med familie frå Bergen som kom om sommaren og var i vekesvis. Dette har eg openbart drege med meg vidare, seier Romslo.
Ny kyrkje
Kvar sommar er det gudsteneste på den gamle kyrkjetomta, og Erland vart døypt her i 2020. Sidan garden Garmo har ei slik rik kyrkjehistorie, og framleis hyser mykje fint kyrkjeinventar, ønskjer Kristine og mannen Henning å få bygd opp ei ny stavkyrkje, på same staden som gamlekyrkja stod.
– Det er lov å drøyme, smiler Kristine Flittie Romslo.
MARIT TYNNØL marit.tynnol@vigga.no
30 MAGASIN FJUKEN
Kristine vil satse litt på overnatting gjennom Airbnb. Det er spesielt å få sove mellom så gamle ting og veggar. I hyllene bak er det gamle skulebøker.
Henning Garmo og sonen Erland. PRIVAT
Ein blir andaktsfull av å sjå så gamle tekstilar.
du tenkt lenge på å bytte bank til oss?
hjelper deg gjerne i gang.
- Solid - Livgjevande TEAM VERKSTED SKJÅK AS Bismo tlf 61 21 36 70 www.BoschCarService.no VAKTTELEFON: 952 95 640 - Vi reparerer alle bilmerker - Lette og tunge kjøretøy - Periodisk kjøretøykontroll - Vi presser hydraulikkslanger - Karosseri- og lakkverkstad - Frontrutereparasjon og -skifte
Dekksalg
Deler/Rekvisita
Bilberging FJUKEN MAGASIN 31
FLYTT TIL FJELLBANKEN Har
Vi
Nær
-
-
-
Saftig burger og kandisert raudlauk
DU TRENG:
Burgerbrød etter ynskje
«Skjåkslaw»; sjå eiga oppskrift
Vårlauk
Burger, lag sjølv eller kjøp det som passar deg
Cheddarost
Tomat/olivensalat, sjå eiga oppskrift
Sylta raudlauk
SKJÅKSLAW:
1 gulrot
¼ agurk
1 dl rømme/Crème fraîche
1ts malt koriander
Salt og pepar
Del gulrot og agurk i små terningar. Bland i resten av ingrediensene.
Smak eventuelt til med andre krydder og smakar etter ynskje!
TOMAT/OLIVENSALAT:
8 grøne oliven
6 cherrytomater
2 ts Dijonsennep
2 ts HP saus
1 ts sukker
Salt og pepar
Finhakk cherrytomat og grøn oliven. Bland inn resten av ingrediensane. Steik burger, slik du likar den.
Legg opp: Botn av brødet, Skjåkslaw, vårlauk, burger, cheddar, Tomat/olivensalat, sylta raudlauk, topplokket. NYT!
32 MAGASIN FJUKEN
SLIK LAGAR DU KANDISERT RAUDLAUK
8 ss brunsukker
6 raudlauk
Halvliter øl, IPA til dømes
3 ss eddik
Ca 1 ts tørka chililflak
Nykverna pepar og salt
Smelt brunsukker i ei stor gryte.
Del opp raudlauk i skiver eller ringar.
Hell oppi ein boks med øl.
Tilsett eddik.
Ha i chili og pepar.
Sleng ALL lauken opp i gryta.
La lauken koka ein god halvtime, Smak til med salt og pepar om nødvendig
Legg lauken på eigna glas, her vart det brukt Norgesglas, og avkjøl.
Kos deg med lauken på burger, pizza, eller berre på skiva til dugurd!
www.fjuken.no
FJUKEN MAGASIN 33
Sjå video framgangsmåte på
LAKRISFUDGE som smeltar på tunga
3 dl kremfløyte
4 dl sukker
50 g smør
4 ss ljos sirup
200-250 g Tyrkisk peber
200 g mjølkesjokolade
Svart konditorfarge
Lakrisstrø
Knus dropsa i morter e.l.
Ha alt utanom sjokolade og farge i ein kjele.
La koke under omrøring til ca 120 grader.
Ta bort frå varmen og tilsett sjokolade under omrøring.
Ha i svart farge til ynskt utsjånad.
Hell over i bakepapirkledd form, ca 30x20 cm.
Dryss over lakrisstrø og avkjøl over natta.
Del opp med ein varm kniv for å få fine flater.
Oppbevar kaldt.
HELENE FLÅTEN helene@fjuken.no
34 MAGASIN FJUKEN
Skjåk
Byggern Lom
Sognefjellsvegen 20, Lom Tlf 992 11 660 info@lom.byggern.no www.byggern.no
2. etasje, Koopbygget i Lom Tlf 992 11 670 liv.turtum@coop.no
Extra Lom
Sognefjellsvegen 2, 2686 Lom Tlf 992 11 665 lom.extra@coop.no
Er du glad i bygda di?
Brukar du lokale verksemderog sikrar lokale arbeidsplasser?
En del av E.A. Smith
Logre veterinærklinikk
Stupulvegen 4B, 2686 Lom Tlf 456 33 288 logre.vet@outlook.com www.logrevet.com
- litt ditt!
Europris Lom
Stupulvegen 11, 2686 Lom Tlf 976 42 021 ep340@europris.no www.europris.no
Meir til overs
Lykke starter med en våt nese og ender med en logrende hale
Kiwi Lom
Stupulvegen 9, 2686 Lom Tlf 61 21 10 76 kiwi.lom@ngbutikk.no www.kiwi.no
Kiwi presser prisane
KL Rørlegger AS
Stupulvegen 5, 2686 Lom Tlf 61 21 10 04 post@klror.no www.klror.no
Coop Prix Bøverdalen Sognefjellsvegen 1943, 2687 Bøverdalen Tlf 992 11 655 prix.boverdalen@coop.no
- litt ditt!
- litt ditt!
Spiterstulen turisthytte
Visdalsvegen 1710. 2687 Bøverdalen Tlf 97 99 80 00 post@spiterstulen.no www.spiterstulen.no
Bruk butikkar og kulturtilbod, kanskje er det lurt å tenkje litt ekstra før du handlar?
Desse verksemdene i Lom er med i mediehuset Fjuken sitt lokalengasjementprosjekt ”Heimkjær” og blir ekstra synlege.
Vi gir hverdagen et pusterom!
Fjell og Fritid
Sognefjellsvegen 5, 2686 Lom Tlf 61 21 17 99 post@fjellogfritid.no www.fjellogfritid.no
Vil du også vera med, ring oss i marknadsavdelinga på tlf 61213860 eller send oss ein epost på annonse@fjuken.no
48 28
Ottadalen Mølle
Bergomsvegen 49, 2686 Lom Industrivegen 33, 2680 Vågå Tlf 61 21 18 20 • 61 23 70 72 post@ottadalen.norgesfor.no www.norgesfor.no/ottadalen
Vatn, varme og energi
Alltid der for deg
Steinar Skaansar & Sønn
Stupulvegen 7, 2686 Lom Tlf 61 21 10 41 sskaansa@online.no www.skaansar.no
Ditt firma her? annonse@fjuken.no
Sportsbutikk for høgfjell og lågland
Sparebank 1 Lom og Skjåk
Sognefjellsvegen 4, 2686 Lom Tlf 61 21 90 00 bankpost@sb1ls.no www.sb1ls.no
Fjellbanken
Sport1
Liavegen 5, 2686 Lom Tlf 61 21 29 29 lom@sport1.no www.sport1.no
VÅGÅ - LOM - SKJÅK
FJUKEN MAGASIN 35
Autorisert maskinentreprenør
Godkjent bilverksted •
Lom Ekte sport
engasjement
• kultur • handel • næringsliv •
Espen André Skjåk har dei siste seks åra fått augo opp for fotografering.
– Eg har fått sansen for å fanga den naturlege augenblinken. Det er óg ein fin måte for meg å koma meg ut på!
Her ser de nokre få av dei flotte motiva Espen har fått med seg heim på minnekortet etter dei mange fototurane han har hatt dei siste åra. Imponerande arbeid!
36 MAGASIN FJUKEN
38 MAGASIN FJUKEN
Er du glad i bygda di?
Brukar du lokale verksemderog sikrar lokale arbeidsplasser?
Bruk butikkar og kulturtilbod, kanskje er det lurt å tenkje litt ekstra før du handlar?
Desse verksemdene i Vågå er med i mediehuset Fjuken sitt lokalengasjementprosjekt ”Heimkjær” og blir ekstra synlege.
Vil du også vera med, ring oss i marknadsavdelinga på tlf 61213860 eller send oss ein epost på annonse@fjuken.no
Skjåk
Byggern Vågå
Industrivegen 4A, Vågå Tlf 61 23 20 62 info@vaga.byggern.no www.byggern.no
Coop Byggmix Vågå
Vågåvegen 47, 2680 Vågå Tlf 992 11 680 vaagaa.byggmix@coop.no
- litt ditt!
CoopRandsverkMarked Sesongbutikk
Fjellvegen 1972, 2683 Tessanden Tlf 97503081 randsverk.marked@coop.no
- litt ditt!
En del av E.A. Smith
Vågå Bilservice AS
Industrivegen 40, 2680 Vågå Tlf 61 23 79 50 post@vagabilservice.no www.automester.no
Skrotten AS
Enkelt for deg - bra for bilen
Coop Mega Vågå
Vågåvegen 47, 2680 Vågå Tlf 992 11 686 mega.vaagaa@coop.no
- litt ditt!
Eidefoss Strøm
Skogen Bil AS
Industrivegen 42, 2680 Vågå Tlf 61 23 22 22 firmapost@skogenbil.no www.skogenbil.no
Sparebank 1
Moavegen 20b, 2680 Vågå Tlf 61 21 90 00 bankpost@sb1ls.no www.sb1ls.no
Edvard Stormsveg 4. Vågå Tlf 61 23 82 00 firmapost@eidefoss.no www.eidefoss.no
Coop Prix Lalm
Kolbottvegen 2A, 2682 Lalm Tlf 992 11 695 prix.lalm@coop.no
- litt ditt!
GK Rør Vågå
Ottadalen
fornybart med oss!
Tenk
Lom og Skjåk Fjellbanken
Din lokale rørlegger dagens samfunn er energi en dyrebar ressurs og effektive rørtekniske anlegg er avgjørende for å utnytte mest mulig av energien som tilføres et bygg. GK leverer både små og store rørtekniske installasjoner innen sanitær, varme, sprinkler, kjøl og gass. Vi utfører oppdrag for både privat- og proffkunder, og vårt fokus er å levere rasjonelle og energieffektive løsninger på alle typer bygg – enten det er næringsbygg, offentlige bygg, industri eller privatboliger. Vi er allsidig, tilgjengelig og best på service! Kontakt GK Vågå, tlf: 61 23 94 40 eller GK Otta, tlf: 61 21 09 80 gk.no Vågåvegen 35, 2680 Vågå Tlf 67 88 55 00 vaga@nordplan.no www.nordplan.no Nordplan avd Gudbrandsdalen Tverrfagleg prosjektering sidan 1987 Industrivegen 31, 2680 Vågå Tlf 61 23 24 40 post@proel.no www.proel.no Proel Smarte og trygge løysingar til rett pris Bergomsvegen 49, 2686 Lom Industrivegen 33, 2680 Vågå Tlf 61 21 18 20 • 61 23 70 72 post@ottadalen.norgesfor.no www.norgesfor.no/ottadalen
Mølle Alltid der for deg 48 28
Vågå Brennvegen
Vågå Tlf
11
- litt ditt!
kultur • handel
næringsliv • engasjement VÅGÅ - LOM - SKJÅK
Power
6E, 2680
992
690 vaga@power.no
•
•
Vågåvegen 51B, 2680 Vågå Tlf 413 25 823 info@skrotten.no www.skrotten.no
FJUKEN MAGASIN 39
Friskvern, kosthold og massasje
Hausttakk
Skjåk
LAURDAG 7. OKT
Kl. 10.00-15.00 LOKALMATMARKNAD
i Skjåkhallen med om lag 40 utstillarar
Kl. 10.00-14.00BOKSAL på Skjåk folkebibliotek
Kl. 10.00-15.00 HUNDEKØYRING med Heidal Husky, bak Skjåkhallen
Kl. 10.00-15.00KREATIV VERKSTAD FOR UNGAR -telt utanfor Skjåkhallen med langt lerret og maling.
Kl. 11.00-13.00KOM OG LAG BALLONGBILAR - kanskje verdas mest miljøvenlege bil! på Skjåk folkebibliotek
FRÅ Kl. 12.00Program frå scena i Skjåkhallen m/konferansier
Edel Kveen
Verdslansering av nytt konsept
Kl. 20.00
FEST MED VASSENDGUTANE i Skjåkhallen Jan A Ytterland varmar opp
Andre ting som skjer
i Skjåk 7.–8. oktober
Kl. 13.00-15.00 i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule. Skjåk spel og dansarlag med 2 timar «drop-in-dans»
Kom innom og ta ein svingom! Levande musikk og låg dørstokk!
Kl. 14.00. Kalvemønstring i sansehagen på Skjåkheimen
Arr: Produsentlaget i Lom og Skjåk.
Kl. 14.00-16.00 på Kraftverket. «Kom innum og syng», Allsong frå Mads Berg songbok. Tonefylgje av Reidar Svare. Arr. Skjåk Songlag.
8.oktober
Frå kl 13.00 Kafe på Vetlsætra til inntekt for årets TV-aksjon 2023. Arr: «Gutta på retur»
Layout og illustrasjon: HAUS
Støttar arrangementet