8 minute read

i den gamle FK-butikken

Next Article
Spiselig hage

Spiselig hage

NY BUTIKK:

Betre kvardag i Kvinnherad

I august månad selde dei femti prosent meir til kjæledyr enn i same månad året før. Robotgrasklypparar har óg vore ei attraktiv vare denne sommaren, og kundane kjøper meir enn dei gjorde i den gamle FK-butikken.

TEKST: Bethi Dirdal Jåtun FOTO: Anne Linn Olsen

–Natt og dag! Slik skildrar butikksjef Stein Olav Ølvestveit overgangen fra den gamle FK-butikken til den nye som dei opna med navnet «BondeKompaniet» i april i år. Han ser allereie no at handlemønsteret til kundane er i ferd med å endre seg.

HANDLER MEIR –Kundane handler meir! Før kjøpte dei produktet dei var på jakt etter, og berre det. Men no tar mange handlevogna med seg rundt i butikken - og seier når dei kjem til kassa: «Det vart visst litt meir enn me tenkte me skulle ha». Butikksjefen smiler. Han er særs nøgd med den nye arbeidskvardagen.

Der varebilar og kundar tidlegare måtte slost om plassen, køyrer dei store bilane no inn på eit eige avgrensa område til høgre for inngangen. Kundane parkerer på den store, nyasfalterte plassen - rett framfor døra inn til butikken. Når bøndene kjem for å handle stort, køyrer dei òg inn til høgre for inngangen. –Tidlegare opplevde me fleire gonger at kundar

Fleire kundar

–Det er veldig mykje kjekkare på jobb no. Me er veldig nøgde, seier butikkmedarbeidar Elin Johnsen, som har jobba i butikken i sju og eit halvt år. – Folk handlar meir, og me har fått fleire nye kundar, strålar ho.

Nokre av dei «gamle» kundane har brukt litt lengre tid på å bli van med den store, nye butikken: –Lokala her er mykje større enn i den gamle, der kundane stort sett kom for å kjøpe akkurat det dei var på jakt etter og ikkje noko meir, seier ho.

Ho er glad i jobben sin, som ho beskriv som variert: –Eg fyller på varer, bestiller, rydder, tar imot kunder og sel. Nett no held eg på med ein kunde som har kjøpt motorsag på batteri.

Ho har eit særskilt ansvar for kjæledyravdelinga, noko ho trivst godt med. –Eg liker ansvaret. At det er opp til meg å sørge for at me har dei rette produkta, at me har nok varer på lager og at varene kjem godt fram i butikken. Det skal sjå fint ut!

køyrde forbi når varebilane stod utanfor. Der var rett og slett ikkje plass nok til alle. Me tapte ein del på det, meiner butikksjefen, som smiler frå øyre til øyre der han står utanfor butikken. Den skin om kapp med sola denne seinsommardagen i slutten av august. Til venstre for inngangen har han god plass til hageartiklar. Ein del sekker med jord ligg framleis på paller bortetter gjerdet.

SAMAN OM UTFORMINGA –Desse flyttar me innunder tak no når hausten og vinteren står for døra, påpeiker Stein Olav og slår ut med armane for å understreke at kundane utan problem kan køyre inn med bilen og hente det dei har kjøpt av jord, bark og andre større hageartiklar. Før var det utenkjeleg.

Saman med dei tilsette har Stein Olav Ølvestveit sjølv fått utforme den nye butikken i Kvinnherad. –Me har fått bygget nett slik som me ynskte oss det. Felleskjøpet har vore greie. Eg trur ikkje me har hatt noko på lista som me ikkje har fått på plass, seier han.

Den gamle FK-butikken i Kvinnherad var i to bygg,

– Mykje enklare

–Det er mykje enklare å jobbe no når me har alt på ein plass. Før måtte me ut for å hente ting til kundane. No har me alt i butikken.

Hallvard Guddal er tilbake i Felleskjøpet etter eit par år med anleggsarbeid. Han skryt av det arbeidet Felleskjøpet har gjort med «BondeKompaniet». –Det er eit fantastisk godt konsept me har fått. Butikken er oversiktleg med skilt over dei ulike seksjonane, noko som gjer det mykje lettare å orientere seg både for oss og for kundane våre.

Hallvard har ansvar for alt av reparasjonar som kjem inn. I sommar har det gått i plenklypparar. Om hausten er det motorsaga som gjerne treng ei overhaling, om vinteren er det snøredskapene som gjeld og når våren nærmar seg igjen, kjem folk med hageredskaper. –Det går i periodar, smiler han.

Når han er ajour med reparasjonsarbeidet, jobber han der det trengs i butikken. Konklusjonen er klar: –Eg blir nok her ei god stund.

no er alt samla under eitt og same tak. Det gjev ein meir effektiv kvardag for dei tilsette, som er oppimot ti i talet. –Me har fem og eit halvt årsverk knytt til butikken. I tillegg kjem ekstravaktene som hjelper oss både i helger og ferier, fortel butikksjefen - som nett no skal søkje etter ein tilsett til. Med fleire kundar, trengs det meir hjelp.

HELL I UHELL Den nye BondeKompaniet-butikken i Kvinnherad ligg godt synleg og lett tilgjengeleg langs med hovedfartsåra. I utgangspunktet tenkte dei å leggje den nye butikken til Rosendal sentrum, men uro blant medlemmene gjorde at dette alternativet vart skrinlagt. –Det var hell i uhell. Medan me var i tenkjeboksen, vart denne tomta lagt ut for sal. Nokre heiv seg fort rundt, kjøpte den og kom så med tilbud til oss om at dei kunne byggje ny butikk til Felleskjøpet, fortel Stein Olav Ølvestveit. Han har vore butikksjef i Felleskjøpet-butikken sidan tidleg 2000tal. Ved sidan av jobben driv han óg eit småbruk i Åkra, ved Åkrafjorden, ein førti minutters køyretur frå butikken. Kanskje har du sett det, for Stein Olav og familien hans var ein av fleire familiar som tok imot «Senkveld»-paret Stian Blipp og Helene Olafsen då dei la ut på tur med kjærastar og born på Norgesferie i fjor sommar. –Kjekke folk, smiler Stein Olav, som er glad i menneske og trivest utruleg godt med å arbeide i butikk der han både er tett på kundar og tilsette.

Hovudmarknaden til Bondekompaniet i Kvinnherad er Kvinnherad kommune, der det bur 13.000 innbyggjarar. –Men me har ein del tilfeldige kundar frå Odda, Hardanger og Jondal óg. I dag ventar me på ein kunde som kjem med båt frå Austevoll. Han skal hente ei slåmaskin.

Jau, kundane kjem gjerne langvegsfrå óg.

MYKJE SKRYT Han seier dei får mykje skryt frå kundane, både for plasseringa av den nye butikken, utforminga og for vareutvalet. –Me har mange kjekke ting å selgje, og alt er skikkeleg. Det synest eg er veldig bra med Bondekompaniet. Me sel skikkelege ting. Det er kjekt, for då blir kunden nøgd.

Den nye butikken i Kvinnherad er planlagt ned til minste detalj. Likevel: –Ein ting bomma me på: Trallene våre. Dei skulle hatt brems. Du ser, parkeringsplassen hallar. Når kunden handler med tralle, kan det bli utfordrande, spesielt om lasta er tung. Her må me gjere noko.

Me er ikkje i tvil om at det kjem til å bli orden på dette óg - som det er på alt anna i den nye Bondekompaniet-butikken i Kvinnherad.

Me har mange kjekke ting å selgje, og alt er skikkeleg. Det synest eg er veldig bra med Bondekompaniet. Me sel skikkelege ting. Det er kjekt, for då blir kunden nøgd.

Butikksjef Stein Olav Ølvestveit

– Me er unike!

–Ingen andre butikkar her i området har eit vareutvalg som vårt – med så mykje forskjellig under eitt og same tak.

Atle Reime Johansen er stolt av arbeidsplassen sin. –Me er sterke i marknaden. Eg opplever at folk er interessert i det me kan bidra med. På Husnes finn du kanskje noko av det me har om du går på fem forskjellige butikkar. Her får kundane alt under eitt og same tak.

Atle har ansvar for «Klikk og hent», eit nytt tilbod i samanheng med overgangen til BondeKompaniet. Kundane kan sitje heime på nettbrett, mobil eller PC og bestille varer på bondekompaniet.no som dei så hentar i butikken seinare. –Folk bestiller ikkje dagleg, men me får fleire slike bestillinger i veka, meir enn det eg hadde forventa, seier han - og skryt samtidig av butikksjef Stein Olav: –Me som jobber her har fått vore med på heile prosessen frå gammal til ny butikk og set stor pris på å få meine noko om både plassering og organisering av varene. Det er ikkje tilfeldig at varene står der dei står, smiler han.

Atle hadde jobba med logistikk og salg i nesten ti år før han blei tilsett i FK-butikken. –Eg liker produkta me sel og er spesielt interessert i robotgrasklypparane. Eg har sett meg ekstra godt inn i dei, slik at eg kan gje kundane våre skikkeleg hjelp og råd. Me er ein faghandel, og det skal folk merke.

–Det er her eg handler når eg skal ha noko

Bjørg står i kassa hos Stein Olav og betaler for solstol med pute til. – Sommaren er jo ikkje slutt enno, smiler ho og fortel at mannen liker seg best under parasollen, medan ho vél sola. –Eg er fantastisk godt nøgd med endringa av butikken, held ho fram. –Etter at dei flytta hit har butikken blitt mykje meir oversiktleg. –Handlar du her titt? –Alt me har bruk for, finn me her. Så, ja!

–Kvalitetsutstyr!

Jens Tofte nøler ikkje når han skal beskrive Felleskjøpet. Ordet kjem lett: «Kvalitetsutstyr!» –Det er difor eg kjem hit. Det eg har handla her oppigjennom har stort sett vore av høg kvalitet.

Denne dagen har han kjøpt seg ein kombimaskin. –Eg har fleire eigedomar å passe på, og då er det viktig at utstyret varer, seier han.

Han hugsar godt den gamle butikken. –Det er mykje betre her no. Butikken virker mykje opnare, den er enklare å orientere seg i, har betre parkering og er lettare å komme til frå vegen.

This article is from: