NY BUTIKK:
Betre kvardag i Kvinnherad I august månad selde dei femti prosent meir til kjæledyr enn i same månad året før. Robotgrasklypparar har óg vore ei attraktiv vare denne sommaren, og kundane kjøper meir enn dei gjorde i den gamle FK-butikken. TEKST: Bethi Dirdal Jåtun
FOTO: Anne Linn Olsen
–Natt og dag! Slik skildrar butikksjef Stein Olav Ølvestveit overgangen fra den gamle FK-butikken til den nye som dei opna med navnet «BondeKompaniet» i april i år. Han ser allereie no at handlemønsteret til kundane er i ferd med å endre seg. HANDLER MEIR –Kundane handler meir! Før kjøpte dei produktet dei var på jakt etter, og berre det. Men no tar mange handlevogna med seg rundt i butikken - og seier når dei kjem til
Fleire kundar –Det er veldig mykje kjekkare på jobb no. Me er veldig nøgde, seier butikkmedarbeidar Elin Johnsen, som har jobba i butikken i sju og eit halvt år. – Folk handlar meir, og me har fått fleire nye kundar, strålar ho. Nokre av dei «gamle» kundane har brukt litt lengre tid på å bli van med den store, nye butikken: –Lokala her er mykje større enn i den gamle, der kundane stort sett kom for å kjøpe akkurat det dei var på jakt etter og ikkje noko meir, seier ho.
40
kassa: «Det vart visst litt meir enn me tenkte me skulle ha». Butikksjefen smiler. Han er særs nøgd med den nye arbeidskvardagen. Der varebilar og kundar tidlegare måtte slost om plassen, køyrer dei store bilane no inn på eit eige avgrensa område til høgre for inngangen. Kundane parkerer på den store, nyasfalterte plassen - rett framfor døra inn til butikken. Når bøndene kjem for å handle stort, køyrer dei òg inn til høgre for inngangen. –Tidlegare opplevde me fleire gonger at kundar
Ho er glad i jobben sin, som ho beskriv som variert: –Eg fyller på varer, bestiller, rydder, tar imot kunder og sel. Nett no held eg på med ein kunde som har kjøpt motorsag på batteri. Ho har eit særskilt ansvar for kjæledyravdelinga, noko ho trivst godt med. –Eg liker ansvaret. At det er opp til meg å sørge for at me har dei rette produkta, at me har nok varer på lager og at varene kjem godt fram i butikken. Det skal sjå fint ut!