Bestem deg, tony t, bestem deg!

Page 1

UTDRAG FRÃ…:

78


BESTEM DEG, TONY T, BESTEM DEG!

GRAFISK ROMAN

ERNA OSLAND ILL. AV SIGBJØRN LILLEENG

Tony og kusina Silja er på sommarferie hos farfar, som har operert auga. Silja elskar å svømme og dykke, men Tony er nervøs for at det skal hende ho noko. Akkurat som sist gong dei var på besøk. Ein dag Tony og farfar er ute og ror, blir dei stoppa av politiet, som leitar etter ein sakna gut. Kva har skjedd? Og kva er det eigentleg som går føre seg på loftet hos farfar der Tony og Silja tidlegare har funne eit kart?

79


Eg legg meg på årene. No er det farfar og meg! Farfar og meg og robåten. Eg kjenner meg sterk. Kraft og rytme, det er det som skal til. Og det har eg. Det går så fort at snøret blir liggande på overflata og streke. Farfar må rett og slett dra inn snøret. Eg ror, eg ror. Eg kjenner meg glad. Eg set alle krefter inn og gir båten stadig meir fart. Med eitt skrik farfar at eg skal å slutte å ro. Ein båt kjem mot oss i veldig fart. Digre bølger slår mot robåten. Eg må konsentrere meg om å halde oss på rett kjøl. Ein politimann står og roper til farfar. Han seier at dei leitar etter ein sakna person. Ein gut som hoppa frå hurtigbåten.

80


81


82


Straks båten er borte, vil farfar til land. – Nok no, seier han og held seg for auga. Eg snur båten i ein liten boge. Så ror eg til land. Ikkje så fort. Farfar skal ikkje få enda meir vondt. Og han som sa at han var frisk! Men det er han tydelegvis ikkje. Farfar har vondt, tenker eg. I tillegg tenker eg på guten som politiet leitar etter. For kvar holme vi ror forbi, må eg sjå etter han. Sit han der og klorer seg fast? Eller ligg han i sjøen? Korleis ligg ein kropp i sjøen om det er over? Når han ikkje pustar meir? Med nasen ned? Og kva med makrellane? Eg spør farfar om makrellar et menneske. – Uff da, seier han. Vi kjem til land, og farfar ber meg feste båten. – Du greier det best, seier han. Det er ikkje sant, men eg fortøyer likevel. Farfar spring opp til huset.

83


Det tar tid å feste ein båt ved havet. Da eg endeleg kjem opp i huset, finn eg ingen. Ikkje farfar. Og ikkje Silja. Men på kjøkkenet ser eg noko rart: Silja har ete den siste flyndra! Berre skinn og bein ligg att. Tru kvar ho sjølv er? På loftet, kanskje, for å leite etter resten av kartet?

Straks eg kjem opp i trappa, høyrer eg Silja og farfar. Dei er på rommet hennar og kranglar. Eg lyttar, eg innrømmer det. Og da dei oppdagar meg, seier eg at eg skal på loftet. – Det er nokre Donald der oppe, seier eg og spring vidare.

84


Silja kjem etter. Ho smyg seg forbi meg. Ho stenger for meg. – Du lyg. Du vil leite etter siste biten av kartet, seier ho. – Men du får ikkje gå på loftet aleine. Vi skal ha kartet i lag og dykke i lag. – Eg gjer som farfar har sagt, seier eg. – Tørrfisk! blæs ho og smett inn på loftet. Eg følger etter. Eg følger med inn i mørket, etter hendene og tunga hennar. Eg er liksom ikkje meg sjølv. Silja lyser med mobilen. Litt her og litt der. – Ingen ting å finne, seier ho. – Ikkje eit Donald eingong! Men eg finn noko! Eg finn eit flyndrebein. Like mjukt og lysande kvitt som fiskerestane nede på kjøkkenet.

85


Silja har altså vore her, tenker eg. Ho har leita etter kartet utan å seie det til meg. Vil ho dykke aleine ved Enden? Ho stikk mobilen i lomma. Det blir nesten mørkt. – Du held deg unna skvalpeskjera, seier eg. – Tøffe-Tony! snerrar ho. – Du plagar farfar, seier eg. – Du plagar farfar, hermer ho. Eg svarer ikkje, eg spring ned trappa. Eg vil sleppe å høyre kor treig eg er. Da Silja kjem ned igjen, snik ho seg innpå meg. – Veit du kor fint vi hadde det, eg og morfar, før du kom med snusinga og kommanderinga di? kviskrar ho. Frå da av veit eg at eg alltid må halde auge med henne. Ho må ikkje finne resten av kartet. Eg må sjølv finne den biten som manglar. Helst no i natt.

86


Silja og eg går på kvart vårt rom. Først da eg er sikker på at ho søv, gjer eg meg klar til å liste meg opp på loftet. Da høyrer eg lydar! Er det Silja som går i trappa? Ytterdøra går opp. Vil Silja ned til sjøen? Har ho funne resten av kartet og vil ut og dykke når ingen veit om det? Eg listar meg etter. Eg lurer meg mot sjøen. Eg vil vite kor vanvettig Silja er.

Silja er ikkje i robåten. Ho badar. Eg høyrer plaskinga hennar. Er ho ikkje redd for at farfar skal høyre henne? Det går ikkje lang tid før farfar kjem springande. Sjølv smett eg bak naustet. – Galne ungar, kom straks på land! roper farfar.

87


Eg blir skuffa over han. Korleis kan han tru at eg er med på noko slikt? Silja kjem ikkje på land. Farfar roper på nytt. Han er sint, og eg dreg meg unna, opp til huset igjen. Bak meg høyrer eg Silja skrike til farfar. – Vi reiser, begge to, roper ho. Greitt nok, tenker eg, greitt nok at ho er sint. Men kan ho rekne med at eg alltid gjer som ho vil?

Litt seinare kjem Silja smygande inn på rommet mitt. – Tony, kviskrar ho. Eg svarer ikkje. Ho kan få tru at eg søv. – Tony ... Ho gir seg ikkje.

88


89


90


Ikkje eitt sekund søv eg. Eg er så sint på Silja. Og straks eg trur ho har sovna, listar eg meg ut. Enda ein gong står eg ved døra inn til loftet. Eg blir møtt av ein svak, dirrande lyd. Ein heilt uventa lyd. Men eg kjenner han igjen. Han kjem frå toget til far. Det gamle elektriske toget hans. Går det? Er Silja inne på loftet og herjar med toget fordi eg ikkje vil snakke med henne? Utan ein lyd skyv eg loftsdøra opp.

91


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.