Utdrag frå
Soldagen
av Sunniva Relling Berg
Illustrert av Bjørn Rune Lie
Samlaget 2024
Side 48–60
REALISME
Maja har stukke av heimanfrå for å vere hos tante Bodil. På veg dit har ho fått hjelp av Nils, som plukka ho opp med bilen sin. Nils er i trøbbel, og Maja, som stadig kjem i trøbbel sjølv, kjenner seg igjen og vil hjelpe han.
Den første soldagen etter vinteren skal det vere marknad i bygda.
Der skal tante Bodil arrangere sledeturar med hundane sine. Bodil og Maja drar til marknaden saman med veneparet Jens og Gerda, som skal selje ting der. Med på turen er også dei to mindreårige, einslege flyktningane Ilias og Amira, som bur med Jens og Gerda denne helga. Storebroren Ilias er på alder med Maja.
Då Jens og Gerda skal rigge opp bua si på marknaden, oppdagar dei at pengeskrinet er borte. Og Jens veit at Ilias skuldar ein stor pengesum til nokon ...
Ei sterk hand
Jens er endå hardare i andletet når han kjem tilbake
frå bilen. Gerda svinsar nervøst rundt medan Jens leitar gjennom alle tinga i teltet.
– Får eg snakke litt med deg, Ilias, seier han.
Ilias nikkar og går to steg unna søstera. Han ser at
Gerda set seg på huk for å snakke med Amira.
– Eg forstår at du vil bli kvitt gjelda di, men ...
Jens leitar etter orda sine, riv opp Ilias med dei.
– Nei! seier Ilias. – Eg har ikkje sett pengeskrinet!
Ilias ser at orda hans ikkje funkar.
Dei funkar motsett.
Når han gjentar neiet, blir han berre meir skuldig i auga til Jens.
Gerda er bleik då ho vender seg mot dei.
– Er pengeskrinet verkeleg borte? spør ho.
– Ja, seier Jens.
Gerda grip seg til brystet.
– Men vi var fleire som hadde vekslepengane våre der. Kva skal vi gjere no?
Jens er stram i andletet. Ingen seier noko meir på ei stund.
Ilias skulle ønskje Bodil var her.
Bodil ville trudd han. Boblekledde folk går forbi dei.
Raude nasar og raude kinn.
Ilias har lengta etter dette: Å sjå at det finst folk her i dette kalde, aude landskapet.
No vil Ilias helst bli borte frå alle.
Men brått ser han ei lue han kjenner att.
Ei blå lue på ein mann høgare enn dei fleste, synleg mellom to telt før han blir borte att.
Ilias støkk til.
– Eg trur eg ser Nils, seier han, og er på veg ut frå teltet. Men då kjenner han ei fast hand rundt armen.
Jens si hand. Han er overraskande sterk.
– No stikk du ikkje av!
Det svir i brystet på Ilias.
Kvifor trur Jens at han ville stikke av?
– Nils er der, kanskje han har tatt …
– Gerda har vore her heile tida. Ho ville ha sett det viss det kom ein framand mann inn i teltet. Ikkje sant?
Gerda nikkar trist.
– Ilias er ingen tjuv, seier Amira.
Ho stiller seg tett inntil han.
– Viss du innrømmer det, kan vi ordne opp, seier
Jens.
– Men det var ikkje eg! seier Ilias.
Jens har sleppt armen hans, men held han fast med blikket.
Ilias vil rive himmelen i bitar. Den tunge himmelen som har pressa han mot bakken heile vinteren. Han vil brøle så frosten sprekk og fargane kjem tilbake.
Uansett kva han gjer, blir det ikkje nok.
Uansett kva han prøver på, blir det ikkje bra.
Det finst ingen veg ut av dette.
Avstandane er så store. Viss han rømmer, vil kulda ta knekken på han før han kjem til neste bygd.
– Kva med Maja? seier Ilias. – Kanskje ho såg noko?
– Vi kan høyre med henne, seier Jens.
Gerda har blitt stille. Ilias trur ikkje han har sett
Gerda stå i ro før. Ho har alltid laga til mat, stroke
Amira over håret, spurt om dei er kalde eller svoltne.
No står ho berre der og ser utover alle kakene og dukane.
Ilias og Amira går nokre steg bak Jens.
Amira held handa hans, heile vegen til Bodil og hundane.
Bodil hektar ein av hundane fast til sleden.
Det står ein lang kø med barn og ventar på å få køyre.
– Er Maja her? spør Jens.
– Ho skulle hjelpe meg, eg håpar ho kjem snart, seier Bodil.
Ho drar ei vottekledd hand over panna.
– Vi lurte på om ho hadde sett noko, seier Jens lågt.
Hundane bjeffar og riv og slit i sleden, ivrige etter å springe.
Bodil har foten på ankeret til sleden.
– Pengeskrinet er borte, seier Jens.
Ilias ser at Jens og Bodil vekslar blikk. Så ser Bodil på han. Ilias slepper handa til Amira.
– Eg vil tippe Gerda er stressa? seier Bodil.
Jens nikkar. Ilias ser ned i snøen og varmar hendene i lomma.
– Men de har vel Vipps? seier Bodil. – Nett no må
eg vere her med hundane, men vi finn ut av dette seinare.
Så seier Bodil lågt til Jens: – Eg er heilt sikker på at det ikkje er Ilias som har tatt det.
Ilias høyrer det også og kjenner at varmen stig inni han. Det blir lettare å puste att.
– Greitt, seier Jens.
Utan å seie meir går han tilbake mot Gerda.
– Kan du hjelpe meg, Amira? spør Bodil. Ilias ser at søstera blir glad. Ho nikkar fleire gongar.
– Ilias, kan du sjå om du ser Maja? Eg skulle gjerne hatt henne her.
Bodil snur seg mot barna som ventar.
– Er det nokon som er klare for ein tur?
Dei to jentene som står fremst i køen, spring mot sleden. Bodil hjelper dei oppi.
Ilias går inn mellom telta. Han ser mot skoa til alle som går forbi han. Det ligg kakerestar i snøen.
Ein stad har nokon sølt ut ei brungul væske, kanskje kaffi.
Ein tanke gnagar i han:
Kan Maja ha tatt skrinet?
Ho var i teltet til Gerda før det forsvann, og no er ho også borte.
Men Maja har ikkje gjeld, ho risikerer ikkje å bli sendt ut av landet. Ho kan få dei pengane ho treng, av Bodil og foreldra sine.
Kva tenkjer han på?
Maja
Gjennom folkemengda
Maja har ein ekkel kløe i kroppen.
Plastposen er tung i hendene hennar.
Ho går gjennom eit hav av boblejakker.
Mange smiler til henne.
Ingen stoppar opp og spør kvar ho skal.
Ingen kan sjå at ho held på å bli riven i to.
Éin del av henne vil snu og gå tilbake.
Den andre delen held fram med å gå framover, for ho har ein avtale.
Det er nokon som ventar på henne.
Tante var opptatt då Maja kom tilbake etter å ha hjelpt Jens og Gerda.
Ein av hundane hadde byrja å halte.
Bekymra studerte tante korleis hunden gjekk.
– Sa du frå at Amira og Ilias gjerne kan komme hit? spurde ho utan å sjå på Maja. Så løfta tante opp poten til hunden og kjende på han.
Ho såg ikkje posen i hendene til Maja.
Køen av snørrete ungar var lang. Dei knuffa til kvarandre og snakka høgt og pipete.
– Eg vil berre sjå meg litt rundt, sa Maja.
– Ok, sa tante og såg kjapt opp. – Kan du få med deg Amira og Ilias hit etterpå? Det hadde vore fint med litt hjelp.
Maja er framme ved dei siste telta i rekka. To av telta er tomme. Ein grøn vott ligg i snøen framfor det eine, slik Nils sa at det skulle gjere.
Ho pustar inn. Dei er litt same typen, ho og Nils.
Ho forstår godt at han ikkje vil vise seg her når det er så mange folk. Han får sikkert sånne blikk som ho får heime. Blikk frå folk som trur dei veit kven han er. Som trur dei forstår han, medan ingen eigentleg kjenner han. Ho skulle ønskje nokon ville hjelpe henne når ho er i trøbbel.
Jens kjem ikkje til å lide noka naud om han mistar eit par hundrelappar.
Ho ser seg kjapt over skuldra, før ho smett rundt på baksida.
Der står Nils med lua trekt ned over auga, vendt vekk frå ho. Han har hendene i lommene. Ho blir varm av å sjå han. Han held handa fram utan å sjå på henne.
Maja set posen på den hardtrampa snøen.
– Eg kan ta det ut til deg, seier ho. – Det var 500 kroner du trong?
Han nikkar.
Ho opnar posen så det svarte pengeskrinet blir synleg. Nils sa at ho skulle ta med heile skrinet, for å ikkje bli oppdaga medan ho leita fram pengane.
Men no dunkar pulsen. Det hastar å få skrinet tilbake. Maja fiklar med den vesle nøkkelen. Ho skjelv når ho vrir han rundt.
Øvst er det eit brett med myntar, kanskje 500 kroner berre der. Ho løftar brettet, og under er det mange fleire setlar enn ho hadde trudd.
Snøen knirkar. Dei svarte militærstøvlane til Nils
står rett framfor henne.
Maja får sjokk når ho gløttar opp.
Kjeven til Nils har hovna opp.
Leppa er sprokken, det er restar av mørkt blod i naseborene hans.
Det eine auget er nesten heilt klistra att.
– Kva har skjedd med deg? spør ho.
– Det er sånt som skjer når du stolar på folk. Men
det skal bli bra no, seier Nils.
Han ser ut forbi teltet. Dei kan høyre folka, men dei er eit stykke unna.
– Takk for at du ikkje svikta, seier han.
Maja blir varm i magen.
Varmen veks heilt ut i fingertuppane.
Ho tar opp fem hundrelappar til han.
Han bøyer seg ned mot henne.
– Og du betaler tilbake seinare? spør Maja.
Ho kjenner seg med eitt vaksen. Tante vil forstå at ho måtte gjere dette. Ho kjenner sikkert til Nils, veit at han har det vanskeleg. Tante ønskjer alltid det beste for folk.
Men brått er det noko som blinkar.
Ein kniv!
Nils held kniven nesten heilt inntil kinnet hennar.
– Eg må ha alt, seier han.
Maja kjenner suget i magen, men ho blunkar, gjer seg hard. Olav seier alltid at ho er uredd. No må ho bevise det.
– Du tør ikkje å gjere meg noko.
Ho ser rett på han.
– Då skrik eg, og alle folka kjem, seier ho.
Auget som ikkje er klistra att, held blikket hennar.
Pupillen er stor og mørk.
– Eg har lite att å tape, seier Nils.
Med ei hand får han samla posen rundt pengeskrinet.
Skrik, seier det inni henne.
Nils nappar dei fem setlane ut av handa hennar.
Han går baklengs, med kniven retta mot henne.
Skrik, skrik, så får du i alle fall redda pengane og vist mamma at du ikkje rotar til alt.
Nils er like ved hjørnet av teltet. Han kikkar rundt hjørnet for å sjekke at kysten er klar.
Maja kan skrike no.
Ho kan springe og skrike.
Ho kan få folk til å stoppe han.
Nils smett rundt hjørnet og er borte.
Det finst ikkje noko skrik i henne.
Ho er berre tom, svak, dum.
Dumme, varme tårer svir i auga og buktar seg nedover kinna.
Maja drar tårene hardt bort, men dei kjem tilbake, på nytt og på nytt.