Utdrag frå
i tunnelen
av Silja Aldudóttir
Omsett av Lars Moa
Orkana 2024
Side 51–63
FANTASY
Det er noko stort som rører seg i den underjordiske elva under byen der Åsta bur. Kvar gong Åsta skal til trehytta si i skogen, går ho forbi jerngitteret der elva renn inn under byen. Ein dag ser ho brått eit par gule, store auge bak gitteret. Åsta føler at skapningen der inne ber ho om hjelp. Kanskje er det fordi ho sjølv har vore frosen ut av klassen og åleine på skulen, at ho kjenner medynk med den innesperra skapningen? Ho får med seg den nye besteveninna Lone for å undersøke.
Tiande kapittel
«Sei meg ein gong til kvifor vi er på veg for å leite etter ein merkeleg skapning midt på natta i kolmørket», sa Lone og geispa. Ho lyste med lommelykta på den smale stien framom dei i skogen.
«Dersom no nokon ser oss. Vi kan jo ikkje seie til folk at eit kjempestort …», ho trekte på skuldrene, «at det er eit kjempestort dyr i elva», sa Åsta. «Dei hadde trudd at vi var galne.»
«Ja, vi er nok også litt for gamle til at nokon trur at vi berre leiker oss i elva.»
«Og det blir jo ‘rådd ifrå å leike i elva’, så …»
Lone sukka. «Det blir verdas lengste måndag i morgon.»
Åsta såg bort på Lone som gjekk med tunge steg ved sida av henne. Ho forstod henne godt. Det var ikkje akkurat lysteleg å tvinge seg opp klokka to om natta og gå gjennom ein mørk skog for å finne ein stor, grå skapning med gule auge. Men ho var trass alt glad for at Lone hadde sagt ja til å bli med. Men sinnsstemninga til Lone viste også at ho ikkje
visste kva det var som venta dei. Ho hadde ikkje sett det som Åsta hadde sett, og same kor godt ho prøvde å skildre det, visste ho at det for Lone framleis berre høyrdest ut som eit eller anna frå ein film. Eller kanskje trudde ho enno at Åsta berre trudde at ho hadde sett noko. Ho ville ikkje fortelje noko til Lone, men derfor følte Åsta seg litt einsam i dette, sjølv om ho gjekk like ved sida av Lone. Ei lita stund til i alle fall, tenkte ho. Åsta knytte handa fastare om lommelykta og håpa at stien hadde vorte nokre kilometer lengre sidan sist.
Men like etterpå stod dei igjen på same staden som dei hadde stått førnatta. Dei stod på elvebreidda og stira ned på sprinklane i rista og det mørke vatnet som tusla forsiktig mellom dei.
«Er du sikker på at du vil gjere dette?» No såg Lone like sturen ut som Åsta hadde følt seg sidan dei møttest utanfor skogen.
Åsta nikka.
«Viss du hjelper meg», sa ho og prøvde å smile.
«Eg står på steinane og lyser på sprinklane medan du prøver å finne ein veg inn.» Det høyrdest på stemma til Lone ut som om ho prøvde å roe seg sjølv med å gjenta planen.
Som om orda i seg sjølve gjer nokon skilnad. Planen hadde høyrdest så enkel ut da dei hadde tatt avgjerda om å undersøke gitteret og det som var innanfor, men no når dei stod framfor det, verka det plutseleg lettare sagt enn gjort. Tanken om at dei verkeleg kunne finne ein eller annan levande skapning, hadde både vore ufatteleg spanande og skremmande på same tid. No var han mest berre skremmande.
Åsta såg nedover og oppover stien. Det var heilt stille, ingen menneske eller bilar var å sjå. Lone hoppa ut på den flate steinen, og Åsta gjekk bort til enden av elva. Grensa
der elva slutta og asfalten begynte. Men elva kunne sjølvsagt ikkje berre stoppe der. Vatnet strøymde nedover dag og natt, og hadde det stoppa der, hadde dei stått midt i eit stort vatn og ikkje ved eit gitter og ein asfaltert veg i utkanten av skogen. Ein eller annan stad under all asfalten, alle bilane og bygningane, heldt elva fram, og ein eller annan stad måtte ho også sleppe ut igjen.
Åsta klatra over gjerdet og snudde seg mot Lone med hendene knytte om kvar sin sprinkel.
«Klar?»
«Ja», sa Lone. «Og du?» Ho lyste på sprinklane under Åsta med dei to lommelyktene.
«Så klar som eg kan vere, trur eg», sa Åsta. Ho snudde seg til og begynte å klatre ned. Dei tjukke sprinklane på gitteret var veldig rustne og knudrete, og ho fekk derfor godt fotfeste. Men det var ikkje lett å halde seg fast, og ho måtte late seg gli så forsiktig som mogleg nedover sprinklane som gjekk på skrå ned i vatnet. Da ho nærma seg vasskorpa, stakk ho den eine foten ned framfor seg.Vatnet var iskaldt og sendte ei skjelving gjennom kroppen. Om lag tretti centimeter under overflata kjente ho ein kant som gjekk tvers over, og ho fekk akkurat pressa foten inn i mellomrommet før ho glei heile vegen ned i elva. Ho fekk den andre foten innom og prøvde så godt ho kunne å gni dei såre hendene sine.
Innanfor gitteret var det berre mørke. Ingenting som rørte seg, ingen ravgule auge som såg på henne. Ho måtte komme seg inn.
Ho såg ned på anklane som forsvann ned i vatnet, og var takksam for at ho ikkje hadde fare under med heile seg. Ho snudde seg for å sjå på Lone.
«Er du OK?» høyrde ho Lone seie, men ho såg ikkje ansiktet hennar på grunn av det sterke lyset. Åsta nikka og snudde seg igjen mot gitteret. No begynte den verkelege utfordringa.
Ho tok eit godt tak i sprinklane, løyste den eine foten ut frå opninga og firte seg ned mot vatnet. Med foten famla ho etter sprinklane under seg og leitte etter ei opning. Ho følte at sprinklane under kanten som ho stod på, no gjekk på skrå innover, og det var derfor vanskeleg å nå dei. Forsiktig flytta ho seg mot den andre enden. Små steg sidelengs og så heile beinet under for å leite. Av og til følte ho at noko gav etter, men kvar gong var det berre isopor eller noko anna rask som straumen pressa opp mot sprinklane.
Da ho var kommen heile vegen bort til den andre enden utan å ha funne så mykje som ein laus sprinkel under vatnet, la ho seg inn mot gitteret for å kvile seg. Beinet i det dyvåte buksebeinet var stivt og tungt av vatn, og ho var trøytt i armane av å hale seg opp. Men ho kunne ikkje vere kommen så langt og så ikkje undersøke heile gitteret berre fordi ho var trøytt og kald. Med større steg flytta ho seg no fram langs den strekninga som ho allereie hadde undersøkt, og inn mot midten. Ho senka seg ned og begynte igjen å leite. Sparka beinet framfor seg, men trefte berre faste jernsprinklar som låg snorrette og urikkelege ned mot botnen. Da ho drog seg opp igjen, følte ho armane riste av utmatting. Men ho beit tennene saman og heldt fram og vrei seg rundt kanten så ho stod med ryggen til elvebreidda.
Der var det verre å halde seg, for sprinklane var kortare ut mot elva og lengre inn mot veggen. Ho måtte halde seg i dei som gjekk på skrå, med ei hand, og dei korte som gjekk beint ned i vatnet, med den andre.
Igjen senka ho seg ned i vatnet. Ho kjente ei plate med foten og prøvde å sparke henne vekk som alt det andre rasket som hadde samla seg omkring sprinklane. Men plata flytta seg ikkje. I staden fór foten glidande på den glatte flata på plata så ho mista taket med den eine handa og sokk lenger ned i vatnet.
Ho høyrde Lone stønne borte på steinen. Da ho hadde summa seg litt, drog ho seg opp igjen.
Der hadde vore eit eller anna.
Varleg stakk ho beinet ned igjen og fann plata med foten. Med skosnuten følte ho ei opning mellom plata og sprinklane, og da ho trykte, følte ho plata flytte seg litt vekk. Innanfor var det ingen sprinklar, men opent innom gitteret. Ho pressa på igjen og fekk flytta plata litt til. Men så rakk ho ikkje tak i henne lenger.
«Lone! Eg har funne ein veg inn», ho drog seg opp av vatnet igjen. «Men eg er nøydd til å fare under for å løyse plata som er framfor.» Ho gjorde seg klar til å fare under, men stansa igjen da Lone ropte:
«Vent!»
Åsta tenkte å protestere og skygde med handa for å sjå
Lone bakom det skarpe lyset frå lommelykta.
«Du går ingen stad åleine, eg blir med deg», høyrde ho Lone seie, og så plasket da ho plumpa ned i elva og kom svømmande mot henne. Åsta hadde framleis lyst til å protestere, men samstundes kjente ho ei lette skylje over seg. Ho var ikkje åleine.
Ho senka den stive kroppen ned i det kalde vatnet og såg Lone komme svømmande det siste stykket. Lone rekte henne den andre lommelykta, og Åsta såg undrande på henne.
«Vasstette», sa Lone og smilte.
Med hendene om sprinklane og klaprande tenner fortalde ho Lone om at ei plate var sett framfor opninga, og at ho delvis hadde fått henne laus i den eine enden. No måtte dei trekke henne såpass mykje ut frå at dei kunne smyge seg innom.Truleg var det best om plata framleis var fast i ein ende så opninga ikkje stod og gapte og endene kunne forville seg innom. Lone skulle lyse, og dei skulle begge trekke.
Dei pusta djupt inn og dukka under. Mørket vart straks tettare. Dei drog seg ned etter sprinklane og fann snart plata som stod på gløtt. To lange skruar heldt plata fast i kvar sin ende. Gløttet som Åsta hadde fått i stand, var mindre enn ho hadde trudd, og enno var det eit godt stykke att å løyse. Dei begynte straks å dra og rykke i plata, men ho rokka seg berre eit lite grann. Åsta drog av alle krefter, men no ville skruane ikkje flytte seg. Ho gav teikn til Lone om å gjere det same som ho, og dei heiste seg lenger opp og sette begge føtene ned på kanten av plata og tok så i igjen.
Det begynte å rykke i lungene på Åsta. Ho begynte å bli
svimmel og skulle akkurat fare opp etter luft, men i same augeblikk gav plata etter. Skruane losna og dei smaug seg raskt innom.
Ellevte kapittel
Lungene snappa lufta ned i seg da dei braut seg opp gjennom vasskorpa innanfor gitteret. Stønnande og hostande kravla dei inn i tunnelen som førte elva vidare under byen. Vatnet dreiv av dei tunge kleda som klistra seg kalde inntil kroppen. Åsta gjekk nokre steg fram og speida inn i mørket framfor seg.
Dei kunne utan problem stå oppreiste inne i tunnelen, som var større enn Åsta hadde venta. Utanpå betongveggane låg eit lag av ein slimete, mørkegrøn plantevekst, slik at den grå betongen berre kunne skimtast nokre få stader. Svarte dropar draup ned frå taket og rann nedover veggane. Den rotne lukta kom imot dei innanfrå djupet, no ramare enn nokon gong. Åsta kjente kvalmen i magen vekse, tok handa opp framfor munnen og gulpa. Ho såg på Lone som nikka og skrukka på nasen. Ho såg bleik og elendig ut i det veike lyset.
Vatnet rakk opp på halve leggen på dei, og underlaget var ujamt, så dei måtte passe seg for ikkje å dette. Åsta såg ned for
seg og såg at slim og rusk låg som ei tjukk suppe i det uklåre vatnet som uavlateleg strøymde forbi beina deira. Ho måtte ta seg saman for ikkje å spy.
Åsta hadde høyrt at kloakkane i byen før hadde runne beint ut i elvene, og ho håpa at det ikkje var slik lenger. Ho tenkte på dei åtvarande skilta i skogen og såg på det ufyselege vatnet under seg. Utan alt det grøne og hyggelege i skogen minte denne elva mest av alt om eit flytande søppelspann. Rusk var det alle stader. Alt som var lite nok til å sleppe mellom sprinklane, eller med tida vart oppløyst i vatnet, enda her.
Lyset frå lyktestolpane i skogen rakk ikkje lenger enn like innanfor tunnelopninga, og framfor dei var det fullkomme mørke. Lone, som framleis hadde lommelykta i handa, tente henne og såg bort på Åsta, som tok si opp frå lomma.
Med forsiktige steg flytta dei seg lenger og lenger inn i mørket. Tunnelen sneidde og bukta seg hit og dit, og dei såg berre nokre få meter framfor seg i gongen. Opninga i gitteret og det svake lyset hadde forsvunne bakom dei. Dei høyrde berre lyden av sine eigne bein plaske gjennom vatnet, og sidan det skarpe ekkoet som kasta seg mot tunnelveggane.
Men med eitt høyrdest eit svakt sus saman med plaskinga frå dei sjølve. Åsta bråstoppa og lytta, og Lone, som også hadde høyrt lyden, hadde stoppa bakom henne. Åsta snudde seg mot Lone med fingrane framfor leppene, og dei lytta på suset med bankande hjarte. Lyden vart sterkare og sterkare, men enno såg dei ingenting. Det høyrdest ut som om noko tungt flytta seg gjennom vatnet. Små ristingar fór opp gjennom beina på dei frå tunnelgolvet, og det krasa og skrapa mot steinen. Små bølger kom mot dei i vatnet, som vart sende attende same veg som dei hadde komme. Lyden
nærma seg heile tida, men no høyrdest det ut som om skapningen flytta seg svært forsiktig.
Åsta senka lyset på lommelykta med ristande hender. Ho såg på Lone, som såg ut som ho hadde vorte til stein og stod og stira tomøygd mot lyden. Åsta prøvde å få kontroll på dei ristande hendene og la forsiktig den eine handa på lommelykta til Lone, så ho også peikte ned framfor føtene på dei og ikkje beint inn i tunnelen. Ein skapning som levde i ein avstengt tunnel, var neppe vant til sterkt lys.
Eit svakt kves høyrdest, og så kom ein grå snute til syne. Dei smale auga krympa seg i lyset. Hovudet var stort og avlangt. Skapningen såg ikkje ut til å ha bein, kroppen lirka seg fram frå side til side. Han snuste forsiktig med snuten, men under dei breie kinnbeina hadde han også gjeller som bølga fredeleg i vasskorpa.
Åsta følte hjartet dunke hardt mot brystet.
Der var han.
Ormen.
Ho hadde ikkje berre innbilt seg det. Ho stod attmed eit dyr som berre høyrde til i dei verste mareritta. Men han var verkeleg, verkelegare enn noko anna. Han levde, pusta, kveste. Akkurat her, akkurat no.
Ho prøvde å roe seg sjølv, å puste djupt ned i magen. Ho tok den eine handa bakom seg og fann den skjelvande handa til Lone. Trykte henne varsamt.
«Vent her til eg seier ifrå.»
«Men …»
Ho snudde seg rundt og såg på Lone som stod bleik og skjelven bak henne.
«Alt er greitt. Han kjem ikkje til å gjere meg noko», sa ho, like mykje for å overtyde seg sjølv som Lone. Men ho
måtte sjå overtydande ut, for Lone nikka og lét henne til slutt sleppe handa. Så sløkte ho lommelykta, stakk henne ned i bukselinninga og tok nokre forsiktige steg mot ormen.
Det fargelause slimet skvalpa om beina på henne. Ho måtte konsentrere seg om kvart steg, for beina rista og var nesten kjenslelause. Ho såg ned og vart var at ho drog eit langt flak av bobleplast etter seg. Men ho ville ikkje gjere store eller uventa rørsler som kunne skremme ormen, og lét flaket vere.
Ho prøvde å flytte seg så lite trugande som ho kunne. Ormen såg ut til å godta at ho nærma seg, for han heldt auge med henne og flytta seg ikkje. Den rolege åtferda til ormen fekk henne til å føle seg litt modigare, og ho løfta blikket og såg inn i auga på han. Han såg roleg attende på henne, og ho såg at auga var meir opne no når det var mørkare i tunnelen igjen.
Ho merka ikkje at bobleplasten som hadde tvinna seg omkring det høgre beinet hennar, stramma seg til etter kvart som ho gjekk. Da ho løfta beinet igjen, mista ho fotfestet og datt framstups ned i slammet.
Handa landa på noko kvast da ho tok seg for, og eit høgt stønn glapp ut av henne og fór rungande gjennom tunnelen.
Eit djupt knurr kom imot henne. Ho kunne ha ropt igjen da ho såg opp i den gapande kjeften på ormen, som var full av kjempestore, spisse tenner. Dei marmorkvite tennene var lange som sverd og låg i tette rekker i heile kjeften. Fleire av dei var øydelagde.
Ormen rykte seg bort frå henne inn i mørket.
Han hadde bakka fleire meter inn i tunnelen, men han forsvann likevel ikkje heilt. Han stansa da ho igjen var roleg
og låg på alle fire i vatnet. Ho beit smerta i seg og tok seg saman for ikkje å gi lyd frå seg. Forsiktig løfta ho handa opp frå vatnet og såg på henne. Ho hadde skore seg inni handflata, og ei raud stripe kom til syne så snart som vatnet rann bort. Ho måtte ha fått handa ned på ei knust flaske. Ho trykte hardt ned på såret med tommelen på den andre handa og kom seg forsiktig opp på føtene igjen.
Det var ho som hadde gjort han redd. Han hadde berre vorte skremt, sa ho med seg sjølv og tok seg saman.
Igjen begynte ho forsiktig å nærme seg ormen, som låg stille og følgde henne med auga. Medan ho gjekk, kom ho til å tenke på dyreprogram om pigghåar som fekk lyst til å jakte når dei lukta blod, og ho håpa at ormen ikkje hadde akkurat den eigenskapen til felles med det mest skremmande havdyret som ho visste om.
Men ormen rikka ikkje på seg. Berre pusten og det forsiktige suset frå gjellene høyrdest.
Det var nesten fullkomme mørkt i tunnelen no. Ho var kommen langt bort frå Lone, som stod på same stad og lyste med lommelykta. Men ho skimta framleis omrisset av han, og no var ho kommen heilt nær han. Blåsteren frå naseborene hans strøymde kald mot huda hennar. Ho såg inn i auga på han. Dei såg roleg attende, som om dei sa at det var i orden at ho nærma seg.
Hjartet banka enno raskt, men ho var ikkje direkte redd no, og ho undrast på kva det var ho eigentleg følte. Det var ikkje redsle. Ho fekk igjen den same kjensla som ho hadde fått da ho såg ormen sjå på henne den første kvelden. Og enda meir enn da følte ho no at han ville ha henne til å sjå han. Derfor hadde ho tatt denne spinngalne ekspedisjonen inn i tunnelen. Derfor stod ho no midt imot ein kjempestor
orm. Ein orm som utan tvil kunne ha knust både henne og Lone før dei hadde rokke å blunke. Dette var det som auga hans hadde bede henne om. Men framleis visste ho ikkje kva han ville henne.
Forsiktig retta ho den friske handa fram mot han. Først gjorde ormen ikkje noko teikn til å flytte seg, kveste litt og såg berre på den vesle handa framfor seg. Så smaug han seg forsiktig imot henne, senka hovudet, la den breie naseryggen imot handflata og lét att auga.
Han var kaldare enn ho hadde venta. Både grov og mjuk på same tid. Huda hans var glatt som fiskeskinn, men mønsteret i henne var større og låg som fòrer heile vegen nedover kroppen. Ei god hud for å gli på underlaget, og som samtidig gav motstand, tenkte ho. Ho flytta forsiktig handa og strauk han nedover snuten. Ei låg brumming høyrdest frå han, og ho trudde først at han igjen skulle begynne å knurre, og stansa handa. Men da han framleis låg musestille med lukka auge, heldt ho fram med å stryke. No høyrde ho også at lyden ikkje var som i stad. Det minte meir om malinga til ein katt, tenkte ho og smilte.
Da dei hadde stått slik ei stund og vent seg til nærværet av kvarandre, tok ho handa ned. Om ho skulle komme nærmare eit svar på alle spørsmåla, måtte ho komme ormen nærmare. Han opna auga og såg på henne som om han venta på å få vite kva ho tenkte å gjere.
«Eg skal sjå litt nærmare på deg. Er det i orden?» sa ho forsiktig utan likevel å vente at ormen skulle forstå henne. Ho flytta seg litt mot den andre sida på ormen, og som svar bevega han det store hovudet til sides så ho kunne sleppe forbi.
Ho visste ikkje korleis ein skulle oppføre seg når ein hadde
med ein kjempeorm å gjere, men ho lét den eine handa stryke etter kroppen medan ho flytta seg. Så mykje hadde ho lært da foreldra hadde tvinga henne til riding, at når du har med eit stort dyr å gjere, skal du vere roleg og la det vite kvar du var. Det hadde ikkje vore morosamt å bli pressa inn mot veggen om ho uforvarande kom til å skremme han igjen. Tanken fekk det til å gå kaldt nedover ryggen, og ei lita stund hadde ho lyst til å snu. Men ho kosta tanken bort igjen og tok forsiktig nokre steg til.
«Eg kjem til å tenne lykta igjen så eg ser deg betre», sa ho og strauk han igjen. Som svar høyrdest igjen den brummande lyden.
Sjølv om ho i mørket hadde hatt ei aning av korleis han såg ut, hadde ho aldri kunna førestilt seg det som ho no såg.
Handa med lommelykta sokk ned langsmed sida.
Han var så lang at ho ikkje såg kvar kroppen enda. Ryggen på han tok nesten heilt oppunder taket, og kroppen fylte mesteparten av kvelven som omslutta han. I lyset frå lommelykta såg ho at skinnet skein grønt og sølvblankt. Som mjuk silke og hard smaragd. Ynde og knusande kraft vakse saman i eitt. Oppe på ryggen var skinnet grovt. Som eit djupgrønt, vernande skjold. Nedover sida vart skinnet finare og lysare, og til slutt vart det lyst sølvfarga nedover mot buken.
Så såg ho det.
Det som gjorde at han hadde late henne sjå han.
Grunnen til at han hadde sett slik på henne. Inntrengande, bønnfallande. Med eitt visste ho svaret, og ho følte korleis hjartet sokk som ein stein i brystet: Så langt som auga rakk, såg ho store, raude sår og djupe skrubbsår langsetter det lyse, fine bukskinnet på ormen.