2. Organisering og funksjonsdeling Bygget har to etasjar: Ein første etasje med publikums-funksjonar, og ein underetasje med administrative og supplerande funksjonar.
PARKERING
Det er to inngangar til første etasje: ein frå nord og ein frå sør. Første etasje er organisert etter dei to konsept-aksane som krysser kvarandre midt i vestibylen, på «tunet», jf. konseptfiguren over. Nord-sør-aksen går frå parkeringsplassen og shuttlebuss-stoppestaden i nord, gjennom vestibylen og ut til «Urneshagen» i sør: - frå dagens tekniske og travle tid, inn i den torvoverdekte vestibylen, «tunet», og derifrå ut til det langsomme kulturmiljøet i «Urneshagen», - sentret omkring det tidkrevande strevet med dyrking av vekster og odling av frukt. - Vest-aksen går frå «tunet» og ut gjennom resepsjon og kafé til den vide utsikta mot fjorden og fjella i vest, sør og nord; mot notida og dagens landskap, livsformer og kulturmiljø. - Aust/vest-aksen går frå «tunet», inn i bakken og fjellet, med retning mot stavkyrkja og alteret der, til ei oppleving av Urnes og stavkyrkja si historie gjennom fargar, dekorasjonar og kult-objekt.
37
36
35
Over betongveggen gjennom vestibylen, løfter taket seg med skrå overlys mot aust, og viser vegen frå «tunet» opp mot stavkyrkja. Det same gjeld for dei to overlysa over resepsjon - bokhandel, og over serveringsområdet i kaféen.
38
34
39 40
P
41 HC
32
SHUTTLE BUSS
HC
Alt innvendig treverk er tenkt tilnærma ubehandla, slik at store deler av publikumslokala framstår med ein lun atmosfære av naturtre, som kontrast til dei grå, jernvitrol-farga ytterveggene, dei grønaktige glassflatene, og til sist den skrå, gråblå betongveggen rundt inngangen til utstillingsromma.
Atkomstgangane inn til og sjølve utstillingsromma må i endeleg form, materialbruk og farge tilpassast dei objekt og aktivitetar som romma skal gi plass til. 6. Areal Som det framgår av arealoppsettet ligg samla bruttoareal litt over grensa til programmet, dvs. 1.078,7 m2 mot 1.000 m2 Overskridelsen skuldast hovedsakeleg at det er valt å bygge inn området for varelevering og avfallshenting. Dette arealet utgjer til samen 61,3 m2. Kafé-arealet kan eventuelt reduserast med de siste 17,4 m2, som skal til for å nå 1.000 m2 bruttoareal. På planen for underetasjen er det vist mogleg plass til det tekniske rommet med areal 70 m2, plassert under og delvis utanfor aktivitetsrommet for barn og unge. Rommet får atkomst direkte frå lastbrygga i varemottaket med enkel tilgang til tilluft og avkast for ventilasjon, og enkel rørføring opp til utstillingsromma.
……… 0000000….
42 43 44
Frå Nordportalrommet forlet ein dagslyset og kontakten med omgjevnadene og vandrar inn i «Mineralrommet» med sine monter og gjenstandar frå nære og fjerne stader og kulturar. «Verda», er representert i rommet …
45
Deretter held vandreruta fram inn til høgdepunktet: det strålande kyrkjerommet, «Himmelriket», vigd til bøn, tru og tilgjeving; der det menneskelige sinnbildet av paradis vert forsøkt gjenskapt og representert ved fysiske gjenstandar, symbol og fargebruk. 46
30 VARELEVERING
A
47
KULTIVERT NATURTERRENG
Herfrå kan ein velje snarvegen attende til vestibylen og aktivitetane der, eller halde fram inn til utstillinga: «Norges verdensarv», med sine pedagogiske monter og skjermar. Det er lagt til rette for direkte inngang til filmrommet frå verdensarvrommet, i tilfelle det er aktuelt å supplere utstillinga med filmframvisingar. Frå verdensarv-utstillinga går vegen attende til vestibylen og tilboda der. Inngangen frå «tunet» og atkomsten inn til utstillingsromma har 2,5 meter takhøgd. Nordportalrommet og Filmrommet har 3 meter takhøgd, medan Mineralrommet, Kyrkjerommet og rom for Verdensarvutstillinga har 4 meter takhøgd.
49
KULTIVERT NATURTERRENG
48
A
Hovudinngang og «Urneshage»-inngangen er overdekka av baldakinar støtta av skråstag med same vinklar som betongveggen og søylearkadane, - som ynskjer dei vitjande velkommen.
Bak nordportalen står kopiar av stolpeverket frå stavkyrkja saman med eit varsamt fondobjekt i enden av rommet, - som avslutning på sentralaksen gjennom Nordportalen.
31
KULTIVERT NATURTERRENG
På veg inn mot dei to hovedinngangane vandrar ein mellom ein hard og klårt definert vegg på den eine sida, den skrå betongveggen, og ein oppløyst arkadevegg, på den andre - éin definert vegg mot fortida, éin åpen og diffus vegg mot notida …
Herfrå vil ein gjennom skråstilte vindaugslisser sjå ut mot trea og skogen nedanfor sentret, med fjorden bakom, der tømmer og vyrke til kyrkjebygging og treskrud vart frakta sjøvegs til Urnes.
VENTEPLASS UTENDØRS VERDENSARV
Dei inntrekte ytterveggene langs arkadane gjev plass til utandørs utstilling av salsvarer frå butikken, medan arkaden på sørsida kan nyttast til utstilling av verktøy og reiskaper til bruk i «Urneshagen».
Ved sida av bokhandelen er det plassert heis som kan brukast både til persontrafikk og varetransport mellom 1. etasje og underetasjen. Her er det også trapp. Kontor og møterom er plassert på rekke mot vest med utsyn over fjorden, mens lager, varemottak og avfallshandtering er lagt mot sør, mot den overdekka økonomiinngangen.
Til høgre for portalen ligg aktivitetsområdet, der grovt trevirke og emne for treskrud står oppstilt saman med verktøy og reidskap, til bearbeiding av trevyrke til treskrud. Der kan den besøkande få ei innføring i treskjerar-kunsten.
B
P
Taktro, membran og påfylling for torvtak, - tilsvarande som på sentralbygget. Spiletakhimling.
Betongveggen er tenkt utført med vertikal bordforskaling med ulike bordbredder slik at den vertikale retninga til veggflata vert aksentuert.
Gjennom inngangen frå «tunet» vandrar ein inn i ein mørklagd gang med gamle fotos frå liv og lagnad på Urnes, som går over i registreringar av eldre og eldre bosetting i området, der eit dempa dagslys frå høgre, frå Nordportal-rommet, etter kvart grip merksemda og trekkjer den besøknande mot seg. I inngangen til portalrommet står ein brått andlet til andlet med Nordportalen, - ei openbaring av samvirket mellom handverk, form og tru...
P
Taka over butikklokalet og aktivitetsrommet for barn og unge kan utførast som tradisjonelle trebjelkelag, halde oppe av skråstilte, runde stålsøyler langs inngangane. Søylerekkene dannar arkadar inn mot sentralbygget. Vinkelen på dei skrå søylene er den same som den skrå betongveggen på motståande side.
Administrasjon, varemottak og avfallshandtering er lagt til underetasjen med atkomst via hovudtrapp ned ved sida av hovedinngangen. Trappa har også inngang frå resepsjonsområdet.
3. Den historiske vandringa Utforming av utstillingsromma er bygd omkring ei vandring i tid og rom gjennom anlegget. Målet er at den vandrande skal få ei fysisk oppleving av dei historiske og religiøse kulturlaga ein finn på Urnes.
33
P
Oppå stålkonstruksjonen er det lagt taktro, membran, drenasje og solid grastorv som taktekking. Himlinga er tenkt utført som trespiletak i nord-sør-retning, på svart underlag med lysarmaturar i tilfeldig mønster. Golv av naturstein, eit framhald av det utandørs natursteinbelegget på vegen mot dei to inngangane frå shuttlebuss venteplassen og «Urneshagen».
4. Bebyggelsen i landskapet Alle taka er torvtekte, med grasdekke. I fjernvirkning frå vest vil grastaka dominere medan overlysa over resepsjon og kafé løfter seg som parallelle volum og bryt takflata over sentralbygget ned i mindre einingar. Dei jernvitrolhandsama ytterveggene kan assosierast med låge fjellskjeringar som fester bygget i terrenget.
50
INFORMASJON URNESHAGE
N B "URNESHAGEN"
N 0 1 2 3 4 5
SITUASJONSPLAN 1:500 Motto:
Inn i historia: - bakken åpnar seg - fjellet åpnar seg - historia åpnar seg … 1. Konseptfigur for planløysing Forslaget er organisert omkring to aksar som kryssar kvarandre i vestibylen i bygget, i «tunet»: nord – sør-aksen og aust – vest aksen:
Nord Teknisk kultur
^ Vest . Aust Notid < …………… Vestibylen - «Tunet» ...…………. > Historie . v Organisk kultur Sør
Glaspartia er utført som «structural glazing», dvs. utan sprosser, med skiver av glas som avstiving. Det er tenkt brukt lågt-reflekterande glas, slik at lysrefleksen frå sol og himmel blir minimal. Jf. illustrasjonar. Glasveggene i kaféen mot vest, dvs. mot terrassen og fjorden, er delvis overdekka av taket. Den overdekte delen vert liggjande i skugge store deler av dagen, - og er ein referanse til dei mange historiske bygga langs Sognefjorden, med sine overdekka og delvis innebygde balkongar, utvikla over tid, på grunnlag av erfaringane frå det ustadige veret … Mot nord og sør vil bygget tilnærma følgje terrengets kontur, der den skrå betongveggen og dei jernvitrolhandsama veggene trekkjer voluma ned mot terrenget, - som i fjernvirkninga frå vest. Den asymmetriske formen til bygningsmassen kan med litt velvilje sjåast som ei helsing til fjellet Molden på nordsida av Lustrafjorden … 5. Konstruksjonar og materialar Den utgravde delen er tenkt utført av vanntett betong med god drenasje rundt. Tak og vegger må ha varmeisolasjon og membrantekking med drenerande masser oppå og rundt, som vil danne underlag for matjord og grasdekke på toppen. Betongkonstruksjonen rundt utstillingsromma sikrar stabile klimatilhøve for utstillingane. Grasdekke og beplantning må utførast med usynlege overgangar til omgjevnadene, slik at heile anlegget etter kvart glir saumlaust inn i landskapet. Den åpne delen over vestibyle og kafé er tenkt utført av ein lett stålkonstruksjon, halde oppe av tynne stålsøyler i rekkje langs aust- og vestfasadane, og med 4 kraftigare søyler sentralt plassert rundt resepsjon og kafe, og takoppløfta der.
Motto:
Inn i historia:
- bakken åpnar seg - fjellet åpnar seg - historia åpnar seg ... 1
A
A AKSE MOT STAVKYRKJA
KYRKJEROM "HIMMELRIKET" A: 26,0 m2
MINERALROM A: 38,1 m2
BASISUTSTILLING NORGES VERDENSARV A: 60,0 m2
TIL UTSTILLINGANE LAGER A: 2,6 m2
FILMROM A: 35,9 m2
GARDEROBE VESKER A: 8,5 m2
LAGER TEKNISK UTSTILLINGAR ROM
WC
A: 12,0 m2
HC
A: 13,9 m2
NORDPORTAL - ROM
A: 8,0 m2
A: 56,1 m2
VERKTØY UTSTYR
MINIKJØKKEN
A: 5,0 m2
B
AKTIVITETSOMRÅDE
B
VESTIBYLE - "TUNET" A: 145,2 m2
ADKOMST FRÅ PARKERING
B
B
ADKOMST FRÅ "URNESHAGEN" TERRASSE
REINHALDS -ROM
HC
A: 24,6
BOKHANDEL A: 18,7 m2
OPPVASK
A: 26,1 m2
BARN OG UNGE AKTIVITETSROM
GARD/WC
A: 41,8 m2
A: 7,1 m2
LAGER
KJØKKEN/SERVERING VASK
ÅPNE ARBEIDSPLASSER
MOGLEG PLASSERING TEKNISK ROM
KIRKEROM
A: 7,4 m2
32,70
AVFALL
KJØLEROM
LAGER UTSTILLING
A: 5,5 m2
AVFALL
A: 3,4 m2
MØTEROM A: 20,8
KOPIROM
A: 70,0 m2
LAGER KAFE KJØLEROM
FORTIMUS -KROK
ATKOMST UTST.
A: 16,0 m2
KORRIDOR
UTSTILLING REDSKAP URNEHAGEN RESEPSJON/ MUSEUMSBUTIKK
VESTIBYLE
LAGER UTEMØBLAR
UTSTILLING SALG
m2
36,00
A: 20,2 m2
A: 8,6 m2
SALGSROM PRODUKTER
KAFÈ
LAGER UTSTILLING
A: 9,2 m2
LASTBRYGGE
m2
KAFE A: 70,4 m2
FELLES VAREMOTTAK KOPIROM A: 5,0
A: 61,3 m2
m2
KONTOR A: 11,1 m2
TERRASSE
ÅPNE ARBEIDSPLASSAR
A
A: 25,1 m2
A
A: 39,5
m2
N
N
N
N
N
PLAN 1. ETASJE M 1:200
N
0 1 2 3 4 5
PLAN UNDERETASJE M 1:200
0 1 2 3 4 5
0 1 2 3 4 5
N
SNITT A-A M 1:200
0 1 2 3 4 5
0 1 2 3 4 5
36,00 VESTIBYLE - "TUNET"
NORDPORTAL
VESTIBYLE - "TUNET"
FILMROM
N SNITT B-B M 1:200
0 1 2 3 4 5
N FASADE ØST M 1:200
0 1 2 3 4 5
Motto:
Inn i historia:
- bakken åpnar seg - fjellet åpnar seg - historia åpnar seg ... 2
36,00
36,00
N FASADE NORD M 1:200
0 1 2 3 4 5
N FASADE VEST M 1:200
0 1 2 3 4 5
N FASADE SØR M 1:200
0 1 2 3 4 5
Motto:
Inn i historia:
- bakken åpnar seg - fjellet åpnar seg - historia åpnar seg ... ILLUSTRASJON 1: FRÅ VESTIBYLEN, ”TUNET”, SETT FRÅ INNGANGEN MOT NORD
3
ILLUSTRASJON 2: MOT INNGANG FRÅ NORD
ILLUSTRASJON 2: FRÅ VEGEN OVANFOR SENTERET
ILLUSTRASJON 4: FJERNVIRKNING FRÅ VEST
ILLUSTRASJON 5: FASADE MOT VEST
Motto:
Inn i historia:
- bakken åpnar seg - fjellet åpnar seg - historia åpnar seg ... ILLUSTRASJON 3: MOT INNGANG FRÅ NORD
4