NYNORSK UTGÅVE: FORTIMUS PÅ NYE OPPDRAG - AKTIVITETSHEFTE FOR BARN

Page 1

Oppdrag Steinvikholm slott Fortimus på sporet av reformasjonen

Foto: Fortidsminneforeningen

Reformasjonen, har du høyrt om den?


Oppdrag Steinvikholm

Eg er Urnesløva. Mange seier at eg er eit farleg fabeldyr frå den persiske oldtida – ein mantikora. Men korleis kom eg hit til Sogn? Og kvar fekk eg øksa mi frå?

Fortimus er klar for det første oppdraget sitt som Urnesløva sin modige hjelpar. Han skjønar ingenting då Urnesløva spør: «Reformasjonen, har du høyrt om den?» Han kjenner at motet søkk då Urnesløva skal sende han langt av garde på ei farefull ferd. Kjem Fortimus til å klare «Oppdrag Steinvikholm»? Kva har hendt tidlegare? Historia om Fortimus byggjer på ei sann historie om ei flaggermus av arten brunlangøyre som i 2017 tissa på treverket i Urnes stavkyrkje. Hendinga skapte mykje hovudbry for forskarar og alle som passar på at stavkyrkja blir teken vare på for framtida. Stavkyrkja er freda, men det er flaggermusa òg. Kva gjer ein med ei freda flaggermus som gjer skade i ein freda gammal bygning?

Urnesløva er rundt 900 år gammal og har opplevd det meste. Han er som ei historiebok. Løva vaktar over alle dei gamle bygningane til Fortidsminneforeningen, men no byrjar han å bli litt sliten. No treng løva ein hjelpar som kan flyge raskt frå stad til stad og passe på. Fortimus lover at han og familien hans kan hjelpe Urnesløva. Flaggermus er glade i gamle hus, og dei er gode til å skremme folk. Men dei har òg ein annan god hjelpar, nemleg vikingbia frå Gaupne. Det er bia som har løyndomen bak motet og kreftene til Fortimus.

Illustrasjoner: Riksantikvarens historiske arkiv

Dette har blitt til historia om Fortimus og den gamle Urnesløva som vaknar til live då Fortimus tissar i kyrkja. Løva er ein streng og mystisk skapning som har vore i Urnes stavkyrkje heilt sidan kyrkja blei bygd i 1130.

Fargelegg dei rare skapningane frå Urnes.

Teikn ditt eige fabeldyr!

og ed a v ø sl usa m er e n Ur g e r m k re f t f l a g e r ve r n sup

«Oppdrag Steinvikholm – Fortimus på sporet av reformasjonen» er det andre heftet i forteljinga om Fortimus, flaggermusa med supervernkrefter. å ta g om ner o torie urmin av. lt l i his – E på ku ein de re ei er t va d god turen na

oneg : Dr Foto

utta

Dette må du få med deg!


Oppdrag Steinvikholm slott

Veit du kva?

Det er mange rare skapningar som held Urnesløva med selskap her oppe på stolpane.

– Fortimus på sporet av reformasjonen

Eg har venta på deg! Det luktar historie her.

Foto: Guri Dahl/Norges Verdensarv

Eg tykkjer det luktar steikte pølser i skogen, eg!

«Eg har venta på deg», seier ei stemme frå mørkeret.

«Lukta?» Fortimus greier seg litt i pelsen med eine bakfoten.

Fortimus har nesten gløymt kor streng denne stemma er. Han har nettopp vakna frå vinterdvalen. No heng han i takkrona i Urnes stavkyrkje, klar for det første oppdraget sitt som hjelparen til Urnesløva. Den lyse vårnatta sig inn i rommet, men likevel er det mørkt her inne. Det er noko som rører på seg inst i kyrkja. Skapningen kastar skugge. Eit menneskehovud på ein løvekropp. Halen til ein skorpion. Eller er det ein slangehale?

«Lukta blomstrane på veggen godt?», seier han undrande og klør seg litt ekstra.

«Reformasjonen», kjem det plutseleg frå skuggen. «Hæ?» Fortimus ser undrande mot stemma. «Reformasjonen, har du høyrt om den?» Urnesløva stikk hovudet fram og ser rett på Fortimus. «Nei, eg sove sidan oktober, eg», seier Fortimus. «Du må ha sove i timen!» Urnesløva ristar oppgitt på hovudet. «Reformasjonen endra denne kyrkja, og etter det eg har høyrt, endra den alle andre kyrkjer i landet òg», seier løva. «Altertavla kom inn, og benkar til å sitje på. Det kom nye måleri på veggane. Lukta blei annleis.» Urnesløva snakkar sakte, som om den ser det heile føre seg slik det ein gong var.

«No må du følgje med her», brummar løva. «Det var slutt på lukta av røykjelse då Luther kom med reformasjonen. Då gjekk kyrkja frå å vere katolsk til å bli protestantisk. Røykjelsen blei brukt i dei katolske messene», held løva fram. «Sidan den tid har det berre lukta tjære her inne.» «Tjære?» Fortimus ser på skuggen at løva stikk nasen opp i lufta. «Lukta av historie», mumlar løva. «Eg tykkjer det luktar steikte pølser i skogen, eg», seier Fortimus.


Foto: Fortidsminneforeningen

Når var denne reformasjonen, då?

Foto: Dronegutta

Foto: Guri Dahl/Norges Verdensarv

NO HUGSAR EG! Året er 1537!

«Kva?» Urnesløva hevar stemma faretrugande. «No må du skjøne at eg er ei flaggermus som ikkje har levd i mange hundre år», seier Fortimus litt irritert. Han skrik, og med lydbølgjene han får tilbake, finn han seg ein fin sitjeplass over den utskorne Urnesløva, oppe på stolpen over preikestolen. «Når var denne reformasjonen, då?» seier han idet han landar over løveutskjeringa. Det er stilt i kroken. Fortimus ventar, lenge. «Hallo, er du der?» ropar han. «Sjølvsagt er eg her. Eg må berre tenkje meg godt om», seier Urnesløva. «Det er mykje å tenkje gjennom – eg har jo snart vore her i 900 år. NO HUGSAR EG DET! Året er 1537! Det var året for reformasjonen!» Løva brøler det nesten ut. «Steinvikholm», fortset han med høg stemme. «Du må fare til Steinvikholm slott og sjå om alt er i orden der. Ein mektig mann som heitte Olav, bygde det flotte slottet som han måtte flykte frå.» «Kven var han, og kvar fór han?» spør Fortimus.

«Han var den siste katolske erkebiskopen i Noreg», svarer Urnesløva. «Han reiste frå slottet sitt med båt. Det seiest òg at erkebiskopen frakta kista med Olav den heilag til Steinvikholm for at den skulle vere på ein trygg stad. Kista skal visstnok ha både sølv og edelsteinar», seier Urnesløva. «Eg veit ikkje meir enn det», seier løva. «Du må fare til Steinvikholm slott i Trøndelag med det same. For alt eg veit kan slottet liggje i ruinar!» «Er det langt frå Urnes stavkyrkje til Steinvikholm slott? Er det lengre enn til Lærdal?» spør Fortimus. «Ja, det er minst tolv gonger så langt», svarer Urnesløva. Fortimus kjenner at motet søkk. Han kjenner ikkje til noko anna enn turane her langs Lustrafjorden, der han kjenner seg heime. Kor langt kan han klare å flyge? Er han sterk nok til den lange turen?


Illustrasjon: Zahl 1839, Fortidsminneforeningen og Riksantikvarens historiske arkiv Foto: Jiri Havran

«Lang tur?» Igjen ser Urnesløva rett på han. Fortimus kvepp til. Er denne løva tankelesar òg? «Ein gong kom det unge menn hit til kyrkja», seier løva med ei låg brumming. «Dei hadde med seg teikneblokk og blyant, og dei hadde reist langt, på kryss og tvers i Noreg.» «Kvifor kom dei hit med blyant?» spør Fortimus og kjenner at han må klø seg litt på ryggen igjen. «Dei gamle kyrkjene frå mellomalderen blei umoderne, så folk reiv dei ned», svarer Urnesløva. «Mennene med teikneblokk reiste rundt og teikna dei gamle kyrkjene for å ta vare på dei. På papiret. Dei prøvde å få folk til å skjøne at ein måtte ta vare på bygningane for ettertida», seier løva. «Kvar kom desse mennene frå?» spør Fortimus. «Dei var frå Fortidsminneforeininga», svarer Urnesløva.

«Det er eg òg», tenkjer Fortimus og kjenner seg litt stolt. Han ser føre seg menn i fine, gammaldagse frakkar med sekkar og teikneblokk. Menn som hadde gått langt og lengre enn langt for å finne stavkyrkjer. «Vegane var elendige på den tida», seier plutseleg Urnesløva. «Du kan jo flyge. Det var noko anna på midten av 1800-talet. Men du må passe deg så du ikkje blir kald og sliten. Vêret kan vere tøft over fjellet. Det kan ein bli sjuk av. Du må vere godt utstyrt», seier løva.


HALLO! Er det nokon heime? Våren er her!

› ›

trivst godt i det norske klimaet

› Brunbia blir kalla «vikingbia» etter funn frå vikingtida i Oslo og York › Er den eldgamle norske bierasen › Er ein kritisk truga art som kan forsvinne › Lagar honning

Foto: Anja Laupstad Vatland

Veit du kva?

Foto: Fortidsminneforeningen

Eg synest det er litt kaldt her ute, eg!

Då skjønar Fortimus noko. Det er berre éin som kan hjelpe han på denne turen: den vesle «vikingbia» i Gaupne. «Hallo! Er det nokon heime?» Fortimus ropar inn i ei opning i bikuben. Det er heilt stilt. Det er grytidleg om morgonen, og fuglane søv framleis. I liene i Gaupne er trea lysegrøne, og trea og fjella speglar seg opp-ned i den turkise fjorden. Lustrafjorden har same fargen som auga til veslesøster Fiona, tenkjer Fortimus. Han kjenner at han saknar den livlege søstera som elskar å leike seg i lufta, men no har han eit viktig oppdrag. «HALLO, våren er her», ropar han igjen, litt høgare. Ingen reaksjon. «Frukttrea blomstrar», skrik han ut. Det er nesten sant – i alle fall er det knoppar på trea. Så ser han noko som rører seg inne i opninga. Ut av ein haug med bier kjem den vesle brunbia mot han. Bia har framleis den rare vesle hjelmen på hovudet. «Har du lege i dvale?» spør Fortimus.

«Nei, eg har innvintra», seier vennen. «Kva du sa for noko?» Fortimus klør seg bak venstre øyre med bakfoten, slik han ofte gjer når det er noko han ikkje heilt skjønar. «Eg har lege i vinterklase saman med bifolka mine», seier brunbia. «Vi ligg tett saman som ein ball, og på den måten held vi varmen gjennom heile vinteren. Eg synest det er litt kaldt her ute, eg», hutrar bia. «Kaldt? Det kan du seie, du som kan gå inn og leggje deg att. No må du hjelpe meg. Eg har eit problem», seier Fortimus. «Urnesløva har sendt meg til Steinvikholm slott i Trøndelag. Eg må over fjell og flyge lange vegar nordover. Det blir kaldt, det! Og kva skal eg ete i kulda?» «Gjer som oss», seier bia oppmuntrande. «Et honning. Vi har litt igjen av superhonningen til bestemor frå i vinter. Den får deg til Trøndelag.»


Hjelp Fortimus med å finne vegen til Steinvikholm slott!

Tante Fresia på Steinvikholm, her kjem eg!

DDu må passe deg så du ikke blir kald og sliten. Vêret kan vere tøft over fjellet. Det kan ein bli sjuk av. Du må vere godt utstyrt!

Bia forsvinn inn i kuben, og Fortimus høyrer hektisk summing innanfrå. Kva er det dei driv på med? Plutseleg står bia der med ein liten ryggsekk. «Du kan få låne denne på turen», seier ho. «Her er kreftene du treng.» «Har du høyrt om reformasjonen, forresten?» spør Fortimus medan han tek sekken på ryggen. Brunbia ser undrande på han. «Reformasjonen?» «Ikkje du heller, nei», seier Fortimus. «Men no må eg fare. Eg skal fortelje deg meir om denne reformasjonen når eg kjem tilbake frå Steinvikholm», seier Fortimus og lettar.

Kart: Kartverket

Foto: Guri Dahl/Norges Verdensarv

Dette kartet er veldig gammalt! Kva står det her?

Gammalt? Det er det nyaste eg har!

Steinvikholm slott ligg p å Steinvikholmen i Trondheimsfjorden. Kan du finne Trondheim på kartet?


Eg hugsar godt den katolske tida. Her i Urnes stavkyrkje var det figurar av heilage menneske som skein av gull og sterke fargar. Den fagre dama på biletet er sjølvaste jomfru Maria, ein heilag figur som brukte å stå her inne i kyrkja. Mange bad til henne om hjelp med problema sine. Her var kveikte lys, og det lukta av røykjelse. Dei fine lysestakane var komne heilt frå Frankrike. Dei fleste stod eller gjekk rundt i kyrkja medan presten snakka. Det var ikkje så mykje å sitje på her inne. Presten snakka eit språk som folk flest ikkje forstod. Det varlatin, slik som paven i Roma snakka.

Det var EG som starta reformasjonen.

Martin Luther

Illustrasjon: Marianne Brochmann

No skal du få høyre korleis det var her i Urnes før reformasjonen!

Adnan Icagic © Universitetsmuseet i Bergen CC BY-SA 4.0

Urnes før reformasjonen

Foto: Jiri Havran

Var det slik det såg ut her før reformasjonen, tru?


Olav den heilage kjempa for at Noreg skulle få kristendommen som religion. Han blei drepen i slaget på Stiklestad Veit du kva? i 1030. Etterpå blei Olav den heilage har han heilagkåra. sin eigen festdag den 29. juli.

Sjefen i Roma. Er ikkje det veldig langt vekke?

1030 – skriv det årstalet bak øyret, Fortimus! Folk i Noreg blei kristne, og leiaren for kyrkja var paven i Roma, som ligg i Italia.

– Kva blir denne dagen kalla? Svar: Olsok

Veit du kva? › Kyrkja som paven er leiar for, blir kalla den katolske kyrkja. › Kyrkja i Noreg var katolsk frå rundt 1030 fram til reformasjonen i 1537. › Etter 1537 blei kyrkja i Noreg protestantisk med kongen som leiar.

Protestantisk? Eg spør tante Fabula. Ho kan ALT om kyrkjer.

Foto: Guri Dahl/Norges Verdensarv

Kven sat i denne flotte stolen, tru?

Katolsk og protestantisk er to greiner av kristendommen.


Lag eit hus til Fortimus og familien hans

5

Du treng: Ein vaksen som kan hjelpe deg, ein planke av ubehandla treverk, målband og blyant, sag, hammar og spiker, eit gummistykke og trelim. Du kan beise utsida av kassa svart slik at den blir så varm som mogleg i sola. Ikkje beis innsida!

› Kroppen er 4–5 cm lang

20 cm

15 cm

36 cm

› Vengespennet er på 24–28 cm

Rygg

Tak

Front

9 cm Botn

14 cm

Rygg

2,5 cm

3

Rygg

22° Tak

› Går frå lys til mørk tone i eitt skrik › Jaktar på insekt i trea › Et gjerne nattsommarfuglar (møll)

Sag taket og frontdelen i 22° vinkel.

Visste du at flaggermus › Er ei eldgamal dyregruppe – 60 millionar år › Er freda i Noreg og Europa › Et insekt og er nyttige i naturen › Kan ete meir enn 3000 insekt i løpet av ei natt

8 cm

22° Front

28 cm

› Skrik gjennom nasen

Fest kassa høgt oppe på ein stad der den får masse sol!

4

Lag ryggplata ruglete med 1 mm djupe spor og 1 cm mellomrom mellom kvart spor, om lag 28 cm oppover ryggplata.

› Har store auge

Det skal vere ei glipe på 1 cm mellom botnen og ryggplata. Dette er inngangen til kassa.

Du kan bruke trelim for å tette glipene mellom delane etter at du har spikra dei saman.

Foto: Jeroen van der Kooij

Side

Side 20 cm

20 cm

› Øyra er nesten like lange som kroppen

Eg vil ha spir på taket!!

Eg er ein brunlangøyre (Plecotus auritus).

Fortimus er ein nyfiken og spørjande type som undrar seg over gamle bygningar og historie. Han har øyre som er nesten like lange som kroppen, og heng opp-ned etter tærne. Fortimus flyg raskt i nattemørkeret og skrik i høge tonar som vi menneske ikkje kan høyre. Lydbølgjer gjer at han «ser» godt med øyra.

Svar: xxx

14 cm 15 cm

Gummistykket brukar du til å hengsle saman taket og bakplata.

114 cm

1

2

Verdt å vite om brunlangøyre


Fortimus og familien hans Barn og vaksne frå heile landet har gitt namn til Fortimus og familien hans i ein namnekonkurranse. Dei er alle saman glade i gamle bygningar. Fetter Flagrus likar livet på landet, gardar og stabbur. Tante Fabula drøymer om alle dei fine kyrkjene. Grandonkel Fredo er den godmodige munken som passar på klosterruinar frå mellomalderen. Fetter Fender likar seg ved sjøen med fyr og fort. Følg Fortimus, veslesøster Fiona, tøffe tante Fresia og resten av familien på oppdrag og eventyr ved dei historiske eigedomane til Fortidsminneforeningen! www.fortidsminneforeningen.no

Tante Fresia

Grandonkel Fredo

Lillesøster Fiona

Fortimus

-Flaggermusa med supervernkrefter-

Tante Fabula

Fetter Fender

Fortidsminneforeningen er ein frivillig kulturvern­organisasjon som sidan 1844 har kjempa for å bevare dei verdfulle kulturminna i landet. Takk for at du ved å vitje eigedomane våre støttar oss i arbeidet med å ta vare på kulturarven for alle – for alltid.

Design og illustrasjon: Miksmaster Creative. www.miksmaster.no

Fetter Flagrus


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.