8 minute read

Hva betyr alder?

Foto: Fortidsminneforeningen

SØRPORTALEN I RØDVEN STAVKIRKE (over) er et særsyn uten bevarte paralleller blant stavkirkeportalene. Søylene er skåret som flettete stengler. I overgangen til buen skyter de blader som danner kapiteler. Portalen og sammenhengen den står i illustrer noen av utfordringen med datering av skulptur og bygning. Plantemotivet har vært foreslått som gotisk inspirert med en datering til 1200-tallet (R. Hauglid, H. Christie). Bedre begrunnet er henvisning til den såkalte Winchester-skolen i England fra slutten av 1000-tallet, formidlet via kirkebygging i Trondheim i første del av 1100-tallet (M. Blindheim, E.B. Hohler). Portalen er kappet av i underkant og står neppe i sin opprinnelige sammenheng. Rødvens bygningshistorie er lite klarlagt, og en datering av portalen kan ikke forutsettes å datere kirkens skip slik det står i dag. Foto: Leif Anker/Riksantikvaren

«Kor gammal er den?»

Dette er det mest vanlege spørsmålet vi møter i formidling av gamle kyrkjer. Det kan ofte utarte til ei slags konkurranse mellom bygder, landsdelar og endåtil mellom land om å ha den eldste av dette eller hint.

Tekst: Øystein Ekroll, arkeolog og førsteamanuensis ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider.

Aldersverdien trumfar både kvalitet og mengde, og har utvikla seg til å bli ei slags tvangstrøye for studiet av bygningar. Dette har fått uheldige utslag som t.d. fjerning av yngre bygningsdelar eller inventar for å la det eldste dominere over seinare endringar og tilbygg. Dette har vi mange døme på, særleg frå tida ca. 1850 – 1950, med såkalla «tilbakeføring» av kyrkjer til ei tenkt original tilstand.

Restaureringa av Nidarosdomen, som i år rundar 150 år, er det beste – eller verste – dømet på dette her i landet. Frå 1869 og framover vart alle etter-reformatoriske endringar og påbygg systematisk fjerna og erstatta med rekonstruksjonar av 1100- og 1200-talsarkitektur. Alt inventaret vart også kasta ut og erstatta med inventar i nyromansk og nygotisk stil.

Korleis beskrive det du manglar ord for? Dei første som skildra gamle steinkyrkjer på 1700- og tidleg 1800-tal mangla ikkje berre dateringar, men også eit språk eller ordtilfang for dette. Det vanlege var å datere ein bygning til dei «katholske», «papistiske» eller «før-reformatoriske» tider utan nærare datering. Ordet «romansk» vart oppfunne i Frankrike på 1820-talet, og før det vart gjerne ordet «byzantinsk» brukt om bygningar med halvrunde bogar.

FORTIDSMINNEFOREININGA SOM PIONÉR Kunnskapen om sikker datering av bygningar oppsto også ved midten av 1800-talet. Fortidsminneforeininga starta ei systematisk oppmåling av kyrkjer som vart rekna som mellomalderske, og det skapte grunnlaget for eit systematisk studium og samanlikning av bygningane. Nokre få kyrkjer hadde også innskrifter som fortalde litt om kven som bygde, kva for ein helgen dei var vigde til og dato for vigslinga. Men faste dateringar i form av årstal var reine og sjeldne unntak.

På same tid starta den systematiske utforskinga og trykkinga av skriftlege kjelder som kongesoger og brev, og av og til fanst det opplysingar om bygningar i dette materialet. Eit godt døme er opprekninga av byggearbeida til kong Håkon Håkonsson på slutten av soga hans, som daterer t.d. Håkonshallen og Avaldsnes kyrkje.

Ukritisk bruk av skriftlege opplysingar førte også til at nokre kyrkjer vart gjort langt eldre, t.d. Moster kyrkje. Soga om Olav Tryggvason fortel at han bygde ei kyrkje på Moster, og den ståande steinkyrkja vart derfor ukritisk datert til år 995. Paradoksalt nok var dette med på å redde kyrkja frå riving, og Fortidsminneforeininga kjøpte kyrkja i 1874 nettopp fordi ho skulle vere den eldste i landet.

På same måte var Nidarosdomen lenge rekna for å innehalde delar av både Olav Haraldssons Klemenskyrkje og Harald Hardrådes Mariakyrkje frå 1000-talet. Tradisjonen med svært tidlege dateringar heldt seg langt inn på 1900-talet, t.d. i Johan Meyers kapittel i Norges kunsthistorie I-II frå 1925. Han daterte Moster til år 995, og

I ÅR ER det 150 år sidan restaureringa av Nidarosdomen starta i 1969, eit døme på det artikkelforfattaren kallar «ein såkalla ‘tilbakeføring’ av kyrkjer til ei tenkt original tilstand» - i dette tilfellet slik ein meinte kyrkja såg ut på 1100- og 1200-talet. Fotografiet er frå 1857. fleire andre steinkyrkjer til 1000-talet, t.d. Spangereid, Tromøy, Oddernes og Tveit på Agder eller Værnes i Trøndelag (ca. 1080). Dette trur ingen på lenger.

«ELDRE ENN» OG «YNGRE ENN» Med utviklinga av kunsthistorie som metode kunne dei norske steinkyrkjene settast inn i ein internasjonal kontekst og dermed daterast i høve til utanlandske kyrkjer med sikrare datering. Men då dukka eit anna spørsmål opp: Var dei norske kyrkjene samtidige, eller tok det lang tid før internasjonale impulsar nådde oss? Mange rekna det som sannsynleg at det siste var sant, og at dei norske kyrkjene derfor måtte daterast yngre enn i t.d. England eller Danmark. Dette synet var ein refleks av oppfattinga av Noreg som ein utkantprovins utan direkte kontakt med internasjonale sentra, men at impulsane hadde gått gjennom både to og tre ledd før dei nådde hit (retardering). Derfor vart mange kyrkjer daterte urimeleg langt opp i tid.

DENDROKRONOLOGISK analyse av takstolane fortel at tømmeret i Hustad Kyrkje på Inderøya i Trøndelag vart hogd vinteren 1162/63. Under: Hustad teikna av Chr. Christie i regi av Fortidsminneforeininga på slutten av 1800-talet. Kyrkja er i dag foreininga si eigedom.

Etter kvart svikta det faglege grunnlaget for begge måtane å datere på, og det oppsto ein uvilje mot absolutte dateringar når det ikkje var grunnlag for det. I Norges kunsthistorie 1-7 frå 1981 er Hans-Emil Lidén svært atterhalden med faste dateringar, men prøver heller å datere kyrkjene relativt, dvs. «eldre enn» og «yngre enn», og stille fleire kyrkjer saman i grupper bygd av same handverkarar i ein tradisjon tufta på steinmateriale, dekorasjonar og former. Dette var mindre risikabelt, for det var stadig svært få sikre dateringar og desto meir synsing på dette fagfeltet. DENDRO: EIN GOD TENAR OG FARLEG HERRE Det store kvantespranget for datering skjedde i 1980-åra med utviklinga av dendrokronologien og oppbygginga av sikre kurver for datering av tømmer. Kyrkjer med bevarte takverk fekk dermed ei langt sikrare datering. Men det må understrekast at det er berre fellingsåret for tømmeret som blir datert, ikkje bygginga av takverket. I dei fleste tilfelle er takverka reiste 1-2 år etter fellinga av tømmeret, så dendro er eit godt verktøy. Svært ofte stemmer også dateringa av tømmeret nokså godt med den tidlegare stilhistoriske dateringa.

Men det er unntak som er vanskelege å forklare. Tømmeret til takverket over koret i Skaun kyrkje i Trøndelag er felt vinteren 1270-71 og over skipet vinteren 1278-79. At koret er gjort ferdig og teke i bruk litt før skipet er ein typisk framgangsmåte i mellomalderen. Men den stilhistoriske dateringa av portalane og vindauga tyder på ei datering minst eit halvt hundreår tidlegare, til første tiåra på 1200-talet. Det er ingen spor etter brann eller at eit eldre takverk er skifta ut.

Sameleis er tømmeret til takverket over skipet i Vestre Slidre kyrkje i Valdres felt ca. 1268. Stilhistorisk er kyrkja romansk, og har vore rekna som oppført i andre halvdel

TVILSOM KJELDE: Snorre Sturlason fortel i Kongesagaene at Olav Tryggvasson gjekk i land på Moster i 995 for å krevje Noregs krone og at det så vart bygd ei kyrkje på same staden. Dette gav grunn til at ein lenge meinte at Moster gamle kyrkje er Noregs eldste. Seinare forsking tyder på at kyrkja som står der i dag er frå 1100-talet. Foto: Fortidsminneforeningen

NY TEORI: I februar 2019 hevda ei gruppe forskarar at Rygge kyrkje i Østfold kan ha vorte reist av Sigurd Jorsalfare (1090-1130) rundt 1120, noko som vil gjere den til Noregs eldste. Urnes stavkyrkje er dendrodatert til 1130-talet. Foto: Hans A. Rosbach/Wikimedia Commons

av 1100-talet. Men dendrodateringar tyder på at skipet kom under tak nesten hundre år seinare. Her er det heller ikkje funne spor etter brann eller eldre takverk. Kva er forklaringa? Eit mellombels takverk? Sto skipet lenge utan tak? Eller er den stilhistoriske utviklinga i Valdres heilt ulik resten av landet?

Når det gjeld det aktuelle spørsmålet om alderen på Rygge kyrkje er tømmeret til takverket over skipet hogd på slutten av 1160-talet, yngste bevarte årring er 1169 (Storsletten 2002: 24). Skipet kom dermed under tak tidleg i 1170-åra. Murverket viser derimot klart at koret og apsis er eldre, men kor mykje eldre? Takverket over koret er fornya, og kan ikkje gi svar. Jordlaga under golvet kan innehalde svar på dette spørsmålet, men er heller ikkje arkeologisk undersøkt. Dersom koret skulle vere bygd tidleg på 1100-talet, må kyrkja ha stått halvferdig i nesten to generasjonar. Er det sannsynleg i ei så rik bygd?

EI GÅTE: Tømmeret til takverket over både koret og skipet i Skaun kyrkje i Trøndelag er felt på 1270-tallet, mens den stilhistoriske dateringa av portalane og vindauga tyder på ei datering minst eit halvt hundreår tidlegare, til første tiåra på 1200-talet. Det er ingen spor etter brann eller at eit eldre takverk er skifta ut, noko som gjer dette til ei gåte. Foto: Erlend Estenstad, Wikimedia Commons

Det er ingen enkle svar på slike spørsmål. Datering av ein bygning utan skriftlege kjelder kan ikkje berre bygge på eitt element som takverk eller murverk. Bygningsarkeologi er å kombinere det som står over bakken med dei spor som er bevart under bakken, eit samarbeid mellom både arkitektur, kunsthistorie og arkeologi. Slike undersøkingar er det knapt utført her i landet. Vil Fortidsminneforeininga gå foran med eit godt eksempel?

ARKITEKTER MED SPESIALKOMPETANSE

JAN BAUCK ARKITEKTKONTOR AS JENS EBBE NORUM SIVILARKITEKTER MNAL

BOGSTADVEIEN 27B, 0355 OSLO 22 04 93 00 / firma@janbauck.no www.janbauck.no

ARKITEKTRÅDGIVING KULTURMINNEVERN RESTAURERING REHABILITERING OM- OG TILBYGGING VERNEDE OG FREDEDE BYGG

WWW.ENERHAUGEN.COM POST@ENERHAUGEN.COM TLF.: 22 80 63 70 TRONDHEIMSVEIEN 100 0502 OSLO V/CARL BERNERS PLASS

ANNONSERE I FORTIDSVERN?

KONTAKT Per Olav Leth telefon 918 16 012 per.olav@storybold.no

16. DESEMBER 2019 FYLLER FORTIDSMINNEFORENINGEN 175 ÅR VI INVITERER TIL FAGSEMINAR

Fortidsminneforeningen arrangerer jubileumsseminar i Oslo på foreningens stiftelsesdato 16. desember. Som medlem er du hjertelig velkommen til å melde deg på. Informasjon om påmelding, sted og seminarprogram vil bli tilgjengelig på våre hjemmesider www.fortidsminneforeningen.no i løpet av høsten, men hold av datoen allerede nå! I forlengelsen av seminaret inviterer vi også i år til vår tradisjonelle julebisp.

HOLD AV DAGEN!

Slik ser den ut, stiftelsesprotokollen fra 1844, en 175 år gammel «Indbydelse til at indtræde i Foreningen til norske Fortids Mindesmærkers Bevaring».

Følg Fortidsminneforeningen på

This article is from: