17 minute read
Spiker for spiker i middelalderen
HÅKON MØRK-SOLAAS lærte å lage spiker på eit kurs i Harstad. Sjå og s. 93. Tradisjonshandverk er allsidig. Foto:Harriet M.Olsen, Sør-Troms Museum
SMEDEN SI ROLLE I ARBEIDET MED STAVKYRKJENE FØR OG NO
SPIKARAR VAR ÓG VIKTIGE I STAVKYRKJENE
Tømrarhandverket i mellomalderbygningar har vore i fokus i snart 30 år i Noreg. Fyrst gjennom Riksantikvaren sitt middelalderprosjekt frå 1991-99 og seinare gjennom Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram frå 2001-2015. Det har gitt eit fagleg løft for ein del handverkarar. Det er mykje trearbeid som har vore gjort i istandsetjingsarbeidet. Nokre smedar har levert verktøy, beslag eller spikar, men utan å bli fagleg involvert i særleg grad.
Tekst: Roald Renmælmo og Mattias Helje Foto: Roald Renmælmo
Det er ikkje uvanleg å få høyre at stavkyrkjene er bygd utan bruk av spikar. Det verkar å vere ei så vanleg oppfatning at det blir til og med fortalt av nokre omvisarar i stavkyrkjene. Trenaglar er mykje brukt i dei fleste stavkyrkjene og treverket i det meste av konstruksjonen er felt saman slik at det ikkje baserer seg på at det er spikaren som held det heile saman. Spikar er likevel viktig for mange delar av konstruksjonen, men vert gjerne brukt på stader der den ikkje er så synleg. Om ein ikkje leiter etter spikar så finn ein kanskje heller ikkje noko og sluttar av det at det ikkje er brukt spikar? Kan denne forenklinga ligge til grunn for at smeden så langt i liten grad har vore inkludert i det faglege fellesskapet som har arbeidd med stavkyrkjene våre? FORSKING ETTER BRANNEN I SÖDRA RÅDA Södra Råda gamla kyrkje var ei sponkledd tømmerkyrkje som vart bygd på 1320-talet på staden der det tidligare hadde stått ei eldre stavkyrkje. Innvendig dekormåling frå 13- og 1400-talet var det som gjorde kyrkja internasjonalt kjent. I og med reformasjonen gjekk den gjennom ein del endringar mellom anna då koret vart opna opp frå det som var eit lukka rom for berre presteskapet. På 1600-talet vart det gjort ytterligare endringar og forsterkningar av kyrkja.
Omkring år 1850 hadde befolkninga i Södra Råda kyrkjesokn vokse så mykje at det vart krav om ei større kyrkje. Det vart planar om å rive den gamla
UTSNITT AV DEKOREN på portalen frå Hylestad stavkyrkje. Motivet viser Sigurd Fåvnesbane som smir sverd. Dette kan vere ei samtidig kjelde som viser korleis smedane arbeidde på slutten av 1100-talet då dette motivet vart skore ut i tre. Vi ser smitonga, slegga, hammar, smisteet, avlsteinen og dei to belgane for blåselufta. Foto: Roald Renmælmo soknekyrkja og erstatte ho med ei heilt ny kyrkje i stein. Folkelivsforskaren Nils Månsson Mandelgren lukkast i få Kungliga vitterhetsakademin til å overta den gamla kyrkja i 1860. Seinare overtar det svenske Riksantikvarieämbetet forvaltninga av kyrkja. I år 2001 vart kyrkja totalskadd i ein påsett brann. Det vart snart bestemt at kyrkja skulle rekonstruerast slik den opphavleg vart bygd på 1300-talet, delvis som eit forskingsprosjekt under Göteborgs universitet. Rekonstruksjonsarbeidet som hadde vore i gang i ca. 10 år hadde kome til takkonstruksjonen og behovet for smidd spikar vart aktualisert i eit seminar i 2015 der nokre smedar vart invitert for å sjå på det bevarte smijarnet og spikaren frå kyrkja som vart teke vare på etter brannen.
Dei ulike handverka i prosjektet, tømring, spontekking og skogsarbeid vert kalla «moment» og eit moment på smiarbeid vart oppretta med Mattias Helje som «momentansvarlig».
For å gjennomføra ei undersøking av dei bevarte spikrane søkte han og fekk engasjement som gjestehandverkar ved Gøteborgs universitet med det finansiering for to månader arbeid. Målet med undersøkinga var i første hand å kome fram til kva typar av spikar som vart brukt i samband med bygging av kyrkja. Resultata av undersøkinga er samla i ein skriftleg rapport.
Det bevarte materialet utgjer omlag 300 kg spikar av ulike typar og frå ulike tider. Spikrane vart
OPPMÅLINGSTEIKNINGAR av smidde spikar frå materialet frå Södra Råda. Målestokk i centimeter. SPIKAR FRÅ VENSTRE: TYPE 1, hovud kring 15 millimeter i diameter, smidd i spikarlo med rundt hol med 8 millimeter diameter, ein 3 toms spikar veg 20 gram. Type 1 spikar finnast i lengder på 2 ½ tommar til 10 tommar. Datering 1320-talet. TYPE 2, spikar med avlangt hovud med form som eit åttetal, smidd i spikarlo med rundt hol med 6 millimeter diameter, 4 toms spikar veg omkring 10 gram. Datering 1320-talet. TYPE 3, hovud med nedbøygde kantar, smidd i spikarlo med firkanta hol og diameter på 5 millimeter, leggen er kvadratisk med skarpe hjørne, buttare spiss enn andre typar. Datering ca. 1400-tal. TYPE 4, hovud med fire fasettar, smidd i spikarlo med firkanta hol med ca. 4,5 millimeter diameter, tynn spiss og lengde ca. 3 tommar. Datering 15-1600-tal. TYPE 5, rektangulært hovud, smidd i ei spikarlo med rektangulært hol som måler 4 x 6 millimeter, leggen er rektangulær med tynn spiss, lengd ca. 5 tommar. Datering 1600-tal. TYPE 6, ein kraftig spikar med frå sida trekanta hovud, finnast i lengder frå 4 tommar til 14 tommar, hovudet kan ha vore smidd utan spikarlo. Datering 1600-tal. TYPE 7, spikar som har fått smidd hovudet gjennom at emnet er kløyvd ut og utsmidd til to hakar, finnast i storleik frå 4 – 8 tommar. TYPE 8, Sponspikar. «i stället för hufvud tjenar den tjocka på 1⁄4 tums längd utplattade ändan, som vid inslagning i takspånen böjer sig, 2 till 3 tum långa». Figuren er teikna av Mattias Helje.
sortert ved at dei maskinproduserte spikrane som var lette å skilje ut frå dei smidde fyrst vart plukka ut. Resten av dei smidde spikrane vart sortert etter form og produksjonsmåte i ulike haugar med dei ulike typane. Dei ulike typane kunne sidan få ei kronologisk ordning/datering frå 1300-tal til 1800-tal gjennom å samanliknas med referansespikar frå andre daterbare bygningar. Truleg byrjar maskinprodusert klipt spikar å brukast til reparasjonsarbeid på kyrkja etter at Kungliga Vitterhetsakademien tok over på 1860-talet, noko som dessverre framleis er rådande standard i restaurering av historiske bygningar både i Noreg og Sverige.
Av dei smidde spikrane var det to ulike typar som kunne tidfestast til 1300-talet. Den eine, type 1, er ein kraftig spikar med stort hovud i lengder frå 3” – 10”. Den andre, type 2, er ein betydeleg lettare spikar med eit lite ovalt hovud, ofte med forma som bokstaven B eller talet 8 og som har gitt den arbeidsnamnet åttetals spikar.
Fleire smedar har smidd spikar til Södra Råda. Erfaringane frå arbeidet og undersøkingane av dei originale spikaren er eit godt utgangspunkt for å gjere tilsvarande undersøkingar også i dei norske stavkyrkjene. I samband med restaureringsarbeidet på nokre av kyrkjene som vart istandsett i stavkyrkjeprogrammet, kom det opp spørsmål om spikar til spikring av sutak, tro og spon. Det vart ikkje prioritert å undersøkje original spikar og få smidd kopiar av denne, men i staden vart det brukt «den spikaren som ein hadde for handa». Dette skuldast mangel på kunnskap om spikar i stavkyrkjene og at smedar med kunnskap om mellomalderspikar ikkje har vore involvert i prosjekta. Det er uheldig for stavkyrkjene på lang sikt om vi ikkje tek alle delane av kyrkja på alvor. Ein ting er kjeldeverdien av dei ulike delane for oss handverkarar, men det kan vere kritisk for levetida til kyrkjene om det blir brukt spikar med andre eigenskapar enn dei originale som har halde i hundrevis av år.
DOKUMENTASJON OG OPPMÅLING På studiet i tradisjonelt bygghandverk på NTNU har vi dei siste åra hatt fokus på stavkyrkjer, og særleg Haltdalen stavkyrkje som er den einaste bevarte ståande stavkyrkja i Trøndelag. Her har vi gjort ei undersøking av veggtilene og korleis dei er laga, og det som har vore vestportalen i Haltdalen stavkyrkje, men som eigentleg har vore ein korportal i det som var tidlegare Ålen stavkyrkje.
Nokre av studentane arbeider med å byggje kopi av Haltdalen stavkyrkje til Middelaldergården på Trondarnes. I samband med det arbeidet er det gjort ein del inngåande undersøkingar av ulike slag og ulike festemidlar har fått eit særleg fokus. Trenaglar av ulike typar er undersøkt i eit eige forskingsprosjekt. I tillegg vart det snart klart at spikar ser ut til å ha vore viktig som festemiddel i enkelte av samanføyingane. Det vart snart klart at vi måtte til med eit eige spikarprosjekt knytt til stavkyrkjene.
For å få inntrykk frå fleire av stavkyrkjene i Noreg tok vi med studentane på ei vekes busstur våren 2017 der vi besøkte og studerte stavkyrkjene Heddal, Eidsborg, Røldal, Hopperstad, Urnes, Borgund, Uvdal og Nore. På Eidsborg fekk vi med oss Hans Marumsrud som var sentral i det siste restaureringsarbeidet på kyrkja. Hans har også teke vare på nokre originale spikar som har blitt til overs i samband med restaureringsarbeid på fleire av stavkyrkjene. Her fekk studentane øve seg på å måle opp og teikne nokre originale stavkyrkjespikar. Gruppa med studentar på studieretning teknisk bygningsvern hadde tidlegare i semesteret eit kurs der dei sjølv fekk prøve å smi spikar. Med bakgrunn i dei erfaringane arbeidde dei med dokumentasjon og oppmåling av smidd spikar av ulike typar på kurset, og seinare på rundturen der vi besøkte stavkyrkjene. EIN ORIGINAL SPIKAR FRÅ BORGUND For å få fleire smedar til å interessere seg for smidd spikar i stavkyrkjene har
Fortidsminneforeininga gjennom prosjektet Kulturminner for alle bidratt til å ta med to yngre smedar. Smedane Pål A. Lien frå Kvam og Alfred Pedersen frå Kongsvinger vart då med oss for å undersøkje både dei originale spikrane frå Borgund stavkyrkje og dei stavkyrkjene vi besøkte som ein del av prosjektet.
Den beste måten å studere den originale spikaren på var å gjere oppmålingar og studere detaljar for å prøve å smi kopi av den. Vi sette av to dagar i smia til Mattias i Lima og byrja med å få ei innføring i arbeidet med spikrane frå Södra Råda. Pål og Alfred fekk prøve seg på å smi dei to eldste typane av spikar frå Södra Råda, type 1 og type 2. Etter det gjekk vi laus på å smi spikar etter førebilete frå Borgund. Borgundspikaren kan tilsynelatande likne mykje på spikaren av type 1 frå Södra Råda, men er vesentleg lettare, noko mindre i diameter og har skarpe kantar. 3“ spikar frå Borgund veg berre kring 12 gram, medan Södra Råda spikar type 1 typisk veier 20 gram. Slik sett er vekta på borgundspikaren meir i tråd med spikar av type 2 frå Södra Råda. SMEDENS BIDRAG TIL STAVKYRKJENE Smedane har hatt ei sentral rolle i samband med bygging av stavkyrkjene. Dei har produsert verktøyet tømrarane har brukt i
FIRE SPIKARAR frå Borgund stavkyrkje.
arbeidet med tømmerhogst, materialproduksjon og samanfelling av emne. Her må det ha vore ein tett dialog mellom smed og tømrar for å utvikle, produsere og halde verktøyet ved like. Vidare har smeden smidd ulike typar av spikar etter dei behova som oppstår i byggjearbeidet i den enkelte stavkyrkja.
Ein vanleg besøkande i ei stavkyrkje vil truleg ikkje leggje merke til, eller tenkje over, at smedane har vore involvert i arbeidet gjennom å lage verktøyet og smi spikar? Dei fleste vil leggje merke til det dekorative smedarbeidet vi finn i mange av stavkyrkjene. Storslåtte dørbeslag og dekorerte flotte dørhengsle er det som er best synleg og utgjer ein sentral del av dei dekorative elementa i stavkyrkjene. Utforming, dekor og symbolikk er nøye planlagt og gjennomført med tanke på å inngå i ein heilskap. Smeden har ikkje berre vore ein likeverdig partnar med dei andre handverkarane i byggjearbeidet, men har vore premissleverandør for alt av trearbeid.
Kven var så smeden? Det er naturleg å tenkje seg at det har vore ein spikarsmed, ein verktøysmed, ein beslagsmed og kanskje ein eige smed til å smi hengslar og lås? Kvar av desse kan ha vore spesialiserte smedar, men det er likevel ikkje utenkeleg at ein og same smed kan ha gjort alt dette arbeidet. Smiing av spikar, verktøy og lås kan ha vore gjort av ein smed som har produsert «standard» produkt. Hengslar og beslag har nok vore smidd og utforma i tett samarbeid med tømrarane som gjorde arbeidet med kyrkja. Dette må vere tilpassa til, eller forma til, dørene er montert på.
SÆRS DYKTIGE SMEDAR Uansett er det liten tvil om at smiarbeidet i samband med stavkyrkjebygginga har vore gjort av særs dyktige smedar. Smeden i mellomalderen var nok ein del av eit fagmiljø der det var fleire dyktige smedar å samarbeide med, og lære av. I vår tid er vi opptekne av formalisert utdanning i handverksfaga og det er eit vanleg kriterie i samband med utlysing av oppdrag med restaureringsarbeid.
I smedfaget, som med andre handverksfag, er fagbrev den einaste formaliserte utdanninga i sjølve handverksutøvelsen. Ein nyutdanna smed med fagbrev i dag vil neppe vere i stand til å forstå smiarbeidet han møter i stavkyrkjene, og slett ikkje vere i stand til å kunne smi noko som ligg nær opp mot originalane. Slikt krev lang praksis og inngåande studiar av mellomaldersmiing ut over den grunnleggande innføringa i smedfaget. Her trengs det eit fagleg utviklingsarbeid på lik linje med det som har vore gjort kring mellomaldersk tømrararbeid.
I dag har vi ikkje bevarte smier frå 1100- og 1200-talet då mange av stavkyrkjene
vart bygd. Derimot finnast det arkeologiske utgravingar av smier og smiverktøy frå denne tida. Det mest kjende dømet er verktøykista frå Mästermyr på Gotland i Sverige som er tidfest til 1000-talet. Dei fleste smiene som i dag er bevart er frå seint 1800-tal eller seinare. Innreiing og verktøy i dei eldste av desse smiene er truleg ikkje mykje ulikt slik det kan ha vore i mellomalderen. Til oppvarming av jarnet vart det brukt trekull og lufta vart laga ved hjelp av ei eller anna form for blåsebelg. Eit godt døme på ei gamal tømra gårdssmie er den på Kongsjorden i Rollag som har dendrodateringar til 1560-62 og ein enkelt stokk til 1521. Smia måler om lag 7 x 7 alen og er innreidd ganske likt smier frå slutten av 1800-talet. SPIKAR TIL RESTAURERING AV STAVKYRKJER Våre funn så langt tyder på at dei eldste spikrane i stavkyrkjene har mange fellestrekk med spikar frå mellomalderen i Södra Råda kyrkje og andre referansebygg frå Sverige. Det vil seie at spikrane er vesentleg ulike i både form, funksjon og produksjonsmåte frå maskinprodusert spikar. Den vanlegaste smidde spikaren produsert frå 1700-talet og framover, skil seg også på både produksjonsmåte og i detaljar i form og funksjon.
I løpet av dei siste 25-30 år har tømrarar til ei viss grad vorte trekt inn i arbeidet med å forske på stavkyrkjene, i alle fall som diskusjonspartar med forskarar frå andre fag kring enkelte viktige fagspørsmål. Enn så lenge har ikkje tømrarar fått sleppe til som sjølvstendige forskarar med vitskapleg publisering av sitt arbeid. Eit døme på dette er boka som kom ut i samband med at Riksantikvaren avslutta sitt stavkyrkjeprosjekt i 2016. Ingen av handverkarane som har vore involvert i prosjektet er med blant forfattarane. Handverkarane
SPIKAR FRÅ BORGUND stavkyrkje. Spikaren har stort flatt hovud og er smidd i spikarlo som er rund og ca. 7 millimeter i diameter. Resten av leggen er smidd kvadratisk og med skarpe kantar. Spikaren er nokså tynn i spissen. Målestokk i centimeter. Teikning: Mattias Helje
i prosjektet vart heller ikkje involvert i det redaksjonelle arbeidet med boka. Til tross for dette er tittelen på boka «Bevaring av stavkirkene – Håndverk og forskning». Ein kan då spekulere i om handverk er teke med i tittelen for å skape eit inntrykk av at ein har inkludert handverkarane i forskinga?
SKAL IKKJE HANDVERKARAR DRIVE FORSKING? Det verkar som om Riksantikvaren og andre fagmiljø legg til grunn at handverkarar med relevant arbeidserfaring ikkje skal drive med forsking? Det er sjølvsagt bra at handverkarane framleis kan stå i handverket og ikkje vert plassert på eit kontor. Vår påstand er at tømrarar og andre handverkarar kan, og bør, bidra med sin kunnskap og erfaring i arbeidet med å forske på, og å bevare stavkyrkjene. Fagmiljøa, forskingsprosjekta og restaureringsprosjekta bør ta dette inn over seg og opne opp for at handverkarar kan bidra på sine premissar i dette viktige arbeidet. Dette fører også med seg eit ansvar for at vi som handverkarar er bevisste på den nye rolla som krev at vi opptrer som forskarar i eit større fagmiljø, og ikkje berre som «ekspertar» som vert spurt om råd.
Det er ei viss positiv utvikling å spore i form av at ein del erfarne handverkarar har byrja å gjere systematisk undersøkande arbeid og deler sine observasjonar med andre handverkarar på ulike måtar, som seminar, kurs, utdanning, artiklar, blogg eller sosiale media. Det byrjar å likne på fagmiljø der ein kan få konstruktive drøftingar kring spørsmål som handverkarane sjølv synast er viktige og relevante. Gjennom høgare utdanning i tradisjonelt bygghandverk kan vi også bidra til å utvikle fagmiljøa til å bli inkludert i «det gode selskap», blant dei som får vere med å legge premissane for relevant forsking på stavkyrkjene. Vidare at vi på ein god måte kan bidra med vår fagkunnskap i arbeidet med å bevare stavkyrkjene for ettertida.
I 2017 REISTE studentar i tradisjonelt bygghandverk på NTNU rundt og så på ulike festemidlar ved ein rekkje stavkyrkjer, blant dei Nore i Buskerud. TYPISKE EIGENSKAPAR I MELLOMALDERSPIKAR Overskrifta er kanskje i overkant ambisiøs sidan vi så langt ikkje har gjort meir enn ei kartlegging av nokre av stavkyrkjene og ikkje har hatt høve til å studere særleg mange
spikrar på nært hald? Likevel prøvar vi oss på å få fram det vi meiner er viktige trekk ved dei spikrane vi har funne så langt. Den spikaren Hans Marumsrud meiner å ha støtt på mest i sitt arbeid er den som er tilsvarande spikar type 1 frå Sødra Råda. Spikaren har stort hovud med diameter på 15-20 millimeter.
Stort hovud Spiss Kraftig konisk Mjukt jarn, ulegert smijarn med lite karbon Den smidde spikaren har bevart glødeskalet som gir naturleg rustbeskyttelse.
Roald Renmælmo (f. 1970) er universitetslektor i tradisjonelt bygghandverk ved NTNU - Institutt for arkitektur og teknologi. Han er Ph.d. stipendiat ved NTNU/Göteborgs universitet. Han har drive eige verksemd som tømrar og restaureringshandverkar.
Mattias Helje (f. 1970) er smed og driv si eiga smie i Lima i Sverige. Han har undervist i tradisjonell smiing på NTNU, Sätergläntan og Mittuniversitetet. Han har forska på spikar i Södra Råda kyrkje for Göteborgs universitet.
Kilder:
Oddvar Bjørvik, Riksantikvarens middelalderprosjekt 1991-1999 rapport, 2009. Mattias Helje. Medeltida byggnadsspik – En undersökning av spikmaterialet från Södra Råda gamla kyrkja. 2017 Karl Karmarsch. Lärobok uti Mekaniska Teknologien, Stockholm, P.A. Norstedt & Söner, 1838. Andreas Kirchhefer og Roald Renmælmo. Stavkyrkjene og handverksbasert materialanalyse, i årbok for Fortidsminneforeningen 2018. Henrik Jenssen, Ålen stavkirke; en gjenoppdagelse gjennom handverket - Å lage en middelalderportal, bacheloroppgåve i tradisjonelt bygghandverk NTNU, 2019. Frontini, Filippo, Jan Siem, and Roald Renmælmo. 2018. Load-Carrying Capacity and Stiffness of Softwood Wooden Dowel Connections. International Journal of Architectural Heritage 99(10): 1–22 Arne Berg, Norske Tømmerhus frå 1536-1650, Buskerud, Vestfold, Østfold. 2011 Bakken, Kristin. Bevaring av stavkirkene - Håndverk og forskning. Riksantikvaren, Oslo, 2016. FORTIDSMINNEFORENINGEN HAR KNYTTET til seg mange tradisjonshåndverkere med høy kompetanse. Her er møbelsnekker Håkon Mørk-Solaas fra Mysen på en samling i Harstad, som en del av aktiviteten til «Kulturminne for alle», et prosjekt i Fortidsminneforeningen. Foto: Fortidsminneforeningen
HÅNDVERK OG KULTURMINNEVERN
Mattias Helje og Roald Renmælmos artikkel om smedens bidrag til stavkirkene reiser noen interessante spørsmål omkring håndverkernes rolle i kulturminnevernet. Et fagfelt som tradisjonelt har vært dominert av akademikere. Men med et ensidig akademisk fokus, går verdier tapt. Både i form av praktisk kunnskap, nødvendig for å ta vare på kulturminnene, men også om håndverket som verdi i seg selv – vi snakker om vår immaterielle kulturarv.
Åtte av landets stavkirker er i Fortidsminneforeningens eie. Med det forvalter vi enorme kulturhistoriske verdier. Forskning omkring stavkirkenes opprinnelse og ivaretagelse er derfor høyst interessant. Kunnskapen om håndverksfagene som stod for den faktiske utførelsen, gjør oss i stand til å forvalte arven fra våre forfedre på en god måte.
Fortidsminneforeningen har de siste årene fokusert mer på bygningsvern og immateriell kulturarv. For tiden er spydspissen i dette arbeidet programmet Kulturminner for alle. Målet er å styrke og ta vare på våre tradisjonelle håndverksteknikker. Vi er heldige og har knyttet til oss en rekke tradisjonshåndverkere med høy kompetanse. I tillegg til å tilrettelegge for fagutvikling, er målet at håndverkerne skal videreformidle kunnskapen sin. Derfor støtter vi deltagelse av to yngre smeder i prosjektet om middelalderspiker. På den måten kan kunnskapen om tradisjonene føres videre, også til neste generasjon håndverkere.
Mathilde Sprovin
Leder bevarings- og opplæringsprogram Kulturminner for alle, et prosjekt i Fortidsminneforeningen