![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/1f18d6073fff9c5c365de5318b3f80a5.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
10 minute read
Eg og dei rundt meg Side
from Spire 3 Samfunnsfag
Kven er Per?
Eg heiter Per. Eg er 8 år. Hunden min heiter Bosse.
Advertisement
Eg er redd for ikkje å ha nokon å leike med. Nokre gonger er eg lei av å måtte vere flink. Eg likar ikkje å sparke fotball. Kristian er den aller beste venen min. Eg likar å drøyme meg vekk. Forventning Å forvente noko er å håpe at noko vil skje. Kva tenkjer andre om Per? Per er veldig snill. Han er ein hjelpsam gut.Per er flink til mykje, men han er litt rotete. Per er bestevenen min. Per er morosam å leike med. Dessutan er han god i fotball. Bestemor Per er ein koseleg gut. Han har god fantasi. VURDERINGSEKSEMPLAR Pappa Mamma
1 Kven trur de kjenner Per best? Kva tyder ordet forventningar? Kva forventningar trur de Per har til seg sjølv?
LESESPØRSMÅL Kva tenkjer Per om seg sjølv? Kva tenkjer dei andre om Per? Kva trur du læraren til Per forventar av han? Korleis trur du hunden Bosse ville ha skildra Per? Har du nokon gong tenkt nokre av dei same tankane som Per? Kva for nokre? a KVA LIKAR DU? b
Jobb saman med ein læringsven.
Skriv tre ting som du likar å gjere.
Skriv tre ting som du trur læringsvenen din likar å gjere.
Samanlikn svara dykkar. Eg har vore FLEIP!
Lærte de noko nytt i ein ubåt! om kvarandre? c SJØLVPORTRETT d FORVENTNINGANE DINE
Lim eit bilete av ansiktet ditt på eit ark. Lag eit tankekart. Skriv kva du forventar
Klipp ut bilete av klede, hår av deg sjølv når eller andre ting du likar, frå ulike blad. • • du er heime du er på skulen
Lag eit bilete av deg • du er med vener sjølv på ein ny måte.
FLEIP ELLER FAKTA? Lag ei liste med tre ting om deg sjølv som er sanne. Lag ei liste med tre ting om deg sjølv som er usanne. La ein ven gjette kva som er sant, og kva som ikkje er det. Byt roller. Kven klarte å gjette flest rette? Utstyr • bilete av ansiktet ditt • saks • lim • magasin/vekeblad 2 1 2 3 4 3 5 VURDERINGSEKSEMPLAR
Kven er du?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/e86e0ae62fa971e4f35285597ed0ab49.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/d7957efeb89973023deec6934d171d22.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Personlegdom Du er deg! Tankane, kjenslene, det du seier, og måten du oppfører deg på, gjer at du er deg. Vi kallar det personlegdommen din. Nokre er stille. Andre er pratsame. Vi oppfører oss ulikt etter kvar vi er, og kven vi er saman med. Sjølvbilete Sjølvbilete er dei tankane og kjenslene vi har om oss sjølve. Det andre seier, kan påverke deg mykje. Du blir lei deg dersom nokon seier noko sårande. Du blir glad når nokon seier noko fint til deg. VURDERINGSEKSEMPLAR Derfor er det viktig å gje komplimentar og snakke hyggjeleg til kvarandre. Då føler du deg trygg på deg sjølv og den du er.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/484147d3c5e25ab6857e130127766726.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1
a b c
Kva tyder ordet personlegdom?
Kva tyder ordet sjølvbilete?
Kva personlegdom trur de dei fire personane på side 4 har? LESESPØRSMÅL
Vel ein av personane på side 4. Skriv litt om personlegdommen som du trur personen har.
Korleis kan vi vite noko om kva sjølvbilete andre har?
Forklar ordet kompliment.
Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å få eit godt sjølvbilete?
Korleis føler du det når du gjer andre glad? EI HANDFULL KOMPLIMENTAR! Av læraren får alle eit ark med ei hand som de heng på ryggen med teip. Gå rundt og skriv ein positiv ting på handa til dei andre. Les kva for komplimentar du har fått av dei andre i klassen din. Lag ei fin utstilling med alle hendene som er fulle av komplimentar. SKRIV EIT BREV PAPIRDOKKE Utstyr • kopiark Skriv eit brev til ein som ikkje Bruk kopiarket • lim har møtt deg før. du får av læraren din. • fargeblyantar • garn Skriv og fortel om Teikn og fargelegg deg sjølv • kven du er akkurat som du ønskjer. Lim på garn til hår. • kor gammal du er Bakpå papirdokka kan du skrive namnet ditt • korleis du ser ut og fem ord som du synest skildrar kven du er. • • • kvar du bur kva du likar å drive med kva som gjer deg glad Fest ein tråd øvst på hovudet til papirdokka. Lag ei utstilling i klassen. Heng opp alle papirdokkene på ei lang snor.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/2f7b4c231006e78d3f51bfa492778530.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
SAMFUNNSFAG EN HÅNDFULL KOMPLIMENTER! Til læreren: Gjennomgå temaet med utgangspunkt i side 4–5 i Spire 3 Samfunnsfag. Spire 3 Samfunnsfag © GAN Aschehoug 2021 – kopiering tillatt Heng arket på ryggen din med teip. La alle i klassen skrive et kompliment til deg inni hånda. Klipp ut hånda og heng den opp et sted hvor du kan lese de hyggelige tingene de andre har skrevet om deg. 2 1 2 3 4 3 5 VURDERINGSEKSEMPLAR 5
Før de les: Legg handa di på eit ark og teikn rundt. Skriv «Vis respekt – få respekt» inni handa du teikna. Fargelegg teikninga.
Eg er høg! Eg har nedsett funksjonsevne. ... og eg er låg. Eg brukar briller.
Håret mitt er raudt og stritt. ... medan mitt hår er svart og krøllete. Huda mi er kvit.
Eg har brun hud. Når du ser deg rundt i klassen din, ser du at alle er ulike. Skilnadene utanpå kroppen er synlege. Tankane og det som er inni oss, er skilnader som vi ikkje kan sjå. Alle menneske er like mykje verde. Ingen er meir verdifulle enn andre. Du er like verdifull som klassekameraten din ved sida av deg – sjølv om de ser forskjellige ut og tenkjer ulike tankar. Du viser respekt når du godtek at klassekameraten din ser annleis ut enn deg og tenkjer annleis enn deg.
Likeverd tyder at Øyra mine er store. Likeverd VURDERINGSEKSEMPLAR alle er like mykje verde.
1
a b c
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/b18770c2dad5b013d5a04a76b7294e84.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Kva tyder «Vis respekt – få respekt»?
Kva meiner vi med at alle menneske er like mykje verde?
Korleis ville det ha vore dersom alle menneske var like? LESESPØRSMÅL
På kva måte skil du seg frå dei andre i klassen din?
Kven i klassen er du mest lik? Kvifor?
Kva vil det seie å vise nokon respekt?
Kvifor er alle menneske like mykje verde?
Kva for ei av snakkeboblene på side 6 skildrar deg best? LIKT OG ULIKT Snakk med ein læringsven. Finn ut korleis de er like og ulike. Set opp eit skjema. LIKE MYKJE VERDE! Lag ei teikning av ein rik person og ein fattig person. Skriv ein tekst om kvifor dei to er like mykje verde.
Utstyr • kopiark • fargeblyantar • saks Alle passar inn i det store puslespelet! HÅR INTERESSER MAT AUGEFARGE
Bruk desse hjelpeorda:
KLEDE BUSTAD RELIGION SØSKEN VI HØYRER SAMAN Teikn eit portrett av deg sjølv i puslebrikka. Fargelegg. Heng alle puslebrikkene på veggen slik at det blir eit stort puslebilete. Skilnader
Finst det fleire måtar å vere rik på?
Likskapar
Skilnader 2 1 2 3 4 3 5 VURDERINGSEKSEMPLAR
Venskap Kjære dagbok! Eg er så lei meg! Det kjennest som om eg har ein stor klump i magen, og at eg har vondt overalt. Det er vanskeleg å sjå det eg skriv. Tårene mine berre renn! Eg må fortelje kva som har skjedd. Då eg kom på skulen i dag, var alt som vanleg. Lea og eg var i skulegarden og leika saman. Lea er besteveninna mi. Eller er ho det? Plutseleg kom Mie og sa ho måtte snakke med Lea. Etter ei stund såg eg dei saman på klatrestativet. Eg spurde om å få bli med, men då fniste dei og rista på hovudet. Midt i timen fekk eg ein lapp frå Lea. Der stod det at vi ikkje er bestevener lenger! Eg fekk vondt langt inn i hjartet. Mamma og pappa veit ingenting. Dei forventar at eg skal gjere lekser, men eg klarer ikkje å tenkje på noko anna. Synest du eg skal fortelje mamma om det som har skjedd, kjære dagbok? Vi er ikkje bestevener meir. Klem frå Johanna VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/357126ea010e3d310547cb43d8baf622.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/13f355130c51472d98aa4ada8ddbdbf2.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
a b LAG DI EIGA DAGBOK c DILEMMA
Slik gjer du det: Snakk saman med ein læringsven.
Brett eit farga A4-ark i to. Tenk deg at du er invitert i bursdag til
Gjer det same med alle dei ein i klassen. Du får vite at bestevenen kvite arka. Legg dei kvite arka inni din, som også går i klassen, ikkje har det farga arket. Pass på at dei ligg jamt. fått invitasjon. Kva gjer du?
Tvinn trådane til ei fin snor.
Lag hòl i arka med hòlmaskina.
Træ snora gjennom hòla og lag ein knute. Lag ei fin framside. d GLAD ELLER TRIST? Mål eit bilete som handlar om å vere glad eller å vere lei seg.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/aebcc64ccd701bc4c6816d99d7805e02.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Kva meiner vi med venskap? Utstyr • farga A4-ark • 10 kvite A4-ark • hòlmaskin • farga garn I ei dagbok kan du skrive tankane dine, så slepp du å ha alle tankane i hovudet. Nokre gonger kan det vere fint å teikne eller måle tankane sine. Då blir tankane til DAGBOK Det har gått ei veke sidan Johanna var lei seg og skreiv i dagboka. Tenk deg at du er Johanna. Kva har skjedd etterpå? Skriv ei side i dagboka og fortel korleis du har det no. LESESPØRSMÅL Kvifor er Johanna lei seg? Kva synest du om det Lea gjorde? Kva forventar foreldra at Johanna skal gjere? Kva synest de Johanna bør gjere? Kva ville du ha gjort dersom du opplevde det same som Johanna? Korleis bør ein god ven vere? Kva er ei dagbok, og kvifor skriv Johanna i dagboka? Utstyr • måling • pensel • ark 2 1 2 3 4 3 5 VURDERINGSEKSEMPLAR noko anna.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/3cacdc93a810528d8938fa8b20f7634d.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/4ee7eb56a79a0bf501d0c80e68122542.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/6cfe371bf9149fd780621e6b6c02a8df.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/ddd2b70fb0a3e11dbe0d7b6f84234fc7.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Innanfor eller utanfor? Sjå, Hanne! Thea viser den nye genseren sin.
Den var stygg! Einig! Kvifor har Thea alltid nye klede? Er ho bortskjemd, eller? Vi skriv at genseren er fæl! Det har ho godt av, den bortskjemde ungen. No er vi ganske slemme … Thea er jo alltid snill. Kanskje Siri ikkje vil vere ven med meg om eg seier imot henne?
Skal vi spele Minecraft? Vi droppar Jørgen, ikkje sant? Ja! Kvifor vil dei ikkje ha meg med? Kvifor skriv dei alltid slemme ting om meg? Den genseren er nesten like stygg som deg!
Sorry, men det er ikkje plass til alle tre i huset. Yosef, Storm og Jørgen sit heime på romma sine. Jørgen sender ei melding til Yosef og Storm. Siri og Hanne ser på nettbrettet saman. Dei tullar og ler når dei ser på bilete og filmar venene har delt. Situasjon A Situasjon B 21 3 VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/fbe50806cb1031ec43e07ea24da2fbce.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/b8fd7c94074e63c90eb0c96b740d3aa9.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/fa4aa19448f8b90e26813c1c78ea0a20.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1 Kva meiner vi med å vere innanfor eller utanfor?
Kvifor er det viktig å ikkje føle seg utanfor? Korleis kan vi få andre til å føle seg innanfor?
FELLESSKAP
Tenk deg at du er ein av ungane i ringen.
Lag ein tekst eller ei teikning som fortel korleis du får guten som er utanfor ringen, med i fellesskapet.
Fellesskap tyder å høyre til i ei gruppe. b c
INNANFOR – UTANFOR
Jobb tre og tre saman.
Lag eit rollespel av anten situasjon A eller situasjon B.
Korleis ordnar de opp slik NETTVETTSPILLET at ingen er utanfor? d
2 3 LESESPØRSMÅL 1 Kvifor sender Jørgen melding til Yosef og Storm? 2 Kva er den eigentlege grunnen til at Jørgen ikkje får vere med, trur du? 3 Kva er felles for situasjon A og situasjon B? 4 Kva synest du om det Siri og Hanne skriv til Thea?
Kva ville du sagt til Siri og Hanne om du hadde møtt dei? NETTVITSPELET Har du godt nettvit? Spel Nettvitspelet saman med ein læringsven. SPEL MINECRAFT Lag ei verd i Minecraft der alle i klassen kan vere med! Nettvit handlar om korleis ein bør oppføre seg på internett og i sosiale medium.
5 VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/74ad7b6942a82293e0e1bf9d85078bc2.jpeg?width=720&quality=85%2C50)