5 minute read

Utforsk: Vatn Side

Vatn

Vi skal besøkje ulike land for å sjå om dei får oppfylt denne retten! Alle har rett til reint vatn. Det har FN bestemt. Alle har rett til reint vatn! De har nettopp fortalt klassen dykkar at de er plukka ut av FN til å delta på ei reise rundt i verda. På reisa skal de finne ut om alle barn har tilgang til reint vatn. Dette skal de lage ei bok om. Før du reiser, er det viktig å vere godt førebudd. Derfor må du gjere følgjande: 1 Fyll eit glas med kaldt vatn frå springen. Drikk vatnet, og kjenn på kjensla du får når det kalde vatnet renn nedover halsen din. 2 Lag framsida til boka. Skriv tittelen «Alle har rett til reint vatn!». Teikn eller lim på eit bilete du synest passar. Skriv namnet ditt på boka. 3 Lag ei side i boka om det FN har bestemt om vatn. 4 Skriv opp alt du brukar vatn til i løpet av ein dag. 5 Fotoutstilling om vatn: Ta bilete av vatn heime og på skulen heile perioden du arbeider med temaet. VURDERINGSEKSEMPLAR

Advertisement

Første stopp: India

India

Når de er vel framme etter ei lang reise heilt til India, ønskjer Basu dykk velkomne. Eg heiter Basu. Eg bur i Varanasi i India. Byen ligg ved den heilage elva Ganges.

Dagen etter blir de med Basu til elva Ganges.

Ved Ganges yrer det av liv. Nokre badar, andre vaskar klede, og mange fyller kanner med drikkevatn.

Det brenn fleire store bål langs elvebreidda, og Basu fortel at dei døde blir kremerte her.

Folk kjem hit frå heile India fordi elva er heilag. Dei tek vatnet med heim som gåver og gjev til dei sjuke for at dei skal bli friske. 500 millionar indarar er avhengige av vatnet frå Ganges som drikke og for å vatne jorda sine. 6 Lag ei fin overskrift i boka: India og Ganges Set inn eit kart over India. Teikn inn New Delhi og elva Ganges på kartet. 7 Finn bilete av livet ved Ganges. 8 Skriv det du veit om vatnet i Ganges. 9 Kva bør indarane gjere slik at alle som bur langs Ganges, kan få reint drikkevatn? A Snakk med ein læringsven. B Diskuter i klassen. 10 Gjør forsøket: «Reinse sølevatn». Bruk kopiarket du får av læraren din. Lag ei side i boka. Skriv ein rapport om korleis du gjennomførte forsøket, og korleis det gjekk.

• Hovudstad: New Delhi • Innbyggjarar: 1,32 milliardar • Språk: hindi og engelsk • Religion: hinduisme, islam, kristendom og sikhisme Mange blir sjuke og døyr fordi vatnet i Ganges er så forureina. Det må bli slutt på å kaste boss, sleppe ut kloakk og giftige stoff frå fabrikkar i den heilage elva vår! I Noreg blir vatnet reinsa på eit vassverk slik at det er trygt å drikke. VURDERINGSEKSEMPLAR

Reisa går vidare til Tyrkia

Tyrkia

De reiser vidare til Tyrkia. Saman med tyrkiske Fathi køyrer de den smale og bratte vegen opp til kanten av Atatürkdemninga. Trygt oppe peikar Fathi utover den store dammen. De lurer på om det er nok vatn att til landa og folket som bur lenger ned langs elva. Fathi ristar på hovudet og ser trist på den nesten tomme elva nedanfor demninga. Folk i Syria og Irak er sinte fordi det er så lite vatn att i Eufrat. Dei treng også drikkevatn og vatn til jorda sine akkurat som oss. 11 Lag ei fin overskrift: Tyrkia – Atatürkdemninga Set inn eit kart over Tyrkia, Syria og Irak. Teikn inn elva Eufrat. 12 Finn bilete frå Eufrat og Atatürkdemninga. 13 Kven eig vatnet i Eufrat? A Snakk med ein læringsven. B Diskuter i klassen. 14 Les teksten i ramma og lag eit rollespel. 15 Finn ut kvar drikkevatnet heime i Noreg kjem frå.

Vatnet i elva Eufrat er demt opp for å skaffe nok vatn til å vatne jorda i områda rundt. Vassproblemet Roller: • ein tyrkisk bonde • ein syrisk bonde • ein tyrkar Den tyrkiske bonden får vatn frå Atatürkdemninga til jorda sine. Bonden frå Syria bur ved Eufrat, som er nesten tom for vatn. Den syriske bonden er ikkje fornøgd. Det er tyrkaren som styrer kor mykje vatn som blir sleppt ut i Eufrat og ned til Syria frå Atatürkdemninga. • Hovudstad: Ankara • Innbyggjarar: 76 millionar • Språk: tyrkisk • Religion: islam • Næringar: jordbruk, turisme og industri VURDERINGSEKSEMPLAR Korleis kan dei løyse vassproblemet saman slik at alle blir fornøgde?

Siste stopp: Sør-Sudan

Sør-Sudan

Det er tidleg morgon i Sør-Sudan. De er saman med Kvifor må de gå så langt for å hente vatn? • Hovudstad: Juba • Innbyggjarar: 12 millionar • Språk: engelsk • Religion: afrikanske religionar og kristendom • Næringar: jordbruk Salva og har allereie gått ein time i steikjande sol. Sveitten silar nedover ryggen. – Kor langt er det att til brønnen? spør du. Ved brønnen er det mange som ventar på tur for å fylle opp vasskannene sine. Nokre snakkar om at det snart må begynne å regne, for dei greier ikkje å hente nok vatn til dyra. De drikk lenge og vel før de fyller opp dei fire femliterskannene. De er stille på vegen heim. Salva ber dobbelt så tungt som dykk. Salva fortel at brønnen i landsbyen gjekk tom for vatn for eitt år sidan. Vi har prøvd å bore nye brønnar, men tørka har vart så lenge at grunnvatnet er borte. – Takk for at de hjelpte meg med å hente vatn, seier ho med eit smil. I dag treng eg berre å gå éin tur til brønnen, takka vere dykk. 16 Lag ei fin overskrift: Sør-Sudan. Brønnen. Set inn eit kart og bilete frå Sør-Sudan. 17 Kvifor må Salva gå så langt for å hente vatn? 18 Rekn ut kor mange liter vatn de henta saman med Salva. 19 Lag ei fin teikning av deg og Salva ved brønnen. 20 Finn ut kor mange liter vatn du drikk kvar dag. Bruk kopiarket du får av læraren din. Vi er snart framme ved brønnen. Då kan vi drikke litt. VURDERINGSEKSEMPLAR

This article is from: