Før de les: Skriv ned tre ting du har brukt vatn til i dag.
AR
Vatn
EM PL
Alle har rett til reint vatn. Det har FN bestemt.
SE
KS
Vi skal besøkje ulike land for å sjå om dei får oppfylt denne retten!
Alle har rett til reint vatn!
IN G
De har nettopp fortalt klassen dykkar at de er plukka ut av FN til å delta på ei reise rundt i verda. På reisa skal de finne ut om alle barn har tilgang til reint vatn. Dette skal de lage ei bok om.
ER
Før du reiser, er det viktig å vere godt førebudd. Derfor må du gjere følgjande: 1 Fyll eit glas med kaldt vatn frå springen. Drikk vatnet, og kjenn på kjensla du får når det kalde vatnet renn nedover halsen din.
D
2 Lag framsida til boka. Skriv tittelen «Alle har rett til reint vatn!». Teikn eller lim på eit bilete du synest passar. Skriv namnet ditt på boka.
VU R
3 Lag ei side i boka om det FN har bestemt om vatn. 4 Skriv opp alt du brukar vatn til i løpet av ein dag. 5 Fotoutstilling om vatn: Ta bilete av vatn heime og på skulen heile perioden du arbeider med temaet.
26
Ord å snakke om: tilgang • elvebreidda • heilag • forureina • kloakk