![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/3d18817d0036e257922961c07695c05b.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
3 minute read
Utforsk: Ei reise Side
from Spire 3 Samfunnsfag
Før de les: Finst det nokon kjende stader der de bur?
Eg har ei god nyheit! Hugsar de min gode ven Knut, som flytta til Trondheim? Han inviterer oss heim til seg og familien i Trondheim. Knut
Advertisement
Pappa På reise Tenk deg at du er på reise med familien din. Undervegs stoppar du opp for å gjere nokre oppgåver for å bli kjend med staden du reiser til. Det skal bli ei bok. Invitasjonen Pappa kjem inn i stova og smiler. Han peikar på telefonen sin medan han ser på deg og mamma. Mamma og pappa bestemmer at de skal reise til Trondheim når sommarferien startar. 1 Lag ei fin overskrift: Reisa til Trondheim 2 Sjå på eit kart. Kvar i Noreg ligg Trondheim? 3 Teikn flyet på veg til Trondheim. 4 Leit på kartet. Finn namn på nokre stader du flyg over med flyet. Dette er kapteinen. På Trondheim lufthavn Værnes er det sol og 23 gradar i dag. Ser de øya der ute i fjorden? Det er Munkholmen. I gamle dagar budde det munkar der. Det har også vore fengsel der. Dei som prøvde å rømme, drukna i fjorden. På veg heim til Knut På veg heim til Knut og familien i Trondheim køyrer de over ei elv. Det er Nidelva, som snor seg gjennom byen og renn ut i Trondheimsfjorden. Søk på internett: 5 Finn bilete av Nidelva og Munkholmen. Skriv det du veit om Munkholmen. 6 Finn ut kor mange som bur i Trondheim. 7 Kva heiter fylket som Trondheim ligg i? 8 Finn ut meir om Trondheim. Skriv ned det du finn ut. Velkomen til Trondheim! VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/b23f5427307928c26687fb54a0f39834.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
På oppdagingsferd!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/a45e5f2e963ff1ff682f88f8a77a8370.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
De står tidleg opp neste dag. Knut tek dykk med på ei oppdagingsferd i byen. Første stopp er ei kyrkje. Det er den største kyrkja du nokon gong har sett! Knut fortel at kyrkja heiter Nidarosdomen, og at ho blei bygd over staden der ein trur Olav den heilage blei gravlagd i år 1030. Olav den heilage er vikingkongen som gjorde Noreg til eit kristent land. Inne i kyrkja er det høgt under taket. Du blir nesten svimmel! Søk på internett: 9 Sjå på bilete av Nidarosdomen. Lag ei fin teikning av kyrkja. 10 Finn ut kor høgt det er under taket i Nidarosdomen. Bruk eit måleband: Mål opp den same lengda på golvet. 11 Skriv «år 1030» i søkjefeltet på Google. Kva finn du ut?
Olav den heilage
Inne i Nidarosdomen finn du eit lite hefte om Olav den heilage. Du les det som står der, og du grøssar. Tenk om det er sant! 12 Skriv fire setningar om Olav den heilage. 13 Snakk med ein læringsven. Fortel kvarandre kva de har skrive om Olav den heilage.
Opp ei trapp ...
Plutseleg seier Knut: «Bli med meg!» Vi følgjer etter han opp ei trapp og inn i ein mørk gang i kyrkja ... 14 Kva skjer vidare? Skriv ei forteljing om kva de oppdagar i kyrkja. Nidarosdomen er den mest kjende kyrkja i Noreg. Det tok 230 år å byggje henne ferdig. Kyrkja er nesten 1000 år gammal. Olav den heilage Etter at Olav den heilage blei drepen, blei det sagt at ein blind mann kom bort til han. Den blinde mannen tok blod frå den døde kroppen og gnei seg i auga med det. I neste augeblink kunne han sjå! Ei tid etter at Olav den heilage blei gravlagd, fann dei ut at dei skulle flytte leivningane hans til Nidaros. Det blei sagt at kinna hans var friske og raude. Skjegget, håret og neglene hadde vakse. Og ikkje minst: Han lukta godt! Folk trudde at Olav hadde uvanlege krefter, og at han var heilag. Det var slik han fekk namnet Olav den heilage. Etter dette reiste folk frå heile landet hit for å bli friske. Nokre av dei som er i kyrkja i dag, har kanskje reist hit av same grunn. Vi kallar dei som reiser til ein heilag stad, for pilegrimar. Ein veit ikkje heilt nøyaktig kvar i Nidarosdomen Olav den heilage VURDERINGSEKSEMPLAR er gravlagd.