17 minute read
Eg og samfunnet Side
from Spire 3 Samfunnsfag
Rettar RETTANE TIL BARN
Alle menneske på jorda har dei same rettane. Vi kallar rettane for menneskerettar. Menneskerettane er til for at vi skal føle oss trygge og leve eit liv i fridom. Du bur i Noreg. Du kan ete deg mett kvar dag. Du har eit hus å bu i. Du har ein familie som tek vare på deg. Du får legehjelp dersom du blir sjuk. Du har rett til å gå på skule slik at du kan få deg jobb når du er vaksen. Barn og vaksne i alle land i heile verda har dei Dei foreinte nasjonane (FN) blei same rettane som deg og foreldra dine, men danna i 1945. 51 land var med på å likevel er det mange som lever i ekstrem fattigdom. starte FN. Dei laga menneskerettane. Dei får ikkje det dei har rett på. I dag er 193 land i verda medlem av FN. FN arbeider med å løyse problem og skape fred på jorda. I 1989 laga FN eigne rettar som gjeld for alle barn i heile verda. Dei som bestemmer i eit land, skal passe på at rettane blir følgde.
Advertisement
Ein rett tyder at du har krav på noko eller rett på noko. Alle barn har rett til • eit namn og ein nasjonalitet • vern • ein stad å bu • hjelp når dei er sjuke • å tru på det dei vil • å ha det trygt og godt • å ete nok og rett mat • å drikke reint vatn • å gå på skule • tid til leik, fritid og kvile VURDERINGSEKSEMPLAR
1 Kvifor har alle menneske i verda dei same rettane?
Kva for tre rettar synest de er dei viktigaste? Korleis kan Noreg hjelpe barn i andre land?
3 1 2 3 4 5 b a c d FN-FLAGGET Her ser du korleis FN-flagget ser ut. Det viser eit verdskart som er omkransa av to olivengreiner. Søk på internett: Finn ut kva olivengreinene tyder. LESESPØRSMÅL Kva tyder ordet rett? Kven har laga menneskerettane? Kva arbeider FN med? Kven skal passe på at rettane til barn blir følgde? Kva for rettar kunne du ikkje klart deg utan? ALLE BARN HAR RETT TIL ... Jobb saman med ein læringsven. Lag ein fin plakat om ein av rettane på side 14. Fortel klassen om retten på plakaten dykkar. Lag ei utstilling i klassen med alle plakatane. KVEN OG KVAR? Mange menneske lever i ekstrem fattigdom. Kven er dei, og kvar bur dei? Jobb med oppgåvene på kopiarket som du får av læraren din. BARN AV REGNBOGEN! Vel deg ein av fargane i regnbogen. Mål innsida av handa di i denne fargen. Trykk handa di på eit blankt A4-ark. La målinga tørke før du klipper ut handa og limer henne på ein stor felles plakat. Bli einige i klassen om kva de skal skrive i midten av plakaten. SAMFUNNSFAGShare of population in extreme poverty, 2019 The share of individuals living below the 'International Poverty Line' of 1.90 international-$ per day. No data0% 0.1% 0.3% 0.5% 1% 3% 5% 10% 30% 50% 100% Source: World Bank PovcalNet Note: Figures relate to household income or consumption per person, measured in international-$ (in 2011 PPP prices) to account for price differences across countries and inflation over time. OurWorldInData.org/extreme-poverty • CC BY FATTIGDOM – KVEN OG KVAR? Til læraren: Gjennomgå temaet med utgangspunkt i side 14–15 i Spire 3 Samfunnsfag. Spire 3 Samfunnsfag © GAN Aschehoug 2021 – kopiering tillate Eit av berekraftsmåla til FN er å utrydde fattigdom i verda. Likevel lever veldig mange menneske i ekstrem fattigdom. Vi seier at menneske som har mindre enn 11 kroner å leve for kvar dag, er ekstremt fattige. Kartet du ser under, viser kvar det er mykje og lite fattigdom i verda. Studer kartet og svar på oppgåvene. 1 Kva land har flest menneske som lever i ekstrem fattigdom? 2 Nemn minst fem land som nesten ikkje har fattigdom. 3 Vel deg eit av landa som er mørkeraudt. Søk på internett. • Kva heiter landet? • Kva heiter hovudstaden? • Kor mange bur det der? • Kva lever dei av? Share of population in extreme poverty, 2019 The share of individuals living below the 'International Poverty Line' of 1.90 international-$ per day. No data0% 0.1% 0.3% 0.5% 1% 3% 5% 10% 30% 50% 100% Source: World Bank PovcalNet Note: Figures relate to household income or consumption per person, measured in international-$ (in 2011 PPP prices) to account for price differences across countries and inflation over time. OurWorldInData.org/extreme-poverty • CC BY Ingen Nesten ingen Nokre fattige (1–5 %) Ganske mange (5–30 %) Mange (30–100%) 15 2 VURDERINGSEKSEMPLAR
På nasjonaldagen til samane et vi nydeleg mat og gode kaker. På samisk har vi nokre eigne bokstavar. Vi har til dømes ein a med strek over: á. Den uttalar vi som ein lang aaa.
Alt på vår gáppte er handlaga. Bestemor har sydd gáppte til meg. Eg likar å sitje ved bålet inne i gamma og høyre på historier. Bestefar pleier å røykje fisk og kjøt. Det er godt! Samane kom til Noreg for meir enn 10 000 år sidan og var dei første menneska som levde her. Dei dreiv med jakt og fiske, og flytta dit naturen gav dei mat. Då Noreg fekk eiga grunnlov for omtrent 200 år sidan, blei ein veldig oppteken av alt som var «typisk norsk». Det blei bestemt at alle samar måtte lære å lese og skrive norsk. Dei fekk ikkje bruke det samiske språket lenger. Mange samiske barn blei tvinga til å bu på internatskular langt frå foreldra sine for å lære norsk. Då FN blei danna i 1945, blei ein opptekne av at samane måtte få tilbake rettane sine. Då forstod ein at samisk språk og kultur er like mykje verdt som det norske. I dag kan samane heldigvis bruke sitt eige språk og ta vare på samiske tradisjonar.
Vi er samar Hei! Vi går i 3. klasse på Drag skole i Hamarøy. kommune. På skulen vår kan vi velje mellom samisk og norsk. Nokre av oss har alle fag på samisk, medan andre har alle fag på norsk, men vi har gym og symjing saman. Det er kult at vi har vår eigen mat. Gáhkko smakar godt og er enkelt å bake. Mamma har sydd mi gáppte, og noko av tilbehøyret er vove av oldemor. Det er ikkje så Eg kan to samiske språk fordi mange som forstår samisk. Eg er mamma er frå eit nordsamisk område, veldig glad for at eg kan det. og pappa er frå eit lulesamisk område. Eg likar bidus! Det er ei god, tjukk suppe med mykje reinkjøt, poteter og gulrøter. Det er fint å kunne samisk. Eg likar å høyre historier om når stállo blir lurt av samen, for samen er så lur! Eg likar også å høyre på musikken til Keiino. Dei er kjempeflinke til å joike. SAMANE
Tonje Aslak Enny
Mathilde Elvira Ordliste • Gáhkko – klappekaker som blir steikte på takke eller i steikjeomn.
Gáppte – folkedrakta til samane. • Stállo – ein stor, sterk og dum skapning i samiske forteljingar. Han blir alltid lurt av samane.
á VURDERINGSEKSEMPLAR
1
Kvifor kan elevane på Drag skole velje mellom samisk og norsk på skulen? Kvifor har elevane symjing og gym saman, trur du? 3 Kva fortel elevane om kvardagen sin som viser at dei er stolte av kulturen sin?
LESESPØRSMÅL 1 Kvar ligg Drag skole? 2 Kva er ei gáppte? 3 Kvifor likar Enny å høyre historier om stállo? 4 Kva for samiske språk snakkar Aslak? 5 Kvifor blei det bestemt at alle samar måtte lære å lese og skrive norsk? DESIGN DI EIGA FOLKEDRAKT Bruk kopiarket du får av læraren din. Teikn og fargelegg slik du ønskjer at folkedrakta di skal sjå ut. STÁLLO Les sjølv eller høyr læraren din lese ei forteljing om stállo. Lag ei teikning frå forteljinga. d DEN STØRSTE ALLJOIKEN I VERDA
Enny likar å høyre musikkgruppa Keiino joike.
Det gjorde også 2000 elevar rundt om i Noreg.
Dei blei med på den største alljoiken i verda!
Skann QR-koden og bli med, de også!
FOLKEDRAKT Søk på internett. Finn bilete av samiske og norske folkedrakter. Samanlikn folkedraktene. Kva er likt, og kva er ulikt? Teikn opp to store sirklar. et kan sjå ut som forslaget nedanfor. Det som er likt, skriv du der sirklane møtest. Samisk folkedrakt Norsk folkedrakt
b c 2 a VURDERINGSEKSEMPLAR
Før de les: Tenk deg at alle i klassen din som har mørkt hår, får kvar sin is. Dei som har andre hårfargar, får ingenting. Er det rettferdig? Skriv og forklar svaret ditt.
Rettferd Rettferd er at alle får vere med på å bestemme.
Rettferd er at ein får same straff om ein gjer noko gale.
Rettferd er at alle deler likt. Rettferd er det fleirtalet bestemmer. Rettferd er at alle får mat, drikke, klede, hus og det dei treng for å leve. Rettferd er å ikkje gjere forskjell på folk. Rettferd er å få det du fortener. Er du snill, skal du ha det bra. Er du slem, skal du ha det vondt. VURDERINGSEKSEMPLAR
1
3 1 2 3 4 5 JUSTITIA b Rettferdsgudinna heiter Justitia. Ho hadde bind for auga, eit sverd i den eine handa og vektskåler i den andre. Kan du tenkje deg kvifor? Diskuter med ein læringsven før de les svaret på side 52 i boka. c d
Korleis veit vi at noko er urettferdig? RETTFERDIG LØP? Lag eit rollespel om skjelpadda, haren, hesten og fisken som skulle vere med på eit løp. Føreslå ein måte å gjere det på slik at konkurransen blir mest mogleg rettferdig for deltakarane. Gje døme på urettferd som de har høyrt om – anten i verda eller der de bur. Vel ut tre av svara på side 18. Snakk saman om kva de synest er rett. LESESPØRSMÅL Kven av ungane er du mest einig med? Kvifor? Kven av ungane er du mest ueinig med? Kvifor? Kva tyder det at fleirtalet bestemmer? Gje døme. Forklar ordet urettferdig med eigne ord. Har du opplevd noko som var urettferdig? Fortel. DILEMMA Jobb i grupper eller i par. Få ein bunke dilemmakort frå læraren. Trekk kort frå bunken og diskuter. SPØRJEUNDERSØKING Lag ei spørjeundersøking. Spør nokon i klassen eller nokon på skulen. Du kan stille spørsmålet: 2 a VURDERINGSEKSEMPLAR «Kva synest du er urettferdig?» Skriv ned svara du får.
Kom! Vi hoppar tau!
Åh! Du bestemmer alltid leiken! Opp med handa! Kva vil de finne på i fritimen? Eg vil velje først! Eg vel det same som Anne ...
Eg blir nok vald til sist. No må du rydde rommet ditt, Per! Situasjon D
I friminuttet ... Heime ... I klassen ... På trening ... Å bestemme Barnelova er ei lov som gjeld for alle norske barn. I barnelova står det at barn over 7 år har rett til å seie meininga si. Dei vaksne skal høyre på og ta omsyn til det barnet meiner. Etter kvart som du blir eldre, kan du bestemme stadig meir. Når du er 12 år, skal meininga di ha noko å seie i dei fleste saker, men det er framleis foreldra dine som bestemmer over deg. Dei skal gjere det dei meiner er best for deg. KVEN BESTEMMER? Situasjon B Situasjon C Situasjon A VURDERINGSEKSEMPLAR Det er først når du fyller 18 år at du bestemmer heilt over deg sjølv. Dei som er over 18 år, er myndige.
1
Sjå på situasjon A: Kva synest de om denne måten å dele inn lag på? 3 a b c d e DILEMMA Jobb i grupper eller i par. Du har lyst å begynne på turn, men foreldra dine seier nei fordi det er langt å køyre til turnhallen. Foreldra dine melder deg inn SLIK GJEKK DET ... Vel ein av situasjonane på side 20. Lag ei teikning som viser korleis det gjekk til slutt. DERSOM EG FEKK BESTEMME ... Korleis ville dagen din vore dersom du fekk bestemme alt ein heil dag? Skriv og fortel om din draumedag. KOR MYKJE BESTEMMER DU? Tenk gjennom i kva situasjonar du bestemmer mykje, litt eller ingenting. Lag ein tabell slik du ser her. Set kryss i tabellen. Samanlikn svara dine med svara til ein læringsven. Kva råd vil de gje til trenaren slik at ingen treng å vere redd for å bli vald til sist? Kva kan ungar på dykkar alder bestemme sjølve? Lag ei liste i fellesskap. LESESPØRSMÅL Korleis kan dei to jentene i situasjon B bli einige om leiken? Kven bestemmer over Per i situasjon C? Kven er det som får bestemme fritimen i situasjon D? Forklar ordet urettferdig med eigne ord. Tenk deg: Klassen din har vunne 10 000 kroner i ein konkurranse. Kven bestemmer kva de skal bruke pengane på? ROLLESPEL Jobb saman tre og tre. Lag eit rollespel til situasjon B. Roller: ein lærar og dei to jentene i situasjon B. Finn ulike løysingar på situasjonen. Vis rollespelet for klassen. Mykje Litt Ingenting I klasserommet På trening I Noreg I friminuttet Heime På rommet ditt I hovudet ditt Andre stader? 1 2 3 4 2 5 VURDERINGSEKSEMPLAR i skulekorpset. Du har eigentleg ikkje lyst å spele i korps. Kva gjer du?
Elevrådet ordnar opp! 1 Doen på skulen er tett nok ein gong.
Låsen verkar heller ikkje. 3 Elevrådsrepresentantane diskuterer saka i klassens time. Alle i klassen er einige. 5 Leiaren i elevrådet tek saka vidare til rektor. Ho fortel kva elevane meiner.
6 To månader seinare ... Elevråd: Alle skular skal ha eit elevråd. I elevrådet er det med elevar frå alle klassar på skulen. Dei er valde av dei andre elevane i klassen sin. Vi kallar dei for elevrådsrepresentantar. På elevrådsmøta vel elevrådet ut kva for saker dei meiner at skulen bør gjere noko med. I eit møte med rektor legg elevane fram ønska frå elevane. Slik er elevane med på å bestemme.
2 Læraren kjem ... Uæ! Eg orkar ikkje å gå på den doen!
Har de saker til elevrådet? Doane er alltid tette, og låsane er dårlege. No er det på tide å gjere noko. Vi vil ha nye doar! 4 På elevrådsmøtet diskuterer dei saka. Ein lærar følgjer med på at det skjer på rett måte.
Doane har vore dårlege i mange år. Vi meiner at ... Er toaletta tette, seier du? Slik kan det ikkje vere. Eg skal sjå kva vi kan gjere.
Det hjelpte å seie ifrå. No er dokøen lang! Tett igjen? De kan ta opp saka i elevrådet. Elevane vil ha nye toalett fordi ... Æsj! Det stinkar! No er eg lei! VURDERINGSEKSEMPLAR
1
a OM EG VAR REKTOR ... b
Tenk deg at du er rektor.
Kva ville du gjere for at skulen din skulle bli den beste i Noreg?
Korleis skulle du få elevane til å bli dei flinkaste, greiaste og mest høflege i landet?
Skriv og fortell. c d
Kven er det som bestemmer på ein skule?
Korleis kan elevrådet vere med på å gjere skulen endå betre?
Kva for saker synest de passar i elevrådet? LESESPØRSMÅL
Kva er det elevane i teikneserien er leie av?
Korleis løyser elevane i teikneserien problemet?
Kva er eit elevråd?
Kven er med i elevrådet?
Kvifor er det ein vaksen med i elevrådet? EI SAK FOR ELEVRÅDET Tenk deg ei sak som du ønskjer at elevrådet skal gjere noko med på din skule. Lag ein teikneserie om kva som skjer. Vi meiner at ...
KLASSENS TIME Kva for saker synest de er viktige på skulen din? Diskuter éi eller fleire av desse sakene når de har klassens time: • leikeapparat i skulegarden • klasseturar • klassemiljøet – erting og mobbing • fleire bøker på skulebiblioteket • bakedag i klassen • kiosk ein gong i månaden
KVEN BESTEMMER? Skriv og teikn kven som bestemmer mest og minst på skulen. Begynn med dei som bestemmer mest, slik at dei som bestemmer minst, kjem til slutt. HURRA! Bakedag! 2 3 4 5 2 1 3 VURDERINGSEKSEMPLAR
Før de les: Jobb med ein læringsven. Bruk to minutt til å tenkje gjennom om det er noko de ønskjer å forandre eller gjere noko med. Det kan vere til dømes betre fritidstilbod eller varm lunsj på skulen.
Kvart fjerde år er det val. Då stemmer dei vaksne på det politiske partiet som dei meiner kjem til å styre Noreg på best mogleg måte.
Noreg er eit demokrati. Det vil seie at alle over 18 år kan stemme når det er val. Nokre parti samarbeider om å danne regjering. Regjeringa er den som Dei partia som får mange nok bestemmer mest fram til neste val. stemmer, får plass på Stortinget. Statsministeren er sjefen i regjeringa. Det er plass til 169 politikarar på Stortinget. Partia som får flest stemmer, får flest plassar. Om folk ikkje likar det Stortinget og regjeringa gjer, kan dei stemme på eit anna parti neste gong det er val. Dei politiske partia har ulike meiningar om korleis dei vil styre landet. Regjeringa kan ikkje gjere som dei vil. Dei treng fleirtal i Stortinget for å avgjere saker.
Kven bestemmer i Noreg? Val i Noreg Raudt VURDERINGSEKSEMPLAR Svar: FOLKET!
1 Kva meiner vi med ordet demokrati?
Kven er statsminister i Noreg? Kva for politiske parti kan de namnet på?
a c b LESESPØRSMÅL Kor gammal må du vere for å stemme ved val? Kven bestemmer i Noreg? Kor ofte er det stortingsval i Noreg? Kven sit på Stortinget? Kvifor kan ikkje regjeringa gjere som ho vil? 1 Suppe to gonger i veka! 2 Gratis sykkel til alle! 3 Sykkelveger i staden for bilvegar! – partiet for deg som elskar suppe! START DITT EIGE PARTI! Jobb saman i grupper. De skal starte eit heilt nytt parti saman. Tenk ut tre saker som partiet dykkar skal jobbe for. Partiet treng • eit namn • ein logo og ein farge • eit slagord Lag ein plakat som viser logoen og sakene de vil jobbe for. Presenter partiet og sakene for dei andre i klassen. DET NORSKE RIKSVÅPENET Søk på internett. Finn eit bilete av det STORTINGET Jobb med ein læringsven. Les teksten saman. Forklar dei utheva orda for kvarandre. På Stortinget sit det 169 politikarar. Dei er valde av folket. Vi kallar det eit folkestyre. Politikarane arbeider for at vi skal ha gode skular, sjukehus, vegar og andre ting som er viktige for at vi skal ha det bra. Alle som jobbar i Noreg, må betale skatt. Det er politikarane som avgjer korleis desse pengane skal brukast. To uthogne løver i stein vaktar inngangen til Stortinget. Derfor blir Stortinget også kalla Løvebakken. 3 1 2 3 4 2 5 VURDERINGSEKSEMPLAR norske riksvåpenet. Lag ei teikning av riksvåpenet.