Spire 3 Samfunnsfag

Page 16

Rettar

Ein rett tyder at du har krav på noko eller rett på noko.

EM PL

Alle menneske på jorda har dei same rettane. Vi kallar rettane for menneskerettar. Menneskerettane er til for at vi skal føle oss trygge og leve eit liv i fridom.

AR

Før de les: Noreg har blitt kåra til eit av dei beste landa i verda å bu i. Kan du tenkje deg kvifor?

Du bur i Noreg. Du kan ete deg mett kvar dag. Du har eit hus å bu i. Du har ein familie som tek vare på deg. Du får legehjelp dersom du blir sjuk. Du har rett til å gå på skule slik at du kan få deg jobb når du er vaksen.

Dei foreinte nasjonane (FN) blei danna i 1945. 51 land var med på å starte FN. Dei laga menneskerettane. I dag er 193 land i verda medlem av FN. FN arbeider med å løyse problem og skape fred på jorda.

IN G

RETTANE TIL BARN

SE

KS

Barn og vaksne i alle land i heile verda har dei same rettane som deg og foreldra dine, men likevel er det mange som lever i ekstrem fattigdom. Dei får ikkje det dei har rett på.

VU R

D

ER

I 1989 laga FN eigne rettar som gjeld for alle barn i heile verda. Dei som bestemmer i eit land, skal passe på at rettane blir følgde.

14

Alle barn har rett til • eit namn og ein nasjonalitet • vern • ein stad å bu • hjelp når dei er sjuke • å tru på det dei vil • å ha det trygt og godt • å ete nok og rett mat • å drikke reint vatn • å gå på skule • tid til leik, fritid og kvile

Ord å snakke om: rettar • menneskerettar • FN / Dei foreinte nasjonane • ekstrem fattigdom • nasjonalitet


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.