![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/9bc76c8d9f4e5bcbd0f98a303e3d4def.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
14 minute read
Eg og tida Side 3 Utforsk: To familiar Side 50 VURDERINGSEKSEMPLAR
from Spire 3 Samfunnsfag
Henrik
Sigrid Sigrid og Henrik er arkeologar. Ein dag ringjer ein bonde til Sigrid og fortel at han har funne restar av ei leirkrukke i jorda. Sigrid og Henrik reiser heim til bonden. Dei er spente på om dei vil finne noko meir. Bortanfor jordet ser dei ein gravhaug. Den vil Sigrid og Henrik undersøkje nærare. Ein høvding eller ein rik bonde kan vere gravlagd der. Då kan det hende dei finn mange fine ting! Med ein spade kvar spar Sigrid og Henrik forsiktig vekk litt jord om gongen. Dei finn fleire store bitar av brend leire. Etter å ha grave ei stund finn dei to arkeologane spor etter eit langhus, eldstader og kokegroper. Det mest spennande funnet er eit flott sverd i bronse. Eg fann, eg fann! Hei! Eg heiter Johannes. Eg bur på Solsida gard. I dag fann eg noko rart ute i åkeren. Eg trur det er ei krukke av leire. Ho ser veldig gammal ut. Vil de kome og sjå på henne? Eg byr på litt kaffi og kake. Sjå her! Eg fann eit sverd! Det ser ut til å vere av bronse. Dette er ganske sikkert ein buplass frå bronsealderen. Dette kan vere delar av ei leirkrukke frå bronsealderen. Ein arkeolog arbeider med å finne ut korleis folk levde før i tida. Dei grev i jorda for å finne ting VURDERINGSEKSEMPLAR frå gamle dagar. Det arkeologane finn, kallar vi arkeologiske funn.
Advertisement
1 Kva meiner vi med fortid?
Kva er ein arkeolog? Kvifor treng vi å vite noko om fortida?
a b c
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/4d2daf4bf87ce3378798103a55981003.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
3 LESESPØRSMÅL 1 Kvifor ringde bonden til Sigrid og Henrik? 2 Kva yrke har Sigrid og Henrik? 3 Kva finn dei to arkeologane? 4 Kven kan vere gravlagd i gravhaugen? 5 Korleis kan Sigrid vite at buplassen er frå bronsealderen? KVA KAN DET VERE? Jobb saman med ein læringsven. Studer biletet av gjenstanden i bronse. • Kva kan dette vere? • Kva kan han ha vore brukt til? Skriv ned forslaga dykkar. Diskuter dei ulike forslaga i klassen. Eit kulturminne er eit spor etter menneske som har levd før oss.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/ede354f5df37c6f20466c845d9dffa8c.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
TEIKNESERIE Tenk deg at du er arkeolog. Vel ein av situasjonane og lag ein teikneserie.
Ein dag grev du fram eit vakkert halssmykke i bronse.
Lag ein teikneserie om ho som eigde smykket for 3000 år sidan. VÅRT KULTURMINNE Undersøk kva for kulturminne som finst i nærleiken av der de bur. Vel dykk eitt av dei. Skriv, teikn eller ta bilete av kulturminnet.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/96508b3a7b132a13a9f84b89b3b095fa.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Ein dag grev du fram eit flott sverd i bronse. Lag ein teikneserie om han som eigde bronsesverdet. 1 2 2 VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/08a068be7d91cce2735552d971e33093.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Ei tidslinje kan fortelje om historia til mennesket. Ho kan vise oss kva som var typisk i ulike periodar, og ho viser oss skilnader mellom tida før og no. 1 Langhus var lange hus for både menneske og dyr. Dei budde i kvar sin ende av huset.
I midten av huset var det ein eldstad. Her kunne ein lage mat og varme seg. 2 Gravhaugane blei laga av jord, grus og stein. Det var berre dei rike og mektige som fekk slike gravhaugar. Dei fekk med seg mange flotte gåver i grava. 3 Kokegropa var eit hòl i bakken. Maten blei lagd i gropa saman med steinar som var varma opp på eit bål. Det blei lagt torv og jord over steinane for å halde på varmen. 4 Husdyr blei vanleg i bronsealderen. Mange skaffa seg geiter, sauer, griser og kyr.
Dei første hestane kom til Noreg på denne tida. 5 Ard er ein liten plog laga av tre. Han blei brukt til å pløye jorda.
Det var i bronsealderen at folk begynte å dyrke jorda.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/6b29a8d688ea6b6d6eb0413a379f521e.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Bronsealderen i Noreg 110 000–11 500 f.Kr. 10 000–1800 f.Kr. 1700–500 f.Kr. 500 f.Kr. – 1030 e.Kr. 1030–1536 e.Kr. 1536 e.Kr.– i dag
SISTE ISTID STEINALDER BRONSEALDER JERNALDER MELLOMALDER VÅR TID BRONSEALDER Bronsealderen kom til Noreg frå Sør-Europa for 3700 år sidan. Bronse er eit metall som blei kjøpt frå andre land. Det var berre dei rike som hadde råd til å kjøpe bronse. Det blei brukt til å lage våpen, reiskapar og smykke. Bronse gjorde at våpen og reiskapar blei skarpare og betre. Då blei det lettare og drive jakt og dyrke jorda. Ard
4
2 3 1 5 VURDERINGSEKSEMPLAR
1 Korleis har dei ulike tidene fått namnet sitt?
Kvifor lagar vi slike tidslinjer? Kva trur de var typisk for jernalderen?
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/6e739a1f9eba1969fa03760cb5f39f76.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
a b
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/6d4852d0b1dc67082f2cdf9275f58e47.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/3390c707f1c068105b17e5ad409a8155.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
LESESPØRSMÅL Når var bronsealderen i Noreg? Kvar kom bronsen frå? Kva blei bronse brukt til? Kva er eit langhus? Kva er den største skilnaden mellom vår tid og bronsealderen, trur du? 2 3 41 GRAVHAUGEN Skriv vidare på anten forteljinga til bilete 1 eller 2. Overskrift: Gravhaugen Bilete 1: Åse og Erik ser på at mor, far, Brage og Sol løftar kroppen til farfar forsiktig ned mellom nokre steinheller. Åse græt. Farfar var høvding i landsbyen. Snart kjem alle frå landsbyen for å gje høvdingen gåver til den siste reisa hans. Åse skal gje han smykket ho har på seg. Erik skal gje ... Bilete 2: For tre veker sidan ringde nokre vegarbeidarar til meg. Dei hadde funne ein gammal ring i jorda då dei skulle lage veg. Då nokre andre arkeologar og eg og kom til staden der dei hadde funne ringen, såg vi at dette var ein gravhaug. Det blei bestemt at vegbygginga måtte stoppe. No har vi starta utgravinga, og i dag fann eg ein fantastisk skatt som er omtrent 3500 år gammal ... Gravplassen i bronsealderen for 3500 år sidan. Gravplassen i dag. KOKEGROP Sjå på teikningane. Lag ei setning som passar til kvart bilete. 3 1 2 3 4 2 5 VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/a08fddee28cff32781a4de1d79267b16.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/f73ebe3284b2c7acd89deb6c521608ea.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/fa8703a8ee806e85f25524baa991060b.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/57fd10bbe0367da91495ce7b92b7732d.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Så mykje fisk! Eg skal risse inn fangsten på berget. Fjellet fortel at nokon har fanga mange reinsdyr her før oss. Teikn frå fortida Fleire stader i Noreg finst det teikningar som er rissa inn i fjell eller stein. Menneska som laga desse teikningane for tusenvis av år sidan, tenkte nok ikkje på at dei skulle bli studert av oss som lever i dag. Vi kallar slike gamle teikningar som er rissa i stein, for helleristingar. Slike gamle helleristingar er freda. Mange av helleristingane er teikningar av båtar, dyr og menneske. Vi veit ikkje kvifor menneska rissa teikningar i fjellveggen, men dei kan likevel hjelpe oss til å forstå korleis menneska levde, og kva dei var opptekne av. Kanskje tenkte dei at teikningane ville gje lykke, eller var teikningane kanskje «hugselappar» eller meldingar til andre? VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/62bbfbd310cb54d72369b58a4491e489.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/42deefbcd644ddf37c932c54676c5c4b.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
1 Kva er teikn?
Kva for reiskapar brukte dei for å risse teikningar i fjellet, trur de? Kva for teikn lagar vi menneske i dag?
LESESPØRSMÅL Kva er ei helleristing? Kva kan helleristingane fortelje oss? Kvifor er mange av helleristingane teikningar av båtar, dyr og menneske? Kvifor laga folk i bronsealderen helleristingar, trur du? Finst det noko i dag som vi trur gjev lykke? Fortel. a KVA VILLE DEI FORTELJE? b
Søk på internett.
Finn bilete av tre ulike helleristingar.
Skriv kva teikningane førestiller.
Kva trur du den som laga helleristingane, ville fortelje? c d LAG HELLERISTINGAR • Teikn helleristingar med raud feittstift på eit ark. 2 • Mål over heile arket med utvatna svart vassmåling. Mål over helleristinga di også. • Krøll arket saman til ein ball medan målinga er våt. • Brett ut arket igjen. No ser det ut som figuren er rissa i stein! La målinga tørke. Lag ei utstilling i klassen.
Utstyr • teiknepapir • raud feittstift • svart måling • pensel TIDSKAPSEL Tenk deg at nokon finn spor etter deg ein gong i framtida. Kva finn dei? Kva vil du fortelje? Lag ei teikning av deg sjølv. Skriv eller teikn kva du likar å gjere. Legg det i ein plastpose saman med nokre små gjenstandar. Putt alt opp i eit glas med lok og grav det ned.
TEIKN I DAG Kva for eit teikn blir mest brukt når folk skriv meldingar, trur du? Lag ei teikning av det. Skriv under kva teiknet tyder. Utstyr • glas med lok • plastpose • småting • skrivesaker 2 3 4 5 2 3 1 3 1 4 VURDERINGSEKSEMPLAR
To familiar frå ulike tider
Her møter du to familiar. Den eine familien er frå år 2025, medan den andre familien er frå år 700 f.Kr.
Håpar eg rekk å pløye ferdig før sola går ned. 1 Lag ei overskrift: Frå bronsealderen til vår tid. 2 I kva tidsepokar lever dei to familiane? 3 Kvar skal Ida på skuletur? 4 Søk på internett. Finn Kulturhistorisk museum i Oslo på eit kart.
Ein vanleg dag i familiane
5 Kva er likt og ulikt i livet til familien Bronse og familien Moderne? Lag eit skjema. 6 Du skal reise tilbake i tid og bu ei veke hos familien i bronsealderen. Du kan ta med deg éin ting frå vår tid. Kva tek du med deg? 7 Få dilemmakort frå læraren din. Samarbeid med ein læringsven. 8 Bronsealdermoro! Spel tre på rad saman med ein læringsven.
To familiar
Kvifor bit ikkje fisken i dag? Familien Bronse jobbar hardt heile dagen. Eg heldt på å gje opp, Super fangst! men plutseleg fekk eg Godt jobba, fem fisk på rappen! sonen min. Dagens fangst blir dagens måltid. Før middag hos familien Moderne.
Kos deg på
Kulturhistorisk museum, Ida! Familien Moderne er på veg til jobb og skule. Kva er det til middag?
Det er taco på menyen i dag! VURDERINGSEKSEMPLAR
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/62bb2cfa2f0898a936f301ec02e17b85.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/9f73be5c945e572acb0039c1fcfaf883.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Middag!
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/9dcc34577a71f4b98f50313511dd04a0.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Den magiske krafta frå Såg du noko spennande 9 Les teksten «Bronsebukkane frå Hadeland» på kopiarket du får av læraren din. 10 Søk på internett. Finn eit bilete av bronsebukkane. Skriv setningar om korleis dei blei funne. 11 Snakk med ein læringsven: Kva meiner vi med at bukkane har magisk kraft? 12 Lag ein bukk som liknar ein av bronsebukkane på Hadeland. Bruk plastilin. på Kulturhistorisk museum i dag, Ida? Ja! Bronsebukkane frå Hadeland! bronsebukkane har gjeve oss mat på bordet i dag.I dag har vi grunn til å takke. Bronsebukkane var ordentleg vakre. Dei glinsa på ein måte. Det er rart å tenkje på at bukkane har lege i jorda i 2500 år! Skal tru kva bukkane blei brukte til før dei blei gravne ned? Dei blei funne av ein familie på Hadeland. Det var flaks! No er det straks leggjetid, ungar ... Nei, kan vi ikkje sjå ferdig? Eg må slipe sverdet før vi I dag kunne alle ete seg ordentleg mette. Familien Moderne snakkar om dagen sin. No er det kveld ... Samanlikn dei to familiane. Kva er dei største skilnadene? Sov godt. Eg skal passe flammane. VURDERINGSEKSEMPLAR Det blir kaldt i langhuset om natta. sløkkjer bålet. Familien Moderne kosar seg saman framfor TV-en.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/f53af84ad52b5fc662c89cfc341d931a.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/9986cdadb8d433d1e083614b2fb104f2.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
Gunnarshaug på Karmøy, Rogaland. Gjenstanden er ein kniv laga av bronse. Skaftet er laga som eit dyrehovud. Knivbladet er ganske kort. Kniven er funnen på Side 45
20 er formelen for vatn. Vatn består av stoffa hydrogen (H) og oksygen (O). Side 31 0 er formelen for vann. Vann består av stoffene hydrogen (H) og oksygen (O). Vatn kan ha tre fasar: is (fast form), vatn (flytande form) og damp (gass). Side 30 Bindet for auga brukar ho for ikkje å gjere forskjell på folk. Vektskåla brukar ho for å vege for og imot når ho skal dømme nokon. Justitia har eit sverd for å vere klar til å straffe den som har gjort noko gale. Side 19 God sommar! © 2021 GAN Aschehoug, H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), Oslo ISBN 978-82-492-2182-0 Nynorsk 1. utgåve / 1. opplag 2021 Redaktør: Tina Tofte Omsetjing til nynorsk: Språkmakaren (Eirik Ulltang Birkeland) Grafisk design og tilretteleggjing: GAN Aschehoug Trykk og ferdiggjering: 07 Media, Oslo Illustrasjon omslag: © Shutterstock Foto/illustrasjonar: Thor W. Kristensen: 4, 5, 8, 9 10, 11, 20, 22, 24, 32, 44, 45, 46, 47, 50, 51, Wikimedia Commons: 15 (FN-flagg), 39 (Galdhøpiggen), Kartverket.no: 33, 36, 40, Renata Sedmakova / Shutterstock.com: 43, Universitetsmuseet i Bergen: 45 (bronsekniv), Artem Nedoluzhko / Shutterstock.com: 48 (helleristingar). Andre foto/illustrasjonar: ©Shutterstock Alle kommentarar til utgjevingar frå forlaget kan rettast til: GAN Aschehoug Postboks 363 Sentrum 0102 Oslo E-post: forlag@gan.aschehoug.no gan.aschehoug.no Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med GAN Aschehoug er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/92bba4ff98a551d8dec03731d0f12a68.jpeg?width=720&quality=85%2C50)
H VURDERINGSEKSEMPLAR
VURDERINGSEKSEMPLAR
Spire Samfunnsfag legg vekt på å skape ei aktiv undervisning som tryggjer undring, nyfikne og skaparglede hos elevane. Elevane vil gjennom arbeidet med boka få moglegheit til å undre seg, diskutere, lese, utforske ulike problemstillinger, erfare, skrive, teikne og lage. Praktiske aktivitetar og varierte innfallsvinklar gir eit godt utgangspunkt for samtalar og diskusjonar kring aktuelle samfunnsfaglage tema. Spire 3 Samfunnsfag gir elevane eit solid grunnlag for videre læring. Spire 3 Samfunnsfag og Spire 4 Samfunnsfag dekkjer til saman kompetansemåla etter 4. trinn. I lærarrettleiinga finn du ei oversikt over kva kompetansemål Spire 3 Samfunnsfag dekkjer. Gjer deg kjend med boka Oppslaga i boka er bygd opp slik at elevane kjenner igjen forma når dei arbeider med dei ulike temaa, sjølv om det er variasjon i tekst- og oppgåveform. Gjer deg kjend med innhaldet og målet før de startar på eit tema. I lærarrettleiinga finn du tips til korleis ein kan jobbe med oppslaga, nærare beskriving av aktivitetane og forslag til fleire oppgåver, samt fargerike kopiark. Utforsk! Oppslaga «Rollar, «Vatn», «Ein reise» og «To familiar» skil seg frå resten av oppslaga. Her skal elevane utforske eit tema og gå meir i djupna. Elevane må ta i bruk det dei har jobba med og lært i dei førre oppslaga. Konkrete tips finn du i lærarrettleiinga. PÅ KVART OPPSLAG: • Før de les
Målet med «Før de les»-oppgåva er å aktivisere forkunnskapene og å skape nyfikna hos elevane rundt tematikken i oppslaget. Aktiviteten blir styrt av læraren.
I lærarrettleiinga er det konkrete tips til dei ulike oppgåvene. • Ord å snakke om
«Ord å snakke om» er sentrale ord og omgrep som blir behandla direkte eller indirekte i oppslaget. Det er viktig å snakke om, og forklare omgrep, ord og uttrykk for elevane. Aktivitetane i oppslaget er ei god støtte i dette arbeidet. Ved å gi elevane kjennskap til, erfaring med og forståing av sentrale ord og omgrep, vil elevane i større grad forstå, beskrive, samanlikne og hugse temaa dei har arbeidet med.
• Fag- /samtaletekst Bli kjend med dei ulike tekstane saman med elevane. Snakk saman om overskrifter, illustrasjonar, bilete, symbol og figurar. Dette hjelper elevane å forstå teksten som ein heilskap. Gje den lesestøtta kvar enkelt elev har bruk for, legg til rette for at dei mestrar å lese deler av eller heile teksten sjølve. Vend tilbake til teksten undervegs i arbeidet med aktivitetane på oppgåve- sida. Dette vil bidra til at elevane får betre forståing for teksten. • Snakkeboksen Snakkeboksen presenterer eit spørsmål eller ei problemstilling som eit utgangspunkt for samtale og diskusjon i fellesskap eller i grupper. Hensikten er å reflektere saman og belyse ulike meiningar og moglege svar. • Lesespørsmål Spørsmåla er knytte til fag-/samtaleteksten. Målet er at elevane skal hugse, men også forstå det dei har lese. Spørsmåla kan gjerast munnleg i klassen ved at læraren les eit spørsmål, elevane diskuterer spørsmål og svar i mindre grupper eller med ein læringsven, før læraren igjen gjennomgår spørsmålet i fellesskap. Sjå an elevane du har, vel gjerne ut nokon av spørsmåla som dei svarer på skriftleg. • Dilemma I boka får elevane presentert ulike dilemmaer. Dilemmaoppgåva kan gjennomførast i heil klasse, i mindre grupper eller saman med ein læringsven. Les og forklar dilemmaet for elevane før dei set i gang. Det finst ikkje fasitsvar på dilemmaoppgåvene, noko som er viktig å presisere for elevane. Avslutt med ein felles samtale og refleksjon rundt oppgåva i etterkant. I lærarrettleiinga finn du fleire dilemmaoppgåver. Lykke til! VURDERINGSEKSEMPLAR Liv Anne Slagsvold Vedum, hausten 2021
![](https://assets.isu.pub/document-structure/211004130955-81583757dc0c7460da6366ce416ecf19/v1/ae4557c70b15083fe878b7b31fdbe492.jpeg?width=720&quality=85%2C50)