Før de les: Tenk deg godt om. Kor gammal er den eldste tingen du eig?
Sigrid og Henrik er arkeologar. Ein dag ringjer ein bonde til Sigrid og fortel at han har funne restar av ei leirkrukke i jorda.
SE
KS
Sigrid og Henrik reiser heim til bonden. Dei er spente på om dei vil finne noko meir. Bortanfor jordet ser dei ein gravhaug. Den vil Sigrid og Henrik undersøkje nærare. Ein høvding eller ein rik bonde kan vere gravlagd der. Då kan det hende dei finn mange fine ting!
EM PL
Hei! Eg heiter Johannes. Eg bur på Solsida gard. I dag fann eg noko rart ute i åkeren. Eg trur det er ei krukke av leire. Ho ser veldig gammal ut. Vil de kome og sjå på henne? Eg byr på litt kaffi og kake.
AR
Eg fann, eg fann!
Sjå her! Eg fann eit sverd! Det ser ut til å vere av bronse. Dette er ganske sikkert ein buplass frå bronsealderen.
ER
IN G
Med ein spade kvar spar Sigrid og Henrik forsiktig vekk litt jord om gongen. Dei finn fleire store bitar av brend leire. Etter å ha grave ei stund finn dei to arkeologane spor etter eit langhus, eldstader og kokegroper. Det mest spennande funnet er eit flott sverd i bronse.
VU R
D
Dette kan vere delar av ei leirkrukke frå bronsealderen.
44
Sigrid
Henrik
Ein arkeolog arbeider med å finne ut korleis folk levde før i tida. Dei grev i jorda for å finne ting frå gamle dagar. Det arkeologane finn, kallar vi arkeologiske funn.
Ord å snakke om: fortid • arkeolog • buplass • leirkrukke • gamle dagar • gravhaug • bronse