![](https://static.isu.pub/fe/default-story-images/news.jpg?width=720&quality=85%2C50)
2 minute read
Utforsk: Roller Side
from Spire 3 Samfunnsfag
Roller Tenk om alle ler av diktet mitt ...
I klassen ...
Advertisement
På teater eller i ein film har skodespelarane ulike roller. Skodespelarane viser fram ein annan person enn den dei verkeleg er. Dei må leve seg inn i andre roller. Alle menneske har ulike roller i løpet av ein dag. Til frukost har du rolla som son eller dotter. På skulen er du både elev, klassekamerat og ven. Om ettermiddagen er du søskenet eller lagkameraten til nokon. Alle rollene er deg, men du viser kanskje ulike sider av deg sjølv alt etter kven du er saman med? 1 Kva meiner vi med ordet rolle? 2 Kva for roller har du? 3 Kva for ei rolle ville du hatt i klassen om du kunne velje. Skriv og fortel. Er eg god nok? Eg får jo aldri til
Får eg det til? å skåre mål … Nokre gonger kan du bli usikker i rolla du har. Kanskje får du ei oppgåve som du er redd for ikkje å klare.
SJENERT GREI STILLE TØFF OMTENKSAM 1 Plukk ut tre ord som kan skildre deg i ulike roller du har i løpet av ein dag. 2 Fortel ein læringsven om ei rolle du ikkje likte. Forklar kvifor. 3 Jobb saman med ein læringsven. De får utdelt kvar dykkar lapp. På lappen står det ei rolle og ei kjensle. Spel rollene for kvarandre utan å fortelje kva de spelar. Gjett kva rolle læringsvenen din spela. 4 Vel ei av rollene og spel henne for dei andre i klassen. La klassen gjette kva for ei rolle du spela, og kva for ei kjensle du viste.
KUL SNILL USIKKER KOSELEG SLEM PRATSAM
HJELPSAM HJELPELAUS LAT
MOROSAM ARBEIDSAM FLINK REDD
HYGGJELEG GLAD SUR VURDERINGSEKSEMPLAR
Ikkje ver redd! Vere seg sjølv? Har du nokon gong opplevd kjensla av å ikkje vere deg sjølv? Det er du ikkje åleine om. For nokre kan det ta lang tid å bli heilt sikker på akkurat kven ein eigentleg er. 1 Kven er du saman med når du kan slappe heilt av og berre vere deg sjølv? 2 Skriv tre fine ting om deg sjølv. Skriv deretter tre fine ting om læringsvenen din. Fortel læringsvenen din kva du skreiv om han eller henne. 3 Kan nye klede, ein parykk eller ei maske forandre den du er inni deg? Forklar svaret ditt. 4 Lag ei maske. Følg instruksjonane på kopiarket du får av læraren din. Dilemma! Kvar dag møter du på ulike situasjonar der du må velje. Nokre gonger er vala enkle, medan andre gonger kan du bli usikker på kva som er det rette valet. Går det an å velje feil? 1 Jobb saman i grupper. De får ein bunke dilemmakort av læraren. Trekk kort frå bunken. Snakk saman om ulike val de kan gjere. 2 Lag to nye dilemmakort kvar. Finn svar på dilemmaa til kvarandre. Superhelt! Tenk deg at du vakna ein dag og oppdaga at du hadde fått superkrefter. Du er superhelt for ein dag! 1 Teikn deg sjølv som superhelt. 2 Skriv og fortel om kva for superkrefter du fekk, og korleis dagen som superhelt var. Kva skjedde, og kven hjelpte du? VURDERINGSEKSEMPLAR