InFoU nr. 2, 2011

Page 1

InFoU

Senter for helseforsking Nyhendeskriv - nummer 2 - juli 2011 - årgang 3

Pila peikar oppover! Mange av våre håpefulle får i desse dagar karakterar og vitnemål. I forskingsverda vert det også delt ut ulike former for ”karakterar” og vitnemål – til institusjonar, miljø og enkeltpersonar. Karakterar seier slett ikkje alt. Men dei kan seie noko.

Ein type karakter til institusjonar og miljø er tal artiklar, publikasjonspoeng og doktorgradar. Alle forskarar og institusjonar er pålagde å rapportere inn ulike typar opplysningar om dette. Det vert nytta store ressursar til forsking i Noreg, og det er naturleg at det må synleggjerast kva ressursane går til. 32 artiklar! Statistikken viser at til saman har AHF og HF rapportert inn 32 vitskaplege artiklar i 2010. Dette er rekord! I tillegg kjem artiklar relatert til helse frå fleire andre miljø ved HiSF, innan tema som rusproblem, MS og fysisk aktivitet. Eit raskt blikk på tema viser stor breidde og mykje pasientnær forsking knytt til store pasientgrupper. Mange av artiklane er innanfor nasjonalt og regionalt prioriterte område, som KOLS, psykisk helse, overvekt og eldreomsorg. Lista inneheld også forsking om organisering og leiing og grunnlagsspørsmål i helsetenesta. Kva kan vi lære av data vi har? Denne utgåva av InFoU presenterer noko av resultatet frå innrapportering av forsking i 2010. Det er relativt små tal og det vil dermed vere variasjonar frå år til år. På same måte som andre data må dei tolkast og setjast inn i ein samanheng. Likevel kan materialet bidra til å teikne eit klårare bilete av forskinga vår, og gje grunnlag for spørsmål og diskusjonar av strategisk karakter. Kvifor ligg vi der vi ligg på oversiktar som samanliknar institusjonane? Kan vi lære noko av andre institusjonar av liknande storleik og struktur, som har

Innhald 3  Rapportering av vitskapleg produksjon 4 Publikasjonspoeng innad i Høgskulen i Sogn og Fjordane

større forskingsproduksjon? Det er også råd å gå nærare inn i datamaterialet: Kvar har forskarane våre nettverket sitt, i betydning medforfattarar? Ei målsetjing å utvikle fleire lokale forskingsmiljø. I kva grad har vi lukkast med det, og kva må gjerast for å legge til rette for dette? I kva grad har vi internasjonale samarbeidspartar, og på kva område bør det utviklast eit større internasjonalt nettverk?

5  Rekordmange publikasjonar i Avdeling for helsefag, HSF

Nye doktorgradar Doktorgraden, som er ei forskarutdanning, er den høgste akademiske utdanninga ein kan få i Noreg. Denne våren har heile fire tilsette disputert med tema innan helse, i tillegg har ein som nettopp har avslutta si tilsetjing hos oss. Dette er rekord! Det er også svært gledeleg at alle desse nyutdanna forskarane på ulike måtar er bidreg til brubygging mellom Høgskulen og Helse Førde. Dessverre tillet dei fleste universitet ikkje å ha disputasar lokalt, men vi arbeider for at vi får presentert deler av arbeida her lokalt.

7 Kva er poenget med poengsystemet?

«Mozart-testen» Formidling og deltaking i fag- og samfunnsdebatten i fagtidsskrift, media og elles i det offentlege rommet vil truleg bli stadig viktigare. Også her er det ei positiv utvikling, og vi har fleire som er aktive. Samstundes skulle gjerne meir av forskinga vår vore debattert og synleg! Noko av det som kjenneteiknar kollegaer som deltek i fag- og samfunnsdebatten er at dei uttrykkjer seg enkelt og poengert. Professor Nina Witoszek anbefalar «Mozart-testen» for å kunne uttrykkje seg enkelt: Mozart skreiv fantastisk enkel og nydeleg musikk, og «Mozart-testen» er som følgjer: Ein må kunne forklare saka til ein 15-åring, eller forklaringa må vere slik at den 80 år gamle, og elles mentalt spreke tanta di ikkje blir suicidal :)

6 Statistikk og indikatorar i helseføretakssektoren

6 Om målesystemet 6  Rekordmange vitskaplege artiklar frå Helse Førde

8 Ein trend med stigende antal publikasjonar

8 Kven er samarbeidspartnarane våre? 9 Oversikt over vitskaplege publikasjonar i HF, 2010 10 Livet med KOLS - slik pasientane erfarar det

10 Vellykka disputas for Asgeir Mamen 11 Professor ved Avdeling for helsefag 11 Tildelte FoU-midlar ved AHF for studieåret 2011-2012 12 Lån av lydopptakar til forskingsprosjekt

Kva med at vi øvde oss i «Mozart-testen», om nokon i løpet av sommaren spør kva vi held på med. Eg prøvde meg medan vi sto i kø på Førdefestivalen, og oppdaga at eg må øve meg meir! Av: Marit Solheim, forskingsleiar


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.