Svein Tindberg: Bibelforteljingar for barn

Page 1


bibelfortellinger for barn det gamle testamentet

2


SVEIN TINDBERG

BIBELFORTELJINGAR FOR BARN ∂ ILLUSTRERT AV MAGNUS TINDBERG MELODIAR AV PETER TINDBERG OMSETT TIL NYNORSK AV INGER N. BRÅTVEIT


© 2017 J.M. Stenersens Forlag AS Layout: Liselotte Dick, Lilo Design Sats: Line Monrad-Hansen | Typeline Repro: Løvaas Lito AS Papir: Magno Natural 140 g Boka er sett med: Indigo Antiqua Pro Text 11,7/15 pkt. Trykk og innbinding: Livonia Print ISBN 978-82-7201-653-0 J.M. Stenersens Forlag Tordenskiolds gate 2 0160 Oslo www.jms.no post@jms.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkeleg samtykkje er eksemplarframstilling berre tillate når det er hjemla i lov eller avtale med Kopinor (www.kopinor.no).

4


Føreord

Denne boka er ein skikkeleg familiebibel! Eg har nemleg laga han saman med den næraste familien. Den eldste sonen min, Magnus, har illustrert boka, og den yngste, Peter, har laga melodiar til songane. Eg har fortalt forteljingane på den måten eg fortalde dei til Magnus og Peter då dei var små. Det tyder at eg ikkje berre held meg til det som står i Bibelen, men at eg lèt fantasien ta meg dit han vil. Eg har ikkje endra på noko som står i Bibelen, men eg har teke meg fridomen å fylla ut hola, på min måte. Eg har fritt valt kva historier eg har ynskt å fortelja vidare. Slik eg ser det, prøver Det nye testamentet å læra meg at naiviteten til barnet er sjølve målet her i livet; det å tru utan å vita. Om barnet sin naivitet er målet, er fantasi lov. Boka er meint som eit utgangspunkt for gode samtalar mellom vaksne og barn. Eg har prøvd å nærma meg vanskelege tema som sjalusi, misunning, svik og død, rett og slett fordi Bibelen, med forteljingane sine, rører ved absolutt alt. Nokre stadar har eg skrive ekstra tekstar, anten for å forklara noko som er vanskeleg å forstå, eller for å trekkja fram noko eg meiner me bør snakka meir om. Om du les boka høgt for nokon, er det opp til deg om du vil lesa desse ekstra tekstane eller hoppa over dei. Heilt bak i boka finn de att alle songane frå forteljingane. Eg har også skrive to små skodespel som nokon kanskje vil ha glede av. Teater ligg jo nære hjarta mitt, og ingenting er vakrare teater for meg enn barn kledde i laken som spelar julespel i eit klasserom eller ei kyrkje. Kven høver så denne barnebibelen for? Tja, for dei mellom fem år og hundre og fem år, håpar eg. Dei minste vil kanskje ha mest glede av teikningane, songane og reglene, for så etter kvart å forstå meir og meir av forteljingane. På denne måten drøymer eg om at denne boka òg skal kunna verta ein familiebibel for andre, i den rette tydinga av ordet. Svein Tindberg

5


6


Innhald

FØREORD......................................................................................... 5

DET GAMLE TESTAMENTET

SKAPINGA.......................................................................................11

EDENS HAGE................................................................................ 19

ARKA TIL NOAH......................................................................... 29

BABELS TÅRN.............................................................................. 47

ABRAHAM, ISAK OG JAKOB.....................................................53

JOSEF............................................................................................... 61

MOSES............................................................................................. 87

DEN TRISTE KONGEN............................................................ 109

JONA...............................................................................................121

DET NYE TESTAMENTET

FORTELJINGA OM JULA......................................................... 133

BÅL I NATTA................................................................................145

BERGPREIKA...............................................................................159

SAKKEUS OG BARTIMEUS.....................................................167

JESUS METTAR FEM TUSEN I ØRKENEN......................... 171

JERUSALEM..................................................................................175

ETTERORD.......................................................................................... 200 BIBELREFERANSAR ......................................................................... 201 BERRE BABBEL – EIT SKODESPEL OM BABELS TÅRN............ 202 JULENATT I BETLEHEM – EIT JULESPEL................................... 208 SONGANE MED NOTAR................................................................. 216

7


bibelfortellinger for barn det gamle testamentet

8


skapelsen

DET GAMLE TESTAMENTET

9



SKAPINGA

F

yrst var berre Gud. Elles var det ingenting. Ingenting? Ingenting er vanskeleg å tenkja seg. No skal me prøva noko i lag. Prøv å lukka begge augo dine. Samstundes stikk du ein finger inn i kvart øyra slik at du ikkje høyrer nokon ting. Det er viktig at du ikkje ser noko som helst eller høyrer ein einaste lyd. Du må prøva ei lang stund. Det er ikkje lov å juksa. Er du klar? Ein, to, tre …

du bestemmer deg for kva fargar du skal bruka, du vel om du skal bruka tynne fargeblyantstrekar eller feite fargekrit, og så teiknar du i veg. Når teikninga di er ferdig, har du skapt eit bilete. Når Gud skaper, treng han ikkje fargeblyantar, for Gud er no eingong Gud. Om Gud tenkjer seg ein gul blom, seier han berre «Lat det verta ein gul blom», og vips, så står han der: ein ferdig gul blom med rot, stilk, blad, krone og til og med lukt. Denne måndagen bestemde altså Gud seg for å skapa jorda. «Lat det verta ei jord!» sa Gud, og det vart det. Men – for her var det eit stort men – hadde han eigentleg klart å skapa ei jord? Det kunne han ikkje vera heilt sikker på. Han kunne jo ikkje sjå nokon ting, fordi det var mørkt. «Nei, her må det skapast meir», sa Gud til seg sjølv. «Her må eg få på lyset.» Så ropa han med høg røyst: «Lat det verta lys!», og det vart det.

Det er eigentleg veldig keisamt. Når det er mørkt og stille, er det på ein måte ingenting. Slik hadde altså Gud det, og slik hadde han alltid hatt det: mørkt og stille, rett og slett ingenting, men ein dag sette Gud seg føre å gjera nokre endringar. Måndag

Den fyrste dagen i veka, den me kallar måndag, byrja Gud å skapa. Men kva er eigentleg å skapa? Når du teiknar ei fin teikning, kan ein seia at du skaper ei teikning. Du tenkjer ut kva du skal teikna,

11


bibelforteljingar for barn det gamle testamentet

Gud sat lenge og såg på jorda slik ho no såg ut, men han var ikkje heilt nøgd. Då fekk han ein aldeles strålande idé: Han byrja å pynta dei områda som var land. Han strøydde ut gras og skog, tre og blomar. Når du teiknar ei teikning, gjer du det kanskje slik at du startar med ei blyantteikning, og så finn du fram dei sterke fargane etter kvart? Slik var det med Gud no. Då han såg kor vakkert det vart der nede, vart han ivrig og klarte ikkje å stoppa. Han lo av glede medan han fann på rips og nyper, bananar, furutre, mango, tomat, kokospalmar, roser og sopp. Han heldt fram like til kvelden kom og han måtte leggja seg. Han kasta eit siste blikk ned på jorda. «Det tærer på å skapa», sa Gud til seg sjølv, «men det var verdt det.»

Tysdag

Den andre dagen såg Gud lenge og vel på jorda han hadde skapt. Det var vatn overalt. Heile jorda var som eit einaste stort hav. Gud likte det store jordhavet, men han kjende ikkje at han var ferdig med å skapa. «Over denne jorda vil eg ha ein himmel», tenkte Gud, og då han hadde bestemt seg for korleis han skulle sjå ut, sa han: «Lat det verta ein himmel», og det vart det. Gud såg på himmelen sin, og han kjende at han likte han. Han var blå og grå, grøn, litt oransje og nokre stadar mest heilt rosa, og det var vakre skyer som dansa rundt. Nokre stadar likna han ein spegel der ein kunne sjå jorda spegla seg. Det var som om himmelen var levande.

Torsdag

Den fjerde dagen vakna Gud grytidleg igjen. Han kunne trunge å sova litt lenger, men det var ikkje mogleg med alt det lyset. Etter at Gud sjølv hadde sagt «bli lys» på den fyrste dagen, hadde det jo vore skarpt,

Onsdag

Den tredje dagen vakna Gud tidleg. Han ville gjera nokre endringar som han hadde tenkt ut i løpet av natta. Han drog havet til sides her og der slik at det dukka opp tørt land. Han delte jorda opp i område, slik at nokre område var vatn og andre var land.

12


skapinga

klårt lys heile tida. Det var ikkje så lett å sova i. «Her må noko gjerast», tenkte Gud, og så gjorde han det. Han skapte sola og månen, og han bestemde at sola skulle lysa om dagen, medan månen berre skulle lysa ganske svakt når det var natt. Gud var oppe seint den kvelden, for han ville gjerne sjå korleis det såg ut når det hadde vorte kveld med måne. Om dagen var himmelen hans vakker. Han var pynta med sola og med dei merkelegaste skyer, men når det vart natt? Då det omsider vart mørkt, såg Gud månen for fyrste gong. Jo, månen var fin, ja visst, men likevel … Gud var rett og slett ikkje heilt nøgd. Himmelen var ganske keisam svart, sjølv om månen lyste. Då skjøna han kva som mangla. Slik gjekk det til at stjernene vart skapte. Gud dekte heile verdsrommet med stjerner og planetar. Nokre skapte han ganske små, og mange skapte han enormt store, nokre likna jorda, andre skapte han som eldkuler, og alle skapte han så langt vekk ifrå oss menneske at me berre kan lura på kva som eigentleg finst. Me synest nok at stjernene skin vakkert, men kva Gud har meint med dei, og kva løyndomar han har skapt der ute, veit me enno lite om. Den natta sov Gud verkeleg godt, og neste morgon sov han lenge.

noko som kunne vera mellom himmelen og jorda, han ville fylla lufta med liv. Det vart fuglane. Gud skapte fuglane i alle former, fargar og storleikar til langt ut på dagen. Det var kvitring og piping, song, plystring og flaksing overalt. Nokre fauk i store flokkar, nokre kvilte seg på greinene i trea, nokre sumde i elvar eller ute på havet, og andre igjen bygde flotte reir høgt oppe i fjella. Gud sette seg ned og pusta ut då han var ferdig. Han såg på den høge himmelen med skyer og sol, på jorda som hadde vorte så vakker, og på alle dei fargerike fuglane i lufta, og då såg han at det framleis var noko som mangla. Alt han hadde skapt, hadde fått fargar og liv, men havet var framleis daudt. Det rørte på seg på grunn av bølgjer og vind, og nokre fuglar låg og duppa på overflata, men nede i havet var det ingenting. Det hadde vorte ettermiddag då Gud starta å skapa fiskane. Det var litt av eit arbeid, for akkurat som med fuglane var det om å gjera å finna opp mange ulike typar. Når mange fuglar flyg saman, kallar me det

Fredag

Det var allereie vorte den femte dagen. Gud gledde seg til å koma i gang. Han visste godt kva han ville byrja med. Han ville skapa

13


bibelforteljingar for barn det gamle testamentet

bakken rundt seg. Frøa fell ned i jorda og får røter der, og etter ei lita stund kjem det opp mange nye raude blomar. Det er slik plantene får barn. Nokre gongar får plantene hjelp av vinden eller fuglane, til og med. Vinden og fuglane hjelper plantene til å spreia frøa sine over store område. Når du får auga på ei plante som kjem opp av jorda, er det som om du kan sjå tilbake i tid, til den gongen Gud bestemde seg for å skapa heile verda. Laurdag

No hadde det vorte den sjette dagen, og Gud hadde hatt ei heilt fantastisk veke. Alt me ser rundt oss, hadde han skapt på berre nokre få dagar, men Gud visste likevel at han hadde ein lang dag framføre seg. Denne natta hadde Gud lege mykje vaken att. Månen hadde skine så vakkert og stjernene glitra på himmelen, men det var ikkje det som hadde halde han vaken. Han fekk ikkje sova fordi han gledde seg til å stå opp og koma i gang med den siste dagen han skulle skapa. Han hadde lege der og tenkt ut kva han skulle gjera. Etter frukost byrja Gud å skapa alle dyra på jorda. Han skapte kattungar, nashorn, grevling, kenguru og fyttifantar – som diverre ikkje finst lenger. Han skapte isbjørn, dromedar, ekorn, sjiraff, lortbiller og piggsvin. Så skapte han panter, panda, gorilla, maurslukar, gaupe og bøffel. Slik heldt han fram i ein veldig fart utover heile dagen. Han gløymde å ta pause, så ivrig var han. Han skapte kvalross, gris, murmeldyr, frosk,

flokk – fugleflokk. Når mange fiskar sym saman, kallar me det stim, og det var det Gud starta med: store fiskestimar. Etterpå skapte han tropisk fisk med så vakre fargar at han måtte smila. Så skapte han havdyr som blekksprut, skilpadder, delfinar og enorme kvalar. Han skapte manetar i alle former og fasongar, han skapte flate fiskar, runde fiskar, farlege fiskar og komiske fiskar. Gud var så ivrig at han ikkje merka at det brått hadde vorte kveld. Sola hadde gått ned, og månen var på veg opp. «Berre éin ting til før eg legg meg», tenkte han, «men det er ein veldig viktig ting.» Gud bestemde no at fuglane i lufta og alle fiskane og sjødyra skulle verta fleire av seg sjølve! Han gjorde det slik at alle kunne få barn og på den måten fylla jorda, havet, elvane og lufta med meir liv. Det same gjorde han med alle plantene han hadde skapt; han gav dei frø. Ei plante, lat oss seia ein raud, stor blom, kan sleppa frøa sine på

14


skapinga

SÅ EIT FRØ! Frø kan du kjøpa i blomebutikkar eller på hagesenter, eller du kan få eitt frå nokon som er flinke med blomar. Så plantar du frøa forsiktig ut i fuktig jord. Du kan til dømes bruka eit tomt syltetøyglas, eller ein spireboks, som du kan få kjøpt. Be om litt hjelp til å velja frø. Nokre spirer raskt, medan andre tek lang tid. På pakkane med frø står det litt om kor lang tid det tek, og om kor mykje du skal vatna. Ein annan måte for å sjå skapinga er vanlege gule erter. Legg nokre erter i vatn over natta. Dagen etter kan du ta pappkrus

og fylla jord opp i dei. Jorda vatnar du litt, slik at ho vert fuktig. No kan du leggja ertene dine opp på jorda. Dei skal liggja fint ved sida av kvarandre. Du legg kanskje ti eller femten erter i kvar kopp. I dagane som kjem, må du passa på at jorda er fuktig, men ikkje vatna så mykje at ertene druknar. Etter nokre dagar vil du sjå at det spirer, og etter mindre enn to veker er det berre å byrja å eta. Dei grøne, lange spirene kan du bruka i salat eller på brødskiva di; det er godt oppå leverpostei, det er herleg i omelett og på pizza.

TEIKN SJØLV Då Gud skapte alle dyra, skapte han også dyr som ikkje finst i dag. Kanskje kunne du teikna nokre slike dyr som berre du kan tenkja deg? Til dømes ein gråtefugl, ein gul tungeape, ein flokk med vengekyr – og korleis trur du eigentleg at fyttifanten såg ut?

15


bibelforteljingar for barn det gamle testamentet

tiger, bavianar, dinosaurar og store flokkar med reinsdyr. Han skapte alle dei dyra som i dag finst på jorda, og mange som er døydde ut for lengst. Men ingen av dyra hadde namn. Når han skapte tiger og frosk, så gjorde han jo det, men dei heitte ikkje tiger og frosk enno. Det einaste Gud sjølv gav namn til, var dei to han skapte no: Adam og Eva. Det er namna på dei to fyrste menneska på jorda. Av støvet på bakken forma Gud ein mann og ei kvinne, og då han hadde gjort det, pusta han liv inn i dei. Så skapte han det slik at menneska, og dyra òg, kunne få barn, slik som fiskane, sjødyra, fuglane og plantene. Adam og Eva såg på kvarandre og visste at dei høyrde i lag. «De, som er mine siste, men også beste skapningar», sa Gud, «de skal vera dei som bestemmer på jorda. De skal stå over dyra. Eg vil gi dykk ein hage å bu i, den heiter

Eden og er vakrare enn alt anna eg har skapt. I den hagen skal de gi alle skapningane mine namn. Det er fire elvar i Eden, så det er nok vatn til at alt kan veksa godt der. De kan drikka når de vil, og de kan bada og kosa dykk. Det er frukt og bær kor enn de snur dykk, difor treng de aldri å vera svoltne. Men éin ting får de ikkje lov til: De må aldri røra frukta frå dei to trea som heiter livets tre og kunnskapens tre. Greitt?» Adam og Eva nikka, sjølv om dei såg ned, for ingen menneske kan møta blikket til Gud. Augo hans lyser for sterkt for oss. «Eg har skapt dykk i mitt bilete. De er dei av skapningane mine som liknar meg. Gløym det aldri: Eg er i dykk», sa Gud til slutt. «Eg set dykk til å vakta over alt eg har skapt. Ta godt vare på jorda», sa han og var med eitt borte. Å pusta vert også kalla «å anda». Gud anda liv inn i Adam og Eva. Den pusten, eller anden, vert ofte kalla «Den heliage ande». Me kjem alle frå Adam og Eva, og difor har me nok alle litt av Den heilage anden i oss framleis. Kanskje er det grunnen til at me eigentleg alltid veit kva som er rett, og kva som er gale?


Søndag

Den sjuande og siste dagen sette Gud seg godt til rettes og studerte alt han hadde skapt denne veka. Slik vart han sitjande heilt til kvelden kom. Gud var sliten, men glad. Han bestemde at denne dagen skulle han kalla «kviledag». Slik er det framleis, at ein dag i veka er litt annleis enn andre dagar. Me i Noreg har valt søndagen til kviledagen vår. Jo då, nokon må arbeida

også søndag. Me kan ikkje stengja sjukehusa eller lata vera å sløkkja brannar, men Gud kvilte denne siste dagen, og han tenkte på oss som han hadde skapt. Då er det nok meininga at på søndagen skal me òg kvila ut og tenkja litt ekstra på Han. Gud bad oss menneske om å ta vara på jorda hans. Synest du me er flinke til det?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.