2 minute read

Styrka samarbeid om berekraftig akvakultur i

Vestland

Vestland fylkeskommune har teke initiativ til eit samarbeidsprosjekt som skal vere med å løyse utfordringar innan akvakultur. Gjennom dette prosjektet skal dei mange aktørane frå offentleg verksemd, akvakulturnæringa og kunnskapsmiljøa samarbeide tettare for å lukkast i arbeidet med å skape meir verdiar, samstundes som vi gjer dette med mindre avtrykk på omgjevnadane våre.

Det er mange aktørar som arbeider godt med å løyse sentrale utfordringar innan akvakultur, i ei tid med styrka merksemd på miljø, naturmangfald og klima. Vi i Vestland fylkeskommune ser at vi kan lukkast betre om vi samarbeider tettare i arbeidet med å løyse desse kompliserte problemstillingane. Dette seier Tor André Ljosland, som er leiar i hovudutval for næring.

Det er utarbeidt eit samarbeidsprosjekt med seks innsatsområde. Det dreg seg til med arealutfordringar, og god planlegging og oppdaterte arealplanar er naturleg nok eitt av desse innsatsområda. Dette fordrar tettare samarbeid med kommunane, der ein ser større område i samanheng for å sikre ein god bruk av dei areala som er disponible. Dette er dei andre innsatsområda: Kompetanse og rekruttering, Forsking og utvikling, Møteplassar og nettverk, Påverknad av rammevilkår, Ressursutnytting og verdikjeder.

Ein god del av innsatsen er allereie i gong. I vinter tildelte vi til saman seks millionar til åtte ulike prosjekt. Vi held kontakten med dei 8 prosjekta som vi har støtta slik at dei skal gje kunnskap inn i dette samarbeidsprosjektet. Både næringa, statlege etatar og andre har gjeve positive tilbakemeldingar i dei mange samrådingsmøta som vi har hatt. Det lovar godt at initiativet vårt er så bra motteke, seier Endre Høgalmen, som er seksjonssjef for naturressursar, landbruk og reiseliv. Saman med prosjektleiar John Anton Gladsø er det utforma ein styrka marin innsats der vi har lagt lista høgt: styrka verdiskaping, men med mindre avtrykk på klima, miljø og naturmangfald. Innsatsen vert styrka i løpet av hausten, og gjennom dette samarbeidsprosjektet skal vi saman få til eit

«fellesløft» som skal fremme ei berekraftig utvikling i Vestland, seier John Anton Gladsø.

Ei vellukka satsing på berekraftig sjømat fordrar tilgang på god arbeidskraft, og det er gledeleg at elevane ved Måløy vidaregåande skule nett har fått nytt opplæringsfartøy. På den nye «Skulebas» vert det gjeve opplæring til elevar som skal bli fiskar, matros, skipsmotormekanikar, kokk og navigatør.

«Skulebas» er eit dieselelektrisk (hybrid) fiskefartøy som er i tråd med det grøne skifte i skipsnæringa. Elevar som vel skipsmotormekanikarfaget får på den måten lært både drift av dieselmotor og elektrisk motor. Fartøyet er utrusta med ulike fiskeutstyr slik at fiske- og fangst-elevane kan lære om fiske med line, trål, not og garn. Brua er utstyrt med den nyaste teknologien innan navigasjon, og ei moderne utstyrt messe kan huse alle kokkeelevane.

Akvakulturelevane frå Måløy vidaregåande skule er på skuletur til Aqua Nor med det nye opplæringsfartøyet, og det vil vere ei gruppe elevar i tillegg til skipper på båten som vertskap alle dagar under messa. Så få deg gjerne ei omvising på «Skulebas» under messa, og du finn oss på Ila pir, kai 28.

This article is from: