TERAPIER | Homøopati
Homøopatiske tiltak og tips ved sporadiske uhell og hendingar under behandling
AV JOHN PETTER LINDELAND OG SVEIN JOHANNESSEN, REG. MNNH-TERAPEUTAR
Under behandling av kroniske sjukdommar kan ein til tider oppleve uventa episodar og uhell som fører til mellombelse tilstandar som forstyrrar det homøopatiske behandlingsforløpet, og som krev bruk av eit mellombels middel før ein igjen kan fortsetja behandlinga av den underliggjande kroniske sjukdomen. Det kan dreie seg om avkrefting etter epidemiske sjukdommar, sjokk, fallskader, sår, forbrenningar og brannskadar, overanstrenging, kraftig nedkjøling, sorg ved tap av nære slektningar og vener, dårleg kosthald med meir. Ubehandla sjokk, sorg og andre alvorlege personlege problem kan gjere ein kronisk sjukdom vanskelegare å behandle og kan i verste fall føre til at sjukdommen ikkje lengre let seg behandla fullt ut. Det er difor viktig at desse mellombelse tilstandane og hendingane blir behandla så snart som mogeleg. HOMØOPATISKE TILTAK OG TIPS Når det gjeld tilstandar som kan føra til mellombelse forstyrringar av det kroniske behandlingsforløpet, gjev homøo-
26
Naturterapeuten nr1 - 2020
patiens grunnleggjar Samuel Hahnemann råd og tips om homøopatiske tiltak ut frå eigne kliniske erfaringar. Vi tykkjer at dette kan vera nyttig kunnskap også ved bruk av andre terapiformer i behandling av kroniske tilstandar. » Ved fordøyelses- og magebesvær Dersom ein opplever problem med magen grunna inntak av feit mat, og då særleg svinekjøt, vil faste og Pulsatilla vere gunstig. Ved mageproblematikk med oppstøyt, gulping og raping, samt kvalme og ein tendens til å ville kasta opp, bruk Antimonium crudum. Ved kuldefølelse i magen etter inntak av frukt, Arsenicum, og ved ‘hangover’ og ubehag etter inntak av alkoholholdig drikke, Nux vomica. Ved oppblåst mage med gastrisk feber, frysing og kulde, Bryonia. » Ved frykt og redsle Dersom det er i eit tidleg stadium og frykta forårsakar angst, vil Opium vere eit godt val. På eit seinare stadium og der redsla gjer seg utslag i sinne og harme, vil Aconitum vere mest passande, og dersom frykt el-
ler redsle forårsakar sorg og tungsinn, bruk Ignatia. » Ved irritasjon og harme Dersom irritasjon og harme er kombinert med sinne og opphissing, vil Chamomilla vere eit godt middel. Kombinert med frost og kuldefølelse i kroppen, bruk Bryonia. Ved irritasjon og harme kombinert med indignasjon og djup audmjukingskjensle og ein samstundes sleng frå seg ting i affekt, Staphysagria. Ved irritasjon og harme med stillteiande audmjukingskjensle, samsvarar Colocynthis betre. » Ved kjærleikssorg Dersom kjensla gjer seg utslag i stillteiande og taus sorg, bruk Ignatia. Dersom sjalusi er framtredande, Hyoscyamus. » Ved kraftig nedkjøling Dersom ein er kraftig nedkjølt og aller helst vil vera innomhus eller krype til køys, bruk Nux vomica. Ved kraftig nedkjøling med påfølgjande diaré, Dulcamara. Med påfølgjande smerte og tendens til å ville gråte,