7 minute read
Brev til legeforeninga
Det er ein pågåande debatt i Danmark om legitimiteten til registeret for alternative behandlarar (RAB). Lægeforeningen i Danmark har vore førande i kritikken, og som i etterkant er fylgt opp av helseminister Magnus Heunicke. Han har annonsert at det etter covid-pandemien vil bli ein gjennomgang i høve denne ordninga. Fokuset er pasienttryggleik og forbrukarrettar. Responsen frå registrerte RAB-terapeutar, er at kritikken er fragmentert og ikkje byggjer på god dokumentasjon. Debatten liknar i så tilfelle på den norske, som også ber preg av anekdotiske forteljingar. Fylgjande er eit brev fysioterapeut og kraniosacralterapeut Cathrine Tinggaard Rahbek har sendt legeforeninga i Danmark.
AV FYSIOTERAPEUT OG KRANIOSACRALTERAPEUT CATHRINE TINGGAARD RAHBEK
Advertisement
Kjære legeforening. Eg skriv til deg med tankane mine om arbeidet i legeforeininga for å avskaffa RAB-ordninga. Først litt om bakgrunnen min for denne kronikken. Eg er utdanna fysioterapeut og har jobba som dette på klinikken i 6 år. Eg jobbar nå på heiltid som kraniosakralterapeut og har derfor eit bein både i det etablerte behandlingssystemet og i det alternative.
Kontakten min med det etablerte behandlingssystemet er - på ein måte - framleis ganske nært. Eg er nemleg kjærast med ein lege og vi snakkar dagleg om erfaringar, spørsmål og dilemma frå arbeidsdagane våre - og så sender eg av og til klientane mine tilbake til ein av dykk dersom dei har symptom som bekymrar meg.
Eg lurer på kvifor du vil legga ned ordninga, sidan for meg er dette eit høve til å byggja bru mellom to behandlingssystem som kan løfta og gjera kvarandre rikare. Dette er det personlege bidraget mitt til debatten, og eg vil ikkje tretta deg med om ulike alternative behandlingsformer ”fungerer” eller ikkje. I staden vil eg forhåpentlegvis inspirera deg til å sjå RAB-ordninga som eit verktøy for å auka pasienttryggleiken.
KRAVA TIL RAB Sjølv har eg nettopp blitt RAB-registrert. Trass i at eg som autorisert fysioterapeut tilfredsstiller krava i anatomi, fysiologi og patologi, har det tatt meg fleire år med kursing og eksamenar for at eg kan bli registrert. Som det kjem fram av «Bekendtgørelse om en brancheadministreret registreringsordning for alternative behandlere.» 1) - og nærare spesifisert på nettstaden til den danske terapeutforeininga (ein paraplyorganisasjon for mellom anna alternative terapeutar), er krava til ei RAB-registrering følgjande: 200 undervisningstimar i anatomi og fysiologi, 100 i patologi og 250 relatert til behandling/terapi. Alt gjennomførd med eksamen. I tillegg blir det kravd 50 undervisningstimar i psykologi, 10 i klinikkrettleiing (her blir det undervist mellom anna i autorisasjonslova, inkludert lovordningar om kvakksalveri) og 50 undervisningstimar med innføring i andre alternativ-medisinske behandlingsformer.
Eg har stor respekt for at ei RAB-registrering ikkje er noko du berre mottek i ein automat. Det at RAB-registreringa er ein krevjande prosess, betyr at dei som ikkje har helsefagleg bakgrunn, verkeleg må leggja seg i selen med å ta ulike sjølvfinansierte kurs for å få ei grunnleggande forståing av menneskekroppen, helse og sjukdommane deira - slik at dei mellom anna kan visa til legar dersom ein klient har symptom som gjev bekymring.
RAB-registreringa inneheld ei rekke reglar for god klinisk praksis, som også er forklart i «Bekendtgørelse om en brancheadministreret registreringsordning for alternative behandlere.»
EIT TRYGGINGSNETT Ein RAB-registrert behandlar «skal anbefale en bruger at søge læge mv. hvor dette må anses at være indiceret” På denne måten kan vi “alternative ” terapeutar faktisk vera ein del av tryggingsnettet som eksisterer rundt innbyggarane, som kanskje ikkje brukar legen som fyrsteval. Eg trur det er viktig, og eg trur vi må vera rusta for det.
Men vår del av tryggingsnettet er større enn det. I «bekjentgjørelsen» heiter det òg i avsnittet om reglar for god klinisk praksis, at vi ”skal afstå fra at fraråde en lægeordineret behandling eller benytte behandlingsmetoder, som det er
forbeholdt bestemte autoriserede sundhedspersoner at anvende” Eg behandlar mange som ”har fare vilt” i det etablerte systemet og som til dømes har smerter eller ubehag, der fysiske årsaker ikkje kan oppdagast i ulike skanningar eller blodprøvar - og som føler seg tapt i møtet med deg. Her kan erfaringa mi som fysioterapeut - og det faktumet at eg ofte spør kjærasten min - ”Kva synest eigentleg ein lege om dette og hint?” - faktisk hjelpa meg med å bli kjent med måten legane resonnerer og jobba på, slik at eg kan møta frustrasjonen til pasienten medan eg hjelper dei til å halda oppe tilliten til arbeidet de gjer.
Den tilliten kan vera livsnødvendig og viktig for alvorleg sjuke menneske som på ein eller annan måte har mista «pusten» i det offentlege helsevesenet. Eg trur at ved å setja ditt preg på RAB-ordninga, kan du bidra til å pleia tilliten til både alternative behandlarar og pasientane våre.
PROFESJONELT RUSTA Eg behandlar òg mange som er ferdigbehandla i systemet ditt, men som ikkje føler seg sunne og friske. Dette kan til dømes koma av sein-effektar etter kreft, fysisk traume eller komplikasjonar ved arrvev.
Eg trur du bør sjå på den alternative behandlinga som ein sjanse til å hjelpa og lindra innbyggarar som du har problem med å hjelpa. Innbyggarar som søker og ofte får den hjelpa dei treng frå oss i ”alternativet”. Eg kan godt forstå at du ikkje føler deg trygg ved å tilrå sjuke menneske ei behandling du ikkje forstår og der bevisa haltar. Men, folk gjer det som passar dei og søker mot det som gjev lindring.
Og for å føregripa bekymringane du kan ha om behandlingsmetodane og inkompetansen vår, er RAB-ordninga for meg ein tryggleik for at eg som alternativ terapeut er profesjonelt rusta slik at eg ikkje skader menneska eg behandlar - ved enten i rein fåkunne å utsetja dei for fysisk eller psykisk overgrep, ved ikkje å tilrå medisinsk behandling eller ved å neglisjera alvorlege, medisinsk behandlingskrevjande symptom.
For meg er dette òg måten RAB-ordninga skal kommuniserast på. Det at eg som terapeut er RAB-registrert, er ingen garanti for at behandlinga mi kan kurera ulike plager. Samstundes må det understrekast at RAB-registreringa mi er ei anerkjenning av at eg har studert og perfeksjonert evna mine i behandlingane eg tilbyr, og at eg har grunnleggande kunnskap om menneskekroppen og sjukdommane deira, slik at det er medisinsk forsvarleg å få ei behandling av meg.
RAB-ordninga er for meg ei regulering der innbyggarane kan få hjelp til å finna vegen i den alternative jungelen - slik at dei kan få tilgang på behandling ein stad der terapeuten gjer ein seriøs og målretta innsats for å gje helsebringande behandling og å samarbeida med det etablerte helsesystemet. Eg er ikkje ute etter å få eit statsstempel for godkjenning av den behandlingsforma eg gjev, og det har heller aldri vore intensjonen med registeret.
EIT HØVE TIL Å BYGGA BRU Slik eg ser det, bør alternativ behandling i staden kallast supplerande behandling, noko eg kommuniserer til dei av pasientane mine som samstundes treng behandling i det etablerte systemet. Men dersom eg skal supplera den viktige behandlinga du gjev, så krev det at eg har forståing for og innsikt i verdsbildet og tilnærminga di. For meg er krava til anatomi, fysiologi og patologi som er knytt til RAB-registreringa ein veldig god måte å skapa eit felles grunnlag og språk som vi kan samarbeida ut ifrå.
Eg føreslår at i staden for å krevja at RAB-ordninga blir nedlagd, bør du sjå det som eit høve til å bygga ei bru. Eg snakkar berre for meg sjølv no, men eg trur at dersom du samarbeider med dei alternative forbunda, vil desse vera lydhøyre for dei krava du meiner bør stillast til registreringsprosessen, slik at alternative behandlarar er betre rusta til å samarbeida med deg.
Det kan til dømes vera praksis hjå ein allmennlege, ei mentorordning, eit fyrstehjelpskurs, eller vidare undervisning i kva du kanskje synest er relevant for å ta vare på sjuke menneske i ein behandlingssituasjon. Her meiner eg IKKJE at du skal krevja innverknad på korleis “alternative” terapeutar utfører behandlinga vi er spesialiserte i - så lenge behandlingane ikkje er direkte pasientfarlege, noko som også tydeleg er nemnt i autorisasjonslova.
I staden bør du krevja innverknad når det gjeld at vi skal vera profesjonelt rusta for eit ansvarleg samarbeid med pasienten - kanskje til og med eit fruktbar samarbeid med nokon av dykk. Dette krev sjølvsagt at du tør å stola på at vi - sjølv om vi ikkje er legar - jobbar for same sak som deg: nokre gonger heila, ofte lindra, alltid trøysta, aldri skada. Dette ein open invitasjon til å engasjera deg til beste for pasienten - og eit fruktbar samarbeid.
1. file:///C:/Users/47948/Downloads/B20170085905.pdf Artikkelen er tidlegare publisert i Dagens medisin, Danmark. Omsetning John Petter Lindeland.