5 minute read

Naturterapeutisk terminologi

Naturterapeutisk terminologi som vegvisar for god praksis og fagidentitet

World Naturopathic Federation har i ein to-års periode stått for utarbeiding av dokumentet Terminology Document - Defining Naturopathic Terms 1), der blant anna NNH har vore bidragsytar i prosessen. Nå er dokumentet omsett til norsk, og NNH håper at både medlemmer, undervisningsinstitusjonar og andre vil ha nytte av det – og at det blir spreidd vidare til alle interesserte.

Advertisement

AV JOHN PETTER LINDELAND

FAGIDENTITET OG SAMARBEID World Naturopathic Federation poengterer i sitt skriv til medlemsorganisasjonane: «Dette dokumentet vil tena den naturterapeutiske tradisjonen gjennom å sikra identiteten til yrket ved å tydeleggjera definisjonen av sentrale naturterapeutiske termar som ligg til grunn for naturterapeutisk praksis. Det vil òg legga til rette for betre samarbeid mellom fagpersonar og andre helseprofesjonar – noko som spesielt WHO påpeikar er viktig».

For kanskje mange, vil innhaldet i dette dokumentet vera sjølvsagt som grunnlag for ein naturterapeutisk praksis. Likevel trur eg at me gjer lurt i å av og til stoppa opp og tenkja medvite gjennom vår eigen praksis – uavhengig kva terapiform og metodar me nyttar. Dei omgrepa som her er definert, kan vera ein vegvisar og ei hjelp til å vurdera om me i kvardagen tek nok omsyn til dei prinsippa som naturterapien kviler på.

Terminologiheftet er tufta på eit tidlegare dokument som omhandlar naturterapeutisk filosofi, prinsipp og teoriar 2) . Desse to kompletterer kvarandre.

NATURTERAPI SOM PRINSIPP Eg trur alle som les gjennom dokumentet, vil erfara at det har eit logisk språk med ein allmenngyldig karakter i høve helse og sjukdom. På mange måtar er dei valde definisjonane ein syntese av prinsippa som både tradisjonell medisin og naturterapi byggjer på. Arbeidet med å velja ut omgrep og definera desse, aukar medvitet om korleis slike prinsipp skal forvaltast i praksis og korleis dei interagerer med kvarandre. Dei skapar også eit medvit om etiske haldningar i møte med menneske som har helseutfordringar av ulik karakter.

YRKESTITTEL Den naturterapeutiske fagidentiteten er i dag fragmentert, i tydinga av at identiteten ofte er knyta til dei terapifaga ein er utdanna i og praktiserer. Dette meiner eg skapar store utfordringar i vår kommunikasjon med andre helseprofesjonar, helseforvaltning og politisk nivå. Alternativet framover bør bli at ein knyter både yrkestittel og hovudidentiteten til det som er felles for alle naturterapeutiske terapiformer, og som nå tydeleg er definert i Naturterapeutisk terminologi. Håpet er at me i framtida også får til utdanningar som byggjer opp under denne yrkestittelen. Pr. dato er det ingen som ber namnet naturterapi. Erfaringsvis er det utdanning og utdanningsinstitusjon som skapar den sterkaste identitetsmarkøren. Difor blir namneval svært viktig som fundament for ein slik strategi.

INTERNASJONALT I Sveits har dei lovfesta godkjenning av fagutdanningar innan ayurvedisk medisin, homøopati, tradisjonell kinesisk medisin og tradisjonell europeisk naturterapi 3). Yrkestittelen dei får tildelt uavhengig av spesialitet, er Naturheilpraktikerin eller Naturheilpraktiker. Utdanningsomfanget er på 4,650 timar.

WHO har også utarbeida fleire såkalla benchmark for ulike terapiformer, blant anna naturopati 4). Minimumsomfanget er vurdert til 1500 undervisningstimar, inkludert 400 timar praksis. Utdanningar under dette nivået, blir ikkje anerkjent som eit yrke. World Naturopathic Federation arbeider for å oppmoda utdanningsinstitusjonar til å auka dette minimumsnivået opp til 2500 timar. Om ein skulle omforma dette til norske forhold, bør utdanningar ikkje vera under to år fulltid eller fire år deltid – litt avhengig av studieprogresjon.

DEFINISJONAR Det blir for omfattande å presentera alle 17 definisjonar i ein artikkel, men nokre døme vil gje eit visst innblikk og inspirasjon til å studera vidare :

Lege/terapeut sin lærar Det naturterapeutiske prinsippet om lege/terapeut som lærar (docere), understrekar verdien av utdanning, personleg ansvar og utvikling av individet sin kunnskap og forståing av eiga helse og helsevesenet si oppbyggjing, og dessutan sikker og bevisst vurdering av åtferd, livsstil og naturlege medisinar for å forbetra helse og velvære.

Prinsippet om lege/terapeut som lærar (docere), er knytt til andre naturterapeutiske prinsipp som Behandle årsak (tolle causam), Behandle heile mennesket (tolle totum) og Helsefremjande aktivitet.

Fyrst og fremst, ikkje gjer skade For å ikkje skada, etablerer ein naturterapeut/naturterapeutisk lege dei mest skånsame råda og ikkje-invasive behandlingsstrategiar for å oppnå ynskja resultat for kvar enkelt pasient.

Fyrst og fremst, ikkje gjer skade (primum non nocere) er eit naturterapeutisk prinsipp som blir respektert i alle aspekt av naturterapeutisk klinisk praksis, spesielt den Terapeutiske rekkefylgje.

Heilskap Den heilskaplege tilnærminga til naturterapeutisk praksis anerkjenner at dei strukturelle, funksjonelle, åndelege og psykologiske aspekta ved ei individuell handling er gjensidig avhengige og blir påverka av eksterne, miljømessige, sosiale og andre faktorar. Ved behandling, behandlar ein heile personen - som inkluderer den intrapersonlege og mellommenneskelege dynamikken og deira interaksjon med omgivnadene og samfunnet.

Heilskap er ein grunnfilosofi i den naturterapeutiske tilnærminga til klinisk vurdering, diagnose og behandling, og er direkte knytt til det naturterapeutiske prinsippet Behandle heile personen (tolle totum) og den naturterapeutiske teorien om Integrering av det individuelle.

Naturterapeutisk diagnose Ein naturterapeutisk diagnose er samanfatning og tolking av funna frå den naturterapeutiske kliniske vurderinga. Det er tre primære og samanhengande formål med ein naturterapeutisk diagnose. Den første er å nøyaktig kategorisera symptoma, tilstanden og/eller sjukdomstilstanden ved hjelp av konvensjonell medisinsk terminologi og/eller tradisjonelle naturterapeutiske diagnostiske konsept. Den andre er å vurdera dei underliggande årsakene til symptoma til pasienten, tilstandar eller sjukdomstilstand, og den tredje er å vurdera vitaliteten til pasienten og lækjande evne.

Ramma for ein naturterapeutisk diagnose blir fyrst og fremst styrt av dei naturterapeutiske prinsippa Naturens lækjande kraft (vis medicatrix naturae), Behandle årsaka (tolle causam) og Behandle heile menneske (tolle totum).

1. http://worldnaturopathicfederation.org/wp-content/uploads/2019/08/WNF_Terminology_Document_final-Aug-2019.pdf https://nnh.no/wp-content/uploads/2021/03/Naturterapeutisk-terminologi-nynorsk.pdf 2. http://worldnaturopathicfederation.org/wp-content/uploads/2019/11/WNF_White_Paper_June-2017.pdf 3. https://www.oda-am.ch/de/beruf/abschluss-titel/ 4. https://www.who.int/medicines/areas/traditional/BenchmarksforTraininginNaturopathy. pdf?ua=1

FØLG OSS PÅ INSTRAGRAM @anglamark_norge

This article is from: