
3 minute read
• Kommunikasjon og pasienttryggleik ved bruk av naturterapi og alternativ behandling i samband med kreft
NAFKAM SEMINAR
Kommunikasjon og pasienttryggleik ved bruk av naturterapi og alternativ behandling i samband med kreft
Advertisement
Av John Petter Lindeland og Bodil Salomonsen
Overskrifta peikar på det som var hovudtema for NAFKAM sitt seminar i Tromsø den 7 – 8. september - Communication and decision making on CAM in supportive care for cancer. Samla var store delar av staben til NAFKAM og diverse forskarar frå fleire europeiske land. Blant desse var også fire onkologar. Av organisasjonar var Kreftforeningen og NNH til stades.
Kommunikasjon
I fylgje ein studie utført av NAFAM viser at 79 % av kreftpasientane som var med i studien – i alt 468 – brukte ein eller annan form for alternativ/komplementærmedisinsk behandling. Meir enn halvparten (59 %) av kreftpasientane diskuterte bruken av minst éin tiltaksplan i høve naturterapi/ alternativ behandling med ein lege 1). Dei resterande valte ikkje å informera om dette av ulike årsaker 2). Nokre opplever at det ikkje er relevant for legen eller fordi dei ikkje
blei spurt. Andre er redd for å bli stigmatisert eller avvist. Det som ser ut til å vera mest avgjerande for om det skjer ein kommunikasjon, er kva tilhøve den enkelte har til sin lege eller anna onkologisk helsepersonell. Målet framover er at det ikkje skal vera personavhengig om det blir kommunikasjon omkring slike spørsmål og tema, men at det blir ein integrert standard som alle involverte helsepersonell må forhalda seg til.
Meir enn halvparten (59 %) av kreftpasientane diskuterte bruken av minst éin tiltaksplan i høve naturterapi/alternativ behandling med ein lege Berre 7 % av deltakarane i studien brukte desse behandlingsformene for å behandla kreften eller hindra den i å spreia seg.
Motiv for bruk
Dei vanlegaste motiva for bruk av naturterapi/alternativ behandling ved kreft som forskinga viser, er behovet for aktivt å gjera noko sjølv for å betra fysisk og mental velvære, gje håp og redusera eventuelle biverknadar av konvensjonell behandling. Berre 7 % av deltakarane i studien brukte desse behandlingsformene for å behandla kreften eller hindra den i å spreia seg.
Brosjyre
Det blir i ulike land gjort tiltak for å bøta på mangelen og viljen til ein god og trygg kommunikasjon. Farmasøyt/forskar Johanna Hök Nordberg og lege/onkolog Kathrin Wode frå Sverige, presenterte ein brosjyre dei hadde utarbeida – Om du funderar på komplementär og alternativ medisin 3). Brosjyren er retta både mot helsepersonell og pasientar som har fått ein kreftdiagnose, og er meint som eit hjelpemiddel til å ta gode val ved slike sjukdomstilstandar. I innleiinga skriv dei blant anna: Å ha kreft betyr så mykje meir enn berre å ha ein eller fleire svulstar i kroppen. Ofte blir heile livet til både den enkelte og nære pårørande påverka. For den som sjølv ynskjer å gjera litt meir for helsa og velværet sitt – utover det som blir tilbode i kreftomsorga – kan KAM vera ein moglegheit. Interessa for brosjyren har vore stor, og har blant anna resultert i at det er blitt gjennomført fleire kurs for helsepersonell rundt om i Sverige. Fleire er under planleggjing.
Informasjonsportal
På nettsida til NAFKAM, finn du blant lenke til ei anna nettside dei har utvikla - CAM Cancer 4). Nettstaden er meint å gje helsepersonell høgkvalitet, evidensbasert informasjon om komplementær og alternativ medisin ved støttande/lindrande behandling, behandling eller førebygging av kreft. CAM Cancer blir administrert av NAFKAM som koordinerer det verdsomspennande nettverket av ekspertar innan CAM og/eller kreftbehandling – og som produserer og spreier påliteleg informasjon. Her kan ein blant anna søkja informasjon i høve terapiformer, naturlegemidlar, kosttilskot osb. 5) og med undergrupperingar i høve ulike tilstandar. Vidare er det vurderingar i høve dokumentasjon, tryggleik og effekt. Dette blir kontinuerleg ajourført etter kvart som ny kunnskap og forsking blir tilgjengeleg.
Kjelder:
1. https://link.springer.com/article/10.1186/ s12906-022-03606-0 2. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/30733573/ 3. https://cancercentrum.se/globalassets/ vara-uppdrag/rehabilitering-palliativ-vard/ cancerrehabilitering/om-du-funderar-pakomplementar-och-alternativ-medicin-web.pdf 4. https://cam-cancer.org/en/about-cam-cancer 5. https://cam-cancer.org/en/intervention-types-0
Samla var store delar av staben til NAFKAM og diverse forskarar frå fleire europeiske land.

Medlem av forskingskomiteen i NNH Bodil Salomonsen og styreleiar John Petter Lindeland.
