6 minute read
• Avstanden mellom kvar du er i livet og kvar du ynskjer å vera, er viktige helsefaktorar
INTERVJU | reg. naturterapeut MNNH Tone Søndmør Avstanden mellom kvar du er i livet og kvar du ynskjer å vera, er viktige helsefaktorar
Eg har alltid vore interessert i biologi, økologi, naturen og alt levande. Då eg passerte 40, byrja eg å tenkja over «kva skal eg bli når eg blir stor»? Etter å ha jobba mange år i eit børsnotert selskap, kjente eg veldig på å skifte retning og læra meir om kroppen og helsa vår. Så byrja ballen å rulla med kursing og utdanning innan naturterapi.
Advertisement
Intervjua av John Petter Lindeland
Kan du fortelja litt om korleis du nærmar deg ein pasient, og kva som blir avgjerande for behandlingsstrategi. Eg er veldig opptatt av å finne ut kva pasienten ynskjer. Kva vil du eg skal hjelpe deg med? Det andre er fokuset på samanhengen mellom det fysiske og det mentale. I møter med erfarne terapeutar dei siste 10-15 åra, har eg ofte stilt dei spørsmålet: Kva tenkjer du er den største årsaka til sjukdom? Det er særlig to svar eg har tatt med meg. Det eine er at «sjukdom er avstanden mellom kvar du er i livet og kvar du ynskjer å vera». Jo større avstand, jo sjukare. Det andre er mangel på indre styrke. Eller omvendt, jo meir indre styrke, jo friskare. Begge delar stressar kroppen og helsa vår. Dei eg jobbar med online, er pasientar som ofte har slitt lenge med sjukdom og har «prøvd alt». Samtalen om livet og korleis trauma og utfordringar heilt fra barndommen har etablert seg som mønstre og «satt seg i kroppen», er ein viktig del av mi tilnærming. Eg vil helst ikkje vera den som «fiksar» pasienten, men heller ein rådgjevar og coach som hjelper med å «skrella løken» og ta tak i stressfaktorane og mønstera som har gjort vedkommande sjuk. Eg ynskjer at pasienten sjølv vel vegen og tiltak som kjennes rett for å få både det mentale og det fysiske i balanse igjen. Ofte kjem eg også med forslag til aktuelle terapeutar/terapiar/behandling eg trur kan hjelpa dei på vegen. Og hjelp til å pusta rett, har også fokus. Av testar og prøver er hårmineralanalyse og eit sett med blodprøver det eg brukar mest. Det er mest for å underbyggja det som kjem fram i symptomanalysen og historikken, men også noko å prate ut i frå. Når det gjeld dei som kjem til meg på klinikken for soneterapi, blir det ein kombinasjon av soneterapi og samtale.
Reg. naturterapeut Tone Søndmør.
Kva råd har du til dei som ynskjer å gjera naturterapi til eit yrke ein kan leva av? Det må være at du må være innstilt på at det tar tid å bygge seg opp, og at du ikkje gjer deg økonomisk avhengig av en viss inntekt frå naturterapien i starten for å overleve.
Kva strategiar meiner du er viktigast for at naturterapien skal få større legitimitet i samfunnet? Eit godt spørsmål. I dag er det litt som Davids kamp mot Goliat, føler eg. Det arbeidet de gjer i NNH med kvalitetssikring av utøvarar, jobbing mot styresmaktene, samt forsking - tenker eg er viktig. Formidling og kommunikasjon ut mot samfunnet er også viktig.
Jord og helse
Du er vakse opp på gard, og har også landbruksutdanning. Kva betydning trur du dette har hatt i høve det du nå driv med – naturterapi? Ja, eg vaks opp på gard langt opp ei fjellbygd på ei tid der vi fortsett i stor grad var sjølvforsynt. Det var langt til både apotek, doktor og dyrlege, så det gjaldt å klare seg sjølv. Landbruksutdanninga mi tok eg i Danmark. Før det jobba eg på gard der, på heilt vanlege familiebruk. Det var ein stor overgang frå fjellgarden eg kom frå til bruka der både sprøyting på dyrkamarka og eigenmedisinering av husdyr med antibiotika var vanleg. Eg fekk verkeleg sjå korleis moderne industrilandbruk ble drive. Det sette ein liten støkk i meg, og allereie då tenkte eg at «dette er ikkje bra» - og slettes ikkje berekraftig. Vi kjøpte oss gard her i Øystese i Hardanger kor eg bur nå for to år sidan. Eg har starta opp med grønsaksdyrking, ein såkalla marknadshage. Eg driv etter regenerative prinsipp og har lært meg mykje om kor viktig det er å ha fokus på mikrolivet i jorda og ei levende matjord. Vi høyrer ofte at «du blir kva du et», men alt startar faktisk i matjorda. Kunstgjødsel og sprøytemiddel som blir
Når det gjeld dei som kjem til meg på klinikken for soneterapi, blir det ein kombinasjon av soneterapi og samtale. Tone Søndmør driv også ein marknadshage. Her er ho i ferd med å hausta pak choi.
brukt i industrielt landbruk, dreper mikrolivet i jorda. I dag gjer eg mykje stikk motsett av det eg lærte på landbruksskulen. Regenerativt landbruk og naturterapi er bygd på same prinsipp; gjenskapa balansen i jorda og i kroppen. Mange år med intensiv bruk av kunstgjødsel og tøff mekanisk behandling fører til utpining av jorda i form av at moldinnholdet går ned, ph går ned, jordbakteriane og nyttige sopp blir drepe av sprøytemiddel. I regenerativt landbruk byggjer vi opp att den ubalanserte og utpinte jorda til å bli fruktbar med eit rikt mikroliv og ein god veksestad med mykje tilgjengeleg næring for plantene. Med naturterapi hjelper vi på same måte ein sjuk og utmatta kropp til å byggja seg opp att ved å stimulera kroppen sitt eige heilingssystem til å gjera jobben.
Eigne helseutfordringar
På nettsida di er du også open om dine eigne helseutfordringar. Har dette forma di tilnærming til naturterapien – og på kva måte? Eg vaks opp med ein far som var psykisk ustabil med sterke psykopatiske trekk. Det var mora mi det gjekk mest ut over. Eg var eldst i søskenflokken og tok veldig ansvar for å prøve å beskytta mora mi. Eg utvikla eit kontrollbehov. Det er eit emosjonelt stress ein blir sjuk av. I vaksen alder fekk eg hjelp til å «sjå» mitt eige mønster og kva som hadde gjort meg utbrent. Så svaret på spørsmålet ditt, veldig kort fortalt, er at psykisk og fysisk helse heng saman som hand i hanske. Mi erfaring med pasientar er at det alltid ligg eit stress som har vart i mange år bak ein sjuk kropp når det ikkje er andre helt openberre årsaker. Du driv med RootCauseProtokol. Ja, eg brukar mykje frå RCP. Kort fortalt handlar den om at stress over tid lagar ubalansar i kroppen vår som gjer oss sjuke. Fyrste bod er å adressera stresset. Deretter å eta rein og naturleg mat for at vi skal få dei næringsstoffa kroppen treng. Og så er det supplering med naturlege og reine kosttilskot. Ingen syntetiske tilskot.
Du bur og har praksis i Øystese i Hardanger. Kva fordelar og ulemper opplever du ved å ha praksis på ein liten stad som dette? No har eg budd her berre i to år, og det har vore korona det meste av tida - og vanskeleg å starta ny klinikk. Eg har derfor jobba mest med onlinekonsultasjonar dei siste to åra, i tillegg til at eg har mest fokus på marknadshagen i sommarhalvåret. Framover nå er eg i gang igjen med soneterapi i Norheimsund. Elles tenkjer eg det kan både være fordelar og ulemper å ha praksis på små stadar. Det fyrste eg fekk vita da eg flytta hit var at hardingar er veldig trauste og treige og at eg måtte ikkje forventa at dei kom til å springa ned dørene mine med det fyrste.