3 minute read

Det handlar om å bygge ei øy

– Folk reagerer veldig positivt. Mange har elska denne plassen i alle år, og sakna at det skjer noko. Veldig mange er nysgjerrige og spør kva som skal skje, fortel ho.

– Nokre synest det var gale at vi skulle rive gamlebutikken, men dei fleste skjønar kvifor, legg ho til.

Anja kryssar fingrane for at koronapandemien eller framdrifta på byggearbeida ikkje stikk kjeppar i hjula på planane om opning til påske. Dei kom bakpå i haust i høve tidsplanen om ei opning i påska, samtidig med den årlege sjutopps-turen på Sandsøya.

SJARK, KAJAKK OG NYE BRYGGER

Dei har også planar om å ha kajakkar til utleige og nytte ein sjark slik at dei kan ta med gjestane ut på skikkelege fisketurar.

– No har vi jobba med prosjektet i kring eitt år, og det har kome til idear etter kvart om kva vi kan finne på. Det er mange alternativ til korleis områda her kan nyttast, fortel Anja.

Deler av flytebryggene er skifta ut, og neste sesong håpar dei at også dei eldre flytebryggene blir erstatta.

– Vi har vore i dialog med Marina Solutions for å sjå om vi kan få til ei brygge med bru, der ein kan ligge på innsida med mindre båtar eller vass-skuter. Då blir det meir heilskap i anlegget, held ho fram.

MEIR ENN ARBEIDSPLASSAR

I sommar var det i hovudsak pub- og gatekjøkendrift, mest for å «ha noko å tilby», seier Anja. Allereie då merka dei auka besøk til Sandsøya, ikkje minst frå lokale båtfolk.

– Bryggene har stort sett vore fulle av båtar når det har vore godt vêr, seier ho.

Saman med hurtigbåtruta Ålesund-Stad håpar øybuarane at satsinga kan vere med å gi ny giv på øya. Mange tilreisande har også oppdaga hengekøyecampen «Vind i luggen».

For prosjekt Rosenlund handlar om meir enn å bygge nye arbeidsplassar. Skulen på øya er lagt ned, men øybuarane har ikkje gitt opp håpet om at den kjem tilbake. Anja skal sjølv busette seg på øya med barn og sambuar til våren. Førebels har ho pendla litt fram og tilbake, og sonen har gått på barnehage på øya.

«Mange har elska denne plassen i alle år, og sakna at det skjer noko»

– Eg har spurt hos kommunen kor mange ungar som trengst for at vi kan opne skulen opp att. Det med skule og bulyst på øya motiverer meg veldig. Det er det vi kjempar for - saman med alle andre her ute på øya, fortel ho.

NYE BORN TIL ØYA

Til no er det tilsett fire-fem personar på Rosenlund – og berre desse gjer at det er komne fleire enn ti nye born til øya i barnehage- og skulealder. – Det handlar om meir enn Rosenlund. Det handlar om å bygge opp att heile øya, og få tilbake den aktiviteten som var her så seint som på 1990-talet, fortel ho.

Ho håpar at fleire av dei tomme gardane på øya kan få nytt liv med folk og dyr – og ser ikkje vekk frå at ho kunne tenke seg gardslivet sjølv. Då NETT NO ber Anja sjå ti år fram i tida, og førestille seg korleis det ser ut på staden, nøler ho ikkje.

– Eg er heilt sikker på at det vil vere aktivitet her ute, og at vi har fått opp det vi skal. Eg har snakka med folk som vurderer å kjøpe seg tomt for husbygging no, fordi dei trur det blir vanskelegare å skaffe seg tomt her i framtida, fortel ho.

– DET ER BERRE Å SATSE

Rosenlund har investert i tre tomannsbustadar, fordi det var vanskeleg å finne husrom for dei tilsette. Anja er ikkje i tvil om at fleire unge vil flytte til øya når dei ser potensialet, og påpeiker at øya til dømes manglar frisørsalong.

– Kanskje nokon har lyst til å starte noko sjølve? Det er berre å satse, legg ho til.

Anja har bakgrunn som servitør og stuepike på Hurtigruten, i tillegg til at ho har jobba ved Hageland og i Sølvtrans-reiarlaget. Seinast har ho vore i investeringsselskapet, Ronja Capital, selskapet som no satsar store summar på Rosenlund-utbygginga.

– At vi er ein såpass stor aktør gjer at eg trur vi kan klare det vi har sett oss som mål, seier ho.

This article is from: