NETT NO - ÅRG 8 / UTG 1 / 2020

Page 14

Ho fortel om mange gode tilbakemeldingar på at nokon vil satse på staden. – Folk reagerer veldig positivt. Mange har elska denne plassen i alle år, og sakna at det skjer noko. Veldig mange er nysgjerrige og spør kva som skal skje, fortel ho. – Nokre synest det var gale at vi skulle rive gamlebutikken, men dei fleste skjønar kvifor, legg ho til. Anja kryssar fingrane for at koronapandemien eller framdrifta på byggearbeida ikkje stikk kjeppar i hjula på planane om opning til påske. Dei kom bakpå i haust i høve tidsplanen om ei opning i påska, samtidig med den årlege sjutopps-turen på Sandsøya. SJARK, KAJAKK OG NYE BRYGGER

Dei har også planar om å ha kajakkar til utleige og nytte ein sjark slik at dei kan ta med gjestane ut på skikkelege fisketurar. – No har vi jobba med prosjektet i kring eitt år, og det har kome til idear etter kvart om kva vi kan finne på. Det er mange alternativ til korleis områda her kan nyttast, fortel Anja. Deler av flytebryggene er skifta ut, og neste sesong håpar dei at også dei eldre flytebryggene blir erstatta. – Vi har vore i dialog med Marina Solutions for å sjå om vi kan få til ei brygge med bru, der ein kan ligge på innsida med mindre båtar eller vass-skuter. Då blir det meir heilskap i anlegget, held ho fram. MEIR ENN ARBEIDSPLASSAR

kjøkendrift, mest for å «ha noko å tilby», seier Anja. Allereie då merka dei auka besøk til Sandsøya, ikkje minst frå lokale båtfolk. – Bryggene har stort sett vore fulle av båtar når det har vore godt vêr, seier ho. Saman med hurtigbåtruta Ålesund-Stad håpar øybuarane at satsinga kan vere med å gi ny giv på øya. Mange tilreisande har også oppdaga hengekøyecampen «Vind i luggen». For prosjekt Rosenlund handlar om meir enn å bygge nye arbeidsplassar. Skulen på øya er lagt ned, men øybuarane har ikkje gitt opp håpet om at den kjem tilbake. Anja skal sjølv busette seg på øya med barn og sambuar til våren. Førebels har ho pendla litt fram og tilbake, og sonen har gått på barnehage på øya.

«Mange har elska denne plassen i alle år, og sakna at det skjer noko» – Eg har spurt hos kommunen kor mange ungar som trengst for at vi kan opne skulen opp att. Det med skule og bulyst på øya motiverer meg veldig. Det er det vi kjempar for - saman med alle andre her ute på øya, fortel ho. NYE BORN TIL ØYA

Til no er det tilsett fire-fem personar på Rosenlund – og berre desse gjer at det er komne fleire enn ti nye born til øya i barnehage- og skulealder.

– Det handlar om meir enn Rosenlund. Det handlar om å bygge opp att heile øya, og få tilbake den aktiviteten som var her så seint som på 1990-talet, fortel ho. Ho håpar at fleire av dei tomme gardane på øya kan få nytt liv med folk og dyr – og ser ikkje vekk frå at ho kunne tenke seg gardslivet sjølv. Då NETT NO ber Anja sjå ti år fram i tida, og førestille seg korleis det ser ut på staden, nøler ho ikkje. – Eg er heilt sikker på at det vil vere aktivitet her ute, og at vi har fått opp det vi skal. Eg har snakka med folk som vurderer å kjøpe seg tomt for husbygging no, fordi dei trur det blir vanskelegare å skaffe seg tomt her i framtida, fortel ho. – DET ER BERRE Å SATSE

Rosenlund har investert i tre tomannsbustadar, fordi det var vanskeleg å finne husrom for dei tilsette. Anja er ikkje i tvil om at fleire unge vil flytte til øya når dei ser potensialet, og påpeiker at øya til dømes manglar frisørsalong. – Kanskje nokon har lyst til å starte noko sjølve? Det er berre å satse, legg ho til. Anja har bakgrunn som servitør og stuepike på Hurtigruten, i tillegg til at ho har jobba ved Hageland og i Sølvtrans-reiarlaget. Seinast har ho vore i investeringsselskapet, Ronja Capital, selskapet som no satsar store summar på Rosenlund-utbygginga. – At vi er ein såpass stor aktør gjer at eg trur vi kan klare det vi har sett oss som mål, seier ho.

I sommar var det i hovudsak pub- og gate-

T U RMÅL : Mange besøkande til Sandsøya nyttar høvet til fotturar – og den årlege sjutopps-turen er svært populær. 14

NETT NO


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Skipsbyggingsbransjen er delt i to

3min
pages 80-84

Aktiv forretningsbyggar på Stranda

7min
pages 72-75

Knut Vestre trivst motstraums

4min
pages 76-79

Har alltid drøymt om å starte eiga bedrift

5min
pages 70-71

Skaper arbeidsplassane sjølve

9min
pages 58-63

Bøker og business for ålesundar

4min
pages 64-65

Bærmisjonæren på Moa

6min
pages 54-57

Industrireisaren i Sykkylven

3min
pages 50-51

Nær 100 milliardar i nye Ålesund

3min
pages 38-39

Ventelista

1min
pages 44-45

Nye lokale vekstskaparar

4min
pages 52-53

Ny generasjon Flakk tek over

8min
pages 34-37

Frontfiguren på Stadlandet

3min
pages 30-31

Berekraftig søskenflokk på Vartdal

7min
pages 26-29

Hofseth er sterk i trua

2min
pages 32-33

Arveleg belasta hotellvert i Loen

8min
pages 18-23

Det handlar om å bygge ei øy

3min
pages 14-15

Normark løftet fram jordbærplukkerne

2min
pages 16-17

Båtentusiasten i Nordfjord

2min
pages 24-25

Eit todelt næringsliv

8min
pages 8-13
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.