2 minute read
Hofseth er sterk i trua
VISJONÆR: Roger Hofseth har idear i fleng, og folk med seg som skal stoppe dei villaste, men: - Eg er ein flink selgar så eg greier som regel å overtale dei, seier han.
STERK I TRUA
Av: Ogne Øyehaug
Når du er primus motor for eit selskap som har gått til saman 660 millionar kroner i minus på ti år, og likevel er meir begeistra enn nokon gong, då må du vel kunne kallast optimist?
– Eg vil heller seie at eg er utypisk. Det er ikkje unormalt ute i verda å bruke ti år på å bygge opp noko som har stort potensiale, seier Roger Hofseth.
Han er største eigar og leiar i oppdrettsfisk-foredlingsselskapet Hofseth International med 4,2 milliardar kroner i driftsinntekter og medeigar og leiar i oppdrettselskapet Hofseth Aqua (tidlegare Fjordlaks Aqua) med 630 millionar kroner i driftsinntekter.
NYBROTSARBEID
Det mest spennande er om han lukkast med Hofseth Biocare. Det er eit selskap som vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri og foredlingsindustri, til kosttilskot, helsekostprodukt- og om alt går bra – til produkt med ein medisinsk effekt. Hofseth Biocare har vore børsnotert sidan 2. desember 2011. Børskursen har svinga veldig, men eit viktig vendepunkt kom i fjor sommar, då selskapet offentleggjorde ein intensjonsavtale med Garden of Life, som er eigd av det internasjonale matvareselskapet Nestlé.
I løpet av kort tid vart selskapet over tre gongar meir verd, og verdien av selskapet har svinga rundt tre milliardar kroner sidan.
TRUR PÅ FOREDLING I NOREG
Hofseth trur på ein foredlingsindustri i Noreg.
Den eine grunnen er miljøomsyn.
fryste og butikk-klare produkt i staden for ferske, kan meir av frakta gå på skip - som gir mindre forureining og svinn enn flyfrakt av fersk laks.
Den andre grunnen er automatisering. Ein stor del av dei tilsette i Hofseth International sine anlegg er arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa. Meir automatisering vil endre desse jobbane. Dermed spelar lønsnivået mindre rolle, samstundes som det blir lettare å rekruttere norsk ungdom inn i denne industrien.
VILLE DRIVE SJØLV
Hofseth er frå Ellingsøya, og arbeidde i ungdomen i fleire av fiskeforeldingsbedriftene der. Der vakna også lysta til å bygge opp noko sjølv.
– Eg såg i alle fall forbetringspotensiale, og det var litt spennande å drive for seg sjølv. I 2004 kjøpte han det nedlagde meieriet i Syvde og etablerte foredlingsanlegg. I 2008 slo han seg saman med Seafoods Farmer of Norway på Valderøya, og fekk Ola Holen
MIDSUND:Hoseth Biocare samlar og utvidar produksjonen ved den nye fabrikken i Midsund.
som partnar. I 2016 blei Fjordlaks Aqua kjøpt og dermed etablerte Hofseth International også eit anlegg ved Steinvågen i Ålesund.
Begge deler skal bli større om Hofseth får det som han vil.
Gagn er et rådgivnings- og konsulentfirma med spisskompetanse innen prosjektledelse, digitaliseringing og forretningsutvikling.
Våre seniorrådgivere jobber tett sammen med bedriftens ledelse for å sikre vellykkede leveranser, og spiller på erfaring fra nærmere 300 bedrifter gjennom 15 års virke på Nordvestlandet.
Vi hjelper våre kunder med å etablere vellykkede digitale strategier, levere større IT-prosjekter eller bistå i anskaffelsesprosesser. Våre rådgivere har ikke bare teknologisk bakgrunn, men også tung erfaring innen verdikjede, organisasjonsutvikling, produksjon, logistikk, strategi, ledelse og økonomi.
Besøk oss i Langelandsv. 17, 6010 Ålesund, eller ta kontakt på +47 909 58 423. Du kan også sende en e-post til post@gagn.no.
gagn.no