NETT NO - ÅRG 8 / UTG 1 / 2020

Page 32

V I S JO N Æ R : Roger Hofseth har idear i fleng, og folk med seg som skal stoppe dei villaste, men: - Eg er ein flink selgar så eg greier som regel å overtale dei, seier han.

STERK I TRUA Av: Ogne Øyehaug

Når du er primus motor for eit selskap som har gått til saman 660 millionar kroner i minus på ti år, og likevel er meir begeistra enn nokon gong, då må du vel kunne kallast optimist?

32

NETT NO

– Eg vil heller seie at eg er utypisk. Det er ikkje unormalt ute i verda å bruke ti år på å bygge opp noko som har stort potensiale, seier Roger Hofseth. Han er største eigar og leiar i oppdrettsfisk-foredlingsselskapet Hofseth International med 4,2 milliardar kroner i driftsinntekter og medeigar og leiar i oppdrettselskapet Hofseth Aqua (tidlegare Fjordlaks Aqua) med 630 millionar kroner i driftsinntekter.

Hofseth Biocare har vore børsnotert sidan 2. desember 2011. Børskursen har svinga veldig, men eit viktig vendepunkt kom i fjor sommar, då selskapet offentleggjorde ein intensjonsavtale med Garden of Life, som er eigd av det internasjonale matvareselskapet Nestlé. I løpet av kort tid vart selskapet over tre gongar meir verd, og verdien av selskapet har svinga rundt tre milliardar kroner sidan. TRUR PÅ FOREDLING I NOREG

NYBROTSARBEID

Det mest spennande er om han lukkast med Hofseth Biocare. Det er eit selskap som vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri og foredlingsindustri, til kosttilskot, helsekostprodukt- og om alt går bra – til produkt med ein medisinsk effekt.

Hofseth trur på ein foredlingsindustri i Noreg. Den eine grunnen er miljøomsyn. – Å flytte til dei billegaste landa er ikkje berekraftig på lang sikt, meiner han. Med


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.