![](https://assets.isu.pub/document-structure/201111205538-ce6e32f12afc2716eebf3aa114f5abcd/v1/468ed930390c22f92563cf18a991a64e.jpg?width=720&quality=85%2C50)
4 minute read
Nye lokale vekstskaparar
VIL HJELPE FRAM NYE SELSKAP: Localhost-grunnleggarane Vidar Furnes (til venstre), Rune Mykletun, Vidar Saltkjel (på skjerm frå kontoret sitt i Sverige) og Sindre Kvalheim i Måløy.
Av: Ogne Øyehaug
Etter sjølv å ha blitt løfta fram, vil Localhost-grunnleggarane løfte fram andre. Skal hente inn 100 millionar kroner til nytt investeringsselskap, styrt frå Måløy.
Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Saltkjel og Vidar Furnes etablerte it-selskapet Localhost i 2008. Ut av miljøet i og rundt Localhost blei mellom anna datalagringsselskapet Lefdal Mine Datacenter etablert, eit datalagringssenter i den tidlegare olivingruva i Lefdal i Nordfjord. Datasenteret opna i mai 2017 og tidlegare i år blei det amerikanske infrastrukturinvesteringsfondet The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund storaksjonær. Det skjedde gjennom ein kombinasjon av ei kapitalutviding på 20 millionar Euro, samstundes som dei norske aksjonærane blei kjøpte ut.
Kjøpesummen er førebels ikkje kjent, men det var i alle fall nok til at dei fire kan realisere ein draum om å utvikle og løfte fram nye idear.
TAR OPP ARVEN
No går Localhost Holding, der dei fire med familie, eig halvparten av aksjane, inn med 20 millionar kroner i eit nytt investeringsselskap, så nytt at det enno ikkje er skipa. Styret har sagt ja, og eitt år har dei fire fått på seg til å klare å få med andre investorar, slik at det til saman blir reist 100 millionar kroner. – No skal vi ta over arven etter Gunnar og Svein, seier Sindre Kvalheim.
Gunnar og Svein er Gunnar Carlson og Svein Skibenes, som er sentrale personar bak mykje av utviklinga som har skapt ei rekkje teknologiarbeidsplassar i Måløy. Den omfattar programvare- og systemselskapet Localhost, datautstyrselskapet Net Partner, videokonferanseselskapet Videonor/Wherby og ikkje minst Lefdal Mine Datacenter, som dei fremste.
MOTOR FOR NYE SELSKAP
– Localhost Holding ønskjer å vere ein motor for å bygge nye selskap, seier Sindre Kvalheim.
Han meiner historia til Localhost-miljøet viser at det har lukkast med investeringane som er gjort i teknologiselskap.
– Det er investert 700 millionar kroner og skapt verdiar for minst 1,3 milliardar kroner, seier Kvalheim.
SELDE SEG UT
Ideen bak Lefdal Mine Datacenter var å bruke den tome gruva til eit internasjonalt datasenter, der firma frå heile verda kan lagre data trygt i fjellet, forsynt med straum frå norske kraftverk.
Dei store datamaskinene – serverar - i slike senter produserer varme og må kjølast ned, og plasseringa rett ved fjorden gjer at datasenteret brukar sjøen som kjølemiddel - etter same prinsipp som Localhost har for serverane sine på kontoret i Måløy.
Då Lefdal Mine Datacenter hausten 2019 starta arbeidet med å reise meir kapital for å kunne bygge ut senteret raskare, var planen at Localhost Holding og dei andre norske eigarane skulle vere med vidare.
Men då Sindre Kvalheim - som var styreleiar i Lefdal Mine Datacenter og leia forhandlingane med det amerikanske investeringsfondet, forstod kor omfattande investeringar amerikanarane såg for seg i datasenteret framover, bestemte dei norske eigarane seg for at dei ville selje seg ut. Det var snakk om så store pengar at alt dei norske eigarane tente framover ville gå med til å vere med på kapitalutvidingar i datasenteret for å oppretthalde eigarandelen.
– Det blei så stort at vi ikkje kunne henge med, seier Kvalheim.
Dermed blei det frigjort kapital, og det er ein del av den kapitalen Localhost-gjengen no skal bruke på å skape nye vekstselskap.
– Her sikra vi at vi hadde kapital til å fortsette å bygge regionen, samtidig som vi var trygge på at Lefdal vil bli kjempestort, seier Kvalheim.
SLIK BLEI LOCALHOST SKAPT
Historia om korleis Localhost blei til er slik: Sju år på rad ringde tidlegare sjef ved verftet Båtbygg, Måløy-patriot og investor Gunnar Carlson til IT-mannen Sindre Kvalheim for å få han til å flytte heim, og etablere noko nytt i Måløy.
Då Carlson ringde for sjuande gong, i 2007, var tolmodet til Carlson i ferd med å renne ut. Kvalheim fekk kniven på strupen – og flytta heim.
I Måløy gjekk han, Rune Mykletun, Vidar Saltkjel og Vidar Furnes saman om å starte it-selskapet Localhost, med finansiell drahjelp frå Carlson og brørne Svein og Egil Skibenes. I tillegg kom familien til Sindre Kvalheim og Vidar Saltkjel inn på eigarsida.
PRODUKSJON OG SERVICETJENESTER
![](https://assets.isu.pub/document-structure/201111205538-ce6e32f12afc2716eebf3aa114f5abcd/v1/fd0c773d49aad55e1922b4873059f88f.jpg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/201111205538-ce6e32f12afc2716eebf3aa114f5abcd/v1/78b7fb238acd888829ef21f384156573.jpg?width=720&quality=85%2C50)
![](https://assets.isu.pub/document-structure/201111205538-ce6e32f12afc2716eebf3aa114f5abcd/v1/de68cad1167d3db28480295e9c746a48.jpg?width=720&quality=85%2C50)
OFFSHORE - SUBSEA - VANNKRAFT - INDUSTRI
EPS er hundre prosent resirkulerbar.ISO9001 - ISO3834-2 - ACHILLES - NCE Vi jobbar hardt for å få all EPS tilbake i ei sirkulær verdikjede. EPS på avvegar, er ein ressurs på avvegar. I tillegg til å levere egne produkter innenfor vinsjer og håndteringsutstyr, kan I P Huse tilby det meste innenfor produksjon og service av mekanisk utstyr.