NETT NO - ÅRG 8 / UTG 1 / 2020

Page 52

VIL HJELPE FRAM NYE SELSKAP: Localhost-grunnleggarane Vidar Furnes (til venstre), Rune Mykletun, Vidar Saltkjel (på skjerm frå kontoret sitt i Sverige) og Sindre Kvalheim i Måløy.

NYE LOKALE VEKSTSKAPARAR Etter sjølv å ha blitt løfta fram, vil Localhost-grunnleggarane løfte fram andre. Skal hente inn 100 millionar kroner til nytt investeringsselskap, styrt frå Måløy. Sindre Kvalheim, Rune Mykletun, Vidar Saltkjel og Vidar Furnes etablerte it-selskapet Localhost i 2008. Ut av miljøet i og rundt Localhost blei mellom anna datalagringsselskapet Lefdal Mine Datacenter etablert, eit datalagringssenter i den tidlegare olivingruva i Lefdal i Nordfjord. 52

NETT NO

Datasenteret opna i mai 2017 og tidlegare i år blei det amerikanske infrastrukturinvesteringsfondet The Columbia Threadneedle European Sustainable Infrastructure Fund storaksjonær. Det skjedde gjennom ein kombinasjon av ei kapitalutviding på 20 millionar Euro, samstundes som dei norske aksjonærane blei kjøpte ut. Kjøpesummen er førebels ikkje kjent, men det var i alle fall nok til at dei fire kan realisere ein draum om å utvikle og løfte fram nye idear. TAR OPP ARVEN

No går Localhost Holding, der dei fire med familie, eig halvparten av aksjane, inn med 20 millionar kroner i eit nytt investeringsselskap, så nytt at det enno ikkje er skipa. Styret har sagt ja, og eitt år har dei fire fått på seg til å klare å få med andre investorar, slik at det til saman blir reist 100 millionar kroner.

Av: Ogne Øyehaug

– No skal vi ta over arven etter Gunnar og Svein, seier Sindre Kvalheim. Gunnar og Svein er Gunnar Carlson og Svein Skibenes, som er sentrale personar bak mykje av utviklinga som har skapt ei rekkje teknologiarbeidsplassar i Måløy. Den omfattar programvare- og systemselskapet Localhost, datautstyrselskapet Net Partner, videokonferanseselskapet Videonor/Wherby og ikkje minst Lefdal Mine Datacenter, som dei fremste. MOTOR FOR NYE SELSKAP

– Localhost Holding ønskjer å vere ein motor for å bygge nye selskap, seier Sindre Kvalheim. Han meiner historia til Localhost-miljøet viser at det har lukkast med investeringane som er gjort i teknologiselskap. – Det er investert 700 millionar kroner og skapt verdiar for minst 1,3 milliardar kroner, seier Kvalheim.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.