7 minute read

Kven har ansvar

Next Article
Å bli voksen

Å bli voksen

TEKST: MARIANNE CLEMENTINE HÅHEIM

Debattar om kva som er triggande, kven som har ansvar, og kva som burde vere lov å vise fram, dukkar opp med jamne mellomrom. I år har det vore debatt om influensarar si påverknadskraft, og om det er riktig å vise plastiske operasjonar på tv. Det har vore høg temperatur i debatten rundt dokumentaren «Selvportrett», som følgjer no avdøde Lene Marie Fossen, som var fotograf og hadde alvorleg anoreksi. Litteratur om anoreksi har også blitt debattert fleire gonger dei seinare åra. Kva er kjernen i desse debattane?

Kroppen kommuniserer noko om kven vi er, til omverda, og beskjeden blir filtrert gjennom felles ideal om kva som er ein «god» eller «riktig» kropp. Den slanke, trente, sunne, unge, friske kroppen er idealet i vår del av verda, og utgangspunktet når vi samanliknar oss med andre. Dei fleste av oss gjer dette, meir eller mindre bevisst, men lar oss i ulik grad påverke av det vi ser. Personar med spiseforstyrringar eller -problematikk er ofte svært opptekne av kropp og utsjånad, vil samanlikne seg hyppigare med andre, og vere meir sjølvkritiske. Ofte har ein eit forstyrra bilete av eigen kropp, og vil alltid oppleve å kome til kort. Det kan vere bensin på bålet for lidinga.

Dei færraste med ei spiseforstyrring, er undervektige. Dei aller fleste er normal- eller overvektige, og ein kan ikkje «sjå» at dei er sjuke. Mange snakkar om at det finst eit hierarki innan spiseforstyrringar, der anoreksi, den ofte synlege sjukdommen, tronar øvst, bulimi hamnar på andreplass, og overspisningsliding kjem heilt til sist. Hierarkiet er basert på misforståtte idéar om kontroll, dyd og verdi: den tynnaste er sjukast, fortener meir merksemd og betre hjelp. VG-journalist Kari Spets skreiv om dette i ein kommentar i 2017: «Samfunnet forguder selvkontroll. Fascineres av den tynne kroppen. Frastøtes av fråtsing. Forvirres av den store kroppen. Vårt fokus speiler og i verste fall forsterker spiseforstyrrelsenes hierarki». Spets meiner dette er grunnen til at det finst så mykje litteratur om anoreksi, og så lite om overspisningsliding.

«Kor mykje ansvar har eg som forfattar for mine lesarar? Kor mykje ansvar har andre forfattarar, kunstnarar, eller menneske som vel å dele si historie i andre format?»

Den sjukeleg tynne kroppen er oppsiktsvekkande, skremmande, nyhendeverdig. Som menneske lar vi oss fascinere av det ekstreme. Dokumentaren «Selvportrett» vart kritisert i denne samanheng. Lene Marie Fossen hadde, og døydde av, anoreksi, noko kroppen hennar bar sterkt preg av. Einskilde meiner filmen, og promoteringa av denne, i for stor grad fokuserer på og romantiserer den anorektiske kroppen; nærmast som eit salstriks.

Ordet romantisering dukkar ofte opp når det er snakk om anoreksi, den minst utbreidde spiseforstyrringa. Å romantisere betyr å forskjønne, idealisere. I tilfellet «Selvportrett» meinast det at den sjuke kroppen blir forskjønna og idealisert gjennom Fossen sine fotografi; at anoreksi og kunst blir blanda saman på ein uheldig måte. I andre tilfelle har det vore snakk om ei samanblanding av anoreksi og suksess, som då Ingeborg Senneset si bok «Anorektisk» kom ut i 2017. Skribent Johanne Magnus var kritisk til promoteringa av

boka, og skreiv i Bergens Tidende at: «Anorektikere flest er ikke sylslanke og er ikke enere. Media skaper en myte om anoreksi, tynnhet og suksess på en uheldig måte».

Andre forfattarar har også fått kritikk for sin måte å skrive om anoreksi på. Litteraturkritikar Kathleen Rani Hagen skreiv i 2017 at slik litteratur var som bensin på bålet for henne då ho sjølv strevde med lidinga. Til NRK sa ho at: «I stor grad tror jeg en del av forfatterne som skriver om hvordan det er å ha en spiseforstyrrelse gjemmer seg bak et falskt ønske om å fremstille hvordan det er, men feiler gang på gang – ved å gjøre det mer interessant enn det er». Dette er ein debatt eg har følgt med stor interesse, både fordi eg har eigenerfaring, og fordi eg sjølv har skrive ein roman om temaet. «Svart belte» handlar om mine erfaringar med anoreksi og bulimi, og var eit forsøk på ei ærleg skildring av korleis eit liv kan bli når kropp og mat blir viktigare enn alt anna. Eg er fornøgd med boka eg har skrive, men det betyr ikkje at ho ikkje kan vere skadeleg. Eg anbefaler ikkje boka til dei som er sjuke. Men er det godt nok? Kor mykje ansvar har eg som forfattar for mine lesarar? Kor mykje ansvar har andre forfattarar, kunstnarar, eller menneske som vel å dele si historie i andre format?

Det er umogeleg å kome med eintydige svar i ein slik diskusjon. Kva ansvar ein har, kjem an på kva rolle ein har, og til dels kven ein har som publikum. I arbeidet med boka mi var eg bevisst på at einskilde detaljar ville kunne skade, og dessutan var unødvendige; for eksempel referansar til konkret vekt eller kaloriar. Andre detaljar, for eksempel skildringar av kroppen og kva sjukdommen gjorde med han, har eg vurdert som viktige for å gi eit fullstendig bilete. Eg ville vise fram både det gode og vonde, stygge og fine, ekle og spennande. Ei spiseforstyrring er ikkje berre det eine eller andre – det er sjukdommar som både gir og tar, noko som gjer at tilfriskning for mange er fylt med ambivalens. Eg meiner at ein ved å vise fram det keisame, pinsame og skamfulle ved ei spiseforstyrring, kan bidra til det motsette av romantisering eller forskjønning.

God og grundig refleksjon kan gi betre litteratur. Ein må vite kva ein ønsker å seie, og kvifor. Vidare tenkjer eg at ein hovudsakeleg har ansvar ovanfor prosjektet og materialet sitt. Mitt ansvar var først og fremst å skrive ei så god bok om mi eigenerfaring som eg kunne, vel vitande om at også ei slik bok ville bere i seg risiko. Ein kan ikkje skrive godt om smertefulle og traumatiske erfaringar utan å risikere at det blir smertefullt eller traumatisk å lese for andre berørte eller sårbare.

Eg veit korleis det er. Eg har vore frisk i fleire år, likevel finst det framleis inntrykk eg er sårbar for. Eg prøver å vere klok i møte med desse, og tenkje meg om: er dette noko eg vil velje vekk, eller øve meg på? Der reaksjonane stammar frå problematikk knytt til sjølvkjensle, prøver eg etter beste evne å ta tak i problematikken: kjensla av ikkje å vere god nok, vere «mindre enn», som i stor grad låg til grunn for at eg vart sjuk tidleg i tenåra. Sjølv etter mange år kan den kjensla banke på døra, og då vil eg gjerne opne, og møte henne. For eg vil at ho skal slutte å kome.

Andre inntrykk vel eg vekk, fordi eg meiner dei er direkte skadelege, uetiske eller rett og slett uinteressante. For meg er det ikkje noko poeng i å lese om plastiske operasjonar, trend-diettar eller ekstrem trening, for eksempel. Det vil ikkje gi meg noko, og eg ønsker ikkje informasjonen velkommen.

Å erkjenne at samfunnet aldri kan bli triggerfritt, er ikkje det same som å resignere, eller seie at ingen

«Vi må vere flinke til å formidle at spiseforstyrringar handlar om innsida, ikkje utsida. Vi må vere iherdige i å løfte fram det store fleirtalet som er sjuke utan at det synest utanpå. Vi må vere utrøyttelege i arbeidet med å rive ned diagnosehierarkiet. Og vi må ha som mål å gjere kroppen mindre viktig.»

har ansvar for det dei seier, skriv og gjer. Vi skal framleis vere kritiske og seie frå om feilinformasjon, uetisk promotering, skadeleg detaljfokus og liknande. Samtidig kan og skal vi ikkje ta frå nokon retten til å setje ord på eigne erfaringar. Det er djupt menneskeleg å ville fortelje si historie, og bli sett.

«Noen vil gjerne mene at ytringer om selvskading, selvmordstanker eller angst er å helle bensin på bålet. Andre vil de samme ytringene hjelpe. Selv skulle jeg gjerne beslaglagt alle redaksjonelle og kommersielle innlegg om karrierejag og den lykkelige kjernefamilien, som regel sender de meg i kjelleren. Men blir ikke det helt feil? Istedenfor å sensurere trenger vi kanskje heller enda bedre og enda flere tekster», skreiv Johanne Magnus i Dagbladet i 2017. Eg er einig, og tenkjer at spørsmålet ikkje bør vere om vi skal skrive om spiseforstyrringar, men korleis.

Vi må vere flinke til å formidle at spiseforstyrringar handlar om innsida, ikkje utsida. Vi må vere iherdige i å løfte fram det store fleirtalet som er sjuke utan at det synest utanpå. Vi må vere utrøyttelege i arbeidet med å rive ned diagnosehierarkiet. Og vi må ha som mål å gjere kroppen mindre viktig – både i eigne liv, i samfunnet generelt, og i samtale og litteratur om spiseforstyrringar. For å nå eit slikt mål, treng vi pågangsmot og innsikt – og det kan kunsten gi, om han får vere fri.

This article is from: