FOKUS
KVEN HAR ANSVAR? TEKST: MARIANNE CLEMENTINE HÅHEIM Debattar om kva som er triggande, kven som har ansvar, og kva som burde vere lov å vise fram, dukkar opp med jamne mellomrom. I år har det vore debatt om influensarar si påverknadskraft, og om det er riktig å vise plastiske operasjonar på tv. Det har vore høg temperatur i debatten rundt dokumentaren «Selvportrett», som følgjer no avdøde Lene Marie Fossen, som var fotograf og hadde alvorleg anoreksi. Litteratur om anoreksi har også blitt debattert fleire gonger dei seinare åra. Kva er kjernen i desse debattane? Kroppen kommuniserer noko om kven vi er, til omverda, og beskjeden blir filtrert gjennom felles ideal om kva som er ein «god» eller «riktig» kropp. Den slanke, trente, sunne, unge, friske kroppen er idealet i vår del av verda, og utgangspunktet når vi samanliknar oss med andre. Dei fleste av oss gjer dette, meir eller mindre bevisst, men lar oss i ulik grad påverke av det vi ser. Personar med spiseforstyrringar eller -problematikk er ofte svært opptekne av kropp og utsjånad, vil samanlikne seg hyppigare med andre, og vere meir sjølvkritiske. Ofte har ein eit forstyrra bilete av eigen kropp, og vil alltid oppleve å kome til kort. Det kan vere bensin på bålet for lidinga. Dei færraste med ei spiseforstyrring, er undervektige. Dei aller fleste er normal- eller overvektige, og ein kan ikkje «sjå» at dei er sjuke. Mange snakkar om at det finst eit hierarki innan spiseforstyrringar, der anoreksi, den ofte synlege sjukdommen, tronar øvst, bulimi hamnar på andreplass, og overspisningsliding kjem heilt til sist. Hierarkiet er basert på misforståtte idéar om kontroll, dyd og verdi: den tynnaste er sjukast, fortener
6
meir merksemd og betre hjelp. VG-journalist Kari Spets skreiv om dette i ein kommentar i 2017: «Samfunnet forguder selvkontroll. Fascineres av den tynne kroppen. Frastøtes av fråtsing. Forvirres av den store kroppen. Vårt fokus speiler og i verste fall forsterker spiseforstyrrelsenes hierarki». Spets meiner dette er grunnen til at det finst så mykje litteratur om anoreksi, og så lite om overspisningsliding.
«Kor mykje ansvar har eg som forfattar for mine lesarar? Kor mykje ansvar har andre forfattarar, kunstnarar, eller menneske som vel å dele si historie i andre format?» Den sjukeleg tynne kroppen er oppsiktsvekkande, skremmande, nyhendeverdig. Som menneske lar vi oss fascinere av det ekstreme. Dokumentaren «Selvportrett» vart kritisert i denne samanheng. Lene Marie Fossen hadde, og døydde av, anoreksi, noko kroppen hennar bar sterkt preg av. Einskilde meiner filmen, og promoteringa av denne, i for stor grad fokuserer på og romantiserer den anorektiske kroppen; nærmast som eit salstriks. Ordet romantisering dukkar ofte opp når det er snakk om anoreksi, den minst utbreidde spiseforstyrringa. Å romantisere betyr å forskjønne, idealisere. I tilfellet «Selvportrett» meinast det at den sjuke kroppen blir forskjønna og idealisert gjennom Fossen sine fotografi; at anoreksi og kunst blir blanda saman på ein uheldig måte. I andre tilfelle har det vore snakk om ei samanblanding av anoreksi og suksess, som då Ingeborg Senneset si bok «Anorektisk» kom ut i 2017. Skribent Johanne Magnus var kritisk til promoteringa av