5 minute read

IVAR ANDREAS BASTE

Next Article
EIDFJORD

EIDFJORD

Advertisement

- Haugesundar - Kvinnhering - Biolog - FN-diplomat - Jazzmusiker

Ivar ville helst vera ute i naturen, gå til fjells og nyta livet. Difor ville han helst sleppe unna kontorlivet. Men, lagnaden ville det slik at han enda opp som byråkrat på heiltid.

TESKT: SIGURD VIKØREN

Jobbing i Miljøverndepartementet og utanriksdepartementet førte den unge haugesundaren inn i FN-systemet, og det vart 2 år i Sveits og 10 år i Kenya. Sjølv om det medførte svært interessante jobbar, så var det dette med fjellet og fjorden, og saknet. For 10 år sidan lurte Ivar Baste heile gjengen. Spørsmålet var; -Korleis kan eg fortsetja å jobba med globale spennande spørsmål, samstundes som eg kan bruka meir tid i fjell og på fjorden?

Nøklane til suksess, heiter Kvinnherad og Hardangerfjorden. Det var faktisk kona som tok Ivar Baste med seg og flytta til Kvinnherad som fram til då var deira ferieparadis. Dei bygde seg nytt hus heilt i fjæresteinane, ved Hardangerfjorden, fjellheimen ligg rett utanfor stovedøra og inviterer til gode opplevingar året rundt.

Ivar Baste helt fram med å jobba med globale spørsmål frå basen i Kvinnherad. -Eg lurte på om det var mogleg? Men, det er det, eg passerar no 10 år frå kontoret i Kvinnherad. Ivar var i 6 år styrerepresentant i naturpanelet til FN. Det er eit organ som er parallelt til klimapanelet.

Det gav meg 6 kjempe-spennande år der eg fekk vera med å bygge opp systema som panelet skulle jobba etter.

Grunnen til at eg valde å utdanna meg som biolog var trass alt at eg helst ikkje ville sitta på eit kontor. Helst ville eg vera ute i naturen. Ikkje minst nytta høvet til å gå til fjells om eg hadde høve til det.

Området av Noreg vi her bur i, er heilt fantastisk. Det er utruleg bra å sitta å jobba frå Kvinnherad, der du har fjellet rett utanfor stovedøra. I tillegg er eg veldig glad i sjø og fjord. Difor er det å bu i sjøkanten heilt optimalt.

Ivar koser seg i ny båt med fisking og turar i sommarværet. -Som gamal sonaroperatør på undervassbåt kjenner eg meg no "meget bekvem" med å vera på overflata. Med mine interesser var det eigentleg meir enn rart at eg enda opp som diplomat på den internasjonale arena. Men, no når eg kan jobba herifrå, så gjev det ein heilt topp balanse i livet, og eg får høve til å jobba med folk frå heile verda. Noko eg set stor pris på.

Akkurat i desse dagar står eg midt oppe i interessante prosessar for FN-systemet. Eg er tilsett i MIljødirektoratet, men FN samlar ofte ekspertar på ulike områder, frå ulike land, til samarbeid. Vi arbeider med å saman-stillaall kunnskap om miljø- og klimaendringar på heile kloden.

Vi overlesser ein avgrensa klode med forureining og kjemikalier og nyttar stadig meir areal og ressursar. Kva dette betyr for å oppnå dei bærekrafts-måla FN er blitt samde om?, - det skal vi prøva å finna ut noko om.

Det arbeidet er kjempespennande. Vi står på hovudet oppi det no, så eg kan ikkje seie så mykje om innhaldet, men Vi skal ha arbeidet klart i haust. Då kjem det i alle høve ein rapport og kanskje meir.

Oppdrags-givar er FN sitt miljøprogram som held til i Nairobi i Kenyar. Vi skal koma med innspel der vi ser på alle aspekt. Seinare skal innspela diskuterast i FN sine organ, når ein får møter på plass i igjen etter pandemien. Det kan koma til å ta litt tid.

All kontakt føregår på internett – vi har ikkje møtt kvarandre ein einaste gong. Då dette arbeidet starta rett før verda vart stengd ned.

For meg er det heilt topp å sleppa å reisa mykje rundt. Det betyr at eg får meir tid til å gå i fjellet. Eg er heilt sikker på at av alle dei eg samarbeider med, er det eg som har den beste basen, med tanke på bruk av naturen. Mange av dei internasjonale ekspertane eg har jobba med har vært på vitjing i Kvinnherad, og det går gjetord blant dei om naturen her og om jazzen i kjellaren til Torkjel Nerhus.

-Kva jobbar du mest med Ivar? - No jobbar eg med alt om miljø, men eg har opp igjennom åra jobba mest med naturen sitt livsmangfald som held liv i oss menneske mellom anna gjennom mat, medisinar og energi og gjer oss opplevingar og identitet. Natur og klima er under press og har store utfordringar. Den globale rapporten til naturpanelet i fjor seier at 1 mill. av klodens truleg 8 mill. planter og dyr står i fare for å bli utrydda.

Naturen blir pressa av korleis vi bruker arealet vårt, korleis vi bruke vassdraga våre og jamvel det uendeleg store havet. Vi haustar meir og meir resursar. På dei siste 50 åra har vi blitt dobbelt så mange homo sapiens. Ressursuttaket vårt er 3 gonger så høgt. Økonomien er nesten 5 gonger så stor. Medan verdshandel har auka 10 gonger.

Det er dette som legger press på ressursane på kloden, og kloden sin evne til å fange opp forureiningar, og klimagassar. Faren er at natursystem kollapsar. No ved ein grad oppvarming så ser vi at klimaendringar og andre påverknader allereie har halvert korallreva i varme strøk. Vi er på veg mot 1,5 grader oppvarming, og då syner modellane at vi berre vil har omlag 20% av varmtvassreva att. Ved 2 grader oppvarming vil det berre vere 1% igjen. At desse korallane på sydlegare breddegrader forsvinn, er eit sterkt signal til oss.

-Ut frå erfaringar du har gjort Ivar, trur du naturen vil overleva vår ekspansjon? -Vi har ekspandert veldig fordi vi er kreative. Vi er oppfinnsomme og gode på samarbeid, vi er flinke til å tilpasse oss. Vi har rett nok store utfordringar på mange felt som miljø og rettferdig fordeling. Men, om vi evnar å bruka vår oppfinnsomhet trur eg vi greier å skapa ei berekraftig framtid, eg er optimist. -Eg trur det det blir spennande å vera menneske i framtida!

Oppsummerar biolog og internasjonal miljøekspert Ivar Andreas Baste, før han knyter på seg fjellskoa, løfter blikket og velsignar Kvinnheradfjella.

This article is from: