1 minute read

GALLERI N. BERGSLIEN

Galleri N. Bergslien SESONGEN 2020

11. juni opna ei utstilling med Åse Berit Skeie Ulltang. Skeie Ulltang er oppteken av natur, samspel og endring. Ho arbeider ved hjelp av ein koreansk måleteknikk med blekk og bruk av Hanji-papir. Utstillinga kan du sjå til og med 16. august.

Advertisement

Neste og siste utstillar denne sesongen er Ellen Solberg, utstillinga opnar 20. august. Ellen Solberg er mottakar av Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend for 2020. Solberg er samfunnsengasjert og har teke dette med seg inn i kunsten sin. Utstillinga kan du sjå til og med 11. oktober.

Nytt av året i Bergslien-samlinga er eit piano som Nils Bergslien har måla med nasjonalromantiske motiv, treskjærar Lars Kinsarvik har utsmykka pianoet, som er produsert av pianoprodusent Henrik Severin Riisnes, Bergen i 1897. Pianoet er eit av to identiske, Voss Sparebank eig det andre, dette pianoet var utstilt på Verdsutstillinga i Paris i år 1900. Det går rykte om at det finnest eit piano til, men dette er ikkje stadfesta.

Opningstidene er delt inn i låg- og høgsesong. I lågsesongen er det ope laurdag og sundag kl. 12 - 16. I høgsesongen er det ope dagleg, utanom måndagar kl. 11 – 17.

Lavsesong:

Høgsesong: 6. juni – 11. juni 1. september – 11. oktober 12. juni – 31. august

Det er i tillegg ope ved cruisebesøk 1. september – 26. oktober

FOTO: EIDFJORD KOMMUNE/DESTINASJON EIDFJORD HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020 I 77

This article is from: