7 minute read
SIGURD PÅ EIN TYSDAG
Ord til ettertanke: 3 PANDEMIAR!
Vi har opplevd ein pandemi med namnet korona, eller covid- 19. Vi har sett kva styresmaktene meinte var naudsynt av tiltak for å få kontroll med pandemien. Alle tiltak og pålegg vi fekk, gjorde angrepet veldig synleg.
Advertisement
Kva med usynlege pandemiar som kveler oss, som langsamt tek livet av bygdene våre?
Ein farleg pandemi for ei framtid med levande bygder, heiter netthandel.
Ein pandemi som styresmaktene ikkje finn det tenleg å gjera tiltak mot.
Kven kan då gjera kva?
Har du eit ansvar for å handla lokalt?
Kva vil du då gjera?
Kva skal vi med nye elektriske ferjer og fleire titals milliardar til vegar og bruer, dersom bygdene får pustevanskar av denne usynlege pandemien og ikkje overlever?
Vi må ha større krav til framtida enn å kappkøyra over og under fjordar på kryss og tvers over heile vestlandet!
Firma/butikkar som du handlar med på nett; Kor mange hundretusen trur du dei bidreg med til musikklag, idrettslag og andre viktige ting i bygda di? Vi treng mange møteplassar i ei levande bygd?
Det er sluttsummen som tel! Kva det står på botnlinja.
Korleis kan det ha seg at du som er smart, lar deg lura til å tru at ein lågare pris på nettet, er eit godt kjøp? Det er ikkje det!
DEI SÅRBARE BORNA!
Frå midten av mars og framover har vi mykje godt kvar dag høyrt om dei sårbare borna. Politikarar, sosionomar, psykologar, politi og ei lang rad av andre forståsegpåarar er bekymra. Når borna ikkje kjem seg på skulen og får litt omsorg og får samvær med nokon som ser dei, då blir det vanskeleg.
Når dette er eit så krevjande og omfattande problem i det landet som er det aller beste å leva i, kor gale må det ikkje då vera i alle dei andre landa i verda?
Er vi ein gjeng av koneplagerar som driv å misshandlar våre born? Brukar vi meir samvær med kone og born til å banka dei? Har det alltid vore slik? Eller er dette noko velferdssamfunnet opnar for? Då vi vaks opp brukte einskilde lærarar både fysisk straff og styrde skulen etter modellar som la premisser for eleven sin bruk av fritida, og kva som høvde seg for oss å driva med. Eg kan ikkje hugsa at skulen var ein stad vi gjekk for å få dagleg påfyll av omsorg?
Klarte vi oss betre før, fordi vi ikkje visste om at vi var sårbare? Difor måtte vi læra oss sjølve å løysa problem. Kanskje gav det oss styrke? Livet er diverre fullt av folk som ikkje alltid vil deg vel. Kanskje du treng litt styrke for å takla utfordringar.
Er dei sårbare borna i dag meir sårbare enn dei var då vi vaks opp? Er dei organisert i hjel? Slik at dei ikkje får utvikla evne til å klara seg sjølve? Dagens born er intelligente og briljerer på digitale flater. Desse fantastiske verktøya hadde vi ingen tilgang til. Men, vi hadde meir eller mindre fri tilgang på knivar, øks, sag og det meste. Låg heile dagen på kaien og fiska, før vi kunne symja, utan å ha høyrt om flytevest.
Vi måtte læra oss å ta ansvar sjølve og passa på. I dag er det vaksne som organiserer og fortel deg kva og korleis du skal oppføra deg. Ikkje minst frå sin faglege ståstad analyserar ulike sektorar og fagfolk alle problema og kor sårbare borna er. Blir det for mykje?
Slåball, brentball, fotball, kanonball, abcdilla, jepping og diverse. Det fauk mykje i lufta. Vi var ikkje utstyrt med hjelm. Ikkje då, heller ikkje når vi sykla, eller klauv i tre og lærte oss å detta ned. Sjølvsagt er det bra med hjelm, flytevest og andre nyvinningar. Eg lurer bare på om vi ser at dette og har ein pris?
I kva kryss var det vi køyrde feil? Eller kanskje vi berre mista styringa og begynte å vingla? Med alle dei ressursar vi rår over i dag, burde det vel ikkje vera så enormt mange sårbare born?
I den seinare tida har statsministar og meir eller mindre alle andre ministrar og fagfolk i aust og vest, takka oss alle for lojalitet og at vi saman har tatt knekken på koronaen. Det har vore så mykje takking at det er mest ikkje til å tru? Berre for at vi var litt fornuftige, brukte litt vit?
Når alle vi som får så mykje takk, likevel som samfunn, ikkje klarar å ta knekken på den pandemien som får folk til å banka og skamslå kvinner og born, er det til alvorleg ettertanke. Når vi ikkje klarer dette i verdens beste land, burde vi kanskje vera meir atterhaldne med for mykje takk?
NO HAR EG PINADØ FÅTT NOK!
NRK har utvikla ein vondarta pandemi som er ekstremt smittefarleg. TV 2, og andre har tydelege teikn på at dei er smitta. Det er om lag eit sneis med Oslo-relaterte folk, som er programleierar og eller er gjester i kvarandre sine TV-program. Denne sjukdomen er fyrst og fremst krevjande for augo, øyro og magen.
Det kjennest som heilt målretta at dette sneiset, "Topp tventy!" styrer heile butikken, har bukta og begge endane. -Om du kjem å kastar litt glans over meg i mitt program, så kan eg koma å vera med på di sending. Det betyr ingenting om eg har sagt alt eg har å seie før, eg kan berre snu på kva rekkefølge eg brukar. Eller påstå at dette har eg ikkje sagt før, difor så gjentek eg det no! Når dette går att kontinuerleg gjennom fleire år, så blir augo såre og rennande. Øyro får kløe og du tykkjer det er ei velsigning å verta tunghøyrd. Eg får vondt i magen og kjenner i mange høve sterk trong til å spy. Eg må berre spørja; Er det så lite interessante folk i resten av Noreg?
Det er ikkje sikkert det er så mykje gale med Skavland, Almås, eller Lindmo, det er meir mengda. Så har du typar som Else Kåss Furuseth, sikkert ei både kjekk og hyggelig dame. Men, kva gjer ho i alle kanalar til alle tider? Her finnest andre i landet som både har gitt sjølvmord eit andlet, og tala andre si sak.
Kva sykja er det som driv denne eliten? Kva trur dei om seg sjølve? Trur dei at dei er heilt uimotståelege? Det finnest truleg fleir interessante personar i Hardanger, berre innan sauenæringa. På Bømlo åleine finnes eit sneis med bømla-huer og eit sneis utan, som har meiningar og tankar eg mykje heller vil høyra.
Så blir lidinga toppa med det monotome Aker-brygge språket. Med setningar som endar med å gå opp i ein fistel. Same kor høgt toneleie er i utgangspunktet, så finnest det alltid rom for å gå opp på slutten. Eg har mange gonger lurt på kva dei går på?
Nokre av damene er smurt opp slik at dei er fine å sjå på, og gamle grisar som meg kunne koma til å tenkja stygge tankar. Men, det er berre fram til dei begynner å snakka, då går alt i gløymeboka, og eg takkar alle høge makter for at dei gav oss damer, utstyrt med ei målform og eit språk som er ein draum å høyra på. Misstyda meg rett. Eg lever fint med å høyra på austlandsdialekt og bokbokmål, men det er mengda, og denne påkjenninga med meir eller mindre døgnkontinuerleg mas, som slit meg ut.
Nynorsk er eit grautamål, meiner einskilde. Varleg, vakkert og melodiøst, kan nytast i mange ulike dialektar, meiner eg. Danske variantar, også kalla bokmål, er krevjande å høyra på, også når du har henta språket opp frå halsen. Ikkje minst er det krevjande når det vert servert i uhorvelege mengder. NRK er pålagt å ha 25 % nynorsk. Kva tid blir desse prosentane presentert? Er det bølge-varsel for fiskebankane i fem tida om morgonen? På mine kontaktflater er det i alle høve langt mellom høgdepunkta. Det finnest faktisk dei som klagar over at det er for mykje nynorsk. For oss som likar dette vakre språket best, men likevel blir bombardert med bokmål, er stoda i alle høve minst tre gonger verre.
Det er i NRK, i alle andre riksdekkande kanalar er stoda enno mykje verre. Kor mykje skal vi eigentleg finna oss i? Kva tid skal styresmaktene ta tak i denne pandemien? Eg har fått meir enn nok.
PS! Eg hadde skrive desse linjene som eit hjartesukk. Då eg kom opp i stova stod TV på, og kven var der? Jon Almås som spelte sjakk med ei lita jente. Skifta kanal, og kven var der? Sjølvsagt Else Kåss Furuseth i ein konkurranse. Kven var gjest neste gong i det programmet der Almås spelte sjakk? Akkurat! Else Kåss Furuseth. "Gje meg krefter!"
God sommar! Takk for av-knappen, Hardangerfjorden og Ivar Aasen!