3 minute read
FONNAFJORD NÆRINGSPARK
FRÅ VENSTRE PÅ BILETET: FRANK SØLLESVIK (RECO), MATTHIAS TRÆLAND (DIRECTOR BUSINESS DEVELOPMENT, PALFINGER), ARNE WILLUMSEN (SERVICE MANAGER, PALFINGER), SVEIN MARKEN (HEAD OF PROCUREMENT, PALFINGER), EIVIND TVEDT, ENERGITEKNIKK), TONE FREDHEIM MÆLEN (HR MANAGER, PALFINGER), ERLING PRESTBØ (FRONTA) OG ARILD STEINSVIK (ENERGITEKNIKK)
Advertisement
Positive investorar med kapital, som ser ljost på framtida, møter sin "betre halvdel" på Seimsfoss. Lokale firma med behov, vilje og ikkje minst tru på den same framtida. Dette er samarbeidspartnerar som vil utfylla kvarandre. Framtidsretta personar som har potensial til å etablera miljø som mange treng og etterspør. Det er slike symbiosar som har kimen i seg til å bli noko.
AV SIGURD VIKØREN
Men, ikkje la deg lura. Som eit ekteskap må det pleiast skal det vara og vera godt. Det må vera noko i det for begge partar. Men, dette prosjektet legg eit godt grunnlag, og viser kva samarbeid som er mogleg å få til over grenser langs Hardangerfjorden.
Frå Fronta på Stord kjem investorane Knut Arne Tyse og Erling Prestbø til Kvinnherad som initiativtakerar og blir eigar av 60 prosent i Fonnafjord Næringspark, via sine private investeringsselskap. I saman med dei lokale eigarane Frank Søllesvik, som driv Reco Bygg og Skadeteknikk, og Energiteknikk har dei no overteke Palfingerbygget på Seimsfoss.
Fronta som selskap er ikkje med på eigarsida, og skal heller ikkje ha aktivitet i næringsparken. Bygget til FK, som er planlagt tvers over vegen, er det Fronta som har prosjektert og skal byggja. Her skal FK sjølve stå som eigar av bygget etter at det er sett opp, og FK vert ein viktig del av heilskapen på Seimsfoss.
Dette er grunnlaget for ei interessant etablering som i desse dagar finn stad. På leigetakarsida kjem Palfinger med 50 kontorplassar. Av større leigetakarar finn vi Reco og Energiteknikk. Andre leigetakarar er Byggtorget, Lio Sag, Into Røyr og Into Elektro, Proxima, Byggfirmaet Kjell Høyland, iDrift og Dimmelsvik Entreprenør AS. Nokre andre er på veg til næringshagen for å etablera seg med kontor.
Vi set på kaikanten på næringsparken i finværet, saman med Erling Prestbø, og høyrer på at han fortel om tankane bak etableringa og framtida for drifta av Fonnafjord Næringspark. Erling rosar dei lokale investorane og meiner at den store tilslutninga dei har fått på så kort tid, ikkje ville vore mogleg utan deira innsats. Dette har vore heilt utruleg bra, nokon vart utfordra, medan andre er komne av seg sjølv. Han rosar også den positive haldninga dei er møtt med både frå politisk og administrativt hald i Kvinnherad Kommune i samband med etableringa
Det er viktig å skapa eit miljø, seier Erling. Det er viktig å få aktivitet i området, slik at alle kan dra nytte av kvarandre. Styret i næringsparken må ta ansvar for at det blir lagt rammer for felles samlingar både med litt fagleg innhald, men og for å auka sosial tilknyting og eigarskap. Kor ofte og mykje må deltakarane i næringsparken finna ut av sjølve.
Fonnafjord Næringspark har inngått avtale med Hanne Bakke Berntsen om å drive kantina. Noko alle samlar seg om og betalar litt i. Slik får vi får litt lukt av vafler i gangane og meir trivsel.
Vi har enno ikkje gjort noko for gründerar, men vi har planar. Næringsparken ynskjer vi skal vera ein stad der folk med gründertankar skal kunna få seg eit kontor, eller ein stad til å prøva ut ting. Vi har plass til fleire, og kanskje næringsparken kan bidra med å skaffe husleigestøtte til bedrifter i oppstartsfasen, undrar Erling Prestbø.
I eit møte vi arrangerte for nabolag og interesserte, brukte vi slagordet "gode saman i næringsparken." Vi trur det vil vera positivt at vi kan samla ulik næringsverksemd på ein stad, slik kan dei dra vekslar på kvarandre. Å vera etablert og driva eit ein persons føretak kan og vera einsamt.
Dette trur vi vil bli bra, likevel er det grunn til å nemna det; Uansett kva rammer du blir servert, så er det hardt arbeid som gjeld!