2 minute read

HARDANGER HAR MYKJE Å BY PÅ

Next Article
IVAR ANDREAS BASTE

IVAR ANDREAS BASTE

"Hadde jeg visst her var så vakkert,

hadde jeg kommet før", skal Bjørnstjerne Bjørnson ha sagt då han vitja Ullensvang for første gong.

Advertisement

FRÅ STORSLAGEN NATUR TIL HISTORISKE ATTRAKSJONAR

Frå Mikkelparken der barndomsminne vert skapt, til flott nytt hotel som Hardanger House i Jondal.

Naturen er vill og vakker, med fossar og vidder. Ein kan oppleva fruktgardar som har dyrka frukt i århundre og smaka sider i verdsklasse. Den nye champagne veks og modnast i bratte lier med utsikt over fjord og fonn.

På FolgeFonna, som ligg der så tilgjengeleg, kan ein stå på ski, etterfulgt av eit bad i Hardangerfjorden.

Du kan besøkje Mektige fossar, som Husedalen med dei fire magiske fossane. Eller gå under vakre Steinsdalsfossen. Du kan kjenne på dusjen frå Låtefoss eller gå inn til Norges høgaste fossefall, Vøringsfossen. På Hardanger Folkemuseum kan du fylgje viktige bygningshistoriske trekk gjennom 800 år i Hardanger. På Agatunet, eit autentisk og freda klyngetun, kan du besøkje Lagmannsstova som vart bygga kring 1220 av slekta til riddaren, riksråden og Gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvsson.

HARDANGER ER I VEKST

Me ser at reiselivsnæringa tek grep om å modernisera seg.

I reiselivet ser at me er nødt til å bygge reiselivsprodukt saman. Før var hotella lokomotivet for aktivitetar, no står andre selskap for aktivitetane. Det har dei siste åra vore ein vekst i aktivitetsselskap som tilbyr ulike aktivitetar. Reiselivet jobbar med å verta meir berekraftig. Me ser at store firma som for eksempel Boreal arbeider meir berekraftig. Dei ynskjer setje inn elektriske bussar i samband med cruisetrafikken i Eidfjord. Me har i år fått ein hybridbåt på Sørfjorden, som skal nyttast til sider-cruice.

Det er vedteke meir lempelege vedtekter i Ullensvang næringsfondet, for dei som driv miljøvenleg.

Skylift i Odda er eit spanande prosjekt og me er spent på resultatet av konsekvensutgreiinga,

Det å koma til Hardanger gir fred i sjela og du er hjarteleg velkomen til oss.

Kristine Hesthamar Lund

Dagleg leiar i Ullensvang Reiseliv

Totalleverandør innan trelast, byggevarer, maling og interiør

VI HAR DET MESTE INNAN: - Betongprodukt, armering, nåler og isopor - Husquarna plenklippere og motorsager - Kärcher høgtrykkspylere - Dovre og Jøtul ovner, vi monterer også - Maling og interiør - Nybygg, tilbygg og vedlikehald. Vi utfører jobben - Byggesøknader og teikning - Godkjent for ansvarsrett

Vi leverer gratis på kjørbar veg i Kvinnherad Vi kan tilby raske leveransar og vi vil yta vår beste service

This article is from: