![](https://assets.isu.pub/document-structure/200622075203-4898615604989ebd8b62516ab5e9b7bf/v1/d4e102a20708db25e0287dbd65524df9.jpg?width=720&quality=85%2C50)
1 minute read
LYSGLIMT I EI UTFORDRANDE TID
Lysglimt i ei utfordrane tid
Covid-19 viruset gav samfunnet vårt ei ny utfordring som ingen var budde. Den kom brått på oss alle, og lamma det velfungerande samfunnet. For einskildpersonar og verksemder vart det utfordrane tider og kvardagen vart snudd på hovudet. Mange vart isolerte i heimane i sine i frykt for å verta smitta. Verksemdene måtte i stor utstrekning permittera tilsette og tenkja nytt for å overleva.
Advertisement
Spesielt verksemder innan tenesteytande sektor vart brått og brutalt ramma. Men situasjonen vart løyst på ulike måtar. Nokre verksemder stengte ned for å avventa situasjonen, medan andre snudde seg rundt og såg etter mogelegheiter. Mange fann kreative løysingar for å oppretthalda inntektene slik at ein unngjekk å stenga ned. Likevel var det mange hjul i samfunnet som måtte fungera dagleg. Døme på det er transport av varer, tilsette i butikkane, reinhaldarar og ikkje minst helsepersonell. No vart det godt synleg for oss alle kor viktige desse jobbane er for å oppretthalde eit trygt og godt samfunn.
For oss som lokal sparebank vart det også vanskelege tider med stor usikkerhet. Banken såg at mange kundar, lag og organisasjonar gjekk mot vanskelege tider. Mange store arrangement, som mellom anna Fest-i-dalen og Tysnesfest 2020, vart avlyste. Som ein fylgje av dette gjekk Tysnes Sparebank saman med Tysnes kommune, Tysnes Kraftlag og Tysnes Næringsråd for å etablere eit «krisefond» retta mot frivillige lag og organisasjonar som hadde mist inntektsgrunnlaget sitt. Dette var eit tiltak for å oppretthalde aktivitet i det frivillige og viktige organisasjonslivet. Saman med betalingslette for privat- og bedriftskundar er dette døme på bankens
sitt samfunnsansvar og vårt bidrag til den nasjonale dugnaden. I skrivande stund kan vi heldigvis sei at det ikkje har kome så mange konkursar som vi frykta i ein tidleg fase. Framleis er det usikkerheit knytta til hausten, men vi vonar at verksemndene etterkvart kan oppretthalde aktiviteten som tidlegare i takt med at verda vert normalisert igjen.
Som vår lokale stuntpoet Arne Torget skreiv;
"Han kjem den dagen vi skal reisa oss på ny og få livet i gjenge i bygd og by. Han kjem den dagen, så fint på ei fjøl -ein dag i det året vi vart kjent med oss sjøl"
Tysnes, 17. juni 2020
Dag Sandstå
Banksjef