Hardangerfjordmagasinet nr 1 2020

Page 80

SIGURD PÅ EIN TYSDAG!

Ord til ettertanke:

3 PANDEMIAR! Vi har opplevd ein pandemi med namnet korona, eller covid- 19. Vi har sett kva styresmaktene meinte var naudsynt av tiltak for å få kontroll med pandemien. Alle tiltak og pålegg vi fekk, gjorde angrepet veldig synleg.

Kva med usynlege pandemiar som kveler oss, som langsamt tek livet av bygdene våre? Ein farleg pandemi for ei framtid med levande bygder, heiter netthandel.

Korleis kan det ha seg at du som er smart, lar deg lura til å tru at ein lågare pris på nettet, er eit godt kjøp? Det er ikkje det!

Kva vil du då gjera?

DEI SÅRBARE BORNA! Frå midten av mars og framover har vi mykje godt kvar dag høyrt om dei sårbare borna. Politikarar, sosionomar, psykologar, politi og ei lang rad av andre forståsegpåarar er bekymra. Når borna ikkje kjem seg på skulen og får litt omsorg og får samvær med nokon som ser dei, då blir det vanskeleg.

Kva skal vi med nye elektriske ferjer og fleire titals milliardar til vegar og bruer, dersom bygdene får pustevanskar av denne usynlege pandemien og ikkje overlever?

Når dette er eit så krevjande og omfattande problem i det landet som er det aller beste å leva i, kor gale må det ikkje då vera i alle dei andre landa i verda?

Vi må ha større krav til framtida enn å kappkøyra over og under fjordar på kryss og tvers over heile vestlandet!

Er vi ein gjeng av koneplagerar som driv å misshandlar våre born? Brukar vi meir samvær med kone og born til å banka dei? Har det alltid vore slik? Eller er dette noko velferdssamfunnet opnar for?

Ein pandemi som styresmaktene ikkje finn det tenleg å gjera tiltak mot. Kven kan då gjera kva? Har du eit ansvar for å handla lokalt?

Firma/butikkar som du handlar med på nett; Kor mange hundretusen trur du dei bidreg med til musikklag, idrettslag og andre viktige ting i bygda di? Vi treng mange møteplassar i ei levande bygd? Det er sluttsummen som tel!

80

Kva det står på botnlinja.

I

HARDANGERFJORDMAGASINET NR. 1 2020

Då vi vaks opp brukte einskilde lærarar både fysisk straff og styrde skulen etter modellar som la premisser for eleven sin bruk av fritida, og kva som høvde seg for oss å driva med. Eg kan ikkje hugsa at skulen var ein stad vi gjekk for å få dagleg påfyll av omsorg? Klarte vi oss betre før, fordi vi ikkje visste om at vi var sårbare? Difor måtte vi læra oss sjølve å løysa problem. Kanskje gav det oss styrke? Livet er diverre fullt av folk som ikkje alltid vil deg vel. Kanskje du treng litt styrke for å takla utfordringar. Er dei sårbare borna i dag meir sårbare enn dei var då vi vaks opp? Er dei organisert i hjel? Slik at dei ikkje får utvikla evne til å klara seg sjølve? Dagens born er intelligente og briljerer på digitale flater. Desse fantastiske verktøya hadde vi ingen tilgang til. Men, vi hadde meir eller mindre fri tilgang på knivar, øks, sag og det meste. Låg heile dagen på kaien og fiska, før vi kunne symja, utan å ha høyrt om flytevest. Vi måtte læra oss å ta ansvar sjølve og passa på. I dag er det vaksne som organiserer og fortel deg kva og korleis du skal oppføra deg. Ikkje minst frå sin faglege ståstad analyserar ulike sektorar og fagfolk alle problema og kor sårbare borna er. Blir det for mykje?


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.