1 minute read
ARNE TORGET
FJORD HARDANGER
Kan du tenkja deg venare stad på jord Enn ein spegelblank glitrande Hardangerfjord? Med fjordarmar, fjell og flotte strender På rekkjer og rad ligg velstelte grender.
Advertisement
Her finn du opplevingar som er heilt unike I Sunnhordlands vakre kystminnerike. Hundrevis av øyer, holmar og skjær Frå Ryvarden Fyr til Espevær.
Her finst spor av noregs fyrste industri Her finn du lune hamner og Moster Amfi. Det er vakkert der Sunnhordlendingen bur Du finn kortreist mat, du finn kunst og kultur.
Du finn tettstader med urbane kvalitetar Flotte hotell med alle rettighetar. I kvar bygd kan du finna husly og seng Og tilgang til storslått turterreng.
Velstelte gardsbruk, velstelte hagar Her er det berre måsen som klagar. Vidare inn i Hardanger går ferda Hardanger som gjorde Noreg kjent for verda.
Hardanger med fruktbløming, fossar og brear Framsynte fruktbønder med nye idear. Me siderturisme, moreller og rips Du kan plukka sjølv og betala med vips.
Vi bur i ein region utan sidestykke Fjorden er som ei sølje, eit smykke. Det er vi som produserer kortreist mat og eplesaft Det er vi som driv industri med kortreist kraft.
Det er vi som er noregs sterkaste region Med livsglede, skaparkraft og framtidsvon. Det var her hjå oss turismen i Noreg starta -det er vi som er noregs bankande hjarta!
Arne Torget
Arne Torget har skrive dikt i 40 år og reist rundt som underhaldar i over 30 år. Deltok i Norske talenter i fjor og kom til semifinalen der eg blei topp 3, men gjekk ikkje til finale. Jobbar til dagleg på support i Kvinnherad breiband, og har skriving som ein lidenskap og hobby. Sist men ikkje minst, sjølv om han er kvinnhering, har han røter i Fitjar, Tysnes, Etne og Kvam!
FOTO: ROSENDAL NATUR