4 minute read
BRATTABØKONGEN
Kjelder til artikkelen om Brattabøkongen er henta frå bok om Jondal, skriven av Gaute Losnegard. Kjelder kan også vera fyrste Jondalsboka, skriven av Olav Kolltveit. Div. slektsgranskarar og slektstavlene til lensmann og Stortingsmann Johannes Aga 1767 – 1838, gift med Guro Larsdotter Bleie, som var tippoldebarnet til Brattabøkongen.
DENNE BJØRNEKLOA ER FRÅ BJØRNEN SOM "BRATTABØKONGEN" DRAP I TØRVIKBYGD KRING 1780.
Advertisement
I bygdesegnene går Berge Larsson Brattabø under tilnamna "Brattabøkongen" og "Brattabøbjørnen." Dert siste tilnamnet skal han ha fått fordi han drap ein bjørn i Tørvikbygd med sverd.
Han må ha vore ein spesiell mann, men det er ikkje så mykje å finne om han i skriftlege kjelder. Johannes Aga karakteriserer han slik i Slægttavler vesentlig vedkommende Ullensvang (1878):
"rig og storslagen." Lokalhistorikaren O. Olafsen har skrive ikkje særleg smålåte om han at det "var sandsynligvis Birge Brattabø, som gjorde Jondal til den bygd, som den i senere tid like ned til vore dage har vært." Han skal ha drive stort som forretningsmann, med eige farty og sagbruk. I 1667 vart han stemna av futen fordi skipet hans ikkje var meldt til tollbua i Sunnhordland. I 1670-åra kjøpte Berge i lag med Johannes Vik mesteparten av det godset Munkeliv kloster hadde eigd i Jondal, totalt om lag 10 laupar smør, mellom anna garden Svåsand, som dei delte. Han hadde også part i mange andre gardar, noko borna hans fekk nyte godt av, og han hjelpte andre til å kjøpa gardane sine i denne tida, truleg ikkje minst for å erta frenden sin i Vik i Jondal, den småskorne lensmannen Johannes Vik. Elles lånte Berge ut mykje pengar til Galtungane på Torsnes med pant i jorda deira. I 1689 kunne han såleis kjøpa ut siste rest av den garden han sjølv sat på, då det vart tinglyst ein "transport" frå Johan Galtung på 1 laup og 2 pund smør i Brattabø. Berge var lagrettmann og kyrkjeverje i Jondal, liksom far sin.
Av segnene framgår det at Berge var stolt av å vere av bondeslekt. Han skal ha gjort narr av Galtung-ætta på Torsnes som tok i mot dansk adelskap, for sjølv hadde han god nok adelskap heime, påstod han. Det var vel difor han tok Losnavåpnet til bumerke. Ei segn om at kongen baud han adelskap, er utan tvil ei nyare pynting av denne soga. Berge hadde lite til overs både for den verdslege og geistlege embeds-standen. Ein gong presten kom til gards, skal Berge ha sete og lese i lovboka til kong Kristian 5. Då presten spurde kvifor
BERGE BRATTABØ DREIV GARDEN PÅ BRATTABØ I 50 ÅR. STORE DELAR AV TIDA SAMAN MED KONA, ELI KRISTINE BRATTABØ FØR GARDEN VART SKØYTA OVER TIL SONEN LARS I ÅR 2000. BRUK NR. 1 OG 3 PÅ GARD NR. 17 VERT DRIVE SOM EIN GARD.
han studerte den, svara han: "Det er godt å kjenna retten sin sjølv om ein ikkje får nyte den." Ein gong han tykte folket frå Vikebygd vart for nærgåande i fjellet, gjekk han ikkje til retten, men væpna huskarane sine med staurar og drog til fjells og skremde dei. Einaste gongen det ser ut til at han hadde med retten å gjere, var eit høve då han fekk ei bot for grove ord han hadde kome med på tinget.
Dei mange mytane om "Brattabøkongen"har vore med på å skape eit inntrykk av ein storslått og seigliva kar, ikkje minst historia om då han gjekk bort. Vinteren 1712-13 gjekk det ein tyfus-epedemi i Krossdalen som kravde mange offer. Berge skal ha påstått at det var ingen ting som beit på han, og for å bevise det la han seg i ei seng der det hadde døydd ein som var smitta. Men dette vågemålet tapte han. Han døydde våren 1713 "i grasserende siugdom," står det i skiftebrevet.
Det har vore skrive at det truleg gjekk attende med rikdommen til Berge dei siste åra. Det er då ikkje teke omsyn til at då han då hadde skift mykje med borna som hadde fått store og gode gardar. Trass i dette etterlet han seg eit bu på 1131 riksdalar, og av den summen utgjer seks gardar berre 314 riksdalar. I kontante pengar etterlet han seg over 400 riksdalar, og i buet var elles husdyr for 100 riksdalar, korn for 27 riksdalar, samt bøker og anna gods. Den høge verdien av husdyr kjem truleg av at dei hadde sett vekk husdyr som dei ikkje brukte sjølve til andre. Når det gjeld kornverdien, kjem nok den av at det var vanleg å lagre mat for ei lengre tid på garden.
Det er elles verdt å merka seg kor lite verdt husa var rekna for (4 riksdalar og 3 mark, lågare enn til dømes for sengetyet.)
Ved eit stort ættestemne på Brattabø 31. juli 1949 vart det avduka ein minnestein for Berge. Forfattaren Sigurd Meidell heldt tale ved avdukinga.