4 minute read
BRYNJULF MÅKESTAD
BRYNJULF MÅKESTAD MED ERIK HEIDEN SAVALLLEN 20 MARS 1980.
Advertisement
BRYNJULF MÅKESTAD MOTTOK KVAM HERAD KULTURPRIS 2019 7. SEPTEMBER 2019
Brynjulf Måkestad er ein av grunnpilarane i skøytesporten på vestlandet. Han har vore aktiv skøyteløpar i meir enn 40 år.
Personlege rekordar: 40,60 på 500 m 1,22,15 på 1000 m 2,06,60 på 1500 m 4,31,30 på 3000 m 7,45,30 på 5000 m
MERITTER GULL 500 M VETERAN OL GULL 1000 M VETERAN OL BRONSE 1500 M VETERAN OL NR.1 500 M VETERAN VM. 3 GANGER NR.2 500 M VETERAN VM 4 GANGER 2 SØLV VETERAN VM SAMMENLAGT 1 BRONSE VETERAN VM SAMMENLNGT 6 GULL NM VETERAN
VERDENSREKORDER PÅ 500 M OG 1000 M I KL. M55 ÅR OG KL. M 60 ÅR NORSKE REKORDER KL. M 60 ÅR PÅ 500 M OG 1000 M FRÅ VENSTRE:SVERRE LUNDE PEDERSEN,SINDRE HENRIKSEN OG HÅVARD HOLMEFJORD LORENTZEN. NM STAVANGER 2015
PRIMUS MOTOR I HARDANGER SKØYTEKLUBB BRYNJULF MÅKESTAD
Brynjulf var aktiv på same tid som dei 4 essane. Amund Sjøbrend, Kay Arne Stenshjemmet, Jan Egil Storholt og Sten Stensen. Av alle gode utlendingar var Erik Heiden, USA den aller beste. Han tok 5 av 5 moglege gull i Lake Placid, i 1980.
Dette var dei aller beste på skeiser på den tida, og Brynjulf gjekk mot dei på kjente banar rundt i Europa, som Inzell. Sjølv synest Brynjulf at eit høgdepunkt var å delta på Savallen, då Erik Heiden sette verdsrekord.
Andre løperar Brynjulf har målt krefter med er Jan Olav Koss som vart verdsmeister tre gonger og tok tre OL-gull på Lillehammer. Ådne Søndrål, verdsmeister og OL-gullvinnar frå 1998. Håvard Bøkko, som tok gull i lagtempo i 2018, fem sølv og eit gull på 1500 meter i VM. Rolf Falck Larsen TSK gull VM 1983 og bronse i VM 1982. Frode Rønning Leinstrand Gull VM Sprint 1981. Brynjulf har og møtt løparar frå vestlandet, Kjell Storelid, Remi Hereide, Rune Stordal, Sverre Lunde Pedersen, Sindre Henriksen og Håvard Holmefjord Lorentzen. Brynjulf flytta attende til vestlandet i 1979. Han vart vestlandsmeister i senior klassen for Fana i 1981 i Stavanger. Ein bane han også deltok på med over 10.000 tilskoderar på tribunen. 10 år seinare var Brynjulf med på opningsstemnet på Slåtthaug Kunstisbane.
I 1985 meldt Brynjulf seg inn i heimeklubben, Tørrvikbygd Idrettslag. Frå Tørrvikbygd arrangerte han turar til Alma Ata med vestlendingar, som på desse turane sette heile 172 personlege rekordar. Alma Ata var den beste arenanen i verda før innandørsbanane kom.
I 1990 vart Brynjulf Måkestad vald inn i Hordaland skøytekrets, der styret plukka han ut til å leia arbeidet med å realisera Slåtthaug Kunstisbane. Kunstisbanen var eit prosjekt som var forsøkt realisert frå 1981, utan at ein lukkast.
Brynjulf leia arbeidet med å få redusert kostnader så mykje, at bystyret i Bergen 17. des. 1990 gjorde det historiske vedtaket om å seia ja til bygging av kunstisbane i Bergen. Hausten 1991 sto banen klar til bruk.
Slåtthaug kunstisbane har gitt betydelige resultat frå ein region som tidlegare ikkje var mest kjent for gode skøyteløperar.
Kjell Storelid Stord, 2 sølv i OL 1994. 5000 m og 10.000 m, sjølv om han trente mest på Stord, før han flytta til austlandet.
Remi Hereide Fana IL 4 pl. VM 1998 10.000 m Rune Stordal Fana IL gull 1500 m VM 2005 Sverre Lunde Pedersen Fana IL gull lagtempo OL, bronse 5000 m OL 2018, 3 sølv i VM allround og gull på 5000 m 2019 VM enkeltdistansar.
Håvard Holmefjord Lorentzen Fana IL gull 500 m OL. Sølv på 1000 m. OL. Gull på VM sprint og vinnar av WC sammenlagt 2018. Sindre Henriksen Fana IL. Gull lagtempo OL 2018. 7 pl. VM 1500 m.
Brynjulf sitt arbeid for skeisesporten og banar slutta ikkje med Slåtthaug. Seinare har han vore primus motor for rulleskøytebane i Kvam. Fyrst i Norheimsund, og seinare den flotte banen som ligg i Vikøy, og stod ferdig våren 2019. I dag er det 20 – 30 unge på trening måndag og torsdag.
Brynjulf Måkestad er tildelt Kvam herad sin kulturpris for 2019, for sin innsats for skøytesporten i Hordaland, Slåtthaug kunstisbane og ikkje minst, no sist, den nye rulleskøytebanen.
Brynjulf er på topp i Noreg pr. 01.01.2018 med 1500 fullførte skøytekonkurransar. Det gjev og andre plass i heile verda. Brynjulf har delteke i konkurransar og har i fleire klassar i seinare år vunne meisterskap og sett rekordar, inkludert verdsrekordar på 500 m og 1000 m.
Brynjulf sine framtidsynskjer er skøytehall både på Stord og på Slåtthaug kunstisbane noko det vert jobba med