4 minute read
FJORDFRUKT
Advertisement
FJORDAVEGEN 4262 | 5778 UTNE TELEFON: 53670010 E-POST: POST@FJORDFRUKT.NO FJORDFRUKT.NO
FOTO: TURE HAUGEN
Er du den rette?
HARDANGER FJORDFRUKT
- SØKJER ETTER DAGLEG LEIAR
Oppe på høgda over den gamle turiststaden Utne. På det aller nordlegaste punktet på Folgefonnhalvøya, ligg Hardanger Fjordfrukt SA. Tronar meir som eit moderne Soria Moria! Noreg sitt største pakkeri for frukt er rusta betydeleg opp. Difor innehar Hardanger Fjordfrukt si nyvinning no også nemninga, det mest moderne.
Dette er 175 driftige fruktbønder sitt Mekka for moreller, plommer og eple. Her investerer eigarane i to byggesteg meir enn 40 millionar, i ein imponerande standarheving av pakkeriet som vart etablert i 2002. Hardanger Fjordfrukt vart for tre år sidan kåra til beste leverandør, av Bama! Det tyder på at pakkeriet tidlegare og har lege langt framme. Men, no er tida komen for neste runde!
Det skjer mykje i dei kreative miljøa rundt fruktbonden i Hardanger om dagen. Tidlegare har regionen vore mest kjent for vill og vakker natur, som er på sitt aller vakraste når fruktblomen kler heile kulturlanskapet i vakre pastellfargar.
Fruktbonden har no fått lov til å henta fram mykje god drikka. Frå dei mørke kjellarane, ut i sola og vidare inn i fasjonable hyller på staten sin eigen butikk, Vinmonopolet. I tillegg har bonden fått langt meir å by sine gjester på heime på garden, med kortreist mat og drikke, råma inn av Hardanger sin fantastiske kultur.
Som om dette ikkje var nok, har driftige bønder gjennom samarbeid, gjort store investeringar for å auka kvaliteten på frukta, og gjera sesongen for norske eple i butikkane mykje lenger. I nye moderne kjølelager der epla vert lagra i eit miljø mest utan oksygen, skrur ekspertane opp innhaldet av co2 og nitrogen. Manipulerar rett og slett klimaet, noko som gjer at epla kan lagrast mykje lenger, samstundes som dei held seg friske og fine.
Det ligg i sakens natur at frukthausten har ulik mengder med frukt, alt etter som. Uansett er fruktbonden i den heldige situasjonen at han ikkje klarar å levera så mykjefrukt, som marknaden etterspør. Difor vil fruktbøndene i Hardanger satse på framtida og vera målretta. Gartnerhallen og Bama har mål om å auka tilbodet av norsk frukt med 150 % frå 2016 til 2030. Det ynskjer vi å ta vår del av, er Kjetil og Olav heilt samde om. Difor har Hardanger Fjordfrukt allereie engasjert seg både i å vera pådrivar og i rådgivar-rolla, og slik utbetra produksjonen i mange frukthagar. Med utskifting av frukt-trær og ulike typar dra-hjelp til bonden, aukar produksjonen.
På mange måtar er dette hjelp til sjølvhjelp. Bonden er eigar av fruktlageret, som er bonden sin salskanal og syt for at frukta dei dyrkar blir seld til best mogleg pris. Alle bøndene er medlemer i Gartnerhallen, aktøren som gjev tilgang til marknaden. Når frukta er handsama etter alle kunstens reglar, pakka i forbrukarpakning og vert henta i andre enden av det moderne pakkeriet. Er det av Bama, Gartnerhallen sin grossist. Då er heile runden i denne vel-fungerande symbiosen utført.
Hardanger Fjordfrukt rår no over profesjonell mottakskontroll, som analyserer modningsgrad og kvalitet. Frukta blir lagt på kjølelager for optimal oppbevaring. Frakta vidare inn til automatisk mating i "rein sone" der sortering og pakking går automatisk. Gjennom denne dristige, men vel gjennomtenkte strategien, har så definitivt Hardanger Fjordfrukt posisjonert seg for framtida.
Med ei omsetning i 2019 på 84 millionar, 5 fast tilsette som utfører 3,5 årsverk, var det i 2019 i tillegg tilsett 31 sesongarbeidarar. Sesongen for dei fleste av dei er frå ca. 15. juli til ca. 1. november.
For ei optimalisering av denne spenstige investeringa skal styret no søkja etter personen som skal leia denne spennande bedrifta inn i framtida. I desse dagar blir verdens beste jobb i Hardanger lyst ut på Finn.no.
Styreformann og nestformannen er analyserande når dei snakkar om kvalifikasjonar dei vil sjå etter. Likevel er dei langt på veg veldig samstemte. -Det vil vera ein fantastisk jobb for rett person, seier Kjetil. Ordet som blir oftast nemnt er at den som skal få jobben må ha gode leiareigenskapar. Evne til å halda god kontakt med 175 eigerar og motivera dei i jobben med dyrking. Personen må kunne vera inkluderande overfor mange sesongarbeiderar som kan ha ulik bakgrunn.
Viktig for den nye leiaren av Hardanger Fjordfrukt vil vera at han er visjonær, at han ser på kva trendar som rører seg både på heimemarknaden, men og ute i Europa, seier Olav. Det vil sjølvsagt ikkje vera nokon bakdel om den nye leiaren kjenner fruktbransjen, men vil ikkje vera avgjerande.
Kapteinen på den nye oppussa og mest moderne skuta i landet, får jobben med å leia norsk frukt inn i framtida, noko som må vera særs spennande. I ein bransje der det bles ulike vindar, men dei fleste er gode fønvindar. Det grøne skiftet peikar mot at vi skal bruka mindre dyre-protein og meir grønt og frukt.
For rett person, som evnar å ha fleire ballar i lufta samstundes, men likevel er i stand til å ta dei ned, vil dette vera drøymejobben. I periodar ekstremt hektisk, i andre delar av året er det tid for å tenkja lange visjonære linjer, i Hardanger er det spennande tider. Kjem søkjaren utanfrå vil han ha sjansen til å busetja seg i vakre Hardanger og i tillegg få betalt for det.
Sjå finn.no og søk då vel!
Ta kontakt med styreleiar Kjetil Lerfall tlf. 976 87 508 e-post klerfall@gmail.com