2 minute read
ESPEVÆR
FOTO: NILS TORE SELE
Espevær er eit eineståande lite øysamfunn ute i havet, vest for Bømlo. Husa ligg tett i tett inne i sundet, i le for havråk og vinder. Tidlegare var Espevær detstørste fiskeværet i Bømlo, med opptil 30.000 fiskarar under storsildfisketi 1850-åra. Øya har 10 daglege avganger t/r.
Advertisement
LES MEIR PÅ WWW.VISITESPEVAER.COM
FOTO: NILS TORE SELE
Espevær byr på mange attraksjonar!
Espevær er kjent for "Ufo-ringen", som vart oppdaga i 1975 og som framleis er like tydeleg. Turistar kan gå tur på Espevær og sjå på "Ufo - ringen".
I tillegg finn du Hummarparken, som vart bygd i 1887, vart restaurert i 1994 og er eit unikt kulturminne. Hummarparken er landets største og er idag museum og akvarium. Ein kan få guida omvising og flåtetur i hallen med frittgåande hummar om sommaren.
Baadehuset gjev eit innblikk i den tida då Espevær var ein viktig del av sildefisket. Huset vart bygd i 1850 på gamle steinmurar frå 1690, og er i dag museum. Det er og butikk og kafé om sommaren. På Espevær kan du også reise med kabelferje.
Kabelferja er konstruert ved Mæhles mekaniske verkstad på Baadeholmen. I 1978 vart ferja sett i drift over det 45 meter breie sundet mellom Baadeholmen og Garvika. Kabelferja har myntautomat og kostar 20 kr pr veg, og turen tek omlag to minutt. Ferga kan nyttast heile døgnet, og det er plass til fire personar ombord.
Espevær har også Joker butikk og Gourmet restauranten Gamleposten.
FOTO: NILS TORE SELE
Kom og opplev Bømlo! Hav og holmar, handel og kultur, eller fine steinar på ei strand ...
Foto: Jan Rabben
Finn din plass i vår sommar! - Kontakt vår turistinformasjon på tlf. 53 42 35 00 om du ynskjer å vite meir om det Bømlo kan tilby!
Sommar i kulturhuset
Bømlo turistinformasjon finn du denne sommaren i Bømlo kulturhus. Turistinformasjon, bibliotek, kino og kafè vil ha ope 12-18 tysdag til laurdag i perioden 29.06 -01.08. Heile kulturhuset held stengt måndagar i juli. Ta turen innom kulturhuset i sommar for opplevingar, god mat og inspirasjon til årets sommar på Bømlo.
Foto: Barbro Høyland Andersen Sjå www.bomlo.komune.no for meir info om symjehallen, folkebiblioteket og mykje anna nyttig info
Foto: Getty Images
Vi kjenner Hardanger og Sunnhordland
Vi er din lokale meklar med lang erfaring og god lokalkjennskap til marknaden i Hardanger og Sunnhordland. Du finn oss i Sparebanken Vest sine lokale i Norheimsund, på Leirvik og i Haugesund. Vi gir deg gode råd anten du skal kjøpe eller selje eigedom.
Kom innom kontora våre
Ring oss 915 05560 Kontakt oss på emvest.no