9 minute read
EIT VÅGESPEL PÅ LIV OG DØD
Når lagnaden tek styringa:
Advertisement
EIT VÅGESPEL PÅ LIV OG DØD!
Gjennom livet tar du mange val. Nokre av dei er viktigare enn andre. Å slutta med røyk, at du alltid køyrer med bilbelte og har installert røykvarslar i heimen, er kloke val. Investeringar for å tryggja eigen helse og økonomi.
Reiseforsikring er ei anna knallgod investering. Å dra på tur utan, blir som å spela russisk rulett, med eige liv og økonomi som innsats. Sjølvsagt trur du ikkje at du vil bli utsatt for ran, ulukke eller sjukdom når du drar på tur. Men, heilt sikker kan du ikkje vera.
Det du har 100 % kontroll på, er å sjekka før du drar, at du har reiseforsikring som er aktiv. Ikkje bli ein av dei som står att med "skjegget i postkassen," stotrande på …… jammen eg trudde at…….
Før du veit ordet av det, betyr reiseforsikringa omlag alt. Eg har gjort meg nokre refleksjonar om kva resultatet kunne blitt, dersom eg hadde "gløymt" å investera i dette fantastiske "kinderegget?"
Difor vil eg gjerne invitera deg med på ein tur til London, ein tur som ikkje vart heilt slik vi hadde planlagt.
Fotball er eit magisk univers for mange, over heile verda.
William (Bill) Shankly, Liverpool sin legendariske manager, uttrykte det slik; Some people believe football is a matter of life and death, I am very disappointed with that attitude. I can assure you it is mutch, much more important than that.
Kanskje er det ulike meiningar om den påstanden? I alle høve er det slik at mange kjenner på tette band til fotball. For dei som er så heldige å tilhøyra dette magiske universet, vil alltid ein tur til balløya England stå høgt oppe på ynskjelista. Dei fotballfrelste sitt Mekka, finn du her på Europa si største øy.
Magien, laget, klubben, spenninga, forventingane. Kampane frå øvste hylle, samhaldet, opplevinga, stemninga, alle dei gode songane! Samlinga på puben før og etter kampen for analyse, meir allsang og ikkje minst grunntrening, slik at du verkeleg blir den 12. mann. Her er du aldri i tvil om at "blod er tjukkare enn vann!"
Norwegian sitt fyrste fly i 2020, frå Bergen til London, var klar for take off. Om bord i Boing 737- maskina denne tidlege nyttårsmorgonen, var det også to kjekke gutar frå Kvinnherad. Vi skulle starta det nye desennium på den optimale måten. To Premier League-kampar på dag 1. Cruise på Themsen med middag og feiring av åremålsdag på dag 2. 30.000 fot over Nordsjøen kjente vi oss bokstavleg tala høge på livet. Årets fyrste kaffi smakar heilt himmelsk, der vi sit i fri flyt mot London, med favorittmusikk på øyra og ein marsjfart på 858 km/t. Etter to små avslappande timar ombord i Boing 737, landar vi på Gatwick Airport. Finn bagasjen vår og hoppar rett på ekspresstoget inn til Victoria Station i sentrum. - London! – here we come!
Programmet for dag 1, var innsjekking på hotell, og klargjering for Watford – Wolverhamton, kl. 16.00. Seinare på kvelden stod sjølvaste rosina i pølsa på speleplanen. Emirates Stadium, flaumljos og Arsenal – Manchester United. Det blir ikkje mykje betre!
Nei, men i realiteten skulle det bli mykje verre. Det var no lagnaden tok over regien og heile styringa. Det vart snart klart at han, lagnaden, hadde ein heilt annan plan for korleis våre dagar i London skulle bli.
I bilen, på veg til Watford, vart eg uvel, fekk smerter som raskt eskalerte til eit lite triveleg nivå. Gleda over komande kamp og interessa for fotball vart ganske snart underordna. Full av feberfrost og store smerter, vart eg liggjande i fosterstilling,
under tribunen på Vicarage Road. Det vart ei dramatisk endring i helsetilstand på svært kort tid.
Langt inne i ei smertefull skoddesky berga Vegard meg attende til hotellet. Rosina i pølsa-kampen seinare på kvelden, var langt utanfor rekkevidde for min del. Liggjande i senga på hotellet vart det ei lengre enn lang natt, før morgonen kom og gav meg høve til å ringa fastlegen min i Noreg for råd.
-Kom deg på sjukehus med ein gong, var hans klare melding.
No dukka for fyrste gong tanken på reiseforsikringa opp. Den klare meldinga frå fastlegen, saman med min ekstremt pjuskete tilstand, peika tydeleg mot at vi var i starten av ein prosess som truleg ikkje ville bli heilt gratis.
Vegard kontakta resepsjonen på hotellet, med spørsmål om framgangsmåte og kvar vi kunne venda oss? I resepsjonen forklara dei at det to kvartal lenger borte i gata var eit lækjarkontor, med det optimistiske slagordet…... Just walk inn! Det viste seg å vera langt frå sanninga, der var låst dør og ingen tilgang på kommunikasjon. På dette tidspunkt var vi på god veg opp på emergency-nivå, difor nytta vi høvet når det kom folk ut, og smatt inn døra. Vi vart orientert om at lækjarane var opptekne heile dagen, men at vi kunne sitja å vente, i von om at nokon kunne sjå på meg mot slutten av dagen.
Smertetilstanden til pasienten tilsa at det ikkje var aktuelt. Då dette var formidla, vart vi rådde til å ta ein taxi til London Bridge Hospital! Vi gjorde slik vi vart råda til, og etter kontakt med resepsjonen på hospitalet, vart vi slusa inn i eit mottak.
Då var eg i ein eskalerande kritisk situasjon, med uvisst utfall, utan rask medisinsk bistand. På ein smerteskala frå 1 til 10, hadde eg etter eiga vurdering med god margin passert 9. Vi fekk orientering om at eg kunne leggjast inn på hospitalet. Det vil seie, dersom vi på forskot kunne betala ein betydeleg sum pengar, alternativt kunne stilla garanti for tilsvarande beløp.
Eg hadde World Wide Travel Insurancekortet frå Eika Forsikring med meg.
Hospitalet måtte likevel ha ei stadfesting om at forsikringsselskapet stilte økonomisk garanti. Samstundes måtte vi sikra oss at forsikringsselskapet godkjente dette private hospitalet.
Vegard viste fram imponerande administrative evner med kommunikasjon på engelsk og tok naudsynte telefonar. Formidla kontakt mellom sjukehus og forsikringsselskap. Fekk ordna med aksept av sjukehuset hos forsikringsselskap (dei hadde frå før ingen opplysningar om London Bridge Hospital). Så fekk han ordna med skriftleg stadfesting frå forsikringsselskap til sjukehuset, der selskapet garanterte for alle utgifter. (personalet på sjukehuset var instruert om å ikkje starta noko handsaming før økonomien var sikra.) Sigurd var sett ut av spel, med så store smerter at eg ikkje kunne ha ordna dette sjølv.
For å gjera ein lang historie kort, så vart eg innlagd og forsøk på smertelindring vart starta. Etter kvart vart eg presentert for Mr. Hutchins, sjefslegen. Ein galant herre med grått hår og skjegg, iført Blue zalando Emporio Armani-dress.
Om han ikkje alt var Sir Robert Hutchins! Så var det truleg rett før han vart adla.
Pasienten vart utreda, scanning gjennomført, diagnosen avklara, og kirurgi utført. Påfylgjande rekonvalesent med medisinering gjorde at smerten kom under kontroll. Ei rein lukkekjensle breidde seg i kroppen og gjorde at åremålsdagen enda med eit langt betre humør. Men, for seinare feiring av åremålsdag, vil eg heilt klart velja vekk heile forspelet og gå direkte til medisinering som gjev lukkekjensle.
Eg kunne ha skrive ei heil bok om opphaldet på London Bridge Hospital. Eit fyrsteklasses sjukehus med ei fantastisk skylineutsikt mot det moderne London sentrum. Plassert mellom London Bridge og Tower Bridge, kunne eg stupt i Themsen frå rommet i 4. etasje. Einerom med eige bad og tv-krok. Meny som du kunne velja fritt frå, med servering på rommet av tre måltid kvar dag. Eit utruleg sjarmerande mangfall av internasjonalt, fargerikt og serviceinnstilt personale, gjorde opphaldet til ei oppleving.
Diagnosen min er ikkje ein del av denne historia. Reiseforsikringa ville ha dekka andre diagnosar like vel, difor er diagnosen uvesentleg. Målet med invitasjonen til denne Londonturen, er at eg gjerne vil dela med deg den formidable avkastinga eg fekk, av ei svært beskjeden investering.
Takk til SOS for samarbeidet knytt til emergency. Vidare for all service og velvilje gjennom kontakt og god logistikk, på billettar, transport og hotell. Takk til Eika Forsikring for måten vi vart handsama på i etterkant, med refusjon av alle utlegg vi sjølve hadde hatt, på ein absolutt ryddig og imøtekomande måte. Ikkje minst også takk til Tysnes Sparebank som selde meg eit produkt frå øvste hylle!
EPILOG:
Fase 1, med innlegging i sjukehus og medisinsk handsaming i ein kritisk fase, vart profesjonelt ordna av SOS, som var/er emergency-kontakten til Eika forsikring. Dette var sjølvsagt viktig. Men, her var så uendeleg mykje meir.
Vegard måtte ha nytt hotell for å bli verande som min "støttekontakt" til han måtte heim. Det fiksa SOS, som vi hadde kontakt med, gjerne fleire gonger kvar dag. Dei ordna seinare med transport til flyplassen og nye flybillettar, slik at Vegard kom seg heim, heilt utan problem.
Då det nærma seg tid for utskriving frå hospitalet, vart eg orientert om at eg etter ein slik operasjon måtte vera på hotell i London, til forsikringsselskapet sin lækjar meinte eg kunne reisa heim med fly. På hotellet fekk eg ikkje lov å bu åleine. Spørsmålet var om nokon i familien kunne reisa over og bu saman med meg, elles ville dei senda eige medisinsk personell frå Noreg.
Då ein i familien hadde høve til å henta pasienten, ordna SOS flybillettar, transport til London sentrum, der dei hadde ordna med hotell. Her budde vi til forsikringsselskapet sin lækjar etter konsultasjon med sjukehuset og dialog med meg, bestemte at no kunne eg få fyka heim. Då ordna selskapet billettar til oss på flyet, ordna med sjåfør som henta oss på hotellet og køyrde oss til flyplassen, der sto personell klar til å køyra oss utanom og forbi alle køar. Dei sjekka oss inn, ordna boardingpass og fekk levert bagasjen på samlebandet. Etterpå vart vi køyrt til eit triveleg senter med restaurant og andre fasilitetar. Då det nærma seg flyavgang, vart vi henta og køyrt til gate, der vi vart losa om bord i flyet før andre passasjerar.
Eg har tenkt ein del tankar, etter ein Londontur som ikkje vart heilt slik vi hadde planlagd. Kor heldig eg var som hadde gjort ei enkel, men smart investering. Kva som ville blitt min lagnad, om eg ikkje fekk medisinsk hjelp då eg fekk, veit ingen sikkert. Kanskje berga det livet mitt?
Mr. Hutchins, lækjaren som opererte meg, delte ein del tankar med meg før eg vart utskriven. Hans konklusjon var krystallklar; «- Sigurd, you are a very lucky man!» Kanskje bidrog reiseforsikringa «berre» til at eg fekk ordna eit godt grunnlag for framleis mange år med god helse?
Eg fekk i alle høve profesjonell hjelp, men, gratis var det ikkje. All ny logistikk som også måtte til, ville betydd fleire store inngrep i eigen økonomi. No var kostnad aldri eit tema, alle rekningar er betalt, det kosta ikkje meg fem øre!
Reiseforsikring, ei knallgod investering – også for deg!
God tur! Sigurd