9 minute read

KVINNHERAD ELEKTRO

Next Article
KUNST I EIDFJORD

KUNST I EIDFJORD

ELEKTROTENESTER i meir enn 75 år!

Kvinnherad Elektro AS har i snart 80 år tilbode elektrotenester til marknaden. I denne tida har verksemda utvikla seg til å verta ein stor aktør med om lag 50 tilsette. Kvinnherad Elektro er òg godkjent som lærebedrift. Hovudkontoret er i Rosendal og bedrifta har og avdeling på Husnes. Saman med dotterselskapet Vassnes Solution AS i Ølen kan firmaet ta på seg store oppdrag innan samferdsle, maritim sektor og industri.

Advertisement

1 juni 2020 gjennomførte flaggskipet innan elektrobransjen i Kvinnherad eit generasjonsskifte i leiinga av selskapet. Vi har jobba med ny struktur i eit til to år, for å førebu oss på denne dagen, seier Kjetil Helvik, ny dagleg leiar. Kjetil er tredje generasjon i den familieeigde bedrifta i Rosendal.

Vi har tilsett nye elektroingeniørar og har forfremma ein del interne ressurspersonar. I Kvinnherad Elektro er vi opptekne av at du skal kunna jobba deg opp i selskapet, heilt frå lærling til toppsjiktet. Mange har gjort akkurat det, i selskapet gjennom dei siste 30 – 40 åra. Gått gradene frå lærling, til montør, formann og prosjektleiar. Steinar Mælen som no er leiar for den maritime avdelinga vår er eit slikt døme.

I den nye administrasjonen med Kjetil Helvik som dagleg leiar, tar Morten Gravdal plass som leiande installatør. Helge Skaaluren går inn som prosjektleiar for samferdsle. To nye elektroingeniørar vart tilsette i fjor, Jon Saugestad som vert avdelingsleiar på land og Jonas Hølland vert knytt til samferdsle & HMS.

Kurt Haugland går av etter mange års tru teneste for lager og logistikk. I denne jobben går Kim Raudstein inn. Av andre solide oldtimerar går Knut Johannes av etter 46 år som dagleg leiar. Erling Enæs har vore installatør om lag like lenge. Arbeidande formann Arvid Tufta har vore i verksemda enno lengre.

Då firmaet feira dei med kake og god prat i vår, kom det fram at dei fire, til saman, langt på veg hadde jobba i Kvinnherad Elektro i 200 år. Då snakkar vi verkeleg om kontinuitet. Fantastisk for oss, seier Kjetil, at dei har bidrege positivt i så lang tid.

I desember neste år rundar Kvinnherad Elektro 80 år. Besteforeldra til Kjetil starta opp med å montera lanterner på båtar. Bruk av elektrisitet målt med dagens auger, var i 1941 framleis i ein tidlig barndom.

I tillegg til lanterneinstallasjon, starta dei driftige besteforeldra med frys. På denne tida var det ikkje vanleg at folk hadde fryseboks i heimen. Men i kjellaren på løa, vart det rigga opp fryseaggregat og du kunne leiga deg ein boks inn i lokalet. Eg hugsar turar heimanfrå for å henta frosen mat. Det kjentest ekstremt kaldt, og det stod stor respekt av å gå inn i det rommet, med redsle for at døra skulle gå i lås bak deg.

I 1988 bygde Kvinnherad Elektro nytt administrasjonsbygg oppå grunnmuren til den omtalte løa. Det er framleis frå desse lokala at den profilerte elektrobedrifta siktar seg inn på å fortsetja utviklinga og jobben med å ha gode, trygge og interessante arbeidsplassar fram mot 100 års jubileet. Samstundes som dei posisjonera seg, og planlegg for å framleis vera ei betydeleg bedrift inn i framtida.

Kjetil Helvik er 34 år gamal, og skaffa seg studiekompetanse på vidaregåande og fortsette utdanninga på BI i 3 år, med marknadsføring og økonomi. -Då ringte far min, seier Kjetil, og spurde om eg var klar for å jobba i bedrifta? Noko eg er veldig takksam for. Begynte min karriere i Kvinnherad Elektro i 2008, og jobba mest med økonomi og marknadsføring for å promotere bedrifta.

Har seinare fortsett å jobba mest med marknad, rekneskap og leiing. Har vore leiar i mange år på økonomi og har jobba mykje med personalsaker. Både HMS, men mykje reine personalsaker og rekruttering, noko eg synest er givande. Føler at dette er mellom mine sterke sider og at vi har lukkast med personalpolitikken, som eg no føler bær frukter.

Vil du seie at dei oppgåvene du har hatt i selskapet, har vore ei slags opplæring til den jobben du no har, som dagleg leiar? Ja, det vil eg seie, eg har gjennom fleire jobbar blitt godt kjent med selskapet. Samstundes må eg sende ein stor takk til familie og spesielt sambuar som har lagt til rette for at eg kan være så aktiv i ulike verv innan næringslivet og samstundes aktiv i idrett.

Frå særleg 2007 og framover til 2014 var verksemda prega av eit stort og godt samarbeid med Hellesøy Verft, i eit krevjande segment med mange supply-båtar, men og avanserte fiskebåtar. Dette gav både verftet og oss stor og god kompetanse.

Seinare har det blitt meir stilt på båt-fronten og Kvinnherad Elektro har manøvrert seg inn på andre marknader. Likevel reknar

KNUT JOHANNES HELVIK

Knut Johannes Helvik har vore dagleg leiar i Kvinnherad Elektro i 46 år. Han har leia selskapet gjennom store utfordring ar og ei eventyrleg utvikling. Han har saman med andre veteranar vore heilt avgjerande for utviklinga i selskapet.

Samstundes har Knut Johannes gjennom sitt genuine engasjement vore ein betydeleg ressurs både for Kvinnherad kommune og for Rosendal. Gitt betydelege bidrag til idrett, kultur og frivillige aktivitetar. Han har støtta mange gode og mindre gode prosjekt, der grunntanken alltid har vert å auka aktivitet og vekst i bygd og kommune.

Kvinnherad Elektro med Knut Johannes i sjefsstolen var ein viktig bidragsytar då Festidalen vart revitalisert og bidrog til der ein er i dag, at Festidalen står trygt på eigne bein. Sponsoravtale med Baroniet gjennom mange år, lever enno i beste velgåande.

I tillegg er det grunn å nemna kor mykje 50 arbeidsplassar gjennom åra genererer til kommune og lokalsamfunn, berre med skattbare lønsutgifter på nær 30. millionar i 2019.

Knut Johannes har utanom bedrifta sete fleire periodar i kommunestyret og som medlem og seinare leiar i kraftfondet. Knut Johannes har og vore aktiv i administrasjonen av Rosendal Turnlag.

I tråd med sine mange aktivitetar har han ikkje tenkt å pensjonera seg heilt. Han fortset i Kvinnherad Elektro som arbeidande styreformann, og har diverse andre selskap som vil nyta godt av hans kreativitet.

eg Hellesøy Verft som ein god og attraktiv samarbeidspartnar, seier Kjetil. - Vonar på ei ny blømingstid innan skipsbygging.

Tillit, takhøgd og hardt arbeid må alltid liggja i botn. Vi må alltid bli betre både juridisk og fagleg på store kontraktar innan både samferdsle og næringsbygg. Her må vi vera særleg gode på struktur.

Før gjekk det mykje på hand-shakes, men no må du lesa prosess-beskrivingar, finna svakheter og nytta til eigen føremun. For vår organisasjon vart det utfordrande og krevjande å finna vår plass. I kontraktar på over 100 millionar, finnest det alltid risiko, same kor bra du har analysert eit prosjekt. Det å finna rette kostnader, gode interne system er grunnleggjande både for å skaffa seg kompetanse og tillit.

Men, det har vore ei spennande reise, å bli kjent med selskapet og å læra av dei feil og utfordringar ein møter. Her er eg sikker på at vi no har tatt eit langt steg, og er godt rusta for dei utfordringane som står og ventar på oss.

-Kva tenkjer den daglege leiaren i Kvinnherad Elektro om framtida? -Eg har ei sterk kjensle av at Kvinnherad kjem til å bløme. Vi har mange flinke entreprenørar, nyskaparar med høg kompetanse i heile kommunen.

Befolkninga står sterkt, vi har mange gode bein å stå på. Turisme, industri, oppdrett, og ikkje minst naturen vår trekkjer til seg masse folk. Særleg i desse tider kjenner folk på kor mykje større fridom vi har enn i byane. Fleire kjem til å trekkja mot Kvinnherad for å busetja seg fordi dei ser at her er mogligheiter.

Vi treng betre samferdsle mot Bergen og Flesland. Vi treng å leggja til rette for hus og arbeidsplassar. Dei som vil koma, må kjenna seg velkomne. Difor er det viktig med gode kommunale planar. Noko eg kjenner på at kommunen er godt i gang med å få på plass.

Eg gler meg mykje over samarbeid slik som vi ser no under etableringar på Seimsfoss, der ulike bransjar etablerer seg i eit fellesskap. Start av visit Rosendal og visit Kvinnherad, vitnar om at samarbeid er «på gong,» og det er bra. Vi må satsa i alle bygdelag på bygda sine fortrinn. Vi har eit sterkt handelssenter på Husnes og eit flaggskip for turisme i Rosendal.

-Framtida for Kvinnherad Elektro, korleis ser den ut? -Vi kjem nok til å ta ned litt risiko. Sjå mot litt mindre kontraktar med mindre risikoprofil. Vi ser meir på samarbeidsprosjekt der vi t.d. er ein samarbeidspartnar til vegvesenet på den elektriske delen av ulike vegparsellar.

Dessutan vil vi satsa enno meir på bustadprosjekt. Vi skal utføra 20 – 25 nye, dei neste 9 – 12 mnd. Vi har investert i 3 D utstyr, slik at vi kan visa korleis ting vil sjå ut, også i djupna. Sandvoll Entreprenør driv med ferdige element. Dette vil bli ein klart føretrekt byggemåte for nybygg, som berre kjem til å eskalera. Vi har eit samarbeid med Sandvoll Entreprenør om å leggja røyr inn i kledningar. Ein smart måte å gjera ting på, men det krev god prosjektering. Interessant med samarbeid innan slike system. Der det vil vera ein kjempefordel med system som snakkar saman og faste samarbeidspartnerar som er til å stola på. Vi ynskjer at Kvinnherad Vidaregåande må oppretthalda elektrolinja, noko vi ser på som svært viktig. Saman med gode lærlingbedrifter betyr det at ungdom i mindre grad treng å reisa vekk for å ta utdanning.

Framtida vil krevja auka samarbeid og kunnskap. Vi må vera moderne og synast på mange arenaer for å byggja merkevare og tillit. Elektroflaggskip i kommunen ynskjer vi framleis å vera, og vi vil gjera alt for å byggja gode relasjonar. Vi tek sikte på å oppretthalda arbeidsplassane, og har difor over tid planlagt og no gjennomført strukturelle endringar som vil gagna oss, og såleis også kundane våre. Endringane vil tena oss på lang sikt, men vil gi oss god effekt alt i 2021.

Vi teikner drømme badet ditt. Total forhandler av bad. www.husnesroyr.no

Vi er forhandler av:

Vi har utstyr til bubil, campingvogn, båt og hytte. Bestill hos www.casu.no og varene kjem til vår butikk. Eller kom innom så bestiller vi for deg.

Onarheimsveien 92, 5460 Husnes Tlf: 53475900

– ikkje sal ingen kostnad

- enklare kan ein vel ikkje utrykkja ein fordel som berre er din? Kontakt oss når du skal selja eller kjøpa bustad! Tlf. 915 02070 Mail: stord@em1sr.no

Bente Faksnes Eiendomsmegler MNEF t: 926 33 943 e: bente.faksnes@em1sr.no Marita Pedersen Eiendomsmegler MNEF t: 476 31 695 e: marita.pedersen@em1sr.no Eiendomsmegler MNEF t: 918 444 59 Rebecca Victoria Riddell

t: 469 09 349 e: rebecca.riddell@em1sr.no

This article is from: